søndag 28. juli 2013

Defectively blessed - nokre få ord om Against the Day

I tre månader har Thomas Pynchons førre roman, Against the Day, vore med meg i ei lydbokutgåve (og som ebok pluss at eg har ei innbunden utgåve i hylla, så dette er ei bok eg har kjøpt tre gonger). På veg heim frå jobb i dag tok boka slutt, og det kjennest feil å ikkje reise eit eller anna slags monument over henne. Ei bokmelding blir dette ikkje, snarare lause og spreidde notat og inntrykk. Det kjem neppe spoilers, og eg vonar du som måtte lese dette får hug til å lese Against the Day sjøl, om du ikkje alt har gjort det.

Eboka ser sjølsagt ikkje slik ut
Når eg seier tre månader er det faktisk alvorleg meint. Lyttinga tok til 24 april og tok slutt 26 juli. I løpet av denne tida har jobbreisa mi oftare enn elles gått føre seg på sykkel, slik at eg har fått lagt inn om lag tre timar lytting desse dagane. Var det ikkje for to vekers ferie med familien hadde eg vore ferdig eit par veker tidlegare, men eg kan trygt seie at jamvel i denne og andre periodar med mindre intens lytting har boka vore i tankane mine.

No er eg ofte svært glad i narrativ økonomi, men når det gjeld Pynchon må eg seie eg først og fremst er glad for at han som forfattar er så innmari raus. Kor mange karakterar det er tale om har eg neimen ikkje tal på, men eg kan sikkert namngje eit snes av dei utan å slå opp nokon stad. 

Etter å ha lese nokre sider av Pynchon oppdagar ein gjerne at forfattarskapen hans er full av liner og kurvar. Gravity's Rainbow har ein boge (kurve) i tittelen, Mason & Dixon handlar om ein astronom og ein landmålar som skal streke opp ei line på eit kart og i terrenget osb. Overvaking, svære konspirasjonar og løynlege selskap som til dømes undergrunnspostvesenet i The Crying of Lot 49 eller Golden Fang i Inherent Vice er óg element ein vil kjenne att frå bok til bok. Alt er med i Against the Day, og det er kanskje særleg linjene, rørslene langsmed dei (i båe retningar), speglingar og perpendikulære innslag på linene som er framtredande. Fleire av karakterane er opptekne av vektorar, og reisene til særleg The Chums of Chance gir opphav til ofte beint fram svimlande lesaropplevingar.

Dette stupet kjem svært seint i boka
Som i andre Pynchon-romanar haglar det med referansar til (nettopp) andre Pynchon-romanar og ikkje minst populærkultur, både den vi kjenner frå utanfor Pynchon-romanar og slikt romanfigurane sjøl må ha lest. Eller sett. Nett i Against the Day har særleg operettene tøysete namn, her er ei London-oppsetjingar av både Waltzing in Whitechapel og Wogs Begin at Wigan så vel som den sentraleuropeiske suksessen The Burgher King. Støvomslaget reklamerer med cameos av Groucho Marx, Bela Lugosi og Nikola Tesla, men eg kjente no att både Elmer Fudd og Spock frå Star Trek óg.

Det er sjølsagt heller ikkje langt mellom perler i prosa: Eg haustar sjøl kritikk for å bruke litotes i daglegtalen og har følgjeleg liten motstandskraft for døme som dette frå side 324 eller deromkring: He met up with Ewball Oust one night in a saloon somewhere along the - one hesitates to say accursed, exactly, but at least defectively blessed - circuit of engagements.... 

Eller kva med nyskapingar innanfor gamle metaforar: På side 865 står det om Cyprian Halfcourt at Some reap the whirlwind, he was left to glean the undelineated fog.



Eg kunne halde på ganske lenge, og det finst det faktisk folk som gjer óg. Ei side som denne (againsttheday.pynchonwiki.com) burde i det aller minste vere prov på at meir enn ein lesar har blitt grundig fascinert. Eg kan umogleg legge til noko til eit slikt monument, så eg vil berre avslutte med ein merknad om lydboka: Dick Hill, som tydelegvis er ein populær opplesar, brukar om lag seksti timar på dei knapt elleve hundre sidene i boka og sjonglerer røyster og aksentar på imponerande vis. Ærleg talt håper eg nokon får han til å lese inn Gravity's Rainbow óg.

torsdag 4. juli 2013

Gradbøying

I Aftenpostens nettutgåve den sjuande mars tek Ingunn Økland for seg den i kinobransjen utbreidde praksisen med å lage skryteplakatar etter ei filmpremiere. Utvalde sitat frå filmmeldarane blir tekne ut av samanhangen sin og klinte opp på ein plakat med eit bilete frå filmen. I regelen følgjer det gjerne med terningkast, men då må nokon ha trilla femmarar og seksarar. 

Skjermdump frå ap.no

Torunn Lians nyaste film har óg fått ein slik skryteplakat, rettnok utan terningkast. Desse er fråverande fordi få meldarar hadde noko særleg positivt å seie om filmen, altså vart det mest trearar og firarar. Sidan slik lunkenheit ikkje er eigna til å selje noko som helst, har filmdistributøren valt å legge til ropeteikn i staden, i tillegg til som vanleg å ta sitat ut av samanhangen. 

Det er rett, men samstundes heilt vanvittig feil å sitere John Lennon på at "You may say that I'm a dreamer, but I'm not." På same viset er det tendensiøst på grensa til det løgnaktige å klippe om VG-meldarens "... vakker poesi for øyet, men den berører ikke nok" til "VAKKER POESI FOR ØYET!". Ingunn Økland har heilt rett i at dette burde vere ei sak for forbrukarombodet.

Det ho derimot ikkje har rett i, er påstanden om at filmdistributøren har fylt plakaten med superlativar. Det er rettnok veldig mange som trur at "superlativ" tyder "rosande ord", og rettnok er redaktørane av Bokmålsordboka og Nynorskordboka mellom dei, men det er no likevel upresist. 

Den primære tydinga av ordet superlativ er nemleg den reint grammatikkfaglege: Superlativ er den sterkaste graden i gradbøyinga av adjektiv. Døme på superlativ: Verst, motbydeligst, minst, kvalmest. 

Dei andre to gradane heiter som kjent positiv og komparativ. Vi kan ta føre oss dei to adjektiva vi ser tydelegast i Aftenpostens fotomontasje:

For å vere på den sikre sida skundar eg meg å minne om at ein fagterminologi kan omfatte ord vi brukar til dagleg, utan at orda treng ha den same tydinga som i daglegspråket. Vanlegvis er positiv eit adjektiv som skildrar noko som er bra, optimistisk eller liknande. I grammatikken (iallfall i gradbøying) er det berre namnet på den mildaste graden av adjektivet, oppslagsforma. Ordet heslig plar ikkje inngå i positiv omtale av noko, men ordforma er positiv. 
 

Vi kan elles merke oss at iallfall utsnittet av plakaten ap.no bruker i fotomontasjen sin ikkje inneheld ein einaste superlativ, og heller ingen komparativar. Og når alt dette er sagt, vil eg slutte meg til kritikken Ingunn Økland rettar mot filmdistributørane og føye til: Av alle den norske filmbransjens døme på villeiande marknadsføring er nok dette mellom dei frekkaste.

onsdag 3. juli 2013

Blissard i bokform

Iallfall for min eigen del kom det ein del ut av morgonbladets omfattande kåring av norske musikarars 100 norske favorittplater. Sidan eg let det gå sport i å høyre gjennom alle fekk eg høyre ganske mykje musikk eg elles neppe ville høyrt, og slett ikkje alt var black metal. Det vart rettnok ikkje mange nye favorittar, men eg fekk no stadfesta at eg har ein sjølstendig smak og styrka kjensla av at smaken min er min eigen og ikkje noko eg treng skamme meg over. Kva som får norske musikarar til i så stor grad å røyste på nesten heilt nye plater, på plater av Susanna Wallumrød, på feil plater av Motorpsycho og Vømmøl og så ikkje røyste fram Dædnogadde Nuorat og Jon Arne Corell, det får stå for norske musikarars eiga rekning. Ingen vil vel ha ein gjennomsnittleg smak, som ein kjenning kommenterte det i ein diskusjon på Facebook i etterkant.

Ein annan god ting som kom ut av det, var skrift om plater. No tenkjer eg ikkje på enno meir prosa om kor fantastisk Fairytales med Radka Toneff er (eller ikkje er, om eg vart spurt), men reint generelt. Platemeldingar er så innmari ferskvare, medan ei real bok om ei plate med naudsyn går djupare, og dersom ho kjem etter at plata har fått klassikarstatus er det ei viss von om å få lese noko om verknadshistoria til låtene i tillegg til detaljar rundt komponering og innspeling. 

Dei ti øvste plassane fekk kvar si ganske slanke bok gjeven ut ganske fort etter kåringa. Ei stund seinare kom det ei tjukkare ei om nummer 25, Blissard. Motorpsycho er representerte med ikkje mindre enn fem plater på lista (og endå er ikkje Black Hole/Blank Canvas med), to av dei på høgare plass enn Blissard. At det var Blissard og ikkje Demon Box eller Timothy's Monster som fekk denne overveldande behandlinga kan sjå ut til å skuldast at nett denne plata var svært viktig for forfattaren.
Lesverdig bok, altså.
Det tok si tid, men eg har endeleg fått boka i hus og lese henne. Sjølve lesinga var greit unnagjort, endå om Johan Harstads bruk av sluttnotar liknar på den lesefiendslege måten eg sikkert ville gjort det på sjøl. Sluttnotene er informative og lesverdige, og etter om lag åtti sider tekst har du lese like mange sider med noter.

Om eg likte boka meiner eg likevel at det beste ved henne er at ho ikkje er den definitive boka om Motorpsycho. I fotnote 100 skisserer Harstad eit bokprosjekt han har gjort eit stort forarbeid til (med velvilleg samarbeid frå bandet), men som han meiner han ikkje er kar om å gjennomføre åleine. Det er å håpe at den valdsame interessa for Blissardboka på Newjelly kan bidra til at den andre, større boka blir ein realitet.

(I den framtidige boka håper eg på ei litt meir seriøs handsaming av omstenda rundt avgangen til trommeslagarane Kjell Runar "Killer" Jenssen og Håkon Gebhardt. Det er mogleg Johan Harstad berre har intervjua Bent og Snah, det er mogleg Kjell Runar og/eller Gebhardt takka nei til å uttale seg, men måten Harstad spekulerer over kva kjensler Kjell Runar hadde, har hatt og har over tjue år seinare høyrer i grunnen ikkje heime nokon stad, iallfall ikkje på prent. At DEL skulle vere det bandet Killer ville at Motorpsycho skulle vere... å sette slikt på prent er respektlaust andsynes iallfall dei tre andre medlemmane av DEL.)

Fotnote 101 blei eg nesten litt skuffa av. Her hadde eg brukt timevis på å leite opp det eg meinte var alle songane Snah syng, og så står lista der i ei bok som alt var utkommen. Skal vi tru Harstad (som vel er ei kjelde nær bandet) er det dessutan manglar ved lista mi: jamfør boka syng Snah to songar allereide på Demon Box, nemleg Babylon og The One Who Went Away. Nett den siste vil eg berre avvise tvert, men jamvel etter fleire gjennomhøyringar av Babylon er eg i tvil. Den kaukinga er vanskeleg å feste eit andlet til, for å seie det sånn. Vidare har eg greid å overhøyre Heartattack Mac frå Angels and Deamons at Play, men Harstad har hoppa over Sancho Says frå Black Hole/Blank Canvas.

Elles er dette ei bok som er både velresearcha og svært personleg. Første del handlar meir om Johan Harstad enn om Motorpsycho, og mot slutten er det for det første ein lang gjennomgang av Harstads første MP-konsert og så ei personleg utlegning av kva tekstane på plata har betydd og ikkje betydd for Harstad.

Sidan boka er så personleg tillet eg meg å bli personleg i responsen. Eg har óg kjøpt ei Motorpsychoplate for første gong (det var ein singel frå Blissard, The Nerve Tattoo, og det må ha vore i 1995 eller 1996), eg har óg vore på min første Motorpsychokonsert (dagen før dei spelte for Johan Harstad på Folken i Stavanger høyrte eg dei på Kvarteret i Bergen), og eg har heller ikkje fanga opp tekstane i særleg grad. Eg er eldre enn Harstad, og det er kanskje litt av grunnen til at min fandom kanskje ikkje brenn fullt så sterkt som hans. Likevel trur eg kvar einaste fan av MP vil finne noko å relatere seg til eller i minsto få ny kunnskap av å lese Blissard.



Lettvin synsing om Anything Else

Okay. Reglar for terningkasting er forklart her. Eg har sett Anything Else to gonger og skal no kaste terning for å avgjere korleis eg skal omtale filmen.

Det blei ein trear.

Tre er på mange måtar det vanskelegaste terningkastet. Karakterskalaen min krev at eg skal skrive det følgjande som ein som synest Woody Allen er heilt grei, men som ikkje er særleg begeistra for nett denne filmen. Jaja. Til verket:

Woody Allen under pari

For ti år sidan braut eg ein vane som på det tidspunktet var meir enn ti år gammal: Eg såg ikkje den siste Woody Allen-filmen på kino. Om det var trøyttheit etter mange år med stadig svakare filmar som gjorde det, eller om det berre blei sånn er ikkje godt å seie, men no som eg har somla meg til å ta att det tapte kan eg trygt seie at om eg hadde brukt ein sjeldan frikveld frå kinojobben ville Anything Else vore spikeren i kista.
Amanda Chase (Cristina Ricci) og Jerry Falk (Jason Biggs). Legg merke til at dei ikkje ligg saman.

Det er vanskeleg å seie at Anything Else er ein nedtur etter Hollywood Ending, men det er ikkje rare prestasjonen å vere betre enn den eller Curse of the Jade Scorpion heller. På hi sida skal det innrømmast at mange gode filmar er mindre gode enn Manhattan og at det finst meir keisame komediar enn Love and Death.

Skal ein oppsummere filmen (og norske filmkritikkar inneheld støtt minst 70% handlingsreferat, så det skal ein jo) kan ein lande på noko i retning av dette: Den nervøse vitsemakaren Jerry Falk (Jason Biggs) har problem med den sexy sambuaren Amanda Chase (Cristina Ricci), manageren Harvey Wexler (Danny de Vito), ja til og med psykiateren (William Hill) gir Jerry bekymringar. Heldigvis blir han kamerat med den eldre vitsemakaren David Dobel (Woody Allen), ein mann som snakkar rett frå levra. Dobel hjelper Jerry å ekstrahere seg frå dei mange flokene ved sjøl å hamne i meir fysisk og akutt trøbbel.

Tanken på å miste ein klient blir for mykje for Harvey Wexler (Danny deVito)
Det spørst veldig om Allens vellukka filmar er i fleirtal i ein med tida svært lang filmografi, og når status ein gong blir gjort opp kjem ikkje Anything Else til å telje på plussida. Hovudrolleinnehavarane er Cristina Ricci og Jason Biggs, han de veit frå American Pie-filmane. Og Woody Allen, då sjølsagt. Om Allen tenkte å fornye publikummet sitt ved å caste desse to unge eller om dei to håpte å vinne litt prestisje er uklart og kanskje ikkje interessant heller. Eit meir presserande spørsmål er heller om den kåte og keitete tenåringen frå American Pie inspirerte Allen til å senke nivået på vitsane eller om nærveret hans understrekar at Allens vitsar nesten støtt har vore platte.

Well, når eg har gitt filmen terningkast tre tyder vel det på at eg hallar meir i retning av det siste alternativet. Det er liksom som ein har sett det før, berre andleta (eller, mange av dei iallfall) er nye. Nervøs hovudperson med seksuelle frustrasjonar? Sikkert halvparten av dei andre filmane hans. Woody Allen-karakter som blir truga av store sterke karar? Tja, særleg i slapstickfilmane på syttitalet var dette eit gjennomgåande motiv. Heilsprø manager? Broadway Danny Rose. Woody Allen-karakter som sjøl trugar med vald? Manhattan, fosjempel. Ein kunne halde på på denne måten ganske lenge. Det spørst likevel om filmen fortener det.

Fort! Kor har du sett dette før?
 Alle bilete er skjermdumpar frå DVDen.

tirsdag 2. juli 2013

Terningkast med karakterskala

Som det vil framgå av andre postar her, er eg i gang med å sjå gjennom dei ti siste åras filmar av Woody Allen for å ta att ti tapte år, skrive litt og ha ei orsaking til å gå på kino når den nye filmen kjem. Etter posten om To Rome with love gjekk eg glad i gang med å sjå Anything Else og Match Point. Eit halvt år seinare er båe postane stadig på kladdestadiet.

Mykje av grunnen til dette er at jamvel eit sånt prosjekt som det eg jaggu har gått i gang med lett kan utarte til dvask prosa for prosaens eiga skuld. Som skrivande menneske er eg avhengig av eit konsept eller ein vinkel. No har eg rettnok komme langt i å gruppere dei siste filmane, delvis med hjelp av eldre filmar frå Allens produksjon (og eg trur eg gler meg til å skrive om prosaen, standupkomikken og teikneserieboka), men Anything Else motsette seg til og med dette.

Heldigvis kom eg til å nemne denne bloggen då eg her om dagen drakk kaffi og snakka om mellom anna kritikk med +Lasse Marhaug og den anonyme (gåtefulle) bloggaren bak fiskejournalen. Terningkast kom inn i samtalen. Vanlegvis vil einkvan i ein sånn situasjon skulde den eine eller den andre kritikaren for å ha kasta terning på førehand, men Lasse gjekk lenger: Skal ein først kaste terning, bør ein gjere det før ein skriv meldinga og så skrive det terningen dikterte. Eg sa eg skulle tenkje på det.
Foto: Leo Reynolds (LEOL30), flickr

Og det har eg gjort. Di meir eg tenkjer, di meir slår det meg at dette er løysinga. Eg har jo kalt bloggen lettvinsynsing.com, ideen burde ha vore min i utgangspunktet! Vel, no er han det. Førebels er eg ikkje tøff nok til å velje denne framgangsmåten på alle filmar/bøker/plater, men eg skal no iallfall prøve med Anything Else. For å styre slumpen littegrann har eg laga følgjande karakterskala før eg trillar terningen:

  1. Eg kan ikkje fordra Woody Allen, men hatar denne filmen meir intenst enn dei andre.
  2. Eg likar ikkje Woody Allen noko særleg, og ser i grunnen ikkje at denne skil seg ut frå andre filmar av han.
  3. Woody Allen er heilt grei, men denne er ikkje av dei beste filmane hans.
  4. Eg likar Woody Allen ganske godt, men denne ikkje av dei beste filmane hans.
  5. Eg likar Woody Allen godt, og synest denne er bra.
  6. Eg synest Woody Allen er genial, og denne filmen er berre enno eit bevis.
For at det skal bli interessant, er det kanskje eit poeng å skrive meldingar basert på to terningkast, så det skal eg vurdere å gjere. Vidare: Den første filmen eg prøver dette på har eg alt sett. To gonger. Neste gong skal eg kaste terningen FØR eg ser filmen.

Den ferdige omtalen er her: Woody Allen under pari

fredag 7. juni 2013

Vaksenopplæring via fransk krim


Den siste samen

Eg hadde lenge hatt planar om å få fransken opp på romanlesingsnivå, slik at eg kunne få tilgang til fleire spennande bøker og på sikt jobbe meg opp til det nivået der eg kan sjå franske filmar utan tekst. (Og kvifor ikkje konversere?) Planane var lause ganske lenge, men her rett før jul oppdaga eg ein roman eg tenkte ville høve perfekt som øvingsbok.

Boka var Le dernier lapon (Den siste samen, berre ein fattig vokal unna Den siste kaninen) av Olivier Truc. Tanken på at ein fransk journalist busett i Sverige skulle få gitt ut ein roman med handling frå Guaovdageiadnu gjorde meg nyfiken. Jamvel om det usannsynlege skulle skje at boka skulle komme på norsk ville det ikkje ramla meg inn i halvsøvne å lese dette på bakmål. Altså var det berre ein ting å gjere. (Sidan nett den tingen var lettare sagt enn gjort, har eg skrive ein jeremiade over nettbokhandlar her).


Eg tviler litt på at boka eigenleg er god. Fordi fransken min berre er så måteleg (og litt fordi boka er prislønt, så kva veit vel eg) skal eg labbli å felle nokon smaksdom. Men om eg ikkje er stø nok i språket til agere litteraturkritikar sånn på ordentleg, fekk eg likevel mykje ut av boka, meir enn nok til at eg tillet meg å dele inntrykka her.

Eksotisk

Som eg ymta om over her, var det i utgangspunktet det eksotiske ved romanen som tiltrekte meg. Kva trudde denne franskmannen han visste om Finnmark, liksom? Heldigvis kom eg ganske fort ned på jorda. Det viser seg nemleg at eg sjøl er skammeleg uvitande på feltet.

Eg meiner, eg kunne ta han på nokre få ting. Det er til dømes heilt usannsynleg at ei sørnorsk kvinne skulle møte fenomenet joik for første gong i ein lavvu på Finnmarksvidda. Men elles? Truc teiknar eit bilete av eit delt Guovdageiadnu, eit der nordmenn og særleg framstegspartistar står mot arbeidarpartistar og samar, der den samiske folkesetnaden er delt mellom sekulære og læstadianarar, og der det jaggu ser ut til å vere ei (gryande) samisk separatistrørsle.

For å nemne noko. Er det verkeleg sånn? Forfattaren ser iallfall ut til å ha internalisert den skandinaviske forståinga av kva som er høvisk mannleg framferd andsynes kvinner og kva som er overgrep, jamfør den usympatiske og franske valdtektsgeologskurken i boka og det vi hugsar av skandalen rundt Dominique Strauss-Khan.

Den skurken (ein av fleire) er elles så mykje av ein jævel at eg greip meg i å ønske at han og den norske politirasisten skulle møte ei klissete endelykt. Romanen bygger opp klare og enkle sym- og antipatiar i persongalleriet og let stort sett handlinga styre. Forfattaren held seg heller ikkje for god til å ta i bruk enkle triks som å la ein eldre onkel av den eine hovudpersonen vere ein teknologisk overraskande oppdatert gamling.

 Le dernier lapon er først og fremst ein real røvarroman, men ein som kan ha særleg appell til eit nordisk publikum sidan macguffinen er ei runebomme og bakteppet for handlinga er (ein langvarig) kamp om rådveldet over ressursane på og under Finnmarksvidda.

Det romanen fortel om Guovdageiadnu er sånne ting som verkar tilforlatelege nok, men som det likevel er vanskeleg for meg å dømme om. Småbydynamikken er grei nok, men er dei etniske motsetnadane verkeleg så kvasse som det kan oppstå inntrykk av? Det spørst om ikkje det finst betre kjelder til denslags kunnskap enn røvarromanar.

Er boka verdt å lese? Njæh. Eg tipper at behovet for enkle spenningsromanar er såpass godt dekt at å skulle gje ut ei norsk utgåve av ei fransk bok er å gå ganske langt over bekken etter vatn. For min eigen del må eg jo tilstå at interessa i nokon grad var ironisk, og hadde eg ikkje rekna med franskutbytte hadde eg neppe teke meg bryet.

Vaksenopplæring

Sidan mykje av vitsen med å lese denne boka var å få praktisk nytte av henne, er det greit å oppsummere kor vellukka ho har vore som vaksenopplæring. Dommen må bli at ho har vore svært vellukka. Eit viktig mål var å få friska opp fransken og heva han til romanlesingsnivå, og det er eg på god veg til. Eg kjem stadig til å ha glede av den interaktive ordboka på kindlen, men har kjøpt dei tre første bøkene om Arsène Lupin og kjem til å ha ei fransk bok i drift til kvar tid framover.

Bonusen er at eg har fått avdekt eit kunnskapshol og blitt inspirert til å prøve å fylle det. Altså jaktar eg på nye bøker å sette på leselista.

onsdag 1. mai 2013

Ebokhuepine: Eg bur i feil europeisk land.

Det skulle liksom bli så lett å kjøpe bøker i heile verda med internett, men sjølsagt vil den internasjonale bokbransjen finne på orsakingar for ikkje å ta i mot pengane våre. Eg ville lese Le dernier lapon av Olivier Truc på kindlen min, og det fekk eg til slutt til. Diverre måtte eg hoppe gjennom ein del (brennande) tønneband for å få det til. (Spoilar: Den som vil kjøpe franske ebøker kan gå til epagine.)

Skjermdump fekk eg iallfall frå amazon.fr, om ikkje anna
Først vart eg nekta å kjøpe henne på amazon.fr. Dette fordi kindlen min er knytt til den USAnske butikken, og eit kjøp i den franske (eller tyske eller engelske eller kanadiske...) skapar truleg eit rekneskapsmessig mareritt av internasjonal karakter. Dei kunne selje meg papirboka, men der er det jo ikkje noka interaktiv ordliste. Dessutan: Frakt er dyrt.  Legg elles merke til at dei ikkje ein gong let oss som ikkje får lov å kjøpe boka få vite kor mykje ho hadde kosta om vi hadde fått kjøpe henne.

I den grøne boksen står det at kindlebøker ikkje kan sendast frå amazon.fr til mitt land. Om eg kan vere så vennleg å prøve i kindlebutikken til amazon.com?
Eg vart vist til amazon.com

Men amazon.com sel jo ikkje særleg mange ebøker på fransk. Ville eg ha ei papirutgåve til knapt nitti dollar pluss frakt? Ikkje det?

Dei to som sel boka brukt har nok hatt stor glede av henne, sidan dei må ha over 500 kroner for å skilje seg av med henne.
Kvifor ville eg plent kjøpe boka hos amazon? Ikkje av noka lojalitetskjensle, iallfall. Det har snarare praktiske grunnar:

  1. For det første har eg no ein gong ein kindle og er soleis låst til .mobi-formatet. Ein epub eg kjøper vil eg i dei fleste høve greie å strippe for DRM og konvertere, men om eg ikkje får det til er eg altså støkk med ei fil eg berre kan lese med Adobe Digital Editions eller (butikkens eigen) leseapp på mobilen. 
  2. For det andre nett fordi eg vil ha høve til å svitsje mellom lesebrettet, mobilen og skjermen. Om eg skal få til dette utan å måtte halde styr på kor eg er i boka må eg nesten vere innlogga i lesaren. Med kindle, kindle for android og cloud reader i nettlesaren går det bra. Diverre er cloud readeren designa defekt, der har eg berre tilgang til den delen av eboksamlinga eg har kjøpt på amazon.
Så måtte eg altså leite etter ein epub eg kanskje kunne konvertere i ein fransk nettbutikk. Den første eg kom på var fnac. Der hadde dei boka, men med DRM. Det plar gå bra, så eg oppretta ein brukarkonto og fann fram kredittkortet, men dei ville altså ikkje ha pengane mine.


I det gule banneret står det at Le Dernier Lapon ikkje let seg selje i min geografiske sone. 
Den som er van med å få det ho eller han vil ha i den butikken der dei plar handle må gjerne jobbe litt for å komme på andre butikkar som moglegvis kan ha den ønskte varen. Og sjøl om dei fleste nettbutikkane eg leita i hadde boka, er det ikkje fritt for at eg oppretta eit par ubrukelege brukarkontoar.

Men som eg antyda ovanfor fann eg til slutt ein butikk som tok imot pengane mine utan å spørje kor i verda eg hadde tenkt å lese boka. Det skulle ærleg talt berre mangle, men librairie epagine trengte altså ikkje gjere meir for å bli min franske favorittbokhandel på nett. Merk óg at dei, motsett td fnac og amazon, selte boka utan DRM. Dei stolar altså på at eg ikkje er ein tjuv. Nok ein grunn til å handle der, altså, og no skal det mykje til at eg prøver andre stader att. Det er så eg gler meg mest like mykje til å kjøpe Arsène Lupin-bøker som til å lese dei!

Utan DRM!
Som dei andre bileta er dette ein skjermdump eg med klønete fingrer sjøl har lagd kollasj av.
(Dette er elles ikkje den posten om boka eg har lova andre stader. Den er nemleg her.)