onsdag 3. juli 2013

Lettvin synsing om Anything Else

Okay. Reglar for terningkasting er forklart her. Eg har sett Anything Else to gonger og skal no kaste terning for å avgjere korleis eg skal omtale filmen.

Det blei ein trear.

Tre er på mange måtar det vanskelegaste terningkastet. Karakterskalaen min krev at eg skal skrive det følgjande som ein som synest Woody Allen er heilt grei, men som ikkje er særleg begeistra for nett denne filmen. Jaja. Til verket:

Woody Allen under pari

For ti år sidan braut eg ein vane som på det tidspunktet var meir enn ti år gammal: Eg såg ikkje den siste Woody Allen-filmen på kino. Om det var trøyttheit etter mange år med stadig svakare filmar som gjorde det, eller om det berre blei sånn er ikkje godt å seie, men no som eg har somla meg til å ta att det tapte kan eg trygt seie at om eg hadde brukt ein sjeldan frikveld frå kinojobben ville Anything Else vore spikeren i kista.
Amanda Chase (Cristina Ricci) og Jerry Falk (Jason Biggs). Legg merke til at dei ikkje ligg saman.

Det er vanskeleg å seie at Anything Else er ein nedtur etter Hollywood Ending, men det er ikkje rare prestasjonen å vere betre enn den eller Curse of the Jade Scorpion heller. På hi sida skal det innrømmast at mange gode filmar er mindre gode enn Manhattan og at det finst meir keisame komediar enn Love and Death.

Skal ein oppsummere filmen (og norske filmkritikkar inneheld støtt minst 70% handlingsreferat, så det skal ein jo) kan ein lande på noko i retning av dette: Den nervøse vitsemakaren Jerry Falk (Jason Biggs) har problem med den sexy sambuaren Amanda Chase (Cristina Ricci), manageren Harvey Wexler (Danny de Vito), ja til og med psykiateren (William Hill) gir Jerry bekymringar. Heldigvis blir han kamerat med den eldre vitsemakaren David Dobel (Woody Allen), ein mann som snakkar rett frå levra. Dobel hjelper Jerry å ekstrahere seg frå dei mange flokene ved sjøl å hamne i meir fysisk og akutt trøbbel.

Tanken på å miste ein klient blir for mykje for Harvey Wexler (Danny deVito)
Det spørst veldig om Allens vellukka filmar er i fleirtal i ein med tida svært lang filmografi, og når status ein gong blir gjort opp kjem ikkje Anything Else til å telje på plussida. Hovudrolleinnehavarane er Cristina Ricci og Jason Biggs, han de veit frå American Pie-filmane. Og Woody Allen, då sjølsagt. Om Allen tenkte å fornye publikummet sitt ved å caste desse to unge eller om dei to håpte å vinne litt prestisje er uklart og kanskje ikkje interessant heller. Eit meir presserande spørsmål er heller om den kåte og keitete tenåringen frå American Pie inspirerte Allen til å senke nivået på vitsane eller om nærveret hans understrekar at Allens vitsar nesten støtt har vore platte.

Well, når eg har gitt filmen terningkast tre tyder vel det på at eg hallar meir i retning av det siste alternativet. Det er liksom som ein har sett det før, berre andleta (eller, mange av dei iallfall) er nye. Nervøs hovudperson med seksuelle frustrasjonar? Sikkert halvparten av dei andre filmane hans. Woody Allen-karakter som blir truga av store sterke karar? Tja, særleg i slapstickfilmane på syttitalet var dette eit gjennomgåande motiv. Heilsprø manager? Broadway Danny Rose. Woody Allen-karakter som sjøl trugar med vald? Manhattan, fosjempel. Ein kunne halde på på denne måten ganske lenge. Det spørst likevel om filmen fortener det.

Fort! Kor har du sett dette før?
 Alle bilete er skjermdumpar frå DVDen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.