torsdag 6. oktober 2016

Den kroniske lesehesten



Teljing:

  • Heile åtte av desse er lydbøker
  • Tre er teikneseriar
  • Fire av er sakprosa
  • To er omsett til bokmål, resten er lesne på originalspråket
    • Åtte bokmål
    • Fem engelsk
    • Tre dansk (men ein på fjelldansk)
    • Ei på norsk
    • Ei svensk
  • Sju bøker er deler av åtte seriar(!)
    • Det forsvunne manuskriptet: Claramysteriene
    • Da pønken kom til Lefsevika: Hold Brillan
    • Leave it to Psmith: Psmith
    • Leave it to Psmith: Blandings
    • Maigret setter en felle: Maigret
    • Voodoo på Vestkanten: Kjell Nilsen
    • Kongen din bok 2: Kongen din
    • Budbringeren: Fredric Drum/Skarphedin Olsen (bok 9c, så å seie)
  • Tre kvinner har skrive tre av bøkene, seksten menn dei sytten øvrige
  • Tretten er skrivne i det tjueførste hundreåret, seks i det tjuande og ein i det nittande.

I førre gjennomgang nemnte eg at Clara-bøkene til Ingeborg Dybvig ikkje var noko særleg. I rettvisas belasta namn skal ho ha at Det forsvunne manuskriptet iallfall viser ei klar forståing av setup og payoff, eller som Godard sa "ein pistol i filmens første halvdel må bli avfyrt i den andre halvdelen" eller for å parafrasere meir ei hesteredd jente i bokas første halvdel må ri for å få fakka skurkane på slutten.


Eg treng ikkje rare orsakinga for å ta med eit bilde av Godard.
By Gary Stevens - Jean-Luc Godard at Berkeley, 1968 CC BY 2.0

Og når vi er inne på ungdomskrim og andre former for krim er det ei stor glede å konstatere at Christopher Nielsen skaut blink med andre bok i bygdegutar-serien, den grafiske krimpønkeromanen Da pønken kom til Lefsevika. Krimpastisjen funkar betre enn detta derre realityshowopplegget, sikkert delvis fordi detektivar er tidlausare enn realitydeltakarar og fordi, tja, preteritum verkar meir redigert og planlagt kanskje enn presens. Liksom. Elementet av lokalhistorie skal vi vel heller ikkje oversjå.

Lenka til neste bok, Dammyr av Victoria Kielland, er at båe er utgjevne av teikneserieforlaget No Comprendo. Elles er det lite som bind dei saman, altså. Dammyr er ein liten roman, eit intenst skriftstykke om farene ved å drive kjærleiken for langt, om vått mot hardt og om ein del stygge drapssaker i Fredrikstaddistriktet. Bør nok lesast i eit jafs.

Krysset Dammyr/Sportsveien/St. Croix gate.
Foto klipt ut frå gugelkartet

Ein ting som er skikkeleg tilfredsstillande, er å lese ein klassikar og få kjensla av å forstå utmerka godt kva det er som har gitt boka den sterke posisjonen. Det ligg jo i sakas natur at når ein først går i gang med klassikarane vil ein få mange slike opplevingar, men iallfall eg har ikkje blitt blasert i så måte til dags dato. Dette vil seie at eg heilhjarta tilrår alle som les dette å sjøl lese dei to neste bøkene eg omtalar.

Den første er Den kroniske uskyld (inga lenke til bokmålsversjonen av ei bok du bør lese på dansk) av Store-Klaus Rifbjerg. I dag vil vi vel seie at boka handlar om ein bromance eller eit kjærleikstriangel eller ein kjærleiksfirkant, i 1958 var det kanskje berre ordet bromance dei ikkje hadde. Iallfall er det ei sterk og sjukt velskriven skildring av ein venskap mellom to menn og kvinna som ikkje kjem mellom dei og den ugreie mora hennar. 

Dette biletet av dragespringvandet på Rådhsplassen i København illustrerer pt Rifbjergartikkelen på dansk Wikipedia fordi Tore i Den kroniske uskyld ved eit høve ramlar i vatnet her.
By Dornum72 - Eget arbejde (own picture), CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=14760771

Det mest slåande er sjølsagt den fantasifulle prosaen. Kvasse observasjonar og overraskande bilete finn vi på mest kvar side, språket er ungdomsfriskt jamvel om det er frå nittenåtteoghalvtreds og det fine er like gildt som det ubehagelege er skikkeleg ugreit. Når ein først legg merke til at Janus/Ellen og Tore/Helle er speglingar av kvarandre ser ein til og med namnesymbolikken, Janus er oppkalt etter den romarske guden med to andlet og Tore, som er oppkalt etter ein annan gud, har 2-talet i namnet sitt (det har forresten Janus Tolne óg). Og det er innmari elegant utført, samstundes som det er sleazy der det treng å vere det. Forvent meir Rifbjerg på denne bloggen i tida som kjem.



Ikkje kvar dag eg kjenner meg att i geografien i ein roman, men i fjor sommar
gjekk eg utan å vite det tur i spora til Janus og Tore og Helle og blei visst
fascinert av dei same tinga. Fotografen til venstre.
For eit drygt år sidan vart eg nokså ettertrykkeleg supportar av Torgny Lindgren. No i sommar kom eg endeleg til det som vart gjennombrottsromanen hans, Ormens väg på hälleberget. (Ho finst på bokhylla, omsett av Ivar Eskeland som Orms veg på berget, men eg lenkar ikkje til omsette utgåver av bøker på grannespråka våre.) Altså. De kjenner songen Sixteen Tons, ikkje sant? Denne?


Refrenget går sånn:

You load sixteen tons and what do you get
Another day older and deeper in debt
Saint Peter don't you call me, 'cause I can't go
I owe my soul to the company store

og dette handlar om koss det var å vere gruvearbeidar i ein bestemt periode i USAs historie, det der med another day older and deeper in debt var heilt sant, om du var tilsett i gruveselskapet fekk du "betalt" i kreditt i selskapets butikkar, der du i tillegg til mat og klede måtte kjøpe arbeidsreiskapen din, så du starta i minus (måtte tene inn utlegget til hakke og hjelm og sånn) og løna var alltid verdt mindre enn behova dine, så det var ikkje berre umogleg å spare seg ut av fattigdommen (og ikkje berre fordi du aldri fekk ordentlege pengar), di meir du jobba for gruveselskapet, di meir skulda du gruveselskapet og viss du ikkje er medlem av fagforeininga på arbeidsplassen din så melder du deg inn NO! TVERT! for det er berre fagforeininga som står mellom deg og at arbeidsgjevaren din set ein liknande ide ut i livet.

Den som er interessert i å lære meir om koss det var å jobbe i gruvene og få fagforeiningane sine knust kan med fordel sjå filmen Matewan av John Sayles.

Iallfall tenkte eg på denne songen medan eg las Ormens väg på hälleberget. No er det jo ikkje eit gruvesamfunn (sjøl om det er i Nord-Sverige, der det verkeleg finst gruvebyar) det er tale om, men Ol-Karlsa og seinare Karl-Orsa har fått den same glitrande ideen og brukar kreditten til å halde familien til Skrævel-Jani nede i tre generasjonar, og (det går fram av dei første sidene, så dette er ingen spoiler) det er eit jordskred som får slutt på elendet. Greia er at forhalda er mindre enn i ein heil gruveby, Jani og familien er neppe den einaste som er under tommelen til Karl-Orsa, men det vesle persongalleriet og den relativt lange tidsaksen let Lindgren utforske jævelskapens dynamikk. Saka er at kjøpmennene krev oppgjer i form av seksuelle tenester frå kvinnene i familien, for Karl-Orsas del vil dette med tida seie at han krev sex med si eiga halvsyster («neidå, det står «Fader okänd» i kyrkjeboka, så då kan det ikkje ha vore far min, for han er jo kjent»).

Og det utartar. Ikkje utan svart humor, med ein forteljar (Jani) som verkar oppteken av å framstå som naiv, og i form av ei bøn (eller kanskje snarare ein klagesong) fortel romanen i detalj om koss folk er fattige og elendige fordi nokon aktivt held dei nede. Super roman, alle bøker som er så gode som dette fortener mange lesarar.

Etter den storfelte Herr Merz verkar Automobilfabrikken Fiske av Lars Fiske litt smålåten. Glimtvis ser ein at dette er ei historie det har vore viktig å få ut, og det er i grunnen her boka er best. Streken held høgt Fiske-nivå.

Av grunnar som no i ettertid framstår som litt mindre enn forståelege har eg ikkje lese Leave it to Psmith før no. Det har gått mot denne boka ei god stund no, etter at eg har lese dei tre føregåande bøkene om Psmith og den eine føregåande om Blandings Castle, og no vart det altså endeleg. På mange måtar er det synd at det vart slutt for Psmith med denne boka, på mange andre måtar kan ein forstå det. Det er noko med at den typen kjærleiksforviklingsbøker (det er mange av dei i Wodehouses forfattarskap) må ha kvar sin hovudperson slik at Psmith rett og slett ikkje kan vere i sentrum for fleire bøker. Plum (ja, eg har lese nok Wodehousebøker til at eg reknar meg kvalifisert til å bruke kosenamnet Plum, som er ei forvansking av Pelham i Pelham Grenville Wodehouse) ser ut til å ha løyst dette på to måtar i løpet av heile forfattarskapen, forresten: I bøkene om Blandings Castle er kontinuiteten romleg, innbuarane er bipersonar som har større eller mindre innverknad på kjærleiksforviklingane til dei som står fremst på scena. I bøkene om Jeeves og Wooster er genistreken at hovudpersonen ikkje vil gifte seg, slik at han kan vere hovudperson i den eine kjærleiksforviklingsboka etter den andre. (Ein annan genistrek er elles å la Wooster som forteljar vere upåliteleg fordi han er stokk dum, men det er ei anna sak) Og kan vi kanskje tenkje oss at Jeeves er ei vidareutvikling av Psmith? Om Jeeves er meir diskret, står han ikkje tilbake for Psmith i intelligens og evne til improvisasjon, iallfall.

Det er kanskje vanskeleg å tru det, men Psmith hadde ein levande modell! Han heitte Rupert D'Oyly Carte og såg ut som dette.
PD-US, https://en.wikipedia.org/w/index.php?curid=17335760
Uansett er Leave it to Psmith ei lidderli artig bok, og ingen treng å følgje mitt eksempel og lese dei andre Psmith- og Blandingsbøkene først. Det ligg i sakas natur at kjærleiksforviklingsromanane er avslutta og enkeltståande bøker.

Kulturhistoriske framstillingar som brukar eit eller anna objekt som prisme og orsaking for å vise fram massevis av historisk kontekst er, når det er bra, noko av det beste som finst. The Most Dangerous Book av Kevin Birmingham er tidvis veldig bra. Boka ho er oppkalt etter er sjølsagt Ulysses, og innhaldet er kort fortalt historia om koss nett denne klassikaren vart skriven og utgjeven. Det var ikkje berre lett, noko av det, korkje for Joyce sjøl eller nokon annan av dei overraskande mange som hadde ei rolle i saka. Det mest sjokkerande var i grunnen sensuren som stod i vegen, eg måtte stadig sjekke med nettleksika at det John Keating las opp (lydbok, altså) ikkje var kødd. At det ikkje lenger er dei aller verste snerpene som har makt over kva vi skal få lese er kanskje det største framsteget Ulysses har bidrege til. Elles vart eg kjent med Nora Barnacle, Dora Marsden og andre, og som målmann hadde eg sjølsagt stor glede av å høyre Ibsens språk korrekt omtalt som "Dano-Norwegian". Åsså må eg takke twitterpersonlegdomen @svarthumle for boktipset.

For ei stund sida las (høyrte) eg med ganske stor glede Americanah av Chimamanda Ngozi Adichie. Det var ei god nok lesaroppleving til at eg fann fram den boka ho nok er mest kjent for, nemleg Half of a Yellow Sun. Det var ei blanda oppleving, altså. Kanskje fordi prosjektet var såpass svært. I stort var det historia til republikken Biafra, som braut laus frå Nigeria midt på sekstitalet. I det noko mindre er det historiene til ein handfull personar med direkte tilknytning til kvarandre og den nye staten. Det varte ikkje så lenge, og landet var i krig omtrent heile tida, så det manglar ikkje råstoff for dramatiske hendingar. Og sånn balansert sett er det jo bra at Adichie greier å skrive karakterar med både gode og dårlege sider. Likevel var det ein kamp å halde ut den første timen eller så (lydbok). Ugwu, som er den første karakteren vi blir kjent med, er såpass til gudsord frå landet at han framstårsom kørka meir enn naiv. Dessutan er Adichie mindre god til å kamuflere eksposisjonen enn til å skrive om koss dramatiske hendingar påverkar folka ha skriv om. Altså blir den delen av boka først og fremst klønete eksposisjon og utvida augneblinkar som ikkje går nokon plass. Det var verdt å halde ut, då, men eg trur det skal litt til at eg aktivt oppsøkjer fleire av bøkene hennar på ei stund.

Ein ser jo ganske lett kva boka er oppkalt etter

Det er ikkje SÅ mange avsnitt sidan eg lovte meir Rifbjerg på bloggen, og her er vi alt. Da Oskar ble helt vill ligg på bokhylla.no, er illustrert av Irene Hedlund og handlar om Oskar som først ikkje har lyst til å begynne i børnehaven, men som ombestemmer seg når han berre får tenkt seg om.

I eit par tidlegare postar har eg skrive om at eg har høyrt på lydbøker om Maigret. Desse var gode nok til at eg blei svært nyfiken då det kom fram at eit britisk produksjonsselskap har sett i gang ei rad filmatiseringar med Rowan Atkinson i tittelrolla. Maigret setter en felle var den første av desse. Førebels har eg ikkje fått sett filmatiseringane med Jean Gabin eller Bruno Cremer, men eg las iallfall boka. Og den var fin, eg skal ikkje gje meg inn på noko greier om kva som var best av bok og film, berre notere litt om somme av dei mest påfallande skilnadane. At Lognon ikkje er mager medan Maigret er det og at Coméliau er meir lojal mot Maigret enn han er i bøkene er ikkje så veldig interessant, det kjem vel berre av kven som er skodespelarar og eit behov for å sleppe å utvikle ein handlingstråd mot konfrontasjon. Nett det der med det profesjonelle tilhøvet mellom Coméliau og Maigret hadde forresten passa greit inn i 2016, gnisningar mellom ulike nivå av handheving av lova er bra stoff for folk som lagar filmforteljingar. 

Jean Gabin, mannen utan lipper, i rolla som inspektør Jules Maigret.

Det eg beit meg merke i var nemleg det eg ser på som eit par tilpassingar til 2016, på eit vis. Det eine dreiar seg om kven seriemordaren på Montmartre vel som offer, det andre om politikvinna som er så viktig for fangsten. Det kan verke trivielt nok, men der mordaren i boka går etter kvinner som er over gjennomsnittet fyldige, går hen i filmen etter kvinner som er over gjennomsnittet høge. Og Marthe Jusserand, politikvinna som dannar åtet i den fella Maigret legg ut (ikkje "setter", det er ikkje godt bokmål heller) er to ulike kvinner i boka og filmen. At ho i boka med naudsyn er lubben der ho i filmen er høg er alt nemnt, men det er altså meir. I filmen nøler ho med å peike ut overfallspersonen der ho er brennsikker i boka, og i filmen er ho redd og oppskaka der ho er trygg judoutøvar i boka. 

Desse endra eigenskapane verkar som dei er noko som må ha eit motiv, og eg innbiller meg, etter å ha spekulert litt på det, at det kan dreie seg om på den eine sida ei tilpassing til synet vårt på fortida (femtitalet), og på den andre synet vårt på kropp. For å ta det med femtitalet først, trur eg at Marthe Jusserand slik vi møter henne i fjernsynsfilmen passar betre med koss vi i 2016 tenkjer oss at menn i 1956 såg på kvinner. Kanskje ein manuskomite såg føre seg at folk ville reagere på ei sterk, handlekraftig og sjølsikker (og lubben) pariskvinne som eit moderne påhitt? Og, for å komme tilbake til det med kropp, ein kan ta seg sjøl i å lure på kvifor mordoffera ikkje kunne vere lubne. Var det for å ikkje støyte nokon, og i så fall: var det kjenslene til tjukke eller tynne som måtte skånast? Det seier kanskje mest om meg at eg mistenkjer at valet er gjort for å spare tevesjåarane frå synet av tjukkassar.

Når eg høyrer lange førelesingsrekker, vel eg gjerne ei der Robert Garland legg ut om livet i antikken. Living History - Experiencing Great Events of the Ancient and Medieval Worlds var diverre ikkje på langt nær så bra som det andre eg har høyrt frå den kanten. 

Vestkanten.
Derimot er Voodoo på vestkanten Knut Nærum i godt, gammalt slag. Busemannen og Ø var skuffande (eg flirte ned mot 25% av tida, mot om lag 80% av dei beste bøkene), så eg skal tilstå at forventningane var låge. Heldigvis tok eg feil. Som dei andre bøkene om Kjell Nilsen verka denne skriven med Bernhard Borge sine krimbøker liggande oppslått på pulten, men denne låg i tillegg tett opptil Hamlet. Mykje av moroa ligg i blandinga av klassisk krim med 2015-språk og -kultur. Mistenkte som kjenner kvarandre frå åttitalsparties og sånt. Supert!

Ei bok eg har brukt mange månader på å kose meg gjennom er Conrad Nicolai Schwachs Erindringer af mit Liv indtil Ankomsten til Throndhjem, ei memoarbok det neppe var meininga at samtida skulle få lese. Schwach blei fødd i 1793 og var mellom dei første studentane ved det norske universitetet (etter å ha starta i København), han var diktar og embetsmann i den unge norske staten. Ikkje minst var han ein hedonist og ein dønn ærleg memoarist. Denne ærlegdommen gjekk ut over han sjøl like mykje som studiekameratar og andre samtidige. Lesinga har vore ei blanding av vantru fliring over fylleanekdoter og meir og mindre grove anekdoter og glede over dei ærlege karakteristikkane av stader og folk ein kjenner til i og kanskje har personleg tilknytning til. Eg har vakse opp i Grimstad, og hadde ei viss glede av å sjå byen omtalt som innmari schtøgg, Tvedestrand er eit ubuande hol etc. etc. No ligg det jo i sakas natur at eg ikkje har noka tilknytning til personane Schwach møter (skjønt eg har ikkje drive noka slektsforsking akkurat), men alle som veit litt om Vang kyrkje kjenner til Abraham Pihl, og han har Schwach litt av kvart å seie om. Somme blir kort karakterisert som "indskrænket", andre får utførlege omtalar av drikkevaner, kroppslukt osb. Ein fest av ei bok.

Utan at eg greide å finne det fram att på twitter, meiner eg å ha fanga opp at forfattaren av Language A-Z, John McWhorther, er omfatta av ein viss skepsis. Eg er ikkje kvalifisert til å arrestere han på anna enn distribusjonen av skarre-r i Noreg (og der bommar han grovt) og rulle-r i Danmark (kva er det han driv med, lizm), men kan seie at dette ikkje var ei førelesingsrekke så mykje som det var ein serie kåseri om lingvistiske emne. Som kåseri var dei ganske vellukka, McWhorther er i somt ein USAnsk Knut Borge. I anna framstår han som litt sånn... veit ikkje... Greia er at han appellerer til publikum delvis ved å definere ein del andre folk ut, og for meg som er van med grammatisk kjøn er det ikkje så veldig mange vitsane om kor rart og uturvande og uforståeleg det er som er festlege. 

Det er IKKJE dette kartet over distribusjon av skarre-r McWhorther har sett på
Av Uriel Bilshan - Eget verk, CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=49560373

A propos Knut Borge: Utstyrstekstar av Arne Henning Årskaug er skriven av en ung bibliotekar og forfattar som er ikkje stort mindre enn to nynorske Torkjell Berulfsenar. Tekstane er snart leikne, snart gåtefulle, og når forlaget seier "språkleg overskott" trur eg nok det er ein slags rekord i underdriving. I dei fleste høva trur eg nesten kortprosa er eit rettare namn enn noveller. God knall!

Eg har sagt før og meiner stadig at folka på norsk snodigtwitter med fordel kan gjere som David Hughes, Prinsesse Diana og Rob Delaney ved å sjølpublisere materialet sitt i ebokform. Kongen din 2 og forgjengaren er så vidt eg veit dei einaste norske twitterbøkene, og kvalitetsmessig kan det i grunnen berre gå oppover. Truleg er det ikkje så vanskeleg å få til ein bratt opptur heller. Illustrasjonane til Sindre W Goksøyr er i og for seg fine, men Odd Magnus Williamsons kongevitsar er i all hovudsak drepande keisame.

Ein dansk klassikar til: Det forsømte forår av Hans Scherfig står for ein norsk lesar som ei slags dansk blanding av Gift og Jonas. Med litt sånn kanskje Mordet på Orientekspressen elns inni der. Ikkje minst er boka gjennomsyra av dei same kjenslene som ligg bak dei Smiths-låtene eg har lenka til rett nedanfor avsnittet. Beliggerent ghouls run Manchester schools, vøtt.




Det er ingenting å seie på underhaldningsverdien, altså. Og med tanke på at mange av den opphavlege lesarkrinsen nok kunne ha kjent seg att, men lærarstaben ved skulen i boka er så jævleg langt ute at det ikkje støtt er så lett for den moderne lesaren å ta greiene på alvor som satire. Likevel er boka i somme stykke ganske subtil. Eg er glad eg las henne, og når eg no i skrivande stund er i forfattarens heimland vil eg nytte høvet til å prøve å skaffe eit par andre av Scherfigs bøker. Er eg heldig kan du snart lese om Den forsvundne betjent og kanskje Frydenholm.

Denne gongen var liksom greia å ikkje bruke bokomslag som illustrasjon etter blokka på toppen. Dette er plakaten til ein film som deler tittel med neste bok.
Den tolvte boka om Fredric Drum og/eller Skarphedin Olsen er nummer 9c i den interne kronologien. Det gjekk heilt greit å lese henne, men det var ikkje nett nokon ny favoritt heller. Ikkje sprø nok og med for store hol til at det blir tilfredsstillande som krim. For min eigen del kan eg føye til at det neppe hjelpte å lese henne så lenge etter at eg hadde vore gjennom dei elleve andre.

Det meå vel ha vore i vinter eg med stor glede las Min fars fem bad, prosa- og novellesamlinga til Per Schreiner. Henrettelse med elefant er den første romanen hans. Det var mykje her eg likte. Dei absurde situasjonane fungerte bra, mellom anna. Likevel sit eg stadig att med kjensla av at eg heller vil sjå ein film Schreiner har skrive manus til eller ein teveserie han har vore medforfattar av, og det treng slett ikkje vere reprise på Den brysomme mannen eller Kampen for tilværelsen. Eg er nesten heilt sikker på at Henrettelse med elefant hadde vorte ein internasjonal festivalfavoritt om det hadde vore ein film.

Neste gong: Lolita! Old Man's War! Meir Maigret! Kvinnehatets historie!