fredag 27. september 2013

Whatever!

Som lova kastar eg terning FØR eg ser Whatever Works:

Det blei 5. Og dermed blei det óg det motsette, nemleg 2.

(Fordi det verka som ein god ide å legge inn litt meir lovmessigheit i slumpen og for å sleppe å gjere dette eksperimentet så innmari mange gonger har eg nemleg bestemt at eit gitt terningkast skal omfatte sin eigen motsetnad. Summen av motståande sider på ein terning er alltid sju. Det motsette av fem er altså to.

Og dessutan: Inntil vidare blir det med terning før omtale på dei to filmane med ein determinativ som tyder "kva som helst" i tittelen. Det passa liksom ekstra godt å la terningen seie "anything" og "whatever")

Og til sist: Dette var vanskelegare enn eg trudde, særleg var det ei utfordring å skulle slakte ein så likande film.

Sterk femmar!

Om det hadde festa seg eit inntrykk av at Woody Allens filmar frå dei ti siste åra var slappe greier, er Whatever Works eigna til å gje ei slik oppfatning eit alvorleg skot for baugen. Filmen om Boris Yellnikoff og dei romantiske forviklingane han hamnar i etter å ha hjelpt ei ung kvinne som har rømt frå ein sprø familie i bibelbeltet er ein sann svir frå start til mål. Valet av Larry David som hovudrolleinnehavar var svært klokt, og det er støtt moro å få sjå Patricia Clarkson i komedieroller.
Larry David spelar misantropen Boris Yelnikoff

Og ikkje minst: Der til dømes thrillerane frå denne perioden gjerne varar opp mot sju kvarter, er Whatever Works nede i ei speletid på under nitti minutt. Filmen er ei velsmurt og effektiv vitsemaskin. Men det var dei lovpålagde 75% handlingsreferat:

Boris Yellnikoff meiner tilveret er noko forbanna træl og stort sett styrt av slump, og at ein bør ta det ein får. For å illustrere fortel han si eiga historie. Nyskilt etter eit sjølmordsforsøk let han ein kveld ein ung rømling komme inn for å varme seg. Der han er ein godt vaksen mann og innfødd newyorkar med jobb som fysikkprofessor på universitetet er Melody St. Anne Celestine ei, skal vi seie, mindre intelligent, men naiv og optimistisk skjønheitskonkurransedeltakar frå Mississippi. To så ulike personlegheiter under same tak gjev opphav til så mange komiske konfliktar at dei sjølsagt gifter seg med kvarandre.

Boris og Melody (Evan Rachel Wood) utvekslar ømme blikk i parken
Ein klassisk kjærleikskomedie ville slutta her, men her har vi å gjere med ein nyskapar. Boris og Melodie har knapt blitt varme i trøya før Melodies mor Marietta kjem til byen og flyttar inn. Ho misliker svigersonen frå første stund, og prøver ganske fort å finne ein ny mann til henne. Samstundes er ho så attråverdig at først ein, deretter to av vennene til Boris fell for henne. Ho finn seg sjøl både kunstnarleg og seksuelt, og når eks-mannen hennar, John, kjem til byen for å vinne henne tilbake lever ho saman med to menn.

Men om det er New York eller denne krinsen som gjer det, ligg det kjærleik i lufta for John óg. Di meir han tenkjer på det, di klarare blir det for han at grunnen til at han ikkje greide å tilfredsstille Marietta seksuelt er at han trong det same som ho, nemleg (minst) eit realt mannfolk. Heldigvis finn han eit.

Marietta flyttar inn hos Boris og Melody og går straks i gang med å agere Kirsten Giftekniv. Skikk og bruk har vel eit og anna å seie om ein slik praksis.
Eg lyt vel la det vere att nokre overraskingar, og eit handlingsreferat rettferdiggjer ikkje den sterke meiningsytringa terningkast fem faktisk er. Kva gjorde filmen så likande?

Ein ting er valet av Larry David i hovudrolla. Denne typen roller har Woody Allen ofte spelt sjøl, og dei gongene andre har sleppt til har resultata vore svært variable. Owen Wilson fungerer godt i Midnight in Paris, og her i Whatever Works! er bagasjen Larry David har med seg eit godt tilskott til ei rolle som alt på papiret er morosam.

Ein annan er rett og slett all kjærleiken i filmen. Jamvel om ein fort kan sjå seg blind på at særleg kvinnene frå sørstatane blir framstilte som bigotte kålhovud som det kan sjå ut til at treng å lære noko av den smarte New York-gjengen vil eit nøgnare gjennomsyn avsløre eit par ting. For det første er ikkje filmen nådig mot den smarte New York-gjengen heller. Særleg Boris er ofte direkte ufordrageleg i mangelen på vanleg høflegheit. For det andre: Filmen unnar alle å finne lukka og dømmer ingen.

Det er jo ikkje noko særsyn sånn sett, men det er jo likevel artig når ein film med ein så uforbederleg misantrop i hovudrolla inneheld nok kjærleik til alle, utan å la ein einaste av filmens karakterar i stikken. Den overdrivne komikken (særleg Ed Begley Jr si framstilling av John er rein klovning) funkar óg. Alt musikkvalet under fortekstane er eit tydeleg signal om at ein bør vente seg noko knasande sprøtt.

Den som kjenner att Groucho Marx i ein slags duett med ein lettare overkøyrt Margaret Dumont i Hello, I Must Be Going kan dessutan ta songen som eit signal om at filmen vil seie at livet er verdt å leve lell. Alle hugsar Hannah and her Sisters, ikkje sant? I den filmen oppnår den suicidale Mickey (spelt av Woody Allen sjøl) nett denne innsikta under ei førestelling av Duck Soup. Det er i grunnen godt å få ei påminning av og til.

Svigerfar prøver å finne ut om det er makt i kneppte hender

Soleklar toar

Tittelen verkar mest som ei tilståing frå Woody Allen. Ein ser for seg at nokon spør korleis Allen skriv manus, og til det svarar han Eg berre raskar saman noko eg har brukt før, whatever liksom. Vi får ikkje servert noko nytt, og det vi får sjå er dvaskt og står ikkje til truande.

Det kan seiast mykje om Larry David, men særleg mykje til skodespelar er han ikkje, korkje når han spelar variantar av seg sjøl eller når han får regi av Woody Allen. Michael McKean er i regelen ein svært dyktig improvisatør, men her blir han kasta vekk i ei bittelita birolle. 

Eg sa det vi får servert ikkje står til truande, og med det meiner eg at hendingane i filmen rett og slett ikkje er truverdige. Skal liksom Melodie flytte inn med Boris? Finst det så outrert religiøse galningar som Melodies foreldrar, og er det meininga vi skal tru på at John finn seg ein mann straks han kjem ut av skåpet?


I så fall er dette ei kjærleiksscene
Næh. I den grad Whatever Works! verkar i det heile, er det først og fremst på hevd.