mandag 27. juli 2015

Kampen for tilværelsen-speleliste

Vi lever så kort og skal vere døde så innmari lenge, eller altså: i skrivande stund er det berre ein månad att av den tida det er mogleg å sjå den forvitnelege dramaserien Kampen for tilværelsen på nrk.no. Seriens manusforfattarar er mellom dei (oss) som tykkjer det er teit at statskanalen som har betalt for og produsert denne festen av eit kynisk blikk på Noreg 2015 ikkje kan la oss sjå det for alltid, eller i det aller minste sleppe herlegheita på eit heimevideoformat.

Ikkje for det, vissheita om at det hastar har iallfall her i heimen vore ein pådrivar for å sjå herlegheita. På den eine sida kjenner eg meg privilegert som får oppleve dette, på hi er eg lei for at unga mine ikkje får sjå dette blikket på Noreg i den tida dei var born. Faen altså.

Men væffal. Ein av mange gode ting med serien er bruken av musikk. Ikkje berre Gaute Tønders spesialskrivne, men óg viser og klassiske svisker, først og fremst som avslutning av kvar episode. Litt for å halde fast på minnet og litt fordi dette var ein fin knagg å henge ei god speleliste på har eg laga denne spotify-lista med songar frå serien.




Det er eit par manglar her: Vignettmusikken er ein remiks av Hva gjorde du med ditt liv, Tommy, ein versjon der Gaute Tønder har lagt herleg svulstige strykarar oppå den versjonen som er på lista. Sist i episode 3 syng Bengt Ahlfors Skall vi göra en mänska i kväll?, og den finn eg korkje på spotify, wimp eller youtube(!)

Eg har valt å ikkje ta med originalversjonar av dei songane særleg Line Rotevatn øver på og framfører, men Pols fra Nord-Østerdal (i serien framført av Korak) låg føre i same innspeling, så den er med. Eg har att nokre få episodar, så det KAN tenkjast at lista blir lenger.