tirsdag 9. februar 2016

Fredric Drum på styrten

No er ikkje norsk krim det eg les aller mest av til vanleg, men så blei det plutseleg til at eg kom gjennom samtlege elleve av Gert Nygårdshaugs bøker om Fredric Drum og/eller Skarphedin Olsen på eit par veker, og det er jo verdt ein liten bloggpost. Eg bør kanskje åtvare om at det er såpass vanskeleg å skrive om desse bøkene utan å, kva skal vi seie, komme med eit par spoilers så å seie på serienivå, så les vidare på eige ansvar. Du kjem ikkje til å få vite kven som er mordaren ved å lese dette, men det kan tenkjast du blir litt klokare på kven som er etterforskaren, for å seie det sånn.

Gert Nygårdshaug på Oslo bokfestival.
Foto: Bjørn Erik Pedersen - Eget verk, CC BY 3.0, henta frå wikimedia commons
Det der med at eg ikkje les så mykje norsk krim: I sommar las eg alle fem krimbøkene til Jonas Lie d.y., altså dei den seinare krigsforbrytaren skreiv under psevdonymet Max Mauser. (Dødsdiamanten, Fetisj, Natten til Fandens geburtsdag, Rittet fra Olesko og En hai følger båten.) Om han ikkje er etterforskaren eller førstepersonforteljar i alle, er iallfall detektiven Finn Bjelke med i dei fire første, slik at dei høyrer til same univers. Og det er eit poeng her, den som sterkast har tilrådd Fredric Drum-bøkene så eg har høyrt det seier nemleg at ein kan tole litt av kvart for å få opphalde seg i eit narrativt univers ein trivst i.

Det skal seiast at etter den første boka (Honningkrukken) var det ikkje gitt at eg kom til å orke særleg mykje. Eg tykte prosaen var flat og fantasilaus og intrigen treig og langhenta. Alle desse bøkene veksla eg mellom å lese og lytte til på Storytel, og Helge Winther-Larsen si opplesing var lite eigna til å vekke nokon entusiasme. Ikkje minst verka Fredric Drum innimellom direkte dum. Innesperra i eit kyrkjetårn knuser han ei flaske for å prøve å bruke glasbrotta som brekkstang for å lyfte den tunge trelemmen over trappa istf å skjære hol i treverket, til dømes. Ja, sjølve løysinga var spinnvill nok, og det var nok det som gjorde at eg gav neste bok, Jegerdukken, ein sjanse. Det er eg altså godt nøgd med.

Eg forstod nemleg det eg skulle skjønt av den langhenta og sensasjonelle intrigen og Drums personlegheit med ein gong: Han lever på 1980-talet, men høyrer som romanhelt heime i motsett ende av det tjuande hundreåret. Det som la bitene på plass var den elles trivielle opplysninga om at han bur på pensjonat. Folk gjer jo ikkje det! Men dermed skjønte eg at Nygårdshaugs ærend var å skrive ein serie reale kioskveltarar, røvarromanar som tek den sensasjonslitteraturen frå for 100 år sida inn i hans eiga samtid. Fredric Drum er med andre ord ein eventyrar, i slekt med Jonas Fjeld, Arsène Lupin og Yang Tse-Lyse. Då er det jo at ein prøver å finne norske ord som dekkar dei engelske "outrageous" og "preposterous". "Heilsprø" kanskje?

Her snakkar vi nemleg preposterous. Omslagsbilde frå bokhandel.

Med kvart som serien skrid fram blir det klart at det er ein plan i galskapen, eg har stundom mistenkt at førsteboka var gjort såpass låk med vilje. Det bygger seg opp på ein slik måte at intrigene blir stadig meir føkka i huet, slik at lesaren kjem inn i ein merkeleg tilstand som er like delirisk som han er ironisk distansert. Femte bok, Cassandras finger, bygger opp til ei avsløring som på den eine sida gir ei slags forklaring til all galenskapen i dei første bøkene, men ein meir hardkokt helt gjer ikkje dei neste bøkene meir normale som detektivromanar. Liljer fra Jerusalem er like fantasifull som Honningkrukken, og det må vere lov å peike på at skurkane har same type band til hovudpersonane i dei respektive bøkene. Sjette bok, Kiste nummer fem,  har ei løysing som kan minne om somme av Stein Rivertons bøker i det at svaret på gåten flyr direkte i strupen på all fornuft.

Som heilskap er serien såpass fiffig og utkropen at lesaren stundom er usikker på om forfattaren er lat eller smart. Cornetta Friis i Den balsamerte ulven er gæren, det forstår vi fordi at ho har ein glupande seksuell appetitt. Er dette noko eit resultat av at Nygårdshaug ikkje har orka å skrive meir enn ein pappfigur, eller er det fordi denne typen romanar skal vere folkesette med pappfigurar, slik at han berre er tru mot sjangeren?

I og med at serien tok ei bisarr vending i bok nummer fem, er det på ein måte venta at det skal komme ei ny bisarr vending i bok nummer ti. Det blir bygd opp til det i dei siste par bøkene iallfall, i den grad at ein kan lure på om det er tale om ein reboot av serien. Det er det nok ikkje. Heller ikkje den ellevte boka, Pergamentet, er nokon ny start. Forfattaren seier i etterordet at handlinga finn stad mellom hendingane i Alle orkaners mor og Rødsonen (niande og tiande bok), slik at den opphavlege serien på ti bøker er ein avslutta (sjamener) heilskap. Om nokon skulle ha interesse av å høyre på meg, ville eg tilrå å lese bøkene i rekkefølgja 1-9, 11, 10.