onsdag 5. november 2014

Ikkje lett å ta farvel med eit eldfast hjarte

Under denne kryptiske tittelen skal eg skrive eit lite stykke om eit musikalsk emne att (lenge sidan sist no), nemleg teksten til Comment te dire adieu.

Songen er opphavleg engelsk, skriven av Arnold Golan (som skal ha skrive teksten) og Jacob Gold (som skal ha skrive musikken) og innspelt første gong i 1966, med Margaret Whiting. Her:



Men det er ikkje denne versjonen eg skal skrive mest om i denne posten. Songen er spelt inn av mange artistar på mange språk, men særleg to versjonar har danna skule. Den eine er den opphavlege (eller kanskje Vera Lynn sin frå 1967), den andre er Francoise Hardy sin. Serge Gainsbourg attdikta og omarrangerte visa og let Francoise Hardy synge henne som Comment te dire adieu. Den som høyrer ein del versjonar (nedst i posten ligg ei spotifyliste med eit par snes) (eg skulle gjerne lenka til wimp, og fann til og med ein embed-generator, men fekk beskjed om at embedding ikkje er lov på domenet blogger.com. Spotify begs to differ.) vil raskt legge merke til at mange har valt å ta utgangspunkt i denne versjonen. Her er han:



For å seie litt om originalteksten: Det er jo frykteleg sentimentale greier. Her er han, attgjeven utan løyve frå nokon:

It hurts to say goodbye

Take me in your arms and hold me tight,
tell me that your love is mine tonight,
say that everything will turn out right,
it hurts to say goodbye.

Let me know the thrill of your embrace,
memories that time can not erase,
why I'd kiss the teardrops from your face,
it hurts to say goodbye.

Wherever you are,
you will always be near to me,
wherever I go,
you'll be here in my heart.

Till the sun comes shining through again,
till we see a sky of blue again,
till I'm back with you, my love, till then,
it hurts to say goodbye.

Wherever you are,
you will always be near to me,
wherever I go,
you'll be here in my heart.

Till the sun comes shining through again,
till we see a sky of blue again,
till I'm back with you, my love, till then,
it hurts to say goodbye.
Till I'm back with you, my love, till then,
it hurts to say goodbye.
Dei tre første linjene i kvart av versa rimar på kvarandre, og fjerde linje er omkvedet "It hurts to say goodbye". Farvellet som gjer så vondt er elles neppe noko definitivt farvel, iallfall oppfattar ikkje song-eget det slik. Ho (det er først og fremst kvinnelege songarar som framfører denne) ser fram mot eit gjensyn i siste vers, og i mellomverset lovar ho æveleg truskap. Bildebruken er ikkje så frykteleg spenstig. Sola skal skinne att og himmelen skal bli blå, og andreperson eintal skal vere i hjartet til førsteperson eintal. Det er ingenting alvorleg gale med denne som slagertekst, men det er jo ikkje spesielt fantastisk heller.

Så då kan vi jo gå over til Serge Gainsbourgs franske tekst og spretnare arrangement. Høyr gjerne songen ein gong til, det er nesten så ein ikkje treng skjønne så mykje fransk for å forstå at dette er ein song om noko heilt anna, ein song med meir lyrisk finesse, ein emosjonelt sett kjølegare song. Teksten attgjeven utan løyve og med visse typografiske tillegg som illustrasjon:

Comment te dire adieu

Sous aucun préteXte je ne veux
Avoir de réfleXes malheureux
Il faut que tu m'eXpliques un peu mieux
Comment te dire adieu

Mon coeur de sileX vite prend feu
Ton coeur de pyreX résiste au feu
Je suis bien perpleXe je ne veux
Me résoudre aux adieux

Je sais bien qu'un eX-amour
N'a pas de chance ou si peu
Mais pour moi
Une eXplication vaudrait mieux

Sous aucun préteXte je ne veux
Devant toi sureXposer mes yeux
Derrière un KleeneX je saurais mieux
Comment te dire adieu
Comment te dire adieu

Tu as mis à l'indeX
Nos nuits blanches
Nos matins gris-bleu
Mais pour moi
Une eXplication vaudrait mieux

Sous aucun préteXte je ne veux
Devant toi sureXposer mes yeux
Derrière un KleeneX je saurais mieux
Comment te dire adieu
Alt i tittelen ser vi korleis song-eget har ei meir pragmatisk haldning. Der det anglofone subjektet konstaterer at det gjer vondt å ta farvel, spør fransktalaren (eller -syngaren) seg korleis ho skal gå fram for å seie det. Denne haldninga finn vi att i løysingar som å gøyme seg attom ein kleenex og labbli å vise fram augo.

Mest like iøyrefallande som det spretne arrangementet er det oppdaterte rimskjemaet. I den franske teksten rimer alle linjene i alle versa på adieu. (Unnataka er i mellomversa, iallfall viss den versinndelinga eg har bøffa her er rett.) Og enno meir raffinert: Dei tre første linjene i kvart vers er på ni stavingar kvar. Den femte stavinga i alle desse er "EX", slik at førefestet som både på fransk og engelsk (og med kvart på norsk) tyder "har vore" bryt verselinja tvert av på midten.

For somme vil dette vere å trekke tolkinga for langt, men eg meiner å finne stønad for synet mitt i songar som "Qui est in - qui est out", "L'anamour"og andre songar der Gainsbourg nyttar rim og nær-rim på liknande måtar. Dessutan kan ein legge merke til at ord som surexposer og m'explique faktisk blir brotne tvert av av X-stavinga.

Eg sa om den engelske teksten at det ikkje var nokre alvorlege feil med han som slagertekst, diverre kan eg ikkje seie det same om den likevel langt meir elegante franske teksten. Det kreative rimmønsteret har diverre ført til to liner der feu liksom skal rime på feu, og det er berre klønete. Ein kan spørje seg kvifor ein rimsmed av Gainsbourgs kaliber (herleg floskel!) let slikt stå, og eit mogleg svar kan vere at dei vellukka effektane av skjemaet vog opp for ein enkelt faux pas. Eit par av dei linene eg for min del liker best er nett dei som sluttar på feu. Der samanliknar den syngande førstepersonen sitt eige og den tilsungne andrepersonens hjarte. Mitt er av silex (flint) og er eigna til å sette fyr på ting, medan ditt er av pyrex, eit patentert material som har som fremste eigenskap at det er eldfast.

Så det. Her er meir enn to snes versjonar av songen, sju av dei på engelsk, nokre instrumentale, finske, svenske og på magyar, men flest av dei franske. Ikkje så rart.