torsdag 30. oktober 2014

Tre-fire Torgny Lindgren, to Wodehouse, Karin Boye, Philip Dick etc.

No har eg visst lese 20 bøker til sidan sist. Eg har avslutta ein serie, fått augo opp for Torgny Lindgren og synest i det heile tatt eg har opplevd mykje. Her er grafisk framstilling:

Klikk på lenka og bli ven med meg på Goodreads!
Tal:
  • Elleve er heilt tvillaust romanar
  • To er noveller
  • To er, øh, forteljingar (kortromanar? eksperiment?)
  • Seks er lydbøker, den eine av dei ei førelesingsrekke
  • To er ungdomsromanar, fire har iallfall element av etterforsking.
  • Fire er på bokmål, berre ein er på norsk
  • Åtte på engelsk, berre ein på fransk
  • Alle dei tre teikneseriane er på kvart sitt språk: bokmål, fransk og engelsk.
  • Berre to er på dansk, men heile fire er på svensk. 
  • Av dei fire svenske er tre av Torgny Lindgren (og eg er i gang med den fjerde)
  • Åtte kvinner har skrive åtte av bøkene, medan ti menn har skrive dei andre tolv (Tiggernes børn er skriven av to menn).
  • Lite sakprosa denne gongen, berre tre titlar (men ein av dei er teikneserie) 
  • Åtte kvinner har skrive åtte av bøkene, ti menn har skrive dei tolv andre. Ei er skriven av to menn.

Den raude og rosa vesle boka i nedre høgre hjørne er Dyr, sortert etter alder av Frøydis Sollid Simonsen. Eg har tidlegare (og skal seinare) sagt (seie) ein del om kor godt eg likte den første romanen hennar, og då eg oppdaga denne boksingelen var eg ikkje sein om å tinge han frå Flamme forlag. Dersom teksten er eit forsøk på å vidareføre stilen frå Hver morgen kryper jeg opp fra havet, vonleg i retning av noko større, har vi mykje å glede oss til frå denne spennande forfattaren.

Sjefen min er svært glad i Lars Mæhles Landet under isen, men det var ikkje først og fremst for å unngå dårleg stemning at eg las boka sjøl. Ho hadde stått ei god stund på leselista, og no ligg andre band på vent. Det verkeleg gode med denne boka var elles strukturen. Dei to handlingstrådane var godt vovne saman, men eg må ærleg innrømme at eg likte KRIPOS-etterforskaren betre enn Leo Rubin. Innhaldet var så som så, og nynorsken til Mæhle er... ikkje den nynorsken eg ville skrive, for å seie det sånn.


Men bileta i kindleutgåva var knøttete og vanskelege å studere.


The Trojan War las eg medan eg høyrte førelesingsrekka om Classical mythology. Sistnemte handla jo ikkje lite om Trojanarkrigen, og båe var svært interessante. I førelesingsrekka tok professor Elizabeth Vandiver utgangspunkt først og fremst i Hesiod (som nyleg er kommen på bokmål i Aslak Rostads strålande attdikting) og Ovid (Thea Selliaas Thorsen har levert nytt bokmål, eg skuldar Larvik bibliotek 80 kroner i purregebyr), og var eit innsiktsfullt og levande oversyn over både mytane og ulike tolkingstradisjonar. Førstnemte er meir av ei attforteljing av Iliaden med det vi veit om regionen i bronsealderen som kontekst. Spekulativ på den gode måten, altså.

På Wikimedia Commons ligg Brudstykker af en Landsbydegns Dagbog i ei illustrert utgåva frå 1905.

En landsbydegns dagbog og A sea of Troubles er noveller som av ein eller annan grunn er å få i eigne lydbokutgåver. Den første høyrte eg i euforien over å ha bestemt meg for kva eg skal bruke våren på (bacheloroppgåve i bibliotek- og informasjonsvitskap. Temaet blir vurderingskriterium for lydbøker, om du endeleg må vite det), den andre var ei eg hadde lasta ned til offlinemodus første gong eg prøvde Storytel. Landsbydegnen er etter det eg forstår ei av dei heilt store novelleklassikarane i favorittgrannelandet. Steen Steensen Blicher teiknar med relativt få ord (lydboka varar tre kvarter) eit heilt, langt livslaup. Det er ikkje mykje som skal til. Sea of Troubles er meir av ein trifle av PG Wodehouse. Motiv som magesmerter, mange pengar og sekretærar med fordommar finn vi elles mange stader i forfattarskapen. Denne er heilt fin.

Eitt av emna eg tek i haust er om skandinavisk samtidslitteratur. Ein gong eg likevel var i Strömstad gjekk eg innom bokhandelen og plukka med meg den eine svenske romanen på pensum (Klingsor, omtalt litt lenger ned), ein til av same forfattar og ein meir eller mindre tilfeldig klassikar i pocket. Kallocain er ein dystopisk framtidsroman som ikkje på noko vis står tilbake for fosjempel 1984 eller Fahrenheit 451  (som båe kom fleire år seinare.) Jamvel her er hovudpersonen innbyggjar i ein totalitær stat som har ambisjonar om verdsherredømme og konstant er truga av krig. Kjemikaren Leo Kall verkar ikkje å ha motførestellingar mot det gjennommilitariserte samfunnet, han er tvert om ein ivrig arbeidar som så godt han kan kjempar mot det han har att av humane impulsar.

Det var ikkje denne utgåva eg las, men illustrasjonen er så lekker.
Leo Kall er korkje Winston Smith eller Werner Montag, men han får innsikt i både maktas irrgangar og draumane til folk som har andre verdiar og ikkje finn seg like godt til rettes i Världsstaten som han gjer sjøl. Boka er ikkje eigna til trøyst eller kos, og er sjølsagt sterkt tilrådd.

Det er i skrivande stund sju år sidan Courent dans la montagne kom ut. Altså er det grunn til å frykte at det ikkje kjem fleire band i serien om dei eigenrådige sauene på fjellbeitet i alpane. Dei norske omsetjingane slutta altså med åttande band, der ein buss med både hyrdinna og store delar av saueflokkan køyrer utfor vegen. Ei naturleg avslutning, forsåvidt, men i niande band får vi vite at bussen vart hengande i lufta. Denne handlingstråden (om vi kan kalle han det, serien er meir situasjonar og vignettar enn samanhengande handling) held fram heilt hit. Korkje Romuald (Ullstein) eller resten av flokken mistar noko av piffen på vegen heller. Eg sparte dette bandet fordi eg berre kunne lese det for første gong ein gong, no ser eg fram til repriser i åra som kjem.

Diverre las eg ikkje Philip K Dick då eg skulle (tjueåra), men heldigvis er det ikkje for seint. Eg har slått opp med Lars Saabye Christensen, John Irving, Kurt Vonnegut og andre eg las eller burde lese då eg gjekk på vidaregåande, men PKD leverer mindfucks eg i mitt førtiande år stadig ikkje har vakse frå. A Scanner Darkly er den fjerde boka hans eg les på godt og vel eit år. Ho er ikkje HEILT på nivå med The Man in the High Castle, men det er det svært få bøker som er. Korkje i denne eller i nokon av dei andre bøkene eg har lese av Dick er nokon den dei gir seg ut for å vere, og i mange høve er dei andre enn dei trur dei er sjøl. Hovudpersonen i A Scanner Darkly er både brukar og forhandlar av det narkotiske stoffet Substance D. I tillegg er han sivil narkotikapolitmann, sett til å overvåke sitt eige alias. Dette blir klart for lesaren ganske tidleg, men for vår mann blir det berre mindre og mindre klart.

Ikkje den utgåva eg las, men du verden for eit omslag!
Paul Giamatti les Audible-utgåva, og eg skal tilstå at den første timen eller så var eg ikkje meir imponert over opplesinga enn over romanen. Båe delar tok seg valdsamt opp, og no er eg rett og slett i villreie over kva for Dick-bok eg skal høyre neste gong.

I den førre tjuebøkersposten oppmoda eg den eventuelle lesaren til å ikkje lese norske omsetjingar av danske bøker, den gongen var det Det levende kød og Den danske borgerkrig 2014-18. Båe ligg føre i norske utgåver slik at det er eit poeng å oppsøke dei opphavlege, men renessanse-krimserien til Lars Hamman og Gorm Præst Jørgensen trur eg ikkje har lidd ein slik vanlagnad enno. Tiggernes børn held fram der Fanden er løs slapp, men denne gongen er ingen av dei mistenkte skulda for hekseri. Dei to bøkene (som kanskje får selskap av fleire) handlar altså om Knud Korbach, fut og låk ølbryggjar i København på Christian Kvart si tid. Han må agere detektiv i ei tid då dei ressurssterke politistyrkane vi kjenner frå herleg spekulative krimprogram på Discovery Channel er lenger unna sjøl idestadiet enn ein likar å tenkje seg, men forfattarane har iallfall lært masse av krimsjangeren slik vi kjenner han i dag. Som i politikrimmen ser vi at etterforskaranes arbeidsgjevarar har eigne agendaer, slik at heltane må sno seg ganske smidig. Frå den hardkokte krimlitteraturen har dei henta dei store, korrupte systema som er like store og like korrupte sjøl etter at den konkrete saka er løyst. I tillegg kjem personkjemien mellom Korbach og ænkefru Ingeborg Bryske og sjølsagt innsikta i renessansens København. Eg er ingen stor krimlesar, men desse har eg ein viss sans for.

Embedding av tweets kjem til å slutte å funke, og då er det ikkje MIN blogg som ser ut som ein iddiot!

Ja, eg har ikkje starta på Pride and Prejudice and Zombies enno, altså. Sist skreiv eg noko om at eg hadde måtta bytte lydbokutgåve av Gulliver's Travels på grunn av innsmigrande framføring frå David Thorn. Det var nære på at eg prøvde å finne alternativ til Sharon Williams' framføring som i starten verka ganske flat. Som så ofte før tok det seg heldigvis opp (er det lydaren eller lesaren som blir van med teksten, tru?), og etter eit par timar (av om lag 11) sto romanklassikaren fram i alt han hadde av prakt og velde. På den eine sida er det kanskje ikkje noko stort problem å vise fram penetrerande psykologiske innsikter i karakterar du har funne opp sjøl, men du verden så festleg det er å kjenne att seg sjøl og andre. Og favorittkjepphesten min i det mellommenneskelege samveret er at det er enno litt lettare å spekulativt tillegge andre folk motiv og baktankar som kanskje ikkje er der. Alltid fint å konstatere at klassikarstatusen er så velfortent som her.

Men Klingsor altså. Eg kan like sjangeren fiktiv kunstnarbiografi. Denne minte meg ganske mykje om både Borges' Pierre Menard, forfatteren av Don Quixote og Woody Allens Lovborg's Women (les på bokhylla.no), men der dei to andre er novellelange er Klingsor ein heil roman. Det som er, er at eg ikkje er heilt sikker på at eg fekk taket på denne boka. Eg trur rett og slett eg burde ha lese eit par andre av Lindgren først.

Døme på Torgny Lindgrens prosa. Frå Hummelhonung.

Eg har nemleg nokså ettertrykkeleg blitt Torgny Lindgren-supportar. Klingsor var neppe den rette staden å starte, men eg hadde no fått med meg Hummelhonung frå den same bokhandelen, og gubbevaremegvæl for ei bok, altså. Brørne Hadar og Olof er båe utgamle og dødssjuke, men ingen av dei vil la den andre få leve lengst. På kvar si side av gardsplassen blir dei haldne i live av hat, på trass og på faen. Innhaldet er fantasifullt og på form kan romanen minne litt om fabelen. I skrivande stund har eg lese (høyrt) endå to Lindgren-romanar, nemleg Norrlands akvavit og Pölsan. Det er nok den første eg likar best som sånn big concept-roman, det er noko forlokkande med forteljinga om ein mann som har mist trua si og reiser tilbake for å frelse tilbake til heidendommen alle dei han frelste som lekpredikant for femti år sidan.

Det er ikkje dermed sagt at eg likte Pölsan noko dårlegare. Nett den var betre som metaroman, tykte eg. Noko med at notisen i romanen grip inn i både rammeforteljinga og IRL ved at ein ung bifigur har fått namnet Torgny Lindgren osb. Di meir eg les av Lindgren no, di meir får eg forståinga av at det er forfattarskapen meir enn kvar einskilt roman eg er vorten så forgapt i. Ein ting er at personar som Gerda i Inreliden (og forsåvidt Ellen i Lillsjöliden) kjem att her og der, ein annan er måten kvar roman er ei ovring (bokmålarar: manifestering) av ein del element i forfattarens førestellingsverd. Asta i Norrlands akvavit og Linda i Pölsan er hjelpepleiarar (vårdbiträden), men jamvel Klingsor i Klingsor og den namnlause kvinna i Hummelhonung blir vårdbiträden i løpet av sogene sine. Långkoket, Klingsors føretrekte mat, kan fort forståast som ein variant av pölsan. Dei lange liva, forteljingane, prosjekta, landskapet og mangt anna teiknar etter berre fire romanar konturane av eit litterært landskap eg svært gjerne vil vere lenge i. Ønsket om ny lesing av Klingsor heng óg saman med at eg vil ha betre forståing av nett den bokas plass i heilskapen.

Dessutan: Torgny Lindgren er ein suveren opplesar av eigne tekstar. Han forstår naturleg nok karakterane svært godt, men legg seg likevel på eit moderat nivå av karakterisering. Underspel, kan vi kanskje seie. Vidare les han eit tydeleg rikssvensk, även om replikkane blir utstyrte med norrlandsk (eller västerbottnisk?) prosodi. Storytel har sju bøker av Lindgren, no ser eg fram til Dorés bibel, Minnen, Ormens väg på hälleberget, Klingsor og Berättelserna.

Det er kanskje ikkje heilt 30 år sidan eg las min første Wodehouse, men eg trur eg kan seie at Plum er den forfattaren eg har lest oftast om att. Som så mange andre har eg nok i for stor grad halde meg til bøkene om Jeeves og Wooster. Fordelen med dette systemet er at eg kan glede meg til Blandings- og Psmithbøkene ei stund til. A Gentleman of Leisure (óg utgjeve som The Intrusion of Jimmy) høyrer så vidt eg forstår ikkje til nokon serie, men er ein av mange om kjærleiksforviklingar. Eg har som sagt lese ein del Wodehouse, og det er så langt berre Mr. Mulliner eg ikkje direkte tilrår, så eg tillet meg å heller kommentere Frederick Davidsons opplesing. Mange av hans opplesingar av Wodehouse er tilgjengelege i Storytel, og det kan verke som han har bestemte oppfatningar om forfattaren han tolkar. Grunntonen er nærmast eplekjekk, og særleg når det gjeld bifigurane går han i den vanlege humorfella: Dei får i overkant komiske røyster og overdriven dialekt. Særleg Spike Mullins-karakteren må ha slite hardt på stemmebanda, og Brooklyndialekta er så tjukk at replikkane hans stundom er utydelege. Polti McKeechern har blitt utstyrt med ei stemme eg var sikker på eg kjente att frå ein stad, og jau: Mike Patton lagar robotstemme i låta Aktion13f14. Høyr her:


Footnotes in Gaza er, ved sida av Maus, den mest opprivande teikneserieboka eg kjem i hug å ha lese. Edrueleg bildespråk og nitidig research og eg greier ikkje servere noko anna enn flosklar slik stoda er no. Framover kjem eg til å lese meir av Joe Sacco og eit par av dei andre som er omhandla i Øyvind Vågnes' Den dokumentariske teikneserien.

Denne las eg tidlegare i år. Bra saker!

For første gong har eg lånt ei bok fordi eg likte forfattarens fotokunst: Vibeke Tandberg sine fotomontasjar etc har fascinert fleire enn meg sidan nittitalet. Tempelhof er den andre romanen hennar, og den er merkelege greier. Gåtefulle, skulle eg kanskje heller sagt, fordi det i starten er vanskeleg å avgjere om det er ein baby som fortel noko som skjer eller om babyen(?) eller ein av foreldra(?) drøymer heile greia eller om det er eit liv som passerer revy eller noko heilt anna. Særeigne greier, og eg skal nok prøve å grave fram den første boka hennar óg.

Eller: "Heilt fin thrillar"
No har eg ikkje lese den om katastrofefysikk, men eg høyrte nok pene ting om Night Film frå Julie og Kine til at eg gav han ein sjanse. Medan det stod på var det spennande og moro, men no som det har gått eit par veker står ikkje denne boka fram som den mest minneverdige av desse tjue. I eitt stykke er ho likevel eineståande, og det er som multiplattform-thingy. Boka er illustrert med bilete av nokre av dei tekstlege artefaktane som er omtalte i teksten, og i tillegg til teksten ein kan lese med auget er nokre av desse illustrasjonane utstyrte med eit særskilt symbol. Dette vesle sjablongmåleriet av ein fugl med utbreidde vingar gjer heile illustrasjonen om til eit slag qr-kode som ein kan skanne med ein særleg app ein lastar ned på mobilen (eller nettbrettet. Eg sa ikkje at det ikkje var kjelkete. Og om du les eboka på mobilen eller nettbrettet? Ikkje mindre trælete.) Og SÅ får du tilgang til multimediainnhaldet. Dette er litt forskjellige greier, eit slideshow med plakatar til filmane til bokas fiktive regissør er kanskje det beste, elles er det første kapittel i ei fiktiv barnebok, ei opplesing av The Love Song of J. Alfred Prufrock og litt anna snacks. Ingenting av det er essensielt for å forstå handlinga, og berre eitt av elementa synest å motseie sjølve boka. I sum er dei ein festleg måte å utvide fiksjonsuniverset på, og det er neppe overraskande at Pessl har sytt for å halde filmrettane til dei omtalte, oppdikta filmane unna filmrettane til resten av boka. Kanskje nokre av dei tek steget frå Night Film og ut til vårs?


Den vesle pippipen gjer heile boksida til ein slags QR-kode

Neste gang blir alt riktig av Lene Ask er det vanskeleg for meg å omtale som noko særleg anna enn ein søt teikneserieroman. Eg har sans for teiknestilen hennar, og ho gjer ein god del kvasse observasjonar i løpet av forteljinga, då. Har litt lyst til å sjå denne teikneserieromanen i samanhang med dei meir dokumentariske arbeida hennar, men då må eg lese dei først. Lene Ask kjem eg tilbake til.

Siste kvinne ut denne gongen er ein av kandidatane til årets upris, ungdomslitteraturprisen som blir delt ut av ein ungdomsjury. Som del av faget litteratur- og kulturformidling (berre nokre få studiepoeng til no, så er eg bibliotekar på ordentleg!) har eg meldt Martina Gaux' Cafe Vespa på denne bloggen, forsøksvis på ungdommens premiss. For å sitere meg sjøl:
Cafe Vespa er ei ungdomsbok som er både spennande og tankevekkande. Hovudpersonen er ein på mange måtar vanleg femtenåring som tilfeldigvis finn eit lik og blir blanda inn i etterforskinga av ein barnepornoring. JeHo og vennene hans set seg føre å finne ut kvifor Heather ikkje overlevde, og snart veit amatørdetektivane litt for mykje for sitt eige beste.

Vanlegvis er det vanskeleg å skulle fortelje om slike bøker fordi ein ikkje vil avsløre for mykje om handlinga, og det gjeld Cafe Vespa óg. Det som er enno vanskelegare med denne boka er at iallfall eg helst ikkje vil avsløre for mykje om personane heller. Eg unner lesarane spenninga og overraskingane som er knytte til krimplottet, og samstundes vil eg at dei skal bli kjent med JeHo, Rino, Conni og Marlin like gradvis som eg gjorde sjøl.

Det er nemleg eit poeng at ikkje berre handlinga blir gradvis avslørt. På slutten er alle personane nokon andre enn dei vi trudde til å begynne med, og dei har gjerne lært noko nytt om seg sjøl óg.
Omslaget lånt frå Gyldendal

Ikkje minst er boka smart skriven. Å gjere hovudpersonen til ein uoppmerksom type som følgjer meir med på Facebook og Minecraft var eit originalt val som sette boka veldig inn i samtida. Foreldra til JeHo er skeptiske til nettbruken hans og prøver å sette grenser, men boka er ikkje moraliserande på same måte som dei vaksne. For det første er ikkje Precious og Konrad (mora og faren til JeHo) meir vakne enn han er, og for det andre viser boka tydeleg at skiljet mellom internett og IRL er eit falskt skilje.

Viss du som les boka ser etter, finn du fleire slike ting som reflekterer kvarandre. Dømesvis SEIER JeHo at han er redd for å knytte seg til folk fordi han ikkje vil miste vener og bli såra, men med strikkinga gjer han det motsette, han brukar garn til å lage røynlege venskapsband (skjerf). Det er særleg desse tinga som gjer at boka held seg i tankane etter at ein er ferdig med henne.
Eg går jo ut frå at eg les boka på ein annan måte enn den eigenlege målgruppa, men dei meldingane eg har sett på uprisen.no tyder på at både dei og eg har sansen. Det overraskar meg litt at ingen av dei (til no tre) unge meldarane har nemnt noko om etnisitet og seksualitet, to nokså iaugefallande aspekt ved både JeHo og fleire av dei andre karakterane. Har dei unge sett på dette som kvardagsrealistisk og ikkje brydd seg om det, eller har dei ikkje lagt merke til korleis jamvel dette er smarte litterære grep som forsterkar det tosidige ved mest alt og alle som er med?

Neste gong: Dickens! Øyehaug! Hollywood Book of Death! Råta!