mandag 18. november 2013

Farvel til audible-pakka - Siste om Mercury Theatre/Campbell Playhouse

(Framhald av denne posten)

Det er ikkje fritt for at eg har vore litt snurt på amazon/audible i løpet av denne rekka med postar om den makelause samlinga med radioteaterstykke Orson Welles stod for som frontfigur for Mercury Theatre on the Air og Campbell Playhouse. Dei tek betalt for filer som elles er fritt tilgjengelege utan å presentere dei i noka form for logisk orden, utan å lage ei ordentleg liste over den ulogiske ordenen, utan å pusse opp lyden på noko vis; i det heile teke utan å tilføre nokon meirverdi som rettferdiggjer jamvel den vesle prisen dei krev. Dei har til og med (i audible-versjonen iallfall) konvertert filene til eit proprietært format slik at du må bruke deira eigen avspelar om du skal nyte godt av utlegget ditt.

Men jøss bevars, eg skuldar dei jo litt: Det er neimen ikkje sikkert at eg hadde vorte merksam på denne kulturskatten på anna vis, og i og med at eg har betalt er gjennomlyttinga ein måte å få valuta for pengane på i tillegg til at det sjølsagt er ei stor glede å få med seg så mykje radioteater.

Prosaisk i framtoninga, men ein veldig kjekk lydbokspelar, altså.

I løpet av denne posten vil eg bli ferdig med gjennomhøyringa av audiblepakka som ho er. I og med at denne pakka ikkje er komplett har eg oppsøkt andre kjelder og funne ein handfull stykke som ikkje er i pakka. Diverre manglar stadig ein del, mellom anna vart det gjort to innspelingar av Jane Eyre som ikkje har vore å finne der eg har leita. Denne posten vil på sikt innehalde ei mangelliste og lenker til kronologisk ordna spelelister, slik at andre kan få glede av den meirverdien eg sjøl har måtta tilføre.


Avspelingsrekkefølgje i Audible-pakka (legg til 60)

  1. The Count of Monte Cristo (29 august 1938)
  2. The Immortal Sherlock Holmes (25 september 1938)
  3. The Man who was Thursday (5 september 1938)
  4. The Pickwick Papers (20 november 1938)
  5. The  War of the Worlds (30 oktober 1938)
  6. I'm a Fool/The Open Window/My Little Boy (5 august 1938)
  7. Seventeen (16 oktober 1938)
  8. The 39 Steps (prøve, 1 august 1938)
  9. Treasure Island (18 juli 1938)

Andre kjelder

  • Twentieth Century (24 mars 1939)
  • The Broome Stages (4 februar 1940)
  • There's Always a Woman (17 desember 1939)
  • Craig's Wife (10 mars 1940)
  • Jane Eyre (31 mars 1940)

Manglar stadig (dei tre første: Mercury Theatre. Dei øvrige: Campbell Playhouse)


  • Jane Eyre (18 september 1938)
  • Oliver Twist (2 oktober 1938)
  • Clarence (27 november 1938)
  • The Bridge of San Luis Rey (4 desember 1938)
  • Call it a Day (16 desember 1938)
  • A Farewell to Arms (30 desember 1938)
  • The Chicken Wagon Family (20 januar 1939)
  • Burlesque (17 februar 1939)
  • State Fair (24 februar 1939)
  • Royal Regiment (2 mars 1939)
  • Les Miserables (7 april 1939)
  • Black Daniel (28 april 1939)
  • Come and Get it (31 desember 1939)


Kommentarar

The Count of Monte Cristo

Alexandre Dumas' mest kjente røvarroman var tydelegvis så populær som Mercuryproduksjon (denne) at Campbell ville ha ei stykket ein gong til (nyinnspelinga vart sendt ti månader seinare og er omtalt i ein tidlegare post). Den sære avspelingsrekkefølgja i audiblepakka gjer at desse kommentarane samanliknar den første med den andre istf tvert om, er eg redd. I somt er den første versjonen best. Ikkje minst teknisk: Om det er gjort ein oppussingsjobb på lyden eller om lydberarane hadde betre kvalitet veit eg ikkje, men den eldste innspelinga er mykje tydelegare enn den yngste. 

I andre stykke er det faktisk ikkje godt å seie kva for ei innspeling som er best. Innleiinga frå den første må Welles ha vore godt nøgd med, for den er mest ord for ord lik ved båe framføringar (God's vengeance on radio script writers... our humble fifty-seven minutes worth of The Count of Monte Cristo). Elles har det skjedd nokre endringar. Mercury-innspelingane gjekk stort sett under overskrifta "first person singular" og var altså førstepersonforteljingar. Dette er, så vidt eg kan hugse, gått bort frå i 1939. I 1938 vart det brukt ein del meir tid på alt som skjedde fram til Edmond Dantes hamna i kasjotten, i 1939 gjekk eit par minutt med til skattejakta på den vesle holmen utanfor Korsika.

Uansett innspeling er dette ei soge som er verdt å høyre, og det meir enn ein gong. Eg ser ikkje bort frå at eg ein gong i framtida kan ha lytta til desse to versjonane ofte nok til å få ein favoritt, men 1938-versjonen stiller svært sterkt på grunn av den tekniske kvaliteten på opptaket.


The Immortal Sherlock Holmes

Det går fram av Welles' lange innleiing at William Gillettes teaterversjon var vel så viktig for å popularisere den kjente detektiven i USA som dei opphavlege sogene til Arthur Conan Doyle. Dette er ein radioadaptasjon av Gillette sitt stykke meir enn noko anna, og eg er redd at når vi høyrer det i selskap med alle desse gilde stykka vi har høyrt til no, kan vi ikkje gje det nokon betre karakter enn mildly diverting.

Ray Collins som Watson er forsåvidt god, han er lojal og lettlurt. Welles sjæl som Holmes er mindre interessant, han er intelligent men først og fremst blasert. Eg har tenkt litt på det, og lurer på om ikkje detektivforteljingar på radio krev eit episodisk format, eller iallfall har veldig godt av det. Her går det lidderli fort i svingane. Tre dryge kvarter er ikkje nok til å bli kjent med dei eksentriske detektivane, sette seg inn i saka, danne teoriar om kven som kan ha gjort det, bli redd for helten i ein farleg situasjon og alt det der. Førre dagen høyrte eg siste episode av NRK sin De dødes tjern, og med fire timelange sendingar får dei på mykje meir ut av den vrien at det er krimforfattaren (både doktor Watson og Bernhard Borge er krimforfattarar) som er den av personane i soga som veit og forstår minst. Dette Mercury-stykket framstår først og fremst som delivery mechanism for replikken "Elementary, my dear Watson".


The Man Who Was Thursday

Denne tittelen og krimhylla til gamlingane mine er årsaka til at eg har forveksla GK Chesterton med Harry Kemelman i mange år. Dette til orientering.

Nåh. Som bok har The Man Who was Thursday (ikkje av Harry Kemelman) undertittelen A Nightmare, og jamvel denne adaptasjonen er sterkt draumeaktig. Eg skal prøve å ikkje spoile så veldig, men det er for det første ikkje så veldig vanskeleg å rekne seg fram til korleis draumen sluttar og for det andre neppe like mykje filosofisk refleksjon i stykket som i romanen. Har iallfall sett boka på leselista.


The Pickwick Papers

Så vidt eg forstår er ikkje Pickwick-klubben av Dickens ein sånn roman det går an å spoile, men snarare ei samling heilsprø hendingar bundne saman av eit felles eksentrisk persongalleri. Slik sett er denne boka eit vel så godt val til radioteateradaptasjon som A Tale of Two Cities (koss Oliver Twist fungerte trur eg neppe vi får vite med det første, iallfall har ikkje eg funne fleire av Dickens enn dei andre to). På den eine sida er det lett å raske saman hendingar til ein snau times forteljing, på hi er det klart at materialet fortener meir enn dette. Moro, men ikkje heilt tilfredsstillende.


The War of the Worlds

Det er vel ikkje å ta for hardt i å seie at dette er ei av dei mest vidgjetne radiosendingane nokosinne. Det er vanskeleg å sjå føre seg at alle forventningar til dette blir innfridde, men så har jo Welles seinare stått bak ting som er minst like bra som alle seier.

Jah. Det førre avsnittet skreiv eg i spent forventning. No har eg høyrt stykket, og er klar for å høyre det igjen og igjen. Om folk verkeleg let seg lure skal eg ikkje ta stilling til, men eg merker meg at etter dei innleiande minutta blir stykket innmari intenst. Det er liksom ikkje heilt truverdig at eit danseprogram skal bli avbrote av meldingar om eksplosjonar på Mars, men når nyheitssendingane med kvart kjem direkte frå landingsstaden i New Jersey viser Welles og dei andre ei meistring av radiomediet eg knapt kan hugse å ha høyrt maken til. Setningar som blir kutta midt i har sjeldan vore meir effektive.

Det skal seiast at for oss som veit kva vi lyttar til er det heller ikkje i den første halvelen av stykket vanskeleg å forstå at soga er sterkt komprimert langs tidsaksen. Det som er vanskeleg er å ikkje bli imponert over den effektive og gripande forteljinga.

Etter reklamepausen kjem first person singular-perspektivet inn att. Denne delen er dagboka til professoren som greide å unnsleppe åtaket. Koss det går med invasjonen frå Mars skulle vere kjent for dei fleste, og jamvel om Welles gir karakteren kanskje litt vel mykje sjølhøgtidlegheit er det stadig gripande saker, også no særleg etter at forteljinga har fått sett seg litt.

Oppsummert: War of the Worlds fortener å vere så vidgjete som det er, og vel så det.


I'm a Fool/The Open Window/My Little Boy

No har eg ved eit par andre høve meint at ein snau time ofte er litt lite, men her har Mercury-ensemblet greid å få noko vettug ut av ikkje mindre enn tre korte tekstar. Den første er ei førstepersonforteljing om ein kjekkas som kjem til å angre ganske mykje på noko han har sagt, den andre er meir reindyrka komedie med ein god tvist, medan den tredje er nokså maudlin om oppseding av born. Gjett kva for ein som er i lengste laget.


Seventeen

Booth Tarkington, folkens. Han var ein svært populær forfattar i USA iallfall i perioden rundt det førre århundreskiftet, og jamfør Wikipedia er det han, John Updike og William Faulkner som har vunne Pulitzer-premien for skjønnlitteratur meir enn ein gong. Woop-de-do. Orson Welles må ha vore ein entusiastisk lesar, for Seventeen er ein av tre Tarkington-adaptasjonar han gjorde med dette teaterensemblet (dei andre er Magnificent Ambersons, som han som kjent lagde film av óg, og Clarence, som eg så langt ikkje har funne opptak av).

Stykket er eit slags nidportrett av småborgarleg småbyliv, med særleg vekt på den særleg melodramatiske syttenåringen Willie Baxter. Orson gir alt i tolkinga av tittelrolla, og medspelarane (her må Ray Collins nemnast igjen) tilfører nok glimt i auget til at stykket ikkje først og fremst er slemt. Moro.


The 39 Steps (prøve)

Mykje betre lydkvalitet enn på opptaket av stykket slik det vart sendt. Det varar óg ein god del lenger, og ikkje berre på grunn av stadige avbrot grunna manussider som er borte og slikt. Det som verkeleg overraskar er kor koherent jamvel den enno strammare versjonen trass alt er, jamvel om det er lite her i prøva som kan kallast langhalm.


Treasure Island

Dette var berre den andre sendinga i Mercury Theatre-serien, men innspelinga ligg altså sist i audible-pakka. Bra greier. Hovudinntrykket er at det er flest røvarhistorier og showbiz-forteljingar i dette materialet (kanskje eg tek ei oppteljing ein gong, kanskje ikkje), og om skodespelarane kanskje kjenner seg best att i dei siste utstrålar dei meir joie de vivre i dei første. Denne er nok óg heilt sikkert lagd for folk som kjenner og elskar soga, men det funkar bra for oss andre óg.


Twentieth Century

Showbiz. Adaptert frå filmen, og utmerker seg ved at Orson Welles ikkje er Cary Grant, rett og slett.


Broome Stages

Og meir showbiz. Denne gongen er det fleire generasjonar teaterfamilie i London, og Welles' eine rollefigur (fjerde generasjon) er i grunnen, eh, insufferable. Stykket er godt sett saman, altså, skikkeleg sånn tida går i ring og sluttar der det startar. Tvisten mot slutten heng på det spørsmålet det inntil nyleg berre var mor som kunne gje eit sikkert svar på. Høgdepunktet er faktisk den fnisete avslutninga mellom Helen Hayes og Orson Welles. Av ein eller annan grunn er det spesielt moro at Hayes' pågåande teaterturne skal innom Buffalo etter Boston.


Craig's Wife

Ho er eit troll til kjerring, fru Craig, og i løpet av stykket får William Craig sanne dette til gagns. Denne gongen er det det reint ut gnistrande samspelet som er hovudattraksjonen, det er nemleg ikkje særleg vanskeleg å gjette kva som kjem til å skje. Tilfredsstillande å vere vitne til, då.


There's Always a Woman

Delightful! Hardkokt detektivscrewball som nok skuldar The Thin Man-filmane ein god del, jamvel om det er frua i huset som er den gløggaste detektiven i hushaldninga. Ingen har tilnærmigsvis same kjemi som William Powell og Myrna Loy, men Orson Welles og Mary Wilson er jævelsk gode i lag. Vellukka som detektivforteljing, kjærleikshistorie og leik med kjønsroller.


Jane Eyre

Welles' siste førestelling for Campbell Playhouse var ein ny versjon av ein travar Mercury hadde hatt suksess med før. Diverre, får ein mest seie, for dette er rett og slett ei sviske. Som med Rebecca er det komplett uforståeleg at den kvinnelege hovudpersonen fell for den mannlege, Welles' Rochester er nemleg ein sjøloppteken dass utan særleg mange forsonande drag. Som manusforfattar er elles Welles fryktlaus andsynes kjeldematerialet, Janes barndom og opphald på skulen er over på eit minutt eller så.

Ernest Chappell har elles ei rolle utover å selje suppe denne gongen: På vegner av Campbell's takkar han Welles for godt samarbeid og knakande godt teater. Her eg sit snart 75 år seinare forstår eg godt takksemda, og ser fram til gjenhøyr med fleire av dei stykka eg har høyrt i løpet av dei siste par-tre månadene.

fredag 8. november 2013

Radioteater med mindre suppe

(Førre post er her)

Mindre suppe fordi det no endeleg snart er slutt på at radioteaterførestellingane skal vere reklame for hermetisk suppe, i denne posten er det berre den første handfullen stykke der Ernest Chappell har noko han skulle sagt. Altså skal eg óg gjere meg ferdig med suppa ganske fort:


Sånn. Heldigvis er det fleire suppefabrikantar i verda enn Campbell's. 

Men derimot blir det litt om kyllingfilet: Det har blitt til at eg har prøvd eit par andre supper, og særleg dei thailandske krev at eg tilset reker eller kylling. Well sir, då har det blitt til at eg har fått høve til å meditere litt over meirverdi. Altså korleis tilfører ein meirverdi til eit produkt og kor mykje betre betalt kan ein tillate seg å ta osb.

Kva som er meirverdi når det gjeld kulturprodukt som har falt i det fri kan vi jo komme tilbake til, no er saka kva som er grunn til å ta betre betalt for bitar av kyllingar som neppe har hatt det særleg godt i livet.

Prior sel kyllingfiletar i iallfall fire ulike pakningar: 300 og 680 gram i plastbakke, 575 gram skiva i plastbakke og 640 gram singelpakka. Innhaldet er på mange måtar det same – rå brystfilet av kylling – men likevel varierer kiloprisen frå 125 for den største pakka til 234,78(!) for den skiva. Mindre pakke uoppskoren (159,67 pr kg) er, ikkje overraskande, litt dyrare enn den større pakka, men det store sjokket er verdien som blir tillagt ekstra søppel: Fire singelpakka kyllingfiletar (som kvar av dei veg 10 gram mindre enn dei i same bakke, merkeleg nok) kostar 170,31 per kg.

Å skjere opp fileten i skivar gjer at kvar filet stig i pris frå om lag 31 til om lag 58 kroner, og det må ein jo kunne kalle respektabelt. Til samanlikning kostar kvar filet i kvar sin pose om lag 43 kroner. Det vil igjen seie at meir søppel kostar om lag tolv kroner meir per filet, medan 27 kroner ekstra per filet sparar deg for å bruke kniven sjøl. Det kan jo hende at det stemmer så nokolunde med timeprisen din, og det kan jo vere at du meiner det er verdt det for å sleppe å betale deg sjøl risikotillegg for knivbruk.

Kva så med radioteater som har falt i det fri og meirverdi? La det vere heilt klart at alle desse teaterstykka og fleire til er fritt tilgjengelege for nedlasting, både på archive.org og på mercurytheatre.info. Som eg har sagt før, tilfører ikkje amazon/audible noko vidare. Dei har overført filene til eit proprietært format ein må ha ein eigen mediespelar for å ha glede av, men dei har ikkje sytt for så mykje som ei korrekt liste over titlar i avspelingsorden. Ei slik liste hadde representert meirverdi, det same hadde nærmast kva logiske ordning av stykka som helst. Kva er gale med kronologisk, til dømes?

Sa eg forresten at (proprietært format eller ikkje) same samling er tilgjengeleg i wimp? Og spotify? For det er dei. Vitsen med å skrive desse lange postane har vore (og er) å sjøl tilføre den meirverdien eg meiner amazon burde gitt meg i bytte mot dei tjue kronene mine. Eg kan ikkje gjere noko med lydkvaliteten, men eg kan lage denne kommenterte lista over spora i audible-pakka, og eg kan jaggu meg lage spelelister i til dykk andre. Den store ulempa med strøymetenestene er elles at dei ikkje har noko lydbokmodus som hugsar kor du var om du må avbryte avspelinga, for å få til det må ein laste ned mp3-ar og spele dei av med td akimbo.


Avspelingsrekkefølgje Audible-pakka (legg til 40)

  1. Vanity Fair (7 januar 1940)
  2. Venessa (10 desember 1939)
  3. Victoria Regina (2 juni 1939)
  4. What Every Woman Knows (24 september 1939)
  5. Wickford Point (5 mai 1939)
  6. Dracula (11 juli 1938)
  7. HG Wells Meets Orson Welles (28 oktober 1940)
  8. Heart of Darkness og Life with Father (6 november 1938)
  9. Hell on Ice (9 oktober 1938)
  10. Julius Cæsar (11 september 1938)
  11. Les miserables 1: The Bishop (23 juli 1937)
  12. Les miserables 2: Javert (30 juli 1937)
  13. Les miserables 3: The Trial (6 august 1937)
  14. Les miserables 4: Cosette (13 august 1937)
  15. Les miserables 5: The Grave (20 august 1937)
  16. Les miserables 6: The Barricade (27 august 1937)
  17. Les miserables 7: Conclusion (3 september 1937)
  18. A Passenger to Bali (13 november 1938)
  19. The 39 Steps (1 august 1938)
  20. The Affairs of Anatol (22 august 1938)



Kommentarar

Vanity fair

Ufullstendig (innleiinga manglar). Romanen har i grunnen aldri vore mellom favorittane mine, han er litt for perfid og litt for fordømmande andsynes ei kvinne som om du spurte henne nok berre vil ha det dei andre har. Adaptasjonen koser seg med råkande karakteristikkar av oppdikta personar og det blir berre måteleg interessant.


Venessa

Ufullstendig (Innleing og litt av starten manglar). Dette stykket er eg nære på å gje opp, og trur det hadde vore på same måten jamvel om starten hadde vore med. Venessa og ein del andre gjer dumme val som om dei skulle ha tusen år å rette opp feila på. Særleg er tittelkarakteren omgitt av ubrukelege mannfolk. Så såpeaktig at det nærmar seg parodien.


Victoria Regina

Kva er det med dette raset av kvinneportrett? Og kvifor er dei så låke? Av alle moglege sider av dronning Victoria vel dette stykket å konsentrere seg om kjærleikslivet. Og det kunne sikkert vore artig nok, men diverre er ho i tillegg framstilt som ei slags blanding av Queen Bess frå Blackadder og Prinsesse Lillefe.


What Every Woman Knows

The second wickedest accent in the world. Welles presenterer denne romantiske komedien som det beste JM Barrie skreiv, og det slår meg at han har skrive andre ting enn Peter Pan. Elles er det å nemne at den kvasialfabetiske rekkefølgja skapar eit kunstig band mellom Victoria Regina og What Every Woman Knows: Førstnemnte sluttar med Auld Lang Syne og sistnemnte opnar med Scotland Forever. Lydkvaliteten er så dårleg at det er ugreit å få med seg alt, men motsett det som skjer med Wickford Point får ein her nok inntrykk av handlinga til å tru at ein går glipp av noko morosamt.


Wickford Point

Nesten umogleg å oppfatte replikkar. På denne måten blir radioteateret ei abstrakt kunstoppleving, ei vag soge der du har mistanke om at det handlar om forboden kjærleik i familiar som ein gong var framståande, men må halde deg til tonefall og ein og annan glose som let seg fange opp. Som med The Patriot månaden før er Campbell Playhouse del av lanseringsstrategien for ei ny bok. Intervjuet med John P. Marquand (forfattaren, altså) tyder på at han var ein velsett forfattar med rykte for svært truverdige personskildringar.


Dracula

(Farvel til Campbell, med mindre Craig's Wife og/eller There's Always a Woman skulle dukke opp. Dessutan oppdagar eg at eg høyrte denne på årsdagen for Bram Stokers fødsel i 1847, artig samantreff!) Det er ikkje Mercury Theater si skuld at Dracula ikkje er nifs (lenger), men det er fint å høyre dette stykket som påminning om at detta vampyrgreiene er noko heilt anna enn glimande udøyelege tenåringar. Ta gotikken tilbake, liksom. Fin adaptasjon/amputasjon av boka, med svært aktiv bruk av lydeffektar.


H.G. Wells meets Orson Welles

Denne snutten er sånt som typisk hadde passa som bonusmateriale på ei utgåve av War of the Worlds eller for den delen Citizen Kane, midt mellom to radioteaterstykke frå 1938 blir dette radioinnslaget frå 1940 malplassert. Men det er triveleg å høyre på eit møte mellom to medlemmar av selskapet for gjensidig beundring. Opptaket er gjort i 1940, og dei to snakkar litt om War of the Worlds, Things to Come og krigen i Europa (dette er knappe seks veker før åtaket på Pearl Harbor) før Wells spør Welles om filmen han visstnok snart er klar med. Welles svarar at jaudå, den heiter Citizen Kane (ikkje C-A-I-N, men K-A-N-E) og er a new kind of motion picture. Hehe.


Heart of Darkness∕Life with Father

Ein forstår at suksessen med tre korte forteljingar på ein time (sjå litt lenger ned her) gjorde slike antologi-show til eit folkekrav. Var det så ein like stor suksess å kople desse to stykka saman? Janeiæveititjænei. No er rettnok Mørkets hjerte ein heller stutt roman (verkeleg stutt), men det er kanskje der problemet ligg. Å adaptere for kommersielt radioformat er visst å skulle korte ned, og noko så stramt som Mørkets hjerte er det nok ugreit å skjere i utan å øve vald mot. No kjenner eg ikkje Life with Father frå før, men stykket blir jamvel annonsert som høgdepunkt frå den populære boka. Avgrensa appell, er eg redd.


Hell on Ice

Adaptert frå Edward Ellsbergs bok om den fatale nordpolsekspedisjonen til kaptein deLong i 1879. Skuta frys inne i isen, og det tek ikkje lang tid før mannskapet får god, gammaldags cabin fever. Når skuta i tillegg søkk og ekspedisjonen må prøve å ta seg til iskanten for å kanskje få hjelp er det nokså klart at dette med Hell er eit råkande ord. Gripande saker.


Julius Cæsar

Av ein eller annan grunn får vi her servert ei prøve. Ein kan tenkje seg at grunnen er at sjølve sendinga er tapt, og det er i så fall synd. Om ein skal tru sjølskrytet er dette ein radioversjon av ei fenomenalt populær Broadway-oppsetjing av dette Shakespearestykket, og det er ikkje så moro å få det avbrote med "Quiet in the studio!" og andre tilrop. Elles er dette bra saker. Som radiopublikum får vi jo ikkje sjå så mykje av kva som går føre seg, eit problem Mercury Theater løyser ved å innføre ein forteljar. Genistreken er å kombinere stykkets samtid og framføringas notid i forteljaren. Welles innleiar ved å peike på at stykket var like aktuelt i oktober i fjor som Shakespeare skreiv det, 1650 år etter hendingane stykket handlar om. Det forteljaren les er soleis henta frå Plutark, den romerske historikaren som iallfall er nærmast handlinga i tid. Skodespelarane framfører Shakespeares tekst, og notida blir bragt opp i dagen ved å la Plutarks framstilling bli opplesen av den respekterte radiostemma Hans von Kaltenborn. For vårs som høyrer på P2s nyheitsmorgon ville dette vere som om Bjørn Bø (og ikkje han flåsete Øystein Heggen) skulle lese Plutark for oss medan Erik Hivju, Nils-Ole Oftebro og dei andre framførte Shakespeare innimellom. Håper nokon finn eit opptak av sendinga og pusser det opp. Musikk av Marc Blitzstein.


Les Miserables

Der dei andre stykka har vore timelange adaptasjonar av filmar, romanar, skodespel osb, er dette ein høyrespelserie. Då denne serien vart spelt inn (sommaren 1937) og sendt var ikkje Mercury Theatre stifta enno, men for oss som har høyrt dette ensemblet vil mange røyster vere lette å kjenne att. No kan ein jo, i det ein er i ferd med å gå inn i ei avspeling av serien, håpe på at sju halvtimar gjer det lettare å lage ein samanhengande adaptasjon enn dei vanlege to (særleg A Tale of Two Cities var så usamanhengande at ein knapt kunne rekne stykket som romanspoilers), men så lyt ein hugse på at De elendige er ein svært omfangsrik roman. Siste norske omsetjing var på tre band og opp mot 900 sider, jamfør wikipedia er heile den uforkorta romanen på om lag 1900 sider. Til samanlikning er den nemnte Dickens-boka å få i utgåver på om lag 450 sider. De elendige er meir enn fire gonger så lang på papiret, men mindre enn fire gonger så lang i radioen. Det eg prøver å seie er at jamvel den beste omskrivaren skal slite med å få til ein adaptasjon som yter grunnlagsmaterialet nokon form for rettferd.

Okay no har eg høyrt heile. Det er ikkje så mykje anna å seie enn dette: 

Dæven. Steike. 

Litt meir: Dette var heilt fantastisk på den mest pulpy måten ein kan tenkje seg. Nei, eg rakk ikkje å lese dei 1900 sidene før eg gjekk inn i høyrespelserien, men gu'  kor eg gler meg. Eg trur ikkje eg har vore borti noko som likna så mykje på ein filmserie av Louis Feuillade utan å vere det. Javert som Fantômas, Jean Valjean i rolla som Judex, sjokkerande hendingar rett frå Les vampires, melodrama som i Les deux gamines eller Parisette... På sju halvtimar inneheld dette teaterstykket alt (alt) frå brei folkekomedie til folk som stig opp av grava og sal av  kroppsdelar og skamlaus utnytting og det eine med det andre. Veldig moro, og ein serie eg håper å kunne spele for arvingane når dei berre blir litt betre i engelsk. Ålreit lydkvalitet.


A Passenger to Bali

Okay, no er audiblepakka rett og slett useriøs. Denne står ikkje på lista, men er med lell. Craig's Wife og There's Always a Woman er så vidt eg forstår tilgjengelege i Wimp og Spotify.

Ikkje at A Passenger to Bali ikkje er velkommen, altså. Di meir komplett, di betre, i grunnen. Denne er ei skikkeleg røvarhistorie frå sjøen, med fargerike karakterar og sjølsagt Orson Welles i den fargerikaste rolla. Han framfører replikkane med eit valdsamt bulder og ei stemme som kunne tilhøyre ein mann på iallfall tre gonger skodespelarens røynlege alder, som på det tidspunktet var 23 år. Elles har det ikkje på kort sikt vore råd å finne ut noko særleg om boka eller forfattaren (Ellis St. Joseph), men dette høyrespelet ymtar om noko som er verdt å leite litt etter.


The 39 Steps

Dette er iallfall kjente saker. Boka til John Buchan let seg laste ned gratis frå Gutenberg.org (og Thomas Pynchon er Buchan-fan, ei tilråding så god som nokon), og mange vil kjenne filmen som ein av Hitchcocks beste trettitalsfilmar. Dei som berre kjenner filmen vil elles bli overraska ved gjennomhøyring av dette høyrespelet, for det viser seg at det er meisteren som har innført Mr. Memory, Pamela og ganske mykje anna. Denne adaptasjonen er meir trufast, men og (det må seiast) mindre morosam. Hos Hitchcock vekslar soga mellom humor og spenning (eller suspense, då), her hos Welles er det rettnok ein avansert kronologi, men lite å flire av. Lyden er skjemt av mykje knitring.


The Affairs of Anatol

Denne gongen er det litterære førelegget ei soge av Arthur Schnitzler (kjent for Traumnovelle, førelegget til Eyes Wide Shut). I innleiinga nemner Welles at Schnitzler døydde i 1931, "sju år før Austerrike vart stroke frå Europakartet for godt". Hæ, tenkte eg. Å ja, Anschluß, ja. Stykket er iallfall ein vittig sak om den vinteren Anatol blei forelska sju gonger, her får vi utdrag frå tre av affærene. Det er sofistikerte greier, og som sagt ganske vittig. Anatol er ein mann med mange sider, men eg synest kanskje Welles i rolletolkinga si kanskje gjer han litt for veik. Elles er det på tide å skryte av Ray Collins, ein av dei faste i Mercury-ensemblet. Her spelar han Anatols venn Max, og det er ikkje for mykje sagt at han hever dette stykket fleire hakk. Med ei stjerne som Orson Welles i ensemblet er det ikkje mange hovudroller att til andre, men Ray Collins er støtt ei glede å lytte til uansett kor lita rolla hans er.