mandag 3. august 2015

Kvinne i gruppe

Parallelt med at eg las Steve Hanleys memoarbok om dei nitten åra han var med i The Fall har eg høyrt Kim Gordons Girl in a Band på lydbok. No er det i grunnen ganske meiningslaust å skulle samanlikne bandkvardagen i ei så stabil gruppe som SY med kaoset i The Fall, men det er no artig å sjå at røynslene folk har er så utruleg ulike. Det er óg litt artig at Hanley nemner Sonic Youth og Gordon nemner The Fall, men det er kanskje ikkje så unaturleg. Eller er det berre noko eg trur fordi at eg sjøl liker båe gruppene?

Meiningslaust eller ikkje er det likevel vanskeleg å la vere: Hanleys bok (med undertittelen Life inside The Fall) opnar med ungdommeleg musikkinteresse og bråsluttar når han sluttar i bandet, medan Kim Gordon skriv om barndom, oppvekst, familie, kunstnarskap og sosiologi, og ho stoppar ikkje med samlivsbrot og oppløyst band. I posten om Fall-bøker skrøyt eg av Hanley for at han let det skinne gjennom at folk har kjensler i tillegg til minne, Kim Gordon legg ikkje skjul på at folk i tillegg til minne og kjensler har intellekt.

Men Girl... ho er vel vaksen?
Bilde frå bokhandel.

Iallfall er Girl in a Band ei rockebok eg kan tilrå utan atterhald. Ikkje berre fordi Kim Gordon framstår som eit heilt menneske med eit liv utanfor bandet, men óg fordi ho let musikken få den fortente plassen. Ho går ikkje tvangsmessig gjennom alle låtene eller platene, men gjer noko betre: Ho let somme plater få eigne kapittel der ho snakkar om kva som var viktig for henne på den tida, samstundes med at ho bruker desse kapitla til å legge ut om dei songane som av ulike grunnar er nærmast hjartet eller minnet.

No er det ikkje slik at eg høyrte på boka for å få stoff til ei tematisk speleliste, men du verden så veleigna ho var som bakgrunnsmaterial. Det hjelper sjølsagt at i den grad det er SY-låter som står nær mitt eige hjarte er det stor grad av overlapp med Kim Gordon sine. Særleg var eg glad for å høyre om Tunic (Song for Karen) og Little Trouble Girl. Kven veit om ikkje denne spelelista kan gje Goo alvorleg konkurranse som den SY-samlinga eg helst høyrer på?



Eit par ord om dei to siste låtene her: I og med at både Sonic Youth og ekteskapet med Thurston Moore er over, er det ikkje fritt for at boka er ramma inn av ei nokså tung stemning. Ein del kapittel dreiar seg om den siste tida før det endelege brotet, eit av kapitla er berre teksten til Cotton Crown (som eg difor har teke med her). Heldigvis (det er ikkje fritt for at ein blir glad i folk som deler gleder og sorger slik som her) sluttar boka med ei oppsummering av ting som går bra, ein av dei er det musikalske samarbeidet med Bill Nace, Body/Head.

Det er ikkje fritt for at samtidige musikarar er med i boka, og Kurt Cobain er ein slags gjennomgangsfigur. Heilt til sist fortel Kim om gjestespelet under konserten som markerte at Nirvana vart tekne inn i rock'n'roll hall of fame, der Dave Grohl og Krist Novoselic inviterte henne til å synge Aneurysm. Den låta finn eg ikkje på Spotify, men her kan YouTube heldigvis hjelpe:

lørdag 1. august 2015

To Fall-bøker og ein Fall-teikneserie

Ein rask kikk på låtstatistikken min på last.fm avslører at iallfall reint kvantitativt er favorittbandet mitt The Fall. Ei oversikt over rockebøker eg har lese (ei oversikt som ikkje er offentleg, slik at det berre er eg som har henne) stadfestar dette inntrykket, denne posten dreiar seg om den tredje og fjerde boka eg les om dei. Berre Morrissey / The Smiths er tilnærmingsvis like godt representerte i biblioteket mitt. I og med at personane det dreiar seg både er samtidige og frå same område (Manchester-traktene) er det ikkje til å undrast over at dei stundom er nemnte i kvarandres bøker, forresten.

The Fall, for dei uinnvigde, er eit av dei mest seigliva banda frå postpunktida. Frontfigur Mark E. Smith (E står for Edward) er den einaste som har vore med heile tida, og har med ujamne mellomrom sparka heile eller delar av bandet. Frå Live at the Witch Trials i 1979 til Sub-Lingual Tablet i 2015 har dei gitt ut eit trettital studioalbum og haugevis av liveplater, singlar og samleskiver. Den noverande lineupen har elles vore ganske stabil, så vidt eg kan sjå har det ikkje vore utskiftingar sidan 2006. Det kan leggast til at The Quietus' Luke Turner i meldinga av siste LP meiner det er på tide med ei utreinsking att.

Ei av dei aller beste rockebøkene eg veit. Sterkt tilrådd!

Det er elles grunn til å tru at båe desse bøkene spring ut frå Dave Simpsons skilsetjande The Fallen. I den boka legg Simpson til grunn ein bestemt definisjon av medlemskap i bandet (må ha spelt live med dei) og leitar fram om lag førti tidlegare medlemmar. Det skulle ikkje forundre meg stort om det er desse intervjua som har fått Simon Wolstencroft og Steve Hanley (som har overlappande fartstid) til å skrive meir enn dei fekk sagt til Dave Simpson. The Fallen er elles sett på som ei av dei betre bøkene om bandet, og har fått MES til å omtale Dave Simpson som "That shit who wrote The Fallen" (i dette intervjuet med The Independent). Det er å håpe at seinare utgåver blir utstyrte med i det aller minste eit register over dei falne med sidetilvisingar (for faen).

You Can Drum, But You Can't Hide

Simon "Funky Si" Wolstencroft var trommeslagar i The Fall frå 1986 til 1997, og har nyleg skrive boka You Can Drum, But You Can't Hide, hovudsakleg om tida i The Fall. Folk som ikkje har høyrt om The Fall har kanskje høyrt om to av dei banda han nesten spelte i, nemleg The Smiths og The Stone Roses. I boka gjer han relativt utførleg greie for omstenda.

Tusen millionar gonger betre enn den andre trommeboka eg har, Kåre Skevik Jrs Drunk and Happy.

Greia med Smiths var at han faktisk spelte på den første demoen, invitert med i bandet av Johnny Marr. Men så likte ikkje vår venn Si vokalstilen til Morrissey og takka nei til gigen. Sånt kan ein fort angre på og bli kjent for, men den som har lest denne boka og kjenner historia til The Smiths i grove trekk vil nok tvile på at det hadde gått betre med bandet med Funky Si bak trommene. Bassist Andy Rourke blei faktisk sparka på grunn av heroinbruken sin, og Wolstencroft legg ikkje skjul på at han røykte heroin i mellom 20 og 30 år. Koss det går med ein rytmeseksjon som vel opiumsderivat framfor speed kan ein lett tenkje seg, og frå den engelske rockehistoria kjenner vi i tillegg til nemnte Andy Rourke Topper Headon, trommeslagar i The Clash. Joe Strummer legg elles ut om korrekt dop for kvar instrumentgruppe i filmen Westway to the World.

Med Stone Roses var det annleis. Wolstencroft hadde spelt i band med både John Squire og Ian Brown gjennom heile oppveksten, og etter at Smiths hadde teke av starta dei tre bandet Patrol i lag. Dei tok ikkje av tvert, men fekk varme opp for The Fall nokre gonger. Trommeslagaren i The Fall på den tida var Karl Burns (ein av dei få Simpson ikkje fekk tak i til The Fallen), ein musikar som gjekk ut og inn av bandet etter måten ofte (han var innom att på perk i løpet av Wolstencrofts tid). På dette tidspunktet hadde tydelegvis Mark E Smith gått lei for ein periode, og dermed fekk trommisen i oppvarmingsbandet eit tilbod. Naturlegvis tok han jobben, og dermed blei mannen som ikkje likte vokalstilen til Morrissey trommeslagaren til den menneskelege kråka Mark E. Smith i elleve år. Det er vanskeleg å klandre Funky Si for å vere opportunist i dette høvet, og han fekk spelt på fleire gode plater enn John Squire i løpet av perioden.

Her er forresten den første låta Funky Si spelte på, endå om det berre var eit bongo-pålegg:



Det kan verke som om mykje av vitsen med å skrive denne boka var å få ut anekdotane før han gløymte dei, og som Fall-fan er iallfall eg svært glad for å kunne melde at det er mykje att i minnet. Vi får vite ein del om festinga, men óg ein del om den interne dynamikken i bandet, om ein sjef som både kan vere tyrannisk og raus med komponistcredit. Iallfall går det mykje i forteljingar frå turnelivet, litt om kvifor den og den vart sparka eller slutta i bandet, soger om fyll og rus og åtvaringar mot å la heroinen få overtaket.

I'll Be Your Mirror

Det var ein god dag då eg fekk denne i posten! Foto: eige.
Noko av det som fekk meg hekta på The Fall i andre omgang (første var eit par gjennomhøyringar av Dragnet, utan at eg fekk noko ut av det) var keyboardspelinga til Una Baines på det eg i dag veit er bandets første EP, Bingo-Masters Break Out!, men som eg først møtte som bonuslåter på ei nyutgåve av Live at the Witch Trials. Særleg må ein kunne nemne Repetition, som gjer akkurat det tittelen seier:



Baines spelte ikkje særleg lenge i bandet, men eit tjuetal konsertar og ëin liten handfull innspelte låter er ho med på. Ikkje minst var det ho, Tony Friel og Martin Bramah som i lag med Smith starta bandet heime hos henne. Om ein les Wikipedia og denslags ser ein at ho får æra for mykje av det politiske innhaldet i The Falls tidlege historie. Og det er jo vel og bra. Om ein derimot les I'll be Your Mirror (teikna av Keith McDougall, med manus av Baines og McDougall) får ein ei personleg historie om politisk oppvakning i Manchester på 70-talet, om ung kjærleik og til slutt kanskje om å starte band.

Som rockebok er dette heftet rare greier. Manus og teikningar kler kvarandre svært godt, men eg har sjeldan eller aldri vore borti noko som så sterkt lever opp til mottoet "always leave them wanting more". Når heftet er ferdig har The Fall så vidt starta, og heile bladet kjennest som ein prolog, både til Baines' vaksenliv og soga om The Fall. McDougalls webside (der du kan kjøpe heftet og lese dei første sidene) omtalar I'll be Your Mirror som "the first issue", og eg ventar i større spenning på neste nummer enn den annonserte boka til Brix Smith.

The Big Midweek Life Inside The Fall

Hanley si bok er unputdownable! Han verkar som han hugsar meir enn Wolstencroft, og er den som spelte lengst i bandet utanom Smith sjøl. Tidleg i boka kjem det fram at Craig Scanlan, Mirc Riley og Hanley-brørne Steve og Mike var fans og til dels utgjorde oppvarmingsband før dei ein etter ein vart med i bandet. Like før både turne og innspeling av Peel session i september 1980 slutta trommeslagar Mike Leigh, slik at den uprøvde Mike Hanley blei med. Storebroren skriv godt og etter måten utførleg om både opplevinga og dei kreative prosessane som førte fram til desse låtene, noko som gjer det ekstra gøy å kunne hente dei fram frå Internett:




Steve Hanley går i det heile tatt i ganske mykje detalj, og (sannsynlegvis) takka vere medforfattar Olivia Piekarsky er boka heilt og halde unputdownable. Prosaen er flytande og anekdotane inneheld ikkje berre melding om kven som var kor full eller sånn, Hanley let det skinne gjennom at jamvel postpunkarar har eit kjensleliv. Om Simpsons bok gjev inntrykk av at dei fleste eks-medlemmane lengtar tilbake til The Fall, forsterkar Hanley det inntrykket Wolstencroft ser ut til å vilje dempe, nemleg at det ikkje var fritt for at folk levde i frykt for plassen sin i periodar. Med Karl Burns inne i og ute av bandet gjennom tjue år må nett Funky Si ha kjent seg utrygg, jamvel om The Fall ved fleire høve har hatt lineups med to trommeslagarar (eg er sjøl svært glad i Hex Enduction Hour-plata, der både Burns og Paul Hanley stiller med kvart sitt trommesett).

Det kjem elles fram at folk ikkje berre vart sparka, dei kunne óg gå sjøl. Og jamvel med nitten år bak seg i bandet vart det på eit tidspunkt nok jamvel for bassisten som hadde vore med sidan 1979. Hendingane som førte fram mot slagsmålet på scena i New York i 1998, der Karl Burns og Steve Hanley spelte med Mark E Smith for siste gong etter høvesvis tjue og nitten år, er skildra på ein måte som gjer det greit å forstå at alle har ei grense.

Eg sa unputdownable, men skal kvalifisere det littegrann: Om noko, så er boka stimulerande. Det er stadig fristande å søke opp songar eller videoar, og ikkje minst er det lett å leite fram The Fallen for å få ein alternativ versjon av hendingar der folk forlet eller kjem inn i gruppa. Og når det gjeld å søke opp songar: Her er Chicago Now frå Extricate, ei låt nett Hanley og Wolstencroft skreiv i lag:


Eg skal tilstå at eg lurte litt på kva tittelen skulle bety, og om andre skulle lure: Hanley refererer til at dei aldri gjer det særleg kvasst på hitlistene. Desse listene blei kompilerte i helga, når folk flest kjøpte plater, og då spelte det inga rolle at Fall-fansen kjøpte singlane med ein gong dei kom på måndag og tysdag, slik at The Fall var store på midtveke-lista. Så veit vi det!


Bilde av boka er bomma frå thebigmidweek.wordpress.com
og denne bruken må vere grei vel

Og no som både Wolstencroft, Baines og Hanley har gjeve ut bøker kjem gladnyheita om at jamvel Brix Smith skriv ei! Det er vel litt tidleg å førehandstinge, men boka kjem i 2016!