torsdag 6. oktober 2016

Science fiction, kvinnehat og gamle grisar

Det tek jo ikkje lang tid å lese tjue bøker når ein plutseleg blir hekta på ein serie med korte avsnitt.


  • Atten av desse er lydbøker, to er teikneseriar
  • Tre er omsette, alle frå fransk
  • To er sakprosa
  • Sju mannlege forfattarar har skrive alle tjue, gitt!
  • Dei tre som er omsette (frå fransk) er på ulike språk (engelsk, bokmål og norsk)
  • Alle atten lydbøker er lytta til på engelsk
Medan eg las Lolita fall det seg slik at eg stod framfor ein vidaregåandeklasse og blei beden om å forklare kvifor ein les bøker. Og det er jo sånn sett eit spørsmål det er lett å svare flåsete (if you have to ask, you'll never know) eller berre kort (fordi det er gøy og lærerikt) på. Men ingen av dei svara er sånne ein skulebibliotekar kan gje og så vere ferdig med å svare. Så då nytta eg høvet til å seie at ein ting som særleg romanar kan gjere, er at dei kan la lesaren sjå verda frå innsida av eit anna par auge. Eg som er over førti har sjøl vore ung, sa eg, men de som er seksten kan ha nytte av å fordjupe dykk i røynslene til nokon som har sett meir enn dykk. De som er gutar trur sikkert de har nok med det, men det ville vore rart om de ikkje vart klokare av å prøve å sjå verda slik jentene gjer det, og tvert om.
Er Lionel Trilling like forblinda som Humbert Humbert?
 Og når eg seier dette, sa eg vidare, er det fordi eg nett no les Lolita av Vladimir Nabokov, ei bok der forteljaren er ein mann på godt og vel førti som trur at ei jente på tolv er kjærasten hans. Slike menn blir av forståelege årsaker demonisert, men nett på grunn av dette er det kanskje eit poeng å prøve å forstå tankar og kjensler som ligg bak den monstrøse åtferda. Dette og liknande sa eg i tre VG1-klasser før haustferien. (Berre ein elev spurte om hen kunne få låne Lolita.) Der og då tykte eg sjøl det var ganske godt sagt, men no i det seinare kjennest det meir og meir ut som eit sånt reduksjonistisk svar som ein må gje på sånne spørsmål. Først og fremst er det gøy og lærerikt å lese bøker.

Og det var uansett ikkje først og fremst ei forståing av kva som driv ein seksualforbrytar som Humbert Humbert eg sit att med etter å ha lese boka heller, iallfall ikkje ut over heile det der livsløgn-greia, som heilt klart er ganske viktig. Humbert er ein så upåliteleg forteljar at ein lurer på kva det er som får meldarar og forleggarar til å gje ut boka som erotisk litteratur eller hevde at det er ei bok ikkje berre om kjærleik, men om eit vakkert kjærleiksforhald. Sjå gjerne på dei bileta her, dei er henta frå omslaga til norske utgåver frå 1959 og 1990.

Så seint som i 1990 meinte nokon i Cappelen at Lolita var erotisk
Det er sikkert for seint å peike på dette andsynes Erling Christie (som dessutan heilt sikkert visste det), men eit einvegsforhald der den eine parten er mykje sterkare enn den andre og brukar triks og knep (og implisitt makt og reell makt) for å få viljen sin er ikkje eit kjærleiksforhald. Herleg dekadent, liksom? Kanskje i den norske omsetjinga, det veit eg ikkje.

Inntrykket mitt då, er at Humbert er smart men dum, og at Nabokov er jævlig smart. For å vere heilt ærleg var det prosaen eg likte aller best, det var så mange ordspel, så mange alliterasjonar og så mykje assonans at emnet kunne vore nesten kva som helst. Eg har ikkje berre vondt for å tru at ei omsetjing vil kunne fange opp halvparten av dette, eg har like vondt for å sjø føre meg at denne eller andre av Nabokovs bøker er halvparten så gode når dei ikkje blir lesne høgt. Å høyre Jeremy Irons lese var omtrent som å høyre på smør, ikkje berre fordi han som skodespelar forstår å sette seg inn i rollene han framfører, men fordi han som innfødd brukar av det språket den russiske Nabokov lærte seg tolleg godt framfører teksten med eit godt øyre for det klanglege. Boka, og særleg lydboka, er jævelsk god, men ikkje erotisk.

Kvifor ikkje følgje opp med ei sakprosabok om kvinnehat? A Brief History of Misogyny, the World's Oldest Prejudice kom ut ikkje lenge etter at forfattaren, Tom Holland, døydde. Det går fram av føreordet at forlaget hadde meint at boka ikkje kunne bli gjeven ut, men Hollands familie hadde sytt for utgjeving lell. Når eg nemner dette, er det fordi boka ikkje er heilt tilfredsstillande. Først og fremst fordi forklaringsmodellane er enkle og fordi feminisme berre blir nemnt i samansetjinga "some feminists" brukt på ein måte som openbart tyder "all feminsims" og det er alt for enkelt. Litt moro at han i siste kapittel faktisk skriv "not all men", då.


Det er ikkje denne synonymordboka som er brukt i visa med same namn, men lell.

Frå fordommar til krim: American Pain er sånn true crime. Eit smetthol i lova gjorde det lett å omsette smertemedisinar med verkestoffet oxycodon i Florida, alt ein trong for å gjere seg rik på junkies var ein dokter med ei reseptblokk og eit rimeleg lokale. Denne boka er historia om den største av dei såkalte pill mills, og er ikkje meir spennande enn true crime vanlegvis er. Det var heilt greit liksom.
Dette er eit fotto av 30mg oxycontintablettar. Biletet er bøffa frå drugs.com, av alle stader.
Georges Simenon att: Pietr the Latvian markerer den siste Maigretboka eg les på engelsk. Det er den klart teitaste boka i serien eg har lese til no, ikkje berre på grunn av løysinga av mysteriet. No likar eg forsåvidt Knut Gribb, men når eg seier at helten i denne boka stundom minte meir om Gribb enn Maigret er ikkje det ein kompliment. Opplesinga var i og for seg grei, sjøl om helten heitte Maygray og ein av kollegane hans, Torrence, fekk namnet sitt uttalt som han skulle vere vaktmeisteren på Overlook hotel i Oregon istf politimann i Paris.

Fleirtalet av titlane i denne posten utgjer til saman The Human Division, som er femte band i John Scalzis serie Old Man's War. Det kan fort tenkjast at eg kjem til å lese dei øvrige bøkene, dei er etter det eg kjenner til ikkje gjevne ut på same måten som denne. Greia med Human division er at kapitla er gitt ut separat først, altså slik at dette bandet inneheld tretten ebøker eller lydbøker. Grunnen til at den første låg i audiblebiblioteket mitt var rett og slett at eg skulle prøve ut den derre svitsje mellom tekst og tale-funksjonen for nokre år sidan. Den gongen orka eg berre høyre dei første ti minutta eller så, før det blei for traurig.
Her er omslaget til samleutgåva.

Kva det var som gjorde at eg heldt ut denne gongen er eg ikkje sikker på. Første bok, The B-Team gav først og fremst inntrykk av at forfattaren var meir oppteken av kjekkaseri enn noko anna, og sjøl om det skjedde mykje, gjekk mesteparten av tida med til machodialogar. Likevel ... Neste bok kosta 69 cent, så eg kunne jo prøve? Walk the Plank handlar ikkje om dei same personane som B-team, men det er jo på eit vis klart at dette heng saman. Det held fram på denne måten, annakvar bok følgjer ambassadør Ode Abumwe, John Wilson og dei om bord på Clarke, i dei andre skjer det ting som spenner opp eit større lerret. Eg reknar i grunnen med å lese dei andre bøkene ganske snart, og då blir det radt ein post om heile serien. Det eg vil seie inntil vidare, er at dette verkar som det lukkast der Star Wars går på trynet. Kanskje fordi vi er i femte band er det velsigna lite eksposisjon, slik at lesaren/lydaren opplever at forfattaren har tillit til at hen greier å skjønne samanhengane sjøl. Det er ei ålreit kjensle.

Det tok elles ikkje lang tid før eg hoppa rett ut i neste Nabokov-bok. Bend Sinister har, mellom anna, gitt namn til ei av favorittplatene mine med The Fall.

Bandet er oppkalt etter ein roman av Camus, plata etter denne av Nabokov.

No var det visse overflatiske likskapar i motiv her (eit barn som ikkje får vite at mora er død, mellom anna), den som høyrer på ei opplesing vil nok kjenne att forfattarens interesse for klang, og ikkje minst er det lett å sjå at forfattaren har lest frykteleg mykje. Likevel er det, varsamt sagt, store skilnader. Bend Sinister går føre seg i ein politistat og er lett å forstå som ein politisk roman. Skal ein samanlikne boka med andre, er det lett å gripe til 1984 og Kallocain (og kanskje Brave New World), men det som skil Bend Sinister frå desse er først og fremst kjensla av at det heile er eit mareritt. Det er sterke innslag av draumelogikk her, noko som etter mitt syn styrkar romanen utan å naudsynleg styrke ei politisk lesing av henne.

Til sist eit par teikneseriar eg har venta (om ikkje i andlaus spenning) på å få lese sidan det sentrale åttitalet. Det var då eg tok til å interessere meg alvorleg for teikneseriemediet (og dette seier eg vel vitande om at eg framstår som veslevaksen), diverre var eg for ung til å få noko ut av desse to titlane som vart marknadsførte som teikneseriar for vaksne. Det dreiar seg om Med hodet under armen av Gérard Lauzier og Leve kvinnene! av Jean-Marc Reiser. Kvifor no? Well, det var fordi ein fyr på teikneseriar til sals-gruppa på FB hadde desse i tillegg til eit penare eks av mitt ifillerlesne Ullkorn 2 og ikkje minst Jesus Kristus & Co nr 2 til sals.

Med omsyn til Lauzier må eg seie eg lurte litt på kva som låg til grunn for utvalet av franske teikneseriar for norske lesarar midt på åttitalet. Kven skulle bli underhaldt? Kven skulle kjenne seg trefte?
Rik kvit mann er offer for i-landsproblem i Med hodet under armen
Det er fristande å gjette at nokon kanskje tenkte å stikke jappane litt, men neimen om eg torer å vere sikker. Serien er opphavleg frå 1980, men kom ut i Noreg i 1986, i ei tid då norske forlag gjorde tapre forsøk på å heve statusen til teikneserien i det norske litterære selskapet.

Med Reiser er det litt annleis. Leve kvinnene er ei norsk utgåve frå 1986 av Vive les femmes! frå 1978 og Mon papa et les autres frå heilt tilbake til 1965. Forlaget er Cappelen (det var dette med å heve statusen), og alderen til materialet får meg til å tru at det i stor grad var omsetjar Ragnar Hovland som fekk forlaget med på dettane. Det er ganske gøy, iallfall. Korte vignettar på høgst eit par sider, alt med eit tydeleg vaksenperspektiv. Det skulle vore artig å vite om denne og dei andre Reiser-bøkene som kom fekk noka verknadshistorie. Anar vi forlauparen til kebbevenene Mette og Vanessa, tru?

Moralsk forfall i den røffe streken til Jean-Marc Reiser
Neste gong: Fleire teikneseriar! Kanskje Ammian! Twin Peaks!

Den kroniske lesehesten



Teljing:

  • Heile åtte av desse er lydbøker
  • Tre er teikneseriar
  • Fire av er sakprosa
  • To er omsett til bokmål, resten er lesne på originalspråket
    • Åtte bokmål
    • Fem engelsk
    • Tre dansk (men ein på fjelldansk)
    • Ei på norsk
    • Ei svensk
  • Sju bøker er deler av åtte seriar(!)
    • Det forsvunne manuskriptet: Claramysteriene
    • Da pønken kom til Lefsevika: Hold Brillan
    • Leave it to Psmith: Psmith
    • Leave it to Psmith: Blandings
    • Maigret setter en felle: Maigret
    • Voodoo på Vestkanten: Kjell Nilsen
    • Kongen din bok 2: Kongen din
    • Budbringeren: Fredric Drum/Skarphedin Olsen (bok 9c, så å seie)
  • Tre kvinner har skrive tre av bøkene, seksten menn dei sytten øvrige
  • Tretten er skrivne i det tjueførste hundreåret, seks i det tjuande og ein i det nittande.

I førre gjennomgang nemnte eg at Clara-bøkene til Ingeborg Dybvig ikkje var noko særleg. I rettvisas belasta namn skal ho ha at Det forsvunne manuskriptet iallfall viser ei klar forståing av setup og payoff, eller som Godard sa "ein pistol i filmens første halvdel må bli avfyrt i den andre halvdelen" eller for å parafrasere meir ei hesteredd jente i bokas første halvdel må ri for å få fakka skurkane på slutten.


Eg treng ikkje rare orsakinga for å ta med eit bilde av Godard.
By Gary Stevens - Jean-Luc Godard at Berkeley, 1968 CC BY 2.0

Og når vi er inne på ungdomskrim og andre former for krim er det ei stor glede å konstatere at Christopher Nielsen skaut blink med andre bok i bygdegutar-serien, den grafiske krimpønkeromanen Da pønken kom til Lefsevika. Krimpastisjen funkar betre enn detta derre realityshowopplegget, sikkert delvis fordi detektivar er tidlausare enn realitydeltakarar og fordi, tja, preteritum verkar meir redigert og planlagt kanskje enn presens. Liksom. Elementet av lokalhistorie skal vi vel heller ikkje oversjå.

Lenka til neste bok, Dammyr av Victoria Kielland, er at båe er utgjevne av teikneserieforlaget No Comprendo. Elles er det lite som bind dei saman, altså. Dammyr er ein liten roman, eit intenst skriftstykke om farene ved å drive kjærleiken for langt, om vått mot hardt og om ein del stygge drapssaker i Fredrikstaddistriktet. Bør nok lesast i eit jafs.

Krysset Dammyr/Sportsveien/St. Croix gate.
Foto klipt ut frå gugelkartet

Ein ting som er skikkeleg tilfredsstillande, er å lese ein klassikar og få kjensla av å forstå utmerka godt kva det er som har gitt boka den sterke posisjonen. Det ligg jo i sakas natur at når ein først går i gang med klassikarane vil ein få mange slike opplevingar, men iallfall eg har ikkje blitt blasert i så måte til dags dato. Dette vil seie at eg heilhjarta tilrår alle som les dette å sjøl lese dei to neste bøkene eg omtalar.

Den første er Den kroniske uskyld (inga lenke til bokmålsversjonen av ei bok du bør lese på dansk) av Store-Klaus Rifbjerg. I dag vil vi vel seie at boka handlar om ein bromance eller eit kjærleikstriangel eller ein kjærleiksfirkant, i 1958 var det kanskje berre ordet bromance dei ikkje hadde. Iallfall er det ei sterk og sjukt velskriven skildring av ein venskap mellom to menn og kvinna som ikkje kjem mellom dei og den ugreie mora hennar. 

Dette biletet av dragespringvandet på Rådhsplassen i København illustrerer pt Rifbjergartikkelen på dansk Wikipedia fordi Tore i Den kroniske uskyld ved eit høve ramlar i vatnet her.
By Dornum72 - Eget arbejde (own picture), CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=14760771

Det mest slåande er sjølsagt den fantasifulle prosaen. Kvasse observasjonar og overraskande bilete finn vi på mest kvar side, språket er ungdomsfriskt jamvel om det er frå nittenåtteoghalvtreds og det fine er like gildt som det ubehagelege er skikkeleg ugreit. Når ein først legg merke til at Janus/Ellen og Tore/Helle er speglingar av kvarandre ser ein til og med namnesymbolikken, Janus er oppkalt etter den romarske guden med to andlet og Tore, som er oppkalt etter ein annan gud, har 2-talet i namnet sitt (det har forresten Janus Tolne óg). Og det er innmari elegant utført, samstundes som det er sleazy der det treng å vere det. Forvent meir Rifbjerg på denne bloggen i tida som kjem.



Ikkje kvar dag eg kjenner meg att i geografien i ein roman, men i fjor sommar
gjekk eg utan å vite det tur i spora til Janus og Tore og Helle og blei visst
fascinert av dei same tinga. Fotografen til venstre.
For eit drygt år sidan vart eg nokså ettertrykkeleg supportar av Torgny Lindgren. No i sommar kom eg endeleg til det som vart gjennombrottsromanen hans, Ormens väg på hälleberget. (Ho finst på bokhylla, omsett av Ivar Eskeland som Orms veg på berget, men eg lenkar ikkje til omsette utgåver av bøker på grannespråka våre.) Altså. De kjenner songen Sixteen Tons, ikkje sant? Denne?


Refrenget går sånn:

You load sixteen tons and what do you get
Another day older and deeper in debt
Saint Peter don't you call me, 'cause I can't go
I owe my soul to the company store

og dette handlar om koss det var å vere gruvearbeidar i ein bestemt periode i USAs historie, det der med another day older and deeper in debt var heilt sant, om du var tilsett i gruveselskapet fekk du "betalt" i kreditt i selskapets butikkar, der du i tillegg til mat og klede måtte kjøpe arbeidsreiskapen din, så du starta i minus (måtte tene inn utlegget til hakke og hjelm og sånn) og løna var alltid verdt mindre enn behova dine, så det var ikkje berre umogleg å spare seg ut av fattigdommen (og ikkje berre fordi du aldri fekk ordentlege pengar), di meir du jobba for gruveselskapet, di meir skulda du gruveselskapet og viss du ikkje er medlem av fagforeininga på arbeidsplassen din så melder du deg inn NO! TVERT! for det er berre fagforeininga som står mellom deg og at arbeidsgjevaren din set ein liknande ide ut i livet.

Den som er interessert i å lære meir om koss det var å jobbe i gruvene og få fagforeiningane sine knust kan med fordel sjå filmen Matewan av John Sayles.

Iallfall tenkte eg på denne songen medan eg las Ormens väg på hälleberget. No er det jo ikkje eit gruvesamfunn (sjøl om det er i Nord-Sverige, der det verkeleg finst gruvebyar) det er tale om, men Ol-Karlsa og seinare Karl-Orsa har fått den same glitrande ideen og brukar kreditten til å halde familien til Skrævel-Jani nede i tre generasjonar, og (det går fram av dei første sidene, så dette er ingen spoiler) det er eit jordskred som får slutt på elendet. Greia er at forhalda er mindre enn i ein heil gruveby, Jani og familien er neppe den einaste som er under tommelen til Karl-Orsa, men det vesle persongalleriet og den relativt lange tidsaksen let Lindgren utforske jævelskapens dynamikk. Saka er at kjøpmennene krev oppgjer i form av seksuelle tenester frå kvinnene i familien, for Karl-Orsas del vil dette med tida seie at han krev sex med si eiga halvsyster («neidå, det står «Fader okänd» i kyrkjeboka, så då kan det ikkje ha vore far min, for han er jo kjent»).

Og det utartar. Ikkje utan svart humor, med ein forteljar (Jani) som verkar oppteken av å framstå som naiv, og i form av ei bøn (eller kanskje snarare ein klagesong) fortel romanen i detalj om koss folk er fattige og elendige fordi nokon aktivt held dei nede. Super roman, alle bøker som er så gode som dette fortener mange lesarar.

Etter den storfelte Herr Merz verkar Automobilfabrikken Fiske av Lars Fiske litt smålåten. Glimtvis ser ein at dette er ei historie det har vore viktig å få ut, og det er i grunnen her boka er best. Streken held høgt Fiske-nivå.

Av grunnar som no i ettertid framstår som litt mindre enn forståelege har eg ikkje lese Leave it to Psmith før no. Det har gått mot denne boka ei god stund no, etter at eg har lese dei tre føregåande bøkene om Psmith og den eine føregåande om Blandings Castle, og no vart det altså endeleg. På mange måtar er det synd at det vart slutt for Psmith med denne boka, på mange andre måtar kan ein forstå det. Det er noko med at den typen kjærleiksforviklingsbøker (det er mange av dei i Wodehouses forfattarskap) må ha kvar sin hovudperson slik at Psmith rett og slett ikkje kan vere i sentrum for fleire bøker. Plum (ja, eg har lese nok Wodehousebøker til at eg reknar meg kvalifisert til å bruke kosenamnet Plum, som er ei forvansking av Pelham i Pelham Grenville Wodehouse) ser ut til å ha løyst dette på to måtar i løpet av heile forfattarskapen, forresten: I bøkene om Blandings Castle er kontinuiteten romleg, innbuarane er bipersonar som har større eller mindre innverknad på kjærleiksforviklingane til dei som står fremst på scena. I bøkene om Jeeves og Wooster er genistreken at hovudpersonen ikkje vil gifte seg, slik at han kan vere hovudperson i den eine kjærleiksforviklingsboka etter den andre. (Ein annan genistrek er elles å la Wooster som forteljar vere upåliteleg fordi han er stokk dum, men det er ei anna sak) Og kan vi kanskje tenkje oss at Jeeves er ei vidareutvikling av Psmith? Om Jeeves er meir diskret, står han ikkje tilbake for Psmith i intelligens og evne til improvisasjon, iallfall.

Det er kanskje vanskeleg å tru det, men Psmith hadde ein levande modell! Han heitte Rupert D'Oyly Carte og såg ut som dette.
PD-US, https://en.wikipedia.org/w/index.php?curid=17335760
Uansett er Leave it to Psmith ei lidderli artig bok, og ingen treng å følgje mitt eksempel og lese dei andre Psmith- og Blandingsbøkene først. Det ligg i sakas natur at kjærleiksforviklingsromanane er avslutta og enkeltståande bøker.

Kulturhistoriske framstillingar som brukar eit eller anna objekt som prisme og orsaking for å vise fram massevis av historisk kontekst er, når det er bra, noko av det beste som finst. The Most Dangerous Book av Kevin Birmingham er tidvis veldig bra. Boka ho er oppkalt etter er sjølsagt Ulysses, og innhaldet er kort fortalt historia om koss nett denne klassikaren vart skriven og utgjeven. Det var ikkje berre lett, noko av det, korkje for Joyce sjøl eller nokon annan av dei overraskande mange som hadde ei rolle i saka. Det mest sjokkerande var i grunnen sensuren som stod i vegen, eg måtte stadig sjekke med nettleksika at det John Keating las opp (lydbok, altså) ikkje var kødd. At det ikkje lenger er dei aller verste snerpene som har makt over kva vi skal få lese er kanskje det største framsteget Ulysses har bidrege til. Elles vart eg kjent med Nora Barnacle, Dora Marsden og andre, og som målmann hadde eg sjølsagt stor glede av å høyre Ibsens språk korrekt omtalt som "Dano-Norwegian". Åsså må eg takke twitterpersonlegdomen @svarthumle for boktipset.

For ei stund sida las (høyrte) eg med ganske stor glede Americanah av Chimamanda Ngozi Adichie. Det var ei god nok lesaroppleving til at eg fann fram den boka ho nok er mest kjent for, nemleg Half of a Yellow Sun. Det var ei blanda oppleving, altså. Kanskje fordi prosjektet var såpass svært. I stort var det historia til republikken Biafra, som braut laus frå Nigeria midt på sekstitalet. I det noko mindre er det historiene til ein handfull personar med direkte tilknytning til kvarandre og den nye staten. Det varte ikkje så lenge, og landet var i krig omtrent heile tida, så det manglar ikkje råstoff for dramatiske hendingar. Og sånn balansert sett er det jo bra at Adichie greier å skrive karakterar med både gode og dårlege sider. Likevel var det ein kamp å halde ut den første timen eller så (lydbok). Ugwu, som er den første karakteren vi blir kjent med, er såpass til gudsord frå landet at han framstårsom kørka meir enn naiv. Dessutan er Adichie mindre god til å kamuflere eksposisjonen enn til å skrive om koss dramatiske hendingar påverkar folka ha skriv om. Altså blir den delen av boka først og fremst klønete eksposisjon og utvida augneblinkar som ikkje går nokon plass. Det var verdt å halde ut, då, men eg trur det skal litt til at eg aktivt oppsøkjer fleire av bøkene hennar på ei stund.

Ein ser jo ganske lett kva boka er oppkalt etter

Det er ikkje SÅ mange avsnitt sidan eg lovte meir Rifbjerg på bloggen, og her er vi alt. Da Oskar ble helt vill ligg på bokhylla.no, er illustrert av Irene Hedlund og handlar om Oskar som først ikkje har lyst til å begynne i børnehaven, men som ombestemmer seg når han berre får tenkt seg om.

I eit par tidlegare postar har eg skrive om at eg har høyrt på lydbøker om Maigret. Desse var gode nok til at eg blei svært nyfiken då det kom fram at eit britisk produksjonsselskap har sett i gang ei rad filmatiseringar med Rowan Atkinson i tittelrolla. Maigret setter en felle var den første av desse. Førebels har eg ikkje fått sett filmatiseringane med Jean Gabin eller Bruno Cremer, men eg las iallfall boka. Og den var fin, eg skal ikkje gje meg inn på noko greier om kva som var best av bok og film, berre notere litt om somme av dei mest påfallande skilnadane. At Lognon ikkje er mager medan Maigret er det og at Coméliau er meir lojal mot Maigret enn han er i bøkene er ikkje så veldig interessant, det kjem vel berre av kven som er skodespelarar og eit behov for å sleppe å utvikle ein handlingstråd mot konfrontasjon. Nett det der med det profesjonelle tilhøvet mellom Coméliau og Maigret hadde forresten passa greit inn i 2016, gnisningar mellom ulike nivå av handheving av lova er bra stoff for folk som lagar filmforteljingar. 

Jean Gabin, mannen utan lipper, i rolla som inspektør Jules Maigret.

Det eg beit meg merke i var nemleg det eg ser på som eit par tilpassingar til 2016, på eit vis. Det eine dreiar seg om kven seriemordaren på Montmartre vel som offer, det andre om politikvinna som er så viktig for fangsten. Det kan verke trivielt nok, men der mordaren i boka går etter kvinner som er over gjennomsnittet fyldige, går hen i filmen etter kvinner som er over gjennomsnittet høge. Og Marthe Jusserand, politikvinna som dannar åtet i den fella Maigret legg ut (ikkje "setter", det er ikkje godt bokmål heller) er to ulike kvinner i boka og filmen. At ho i boka med naudsyn er lubben der ho i filmen er høg er alt nemnt, men det er altså meir. I filmen nøler ho med å peike ut overfallspersonen der ho er brennsikker i boka, og i filmen er ho redd og oppskaka der ho er trygg judoutøvar i boka. 

Desse endra eigenskapane verkar som dei er noko som må ha eit motiv, og eg innbiller meg, etter å ha spekulert litt på det, at det kan dreie seg om på den eine sida ei tilpassing til synet vårt på fortida (femtitalet), og på den andre synet vårt på kropp. For å ta det med femtitalet først, trur eg at Marthe Jusserand slik vi møter henne i fjernsynsfilmen passar betre med koss vi i 2016 tenkjer oss at menn i 1956 såg på kvinner. Kanskje ein manuskomite såg føre seg at folk ville reagere på ei sterk, handlekraftig og sjølsikker (og lubben) pariskvinne som eit moderne påhitt? Og, for å komme tilbake til det med kropp, ein kan ta seg sjøl i å lure på kvifor mordoffera ikkje kunne vere lubne. Var det for å ikkje støyte nokon, og i så fall: var det kjenslene til tjukke eller tynne som måtte skånast? Det seier kanskje mest om meg at eg mistenkjer at valet er gjort for å spare tevesjåarane frå synet av tjukkassar.

Når eg høyrer lange førelesingsrekker, vel eg gjerne ei der Robert Garland legg ut om livet i antikken. Living History - Experiencing Great Events of the Ancient and Medieval Worlds var diverre ikkje på langt nær så bra som det andre eg har høyrt frå den kanten. 

Vestkanten.
Derimot er Voodoo på vestkanten Knut Nærum i godt, gammalt slag. Busemannen og Ø var skuffande (eg flirte ned mot 25% av tida, mot om lag 80% av dei beste bøkene), så eg skal tilstå at forventningane var låge. Heldigvis tok eg feil. Som dei andre bøkene om Kjell Nilsen verka denne skriven med Bernhard Borge sine krimbøker liggande oppslått på pulten, men denne låg i tillegg tett opptil Hamlet. Mykje av moroa ligg i blandinga av klassisk krim med 2015-språk og -kultur. Mistenkte som kjenner kvarandre frå åttitalsparties og sånt. Supert!

Ei bok eg har brukt mange månader på å kose meg gjennom er Conrad Nicolai Schwachs Erindringer af mit Liv indtil Ankomsten til Throndhjem, ei memoarbok det neppe var meininga at samtida skulle få lese. Schwach blei fødd i 1793 og var mellom dei første studentane ved det norske universitetet (etter å ha starta i København), han var diktar og embetsmann i den unge norske staten. Ikkje minst var han ein hedonist og ein dønn ærleg memoarist. Denne ærlegdommen gjekk ut over han sjøl like mykje som studiekameratar og andre samtidige. Lesinga har vore ei blanding av vantru fliring over fylleanekdoter og meir og mindre grove anekdoter og glede over dei ærlege karakteristikkane av stader og folk ein kjenner til i og kanskje har personleg tilknytning til. Eg har vakse opp i Grimstad, og hadde ei viss glede av å sjå byen omtalt som innmari schtøgg, Tvedestrand er eit ubuande hol etc. etc. No ligg det jo i sakas natur at eg ikkje har noka tilknytning til personane Schwach møter (skjønt eg har ikkje drive noka slektsforsking akkurat), men alle som veit litt om Vang kyrkje kjenner til Abraham Pihl, og han har Schwach litt av kvart å seie om. Somme blir kort karakterisert som "indskrænket", andre får utførlege omtalar av drikkevaner, kroppslukt osb. Ein fest av ei bok.

Utan at eg greide å finne det fram att på twitter, meiner eg å ha fanga opp at forfattaren av Language A-Z, John McWhorther, er omfatta av ein viss skepsis. Eg er ikkje kvalifisert til å arrestere han på anna enn distribusjonen av skarre-r i Noreg (og der bommar han grovt) og rulle-r i Danmark (kva er det han driv med, lizm), men kan seie at dette ikkje var ei førelesingsrekke så mykje som det var ein serie kåseri om lingvistiske emne. Som kåseri var dei ganske vellukka, McWhorther er i somt ein USAnsk Knut Borge. I anna framstår han som litt sånn... veit ikkje... Greia er at han appellerer til publikum delvis ved å definere ein del andre folk ut, og for meg som er van med grammatisk kjøn er det ikkje så veldig mange vitsane om kor rart og uturvande og uforståeleg det er som er festlege. 

Det er IKKJE dette kartet over distribusjon av skarre-r McWhorther har sett på
Av Uriel Bilshan - Eget verk, CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=49560373

A propos Knut Borge: Utstyrstekstar av Arne Henning Årskaug er skriven av en ung bibliotekar og forfattar som er ikkje stort mindre enn to nynorske Torkjell Berulfsenar. Tekstane er snart leikne, snart gåtefulle, og når forlaget seier "språkleg overskott" trur eg nok det er ein slags rekord i underdriving. I dei fleste høva trur eg nesten kortprosa er eit rettare namn enn noveller. God knall!

Eg har sagt før og meiner stadig at folka på norsk snodigtwitter med fordel kan gjere som David Hughes, Prinsesse Diana og Rob Delaney ved å sjølpublisere materialet sitt i ebokform. Kongen din 2 og forgjengaren er så vidt eg veit dei einaste norske twitterbøkene, og kvalitetsmessig kan det i grunnen berre gå oppover. Truleg er det ikkje så vanskeleg å få til ein bratt opptur heller. Illustrasjonane til Sindre W Goksøyr er i og for seg fine, men Odd Magnus Williamsons kongevitsar er i all hovudsak drepande keisame.

Ein dansk klassikar til: Det forsømte forår av Hans Scherfig står for ein norsk lesar som ei slags dansk blanding av Gift og Jonas. Med litt sånn kanskje Mordet på Orientekspressen elns inni der. Ikkje minst er boka gjennomsyra av dei same kjenslene som ligg bak dei Smiths-låtene eg har lenka til rett nedanfor avsnittet. Beliggerent ghouls run Manchester schools, vøtt.




Det er ingenting å seie på underhaldningsverdien, altså. Og med tanke på at mange av den opphavlege lesarkrinsen nok kunne ha kjent seg att, men lærarstaben ved skulen i boka er så jævleg langt ute at det ikkje støtt er så lett for den moderne lesaren å ta greiene på alvor som satire. Likevel er boka i somme stykke ganske subtil. Eg er glad eg las henne, og når eg no i skrivande stund er i forfattarens heimland vil eg nytte høvet til å prøve å skaffe eit par andre av Scherfigs bøker. Er eg heldig kan du snart lese om Den forsvundne betjent og kanskje Frydenholm.

Denne gongen var liksom greia å ikkje bruke bokomslag som illustrasjon etter blokka på toppen. Dette er plakaten til ein film som deler tittel med neste bok.
Den tolvte boka om Fredric Drum og/eller Skarphedin Olsen er nummer 9c i den interne kronologien. Det gjekk heilt greit å lese henne, men det var ikkje nett nokon ny favoritt heller. Ikkje sprø nok og med for store hol til at det blir tilfredsstillande som krim. For min eigen del kan eg føye til at det neppe hjelpte å lese henne så lenge etter at eg hadde vore gjennom dei elleve andre.

Det meå vel ha vore i vinter eg med stor glede las Min fars fem bad, prosa- og novellesamlinga til Per Schreiner. Henrettelse med elefant er den første romanen hans. Det var mykje her eg likte. Dei absurde situasjonane fungerte bra, mellom anna. Likevel sit eg stadig att med kjensla av at eg heller vil sjå ein film Schreiner har skrive manus til eller ein teveserie han har vore medforfattar av, og det treng slett ikkje vere reprise på Den brysomme mannen eller Kampen for tilværelsen. Eg er nesten heilt sikker på at Henrettelse med elefant hadde vorte ein internasjonal festivalfavoritt om det hadde vore ein film.

Neste gong: Lolita! Old Man's War! Meir Maigret! Kvinnehatets historie!

torsdag 4. august 2016

Mumiar, Maigret og meir

Førre bokpost hadde ein heller trong fødsel, er eg redd. Det tok lang tid å lese dei tjue bøkene, og best som eg skreiv og lagra og skreiv forsvann stadig vekk delar av teksten min :(

Men slikt får berre bokbloggaren til å finne løysingar og omvegar og triks. Eitt av dei er å vurdere ti og ti bøker istf tjue i slengen, men slike illustrasjonar som den under talar jo mot nett det. 


Sjøl om det er mykje likt her, tillet eg meg å meine at det er eit visst spenn óg

  • Fire er teikneseriar
  • To er dramatikk
  • Elleve er lydbøker
  • Berre ein er sakprosa
  • Åtte er delar av tre seriar
  • Seks er lånte på folkebibliotek, medrekna den eine lydboka. To har falt i det fri og er soleis lasta ned frå bokhylla.no og lesne på pdf
  • To er på engelsk, seksten på bokmål, ei på svensk og ei på dansk
  • Av lydbøkene er åtte høyrt gjennom Storytel, to Audible og ei på CD.
  • Elleve er på originalspråket og ni er omsette, sju av desse frå fransk, ei frå russisk og ei frå svensk(!)
  • Tre er skrivne av tre kvinner, medan ti menn har skrive dei siste sytten

Sist gong hadde eg høyrt ei førelesingsrekke om antikken over større delar av verda enn Middelhavskysten og Mesopotamia. Denne gongen har eg nikost meg med atten timar om Alexander the Great and the Macedon Empire, jamvel denne i serien The Great Courses. Professor Kenneth Harl er god på kontekst, her er mangt om Hellas og meir om Filip den andre, som på mange vis gjorde alt klart for den endå meir vidgjetne sonen. Likeleis er han god på detaljar, og han sparar ikkje på krutet i omtalar av dei viktigaste slaga. Ikkje minst gjer han greie for kjeldene sine, og det på ein slik måte at eg håper Plutark snart kjem på norsk. 


Harl nemner denne mosaikken av og til, og meiner det er gode sjansar for
at han viser koss Aleksander faktisk såg ut. Det same må nesten
gjelde for Bukefalos (hesten), skulle ein tru?
Ein kan lære massevis ved å høyre på historieførelesingane til KennethW Harl, og heldigvis kan ein samstundes ha det moro. Ein ting er at han er ein dritgod formidlar og ein særs kunnskapsrik historikar (etter det eg kan dømme), ein annan er at han lever seg så inn i materialet sitt. Greia er at både intellektet og kjenslene hans kjem så tydeleg ut i framføringa. Dei første minutta av kvar leksjon går med til disposisjon, og professorens kloke ordning av materialet speglar av i det balanserte stemmeleiget. Etter nokre få minutt blir han gjerne riven med av det han fortel, slik at han stundom mest rauter dei historiske innsiktene. Verdt penga åleine!

Omslagsillustrasjonen er utført om ikkje signert av Harald Damsleth.
Seks bøker er verdt to bilete, vel?

Seks av bøkene i denne runden utgjer til saman ein knapp tolvdel av Georges Simenons serie om Maigret. Maigret og mannen på benken hadde eg høyrt tidlegare, og med Maigret i tåkehavnen, Maigret og mannen med hareskåret, Maigret gjør en tabbe, Maigret og de motvillige vitnene, Maigret hos ambassadøren og  Maigret blir rasende har eg vore gjennom heile utvalet på Storytel. (Det vil seie, på norske Storytel. Det stemmer at det ikkje ligg nokon på svensk eller engelsk der, men i dansk Storytel ligg det 33. Det er INGEN grunn til at kundane i Skandinavia ikkje skal kunne vere ein felles marknad med eit sams utval når penga vi betaler inn går til eitt firma.) Og det har vore moro. Etter desse bøkene å dømme er Maigret ein dyktig detektiv, og det er mangt å skryte av forfattar Simenon for. Særleg i tåkehavnen er det fysiske miljøet levande skildra, og hos amabassadøren og dei gjenstridige vitna får vi gode innblikk i lukka miljø. La gå at løysinga på saka hos ambassadøren var litt av ein cop-out. Opplesingane ligg rett under middels i kvalitet. Det er ikkje SÅ vanskeleg å spørje nokon om hjelp til uttalen. Caen (hamneby i Normandie) blir konsekvent "Ka-æ" istf "Ka:", og i den boka der Maigret blir rasande uttalar opplesaren gudhjælpemeg Saint Tropez som "sæn-tråpp". Likevel vil eg nok helst høyre desse opplesne, iallfall viss eg skal lese dei på norsk. For andre kan det vere moro å vite at det ligg om lag ein million Maigret-bøker på bokhylla.no.


På Storytel ligg det skamklipte utgåver av Harald Damsleth sine omslagsillustrasjonar til Maigret-serien.
Damsleth er mest kjent for nazipropagandaplakatane sine, men her har han alså teikna øl. 

Det er ikkje ofte eg les skodespel, er eg redd, og denne gongen var det iallfall delvis for researchens skuld eg gjorde det. Då eg las Mansfield Park (i ei anna utgåve enn den det er lenka til) nyleg, slo det meg at det mest støytande dei gjorde i boka, var å prøve å sette opp eit teaterstykke medan katten var borte. Så kanskje det er noko ein kan gjere når ein likevel er ein del folk i lag i jula, non? Iallfall var Kong Ubu litt for ambisiøst for den gruppa eg skal feire jul med. Godt å ha lese det, men ein skulle jo gjerne ha sett ei framføring óg.

Då var det annleis med Studenterkomedier av Harald Schmidt. Denne boka inneheld dei tre einaktarane Ingvald Enersen, Kavalerichok og Ah!, stykke som etter det eg kan forstå hadde vore populære i teateramatørkrinsar alt i fleire år då dette heftet kom i 1919. Få roller og brei og folkeleg humor er sikkert suksesskriterium. Ei gruppe kvinnelege amatørar sette opp Kavalerichok delvis i drag rundt årsskiftet 1912-13, og fekk gode kritikkar, først og fremst for den heilhjarta innsatsen som blei lagt for dagen i rolletolkinga. Neimen om eg veit om det kan bli noko teater på vårs, men det skal ikkje stå på researchen frå mi side, altså.

Prosjekt Les meir Jason går vidare, og i løpet av dei siste vekene har eg slukt Vent litt..., La meg vise deg noe og Den hemmelighetsfulle mumie. Dettane er stort sett ganske tidlege greier, det er merkbart i mykje av det at han ikkje heilt har funne ut koss han skal forlate vitseformatet, utan at det dermed er sagt at han ikkje får mykje ut av det. Særleg Darth Vader og Indiana Jones går i grunnen godt i lag.


Damsleth igjen! Denne gongen til
ei bok av ein med-fascist.

Etter at eg hadde høyrt alle Maigretbøkene i Storytel tenkte eg det var på tide å komme i gang med Øvre Richter Frichs legendariske Jonas Fjeld-serie. Det skulle eg ikkje ha gjort. Det viser seg nemleg at eg er ein såpass sart kyllingveng at eg blir kvalm av den jævlege rasismen, iallfall slik han kjem fram i opplesinga av Gullåren. Det var liksom ikkje nok med n-ordet, det var i tillegg "smukt eksemplar av den moderne orangutang" og dehumanisering over heile fjøla. Kanskje det ikkje verkar så sterkt i skrift som i tale, men det hastar mindre enn før med å finne det ut.

Og frå den eine protofascisten til den andre: I fjor las eg med stor interesse Terje Emberlands Da fascismen kom til Norge: Den nasjonale legions vekst og fall, 1927-1928, der Erling Winsnes' Sagadagen gryr blir framstilt som noko av ein nykkelroman. Diverre var avstanden mellom lesinga av dei to litt for stor til at nykkelen opnar alle dører, men om Winsnes nok beundra dei første fascistane er det på langt nær like jævleg lesing som Jonas Fjeld. Dei satiriske poenga treff vel ikkje i så stor grad som forfattaren trudde, men prosaen er iallfall livleg. Og på side 204 gir han Johan Herman Wessel att med same mynt, 150 år seinare.


Og ingen kan seie at "Yggdrasil under cirkelsagen" er ein dårleg tittel!

Eg skal ikkje protestere så veldig om nokon kallar interessen min for svensk og særleg dansk kultur koketteri, men eg får no gode opplevingar ut av det. I fjor kjøpte eg bøker av Klaus Rifbjerg, Tove Ditlevsen og Poul Ørum i ei bruktsjappe i Svendborg:


Den av Klaus Rifbjerg er tileigna Fidel Castro eg er tilgjengeleg på originalspråket på bokhylla.no!
Den til Ditlevsen rykker stadig framover i køa.
Motsett dei to andre var ikkje Poul Ørum eit namn eg kjente frå før, men eg angrar korkje at eg investerte ein heil femmar i boka eller at eg las henne i løpet av årets Danmarksferie. Det er nemleg mykje bra her. Det startar med ei tett og truverdig og råkande skildring av den under middelse stemninga som rår mellom eit mellomaldrande ektepar der han har blitt arbeidslaus og ho jobbar ein dag i veka. Ingen klandrar den andre for å vere blakk, men det er ikkje støtt det er nok. Det går ganske fort over i kva han (Paul Holman) gjer for å komme seg ut av det holet han har grave seg enno djupare ned i. Ein ting eg likte godt med denne romanen var at Holman alt hadde gjort det ukloke valet sitt, tvilen før han gjekk til den lånehaien er tilbakelagd når boka er i gang. Vidare hadde eg stor sans for dei dryppa av kvikk dialog som krydrar boka, eg fekk stadig vekk minningar om ein tenkt sosialrealistisk gangsterfilm, meir á la Chabrol enn Guy Ritchie. Tilrådd!

Og så er det Nanna Johansson, då. Tidlegare har eg omtalt Hur man botar en feminist, og no har jaggu den første boka hennar, Fulheten, komme i ny utgåve. 


Frå Fulheten
Det er all grunn til å tru at den svenske offentlegheita er minst like jævleg og flassframkallande som den norske, og ein kan jo stundom lure på om spydigheitene til Johansson og hennar likesinna først og fremst bidreg til ein konstruktiv samfunnsdebatt, men så kjem ein på å skrive det på kontoen for indremedisin og overlevingsstrategi (eg meiner, dei har faen meg nazistar rundt i kommunestyre og riksdag der borte), og då les ein det med ei god og varm kjensle av at nokon har teke innarsvingen på jævlane.

Åsså var det Maria Gripe, då. I sist post skulda eg Åsa Larsson og medforfattaren hennar for å ha JK Rowling heller enn Maria Gripe til forbilde. Om eg skulle moderere meg (og ikkje gå så hardt til åtak på Rowling) skulle eg heller sagt at Larsson etc adopterer dei svake sidene til Rowling (tryllebøker som rein, keisam ønskeoppfylling) utan å lære menneskelegheit av Maria Gripe. Agnes Cecilia er like gåtefull som Tordivelen flyr i skumringen, men har ein meir einskapleg hovudperson i Nora enn det vesle ungdomskollektivet som løyser mysteriet i Tordivelen. Agnes Cecilia er ikkje like teknofiksert som Tordivelen, Nora finn ut av sakene gjennom å snakke med folk som hugsar ting, og kjenner seg att i situasjonen til spøkjelset på grunn av omstende i sitt eige liv. God knall, men ein kunne ønske at opplesaren hadde øvd på orda “medaljong” og “silhuett” og at ho ikkje hadde gitt Dag ei så Titten Tei-aktig stemme.


Maria_Gripe.jpg
Dette portrettet av Maria Gripe er henta av ein wikipedianar frå bakpå ei av bøkene hennar.


Det eg har mest lyst til å seie om Omrokering er at etter det eg veit er ein rokade ei handling ein ikkje kan gjere om på, altså at ein ikkje kan sette tårnet og dronninga tilbake på plass att. Elles er dette ei fantasieggande lita bok, ein mellomting mellom ei skissebok, ein katalog og ein teikneserie. Eg er litt spent på kva retning Tim Ng Tvedt tek etter dette.


The Death of Ivan Ilyich er kanskje meir av ei langnovelle enn ein kortroman, men nett i møte med denne kjennest flisespikking som dette (og førre avsnitt, unnskyld Tim Ng Tvedt) berre kultent. Eg har sansen for desse øvingane i å samanfatte eit heilt liv på ikkje så veldig mange boksider, eg har tidlegare nemnt St St Blichers Brudstykker af en landsbydegns dagbog som døme. No er ikkje Ivan Iljitsj nokon diarist, og livet og døden hans blir meir sirkla inn enn Morten sitt (jamvel om Mortens dagbok mykje handlar om lagnaden til Sophie, som hadde ein levande modell), men det er no likevel dette med å streke opp visse karakterdrag og episodar som rommar eit heilt menneskeliv dei har felles. Kronologien er meir kompleks hos Tolstoj, men å herregud no rotar eg meg inn i samanliknande analyse av to lange noveller eg har lese berre ein gong kvar. Best å stoppe.


Berre heilt til sist: Ingeborg Dybvigs serie om Clara-mysteriene er sånt som deler familien i to. Dei unge kan ikkje få nok og høyrer gjerne både Mareritt i Venezia og Det forsvunne manuskriptet omatt og omatt, vi vaksne saknar ein forfattar som har større ambisjonar enn å attgje eit hendingsforlaup heilt ureflektert. Eg meiner, det er i og for seg truverdig at nokon som er heldt fanga er såpass ute av seg at hen ikkje kjem på å leite gjennom lageret av tjuvgods hen er låst inne saman med, men då lyt hen kommentere nett kor sett ut hen var når hen ser tilbake på situasjonen. Vi kan kanskje gje eit halvt poeng for å ha skapt ein scrappy ungdomsdetektiv som ikkje er så jævla smart, men om det er ein turvande innovasjon greier ikkje Dybvig å utnytte han særleg godt her.

lørdag 23. juli 2016

30 dagar med tematiserte låter - dag 6-10



Dag 6

Ein song som gjev meg hug til å danse

Ja, eg kan ikkje stort andre dansar enn pogo, eg då. Og då er det jo Sex Pistols som gjeld.



Frå pønk til post-pønk: The Fall er i grunnen ikkje først og fremst eit danseorkester. Eg skulle likt å sjå nokon danse swing til Container Drivers eller andre nummer frå rockabillyperioden. Men denne coverlåta (opphavleg av The Move) er lidderli dansbar. 



Dag 7

Ein song å køyre til

Stonerfavorittane Fu Manchu kom med LPen King of the Road i 2000. Stort sett dreidde det lyriske innhaldet og innpakkinga seg om bilar og køyring. Og litt om aliens. Tittelkuttet er kjempefint, og ein lyt passe seg for å trampe takta med gassfoten.



Køyring er jo på mange vis ein aktivitet med eit visst rutinepreg. Inn med kløtsjen, legg inn femtegiret, ut med kløtsjen, rull ned vindauget...


Dag 8

Ein song som handlar om alkohol eller narkotika

Stundom kan ein få inntrykk av at songar anten handlar om romantisk kjærleik,  narkotika eller ein kombinasjon. Det er mange å ta av, sjamener? Og kor kjem all narkotikaen frå? Frå narkotikagarden, sjølsagt! Det lyriske eget i denne songen køyrer traktor på denne garden.



Kor kjem narkotikaen som ikkje kjem frå landbruket frå? Jau, frå medisinalfirma. Eitt av dei heiter Rausch, og det er dei Mark E. Smith bjeffar om i Rowche Rumble frå andre-LPen Dragnet.


Dag 9

Ein song eg blir glad av

Veldig mange å velje mellom her óg (eg er lett å glede med musikk), men denne slo meg plutseleg fordi eg kom på ei natt for 14 år sidan eg gjekk tur ei natt og høyrte på alt eg hadde av The Cure og så kom gittarsoloen (ja) på A Strange Day og det er ikkje ofte eg har glist så breitt.



Totally Wired handlar nok i mangt óg om narkotika, men det er ikkje difor eg blir glad. I grunnen er det vanskeleg å sette fingeren på kva det er som er så gledeleg her, kanskje det er den distinkte introen og call and response-greia.


Dag 10

Ein song som gjer meg trist

Det blir ikkje stort tristare enn lagnaden til Karen Carpenter, tromeslagaren som slanka seg i hel. Etter alle desse åra kan eg synge med på denne utan at stemma brest, men det er ikkje mykje om å gjere.



Eg kan jo late som det gjer meg trist at ei tekstline i starten av denne songen ("where are the obligatory n*****s") kosta The Fall ei kontrakt med Motown, men det er faktisk den tekstlinja som gjer meg trist. Som Fall-fan veit ein jo mykje om å sjå opp til nokon som mildt sagt ikkje er fullkomen, men han hadde jo ikkje trengt å vere rasist i tillegg. Låta er elles livat og gild, ho går rett i trynet på alle som ikkje kjenner seg betre enn nokosinne.



onsdag 20. juli 2016

30 dagar med tematiserte låter. Dag 1-5.

Av alle stader var det på Twitter eg fann denne:

Fann denne på twitteren til @InnaShidlovskay, men detta greiene passar vel så godt andre stader.
Over på Face har eg gått i gang med ein tråd med dei første 30 eg kjem på, men så kom eg på at dette kunne eg prøve å gjere med berre  The Fall-låter. Altså dette parallell-løpet med bloggpost(ar) og speleliste(r). Særleg når det gjeld The Fall må eg nok tolke oppgåvene litt for å få svart på dei, men det tek eg som det kjem.

Dag 1:

Ein song eg likar med ein farge i tittelen.

Ja, eg reknar svart som ein farge. Etter det eg veit kom Grimfist berre med to plater, men dei er til gjengjeld lidderleg gode. Særleg er eg glad i førsteplata Ghouls of Grandeur. Outlined in Black er song nummer to, og ei real danselåt.





Det var ikkje så mange Fall-låter med fargar i tittelen som ein kanskje skulle tru, og om ikkje det gjeld White Lightning, er iallfall Black Monk Time ein cover. Og så likte eg denne, frå The Real New Fall LP (Formerly Country on the Click) betre enn tittelsporet frå Kurious Oranj. Folk på internett seier at denne skiva høyrest ut som ein ny start for The Fall (etter 25 år, no har dei halde på i førti), iallfall er det den første med noverande keyboardist Eleni Poulou.

Dag 2:

Ein song eg likar med eit tal i tittelen.

100% er som kjent det heile. Om ikkje det var for noko anna, så er denne visa frå Dirty ein favoritt på grunn av tekstlinja (med tal i seg) "I've been around the world a million times, and all you men are slime".





Her var det fleire kandidatar, Two Librans, 50 Year Old Man, Two Steps Back pluss alle dei alternative takesa frå dei siste åra som har fått slengt på seg eit tal, td Theme from Sparta FC #2 eller Bury pts 1+3. Men så er eg så svak for Bend Sinister-LPen at den måtte bli representert jo før jo heller.

Dag 3

Ein song som får meg til å tenkje på sommar.

Eg visste iallfall tvert kva for ei plate eg skulle velje song frå, nemleg Good Humor med Saint Etienne, (boblar: Going Places med Herb Alpert). Eg veit ingenting som er så somrete som den skiva, og Splitscreen er eit like godt val som noko. Ei låt for å køyre ut i sommaren og fridomen.


Når det gjeld The Fall er det vel ikkje sånn at dei er eit sommarband akkurat (sjøl om dei ikkje er oppkalte etter årstida hausten, men Camus-romanen La Chute). Derimot har dei på eit tidspunkt delt medlemmer med dei same banda som Stone Roses, mellom anna har Simon "Funky Si" Wolstencroft spelt i både The Fall, The Seahorses og Patrol, bandet til Ian Brown og John Squire før Stone Roses. Og Stone Roses greier eg lett å forbinde med sommar. Kva er då meir naturleg enn å velje førelegget for SRs nyaste singel, All for One? Med The Fall heiter låta Squid Lord, og vart spelt inn hos John Peel i 1988.





Dag 4

Ein song som minner meg om ein eller ei eg helst vil gløyme

Det ligg i sakas natur at eg ikkje er så hypp på å bruke så veldig mykje energi på å tenkje på folk eg helst vil gløyme, så eg gjer det unna fort med ei låt eg mislikar frå ei plate eg ikkje likar av eit band eg var på konsert med i lag med mellom andre ein person eg helst ikkje ville hatt i livet mitt.


For å finne ei slik låt med The Fall må eg nett som på dag 3 gjere eit lite krumspring. Med så mange som sluttar og blir sparka, er det utan tvil ein del Fall-låter som handlar om eksmedlemmar, og det er sikkert ikkje alle som er direkte rosande. I tilfellet No X-mas for John Quays er det visst ein bestemt fyr som går rundt og er bitter fordi låta handlar om han og skuldar han for å vere mellom anna ein junky. Han vil kanskje helst gløyme Mark E. Smith?


Dag 5

Ein song ein lyt spele HØGT

Det gjeld jo svært mange songar, men eg må seie at eg stadig kjem tilbake til Destroy 2000 Years of Culture av Atari Teenage Riot. Den er det berre ikkje vits i å spele viss ein ikkje kan watte eit godt stykke opp.



Det finst minst to innspelingar av Theme from Sparta FC, og det er altså sjutommarmiksen som gjeld. Albumversjonen er ikkje så galen, men denne insisterer i større grad på høgt volum.


søndag 17. juli 2016

Bøker, bøker, bøker

Endeleg tjue bøker til!

Klikk på bildet og bli venn med meg på goodreads

  • Sju av desse er lydbøker, tre på engelsk. Ein er omsett, frå svensk(!)
  • To er teikneseriar, den eine er ein grafisk roman, den andre er memoar og omsett (frå fransk)
  • Av dei atten ikkje-grafiske er sju sakprosa, av dei tolv skjønnlitterære er ein novellesyklus(!), sju ungdomsromanar og to vaksenromanar.
  • Åtte er lydbøker, to av desse er sakprosa
  • Elleve har eg lånt på eit skule- eller folkebibliotek, seks av desse er lesne på mobil eller nettbrett.
  • Sakprosaen er med eitt unnatak lesen på originalspråket, eg er ikkje god nok i fransk til å ta til meg kampskrift frå like før revolusjonen.
  • Tolv kvinner har (vore med på å) skrive ni av bøkene, tolv av bøkene er heilt eller delvis skrivne av tretten menn.
  • To er skrivne på 1700-talet, ein på 1900-talet, dei øvrige er splittar nye (frå etter 2000)
Eg har jo halde på med desse bokoppdateringane ei stund, men det var ikkje før eg las bikkjelista for april 2016 at eg fann denne tweeten av @michelfosho. Var eg på utkikk etter devise for bloggen? Kanskje ikkje, men om så var er dette ein god mætsj.
Det tek til å bli mange år sidan eg vart utsett for Alltid fleire dagar medan eg gjekk på Katta, og sidan dess har eg i grunnen halde Ragnar Hovland nokså høgt. Ikkje så høgt at eg har lese absolutt alt, og heller ikkje så høgt at eg ikkje er i stand til å sjå at kvaliteten på bøkene hans er nokså variabel. Ungdomsbøkene har eg til dømes i liten grad teke sjansen på å lese. Men no fann eg Ein motorsykkel i natta som lydbok, lesen av forfattaren sjøl, så då vart det endeleg. (Er du ikkje glad du spurte?) No har eg lese ein del ungdomsbøker dei siste åra, og kan vel trygt seie at Ein motorsykkel i natta skil seg ut frå mykje av det andre. Ikkje for det, som andre ungdomsbøker handlar denne om eit ungt menneske som skal finne ut kven hen er og lausrive seg frå barndommen, men Hovland fortel på ein meir abstrakt måte enn det som er fasjonabelt no. Han legg seg mellom anna nært opp mot Rotløs ungdom, og gir i det heile inntrykk av å formidle eit ungdomsbilde som liknar meir på minnet om femtitalets filmar om ungdom enn noko særleg anna. Boka handlar om ein heller abstrakt ungdom, og romanhelten har heller abstrakte opplevingar. Moro at boka i somt legg vinn på å likne Huck Finn, då.

Gjennom åra har eg lese det meste av Christopher Nielsen. Eg har både flirt og gråte av det eg har lese, og eg har blitt imponert over innsikta og grepet om det norske språket. Soleis hadde eg gledd meg til å lese Bygdegutar. Vel låg eg litt etter skjema, men det kjentest litt ut som om realityfjernsynssettinga gjorde historia utdatert. Lell: Som før var det både moro og tankevekkande, og eg må seie at dei glorete fargane kledte historia godt. Var det undertonar av Blitz Tours der, tru?


Eg er gamal nok til å hugse at Christopher Nielsen og Lars Fiske
 og ein til fekk designe telekort

No som det har gått litt tid, er eg neimen ikkje kar om å hugse kva som fekk meg til å skaffe Americanah av Chimamanda Ngozi Adichie på lydbok. Det er lite truleg at det var det eg oppfatta som sjølsagtheitene i pamfletten Vi burde alle være feminister (det burde vi jo) eg hadde lese tidlegare, iallfall. Viss eg skal vere snill med meg sjøl kan eg kanskje gå ut frå at eg var genuint interessert i røynsler som skil seg radikalt frå mine eigne. I så fall fekk eg absolutt det eg var ute etter. Folk seier om Americanah at det er ei kjærleikshistorie, og det er jo ikkje sånn sett feil. Likevel må eg seie at sjøl om eg ønskte at Obinze og Ifemelu skulle få kvarandre, var ikkje flørting og seksuell oppvakning det mest interessante. Greia er at dei to blir skilt frå kvarandre når dei forlet Nigeria, ho til USA og han med kvart til Storbritannia, og dermed blir det til at båe to individuelt tek del i kollektive røynsler. Ho blir plutseleg klar over kva det vil seie å høyre til ein minoritet basert på hudfarge - å vere svart amerikanar i USA skil seg frå å vere svart afrikanar i USA  skil seg frå å vere svart (igbo) i Nigeria - medan han ikkje får visum, lever i skjul og blir til slutt sendt ut av landet i det han skal til å inngå pro forma ekteskap.
Kjipt cover, men det var det einaste eg fann i OK storleik

Som sagt ligg mykje av appellen til denne romanen i koss kollektive erfaringar får personlege uttrykk. Ein annan ting som gav mykje, var opplesinga til Adjoa Andoh. Ho meistrar fleire engelskar (sjøl om dei fleste USAnarane verkar å vere frå lenger sør enn ein skulle tru var meininga), og greier med både dette og smart stemmebruk å halde greie på eit ganske stort persongalleri. Ein ting eg ikkje heilt har bestemt meg for om er ei svakheit eller ein styrke er det at eg stundom venta at romanen skulle dreie hardt babord og bli eit mordmysterium Ifemelu kunne løyse eller noko heilt anna. Anten er det eit teikn på at boka vekkar fantasien, eller så er ho så banal at lesaren reagerer med å ønske seg vekk. Eller det kan vere med vilje.

Tidlegare har eg skrive eit stykke om Cafe Vespa, den førre ungdomsromanen til Martina Gaux. Ho er ute med ny bok i år, Jeg er ikke. Mykje av det eg likte ved Café Vespa er stadig med, kanskje særleg den skarpe dualiteten i hovudpersonen. Likevel er dette ei meir problemorientert bok, tematisk i slekt med Jenta fra Mars og kanskje litt Jenta i speilet.

Og når det no gjeld ungdomslitteratur: Det er ikkje berre Martina Gaux som har si eiga stemme, men det hender eg grip meg i å lure på kven det er som har invitert til ungdomsromankurs. Formel er kanskje eit for sterkt ord, men det verkar som det kanskje er litt meir enn mote som styrer dei ungdomsbøkene som kjem ut om dagen. Ein veldig hjelpsam forlagskonsulent kanskje? Viss det ikkje er fantasy er det ofte fiffige strukturar og paringar, kjennest det ut som.

Gudrun Skretting debuterer med Anton og andre uhell, der Anton lappar ein gummislange når han får høyre frå (den deprimerte) aleinepappaen sin at han er resultat av eit hol i ein annan gummiartikkel, altså smart parallelisme. Anton sitt prosjekt er å bli "meininga" og finne kone til faren sin. I ei smart parallellhandling skal venninna hans hindre foreldra i å skiljast. Det er smart tenkt og bra gjennomført.

Håper første ikkje blir siste frå Ingrid Ovedie Volden

På twitter heiter ho @vidunderfull, på bokomslaget Ingrid Ovedie Volden. Hennar debut som ungdomsbokforfattar er Alt som teller, der Petra slit med gryande forelsking, ei venninne med ein bror på flukt og visse tvangstankar. Talet pi får henne til å kaste opp fordi det er så ubestemt (ho føretrekkjer partal). Ein ting eg likar ved boka, er at eg ikkje er så hypp på å fortelje meir fordi det kjennest like slemt å spoile karakterane som hendingane, sjamener? Det er ikkje berre det at eg ikkje vi bruke så mykje energi på handlingsreferat, det er det at eg unnar lesaren å bli kjent med Petra og det som skjer med henne/det ho gjer på eiga hand, og det kan like lite falle meg inn å fortelje kva offentleg instans Petra kjem i kontakt med som å avsløre at det var forteljaren som var mordaren i Doktoren mister en pasient.

Ei ungdomsbok eg blei både positivt overraska og skuffa over var Min grusomme hemmelighet av (debutanten, sjølsagt) Anders Lindqvist. Hovudpersonen her er Sigbjørn, ein pøbel som plutseleg blir interessert i lyrikk. Ein morgon stig han fram på ein våg han ikkje har visst om, og sjøl om augo hans opnar seg tek det litt tid før hjarta hans opnar seg, men så ser vi raskt koss dører opnar seg. På ein måte blei eg skuffa og positivt overraska over denne boka på same tid. Ideen verka lovleg teit sånn til å begynne med, og Sigbjørn dreg det lovleg langt, men så er ikkje gjennomføringa så forbanna verst likevel. Men eg er usikker på om det er Sigbjørns jamaldringar eller lærarane hans som vil ha mest moro av henne.

Etter eit hendingsforlaup eg ikkje er kar om å attgje, hamna I Wear the Black Hat av Chuck Klosterman i lydbokhylla mi. Det var sikkert noko i retning av dagens tilbod hos Amazon eller sånn. Iallfall er Chuck Klosterman ein sånn (populær)kulturkommentator som er lett å lese i artikkelform på nettet. I bokform er han meir sånn heilt grei liksom, ikkje alle analysane er midt i blinken, men underhaldningsverdien er over middels. Hadde du trudd du skulle få høyre eit stykke om kvifor det gjekk gale med karriera til Andrew Dice Clay? Ikkje eg heller, men her er det eit. Den raude tråden i boka er skurkerolla, det bisarre ligg ikkje først og fremst i at sport er ein så sentral del av det utvida USAnske kulturomgrepet (Klosterman held seg med ein favorite sports owner), men i at Klosterman utan motstand let forteljingas logikk (som må vere det han brukar for å forstå verda som så tydeleg inndelt i heltar og skurkar) vere styrande for korleis han forstår heile verkelegheita. Som sagt finn eg dette bisart, og i den grad det var tankevekkande i tillegg vekte det tankar om koss det kan sjå ut inni huet på fyllekøyrar og skilaupar Petter Northug Jr og krinsen rundt han.

Julian Assange og Muhammad Ali og DB Cooper og Darth Vader og 2 Live Crew og...

Det siste året eller så har eg hatt stor glede av lange førelesingsrekker i serien The Great Courses (dei er verdt dei 23 dollarane i månaden eg betaler for to credits hos Audible og vel så det). Etter innleiande runder med den franske revolusjonen har det gått i antikken i områda rundt Middelhavet, og det er ikkje fritt for at eg stundom har sakna eit vidare geografisk perspektiv. History of the Ancient World - A Global Perspective gjer nett det som står på pakken. Professor Gregory Aldrete brukar rettnok ganske mykje tid på Hellas, Makedonia og Rom, men han tek oss med til Indusdalen, India, Kina, Mellom-Amerika og endå nokre plassar. Sjøl med 48 halvtimar å gjere det på blir mykje gjennomgått med harelabb, men på den måten kan ein få ei oppsummering og kanskje til og med eit anna perspektiv på det ein kjenner, samstundes med at ein får ein guide til område å lære meir om. Særleg må eg seie eg hadde sansen for Aldretes gode bibliotekariske insistering på at det er meiningslaust å snakke om historie utan å snakke om geografi samstundes. Stundom blir det romerske perspektivet merkbart, det var mellom anna bra at Hadrian moste Dakia fullstendig, sidan det gjorde grensa rettare og Rom fekk masse gull ut av det. Kva Dakarane hadde å seie til saka? Njææ, vi får iallfall sjå korleis dei blei massakrerte om vi studerer Trajansøyla. Likevel nøler eg ikkje med å tilrå dette globale perspektivet.

No er det mangt vi ikkje veit om Indusdal-sivilisasjonen, mellom anna kva dei kalte byane sine.
Denne kallar vi Mohenjo Daro.
By M.Imran  CC SA 1.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=2560364

Stundom blir eg litt mistenksam når eg ser kor godt eg i snitt liker dei bøkene og skriv om her. Er eg ikkje i stand til å bli skuffa, liksom? Det er nesten, men berre nesten, eg blir letta når ei bok skuffar meg sånn som Survivor gjorde. Det kan tenkjast at den andre Chuck Palahniuk-boka eg har lese alltid vil stille dei andre bøkene hans i skuggen, men å seie at Survivor ikkje var like god som Fight Club er å ikkje seie noko særleg om kor langhenta og scatterbrained førstnemnte er. Ein ser jo allegorien ganske tydeleg, og det store problemet til boka er kanskje nett at allegorien tek for stor plass til at ein roman kan finne seg til rettes mellom permane. Somme av ideane er gode, då.

Riad Sattouf er ein serieteiknar med fransk mor og syrisk far. Første band av den sjølbiografiske teikneserien hans er lett å finne på folkebiblioteket, berre spør etter Fremtidens araber. Sattouf fortel om dei første åra av ein oppvekst som går føre seg litt i Frankrike, men meir i Libya og Syria. Stilen er klar og fin, og barnets perspektiv blir stundom korrigert av diskrete, forklarande innsmett. Likevel er det, iallfall etter berre eitt band, litt uklart kor dette går. Denne delen av verda på denne tida (då eg sjøl var barn, Sattouf og eg er nokolunde jamgamle) er noko ein gjerne skulle lære meir om, men om dette er ein god stad å starte er det vanskeleg å vite kor ein skal gå vidare.

Som det går fram av andre postar her, har eg gjennom ein del år lese ganske mykje om den franske revolusjonen. Likevel er det første gong eg les så å seie ei primærkjelde. Pamfletten Hva er tredjestanden har eg soleis kjent ved namn i mange år, men det er først no han er omsett til norsk.

Teksten på den eine og det eine fotnotesettet på den andre. Dette skulle ikkje vere naudsynt, vel?
Og dette vil eg ha meir av. Det kom vanvittige mengder pamflettar og andre trykksaker frå stenderforsamlinga vart kalt inn og under heile revolusjonen. Aviser, smedeskrift mot dei kongelege og mangt anna som både ga uttrykk for folkekjenslene og varma dei opp. Eit redigert utval av dette burde vel vere mogleg å få i stand?

Noko anna som burde vere mogleg å få i stand er ein fotnotefunksjonalitet i ebokbib. I utgangspunktet likar eg tanken om å skilje dei dåtidige og dei notidige fotnotene, men med to sett fotnoter og ein tekst som ikkje let meg navigere mellom dei på ein betre måte enn ved å bla krev nesten at eg har to, helst tre nettbrett/telefonar å lese på.

Jane Austen! Meinar å hugse at det var Mansfield Park som var den Austenboka Thomas Piketty greip til å for å illustrere tilhøvet mellom kapitalinntekt og lønsinntekt (og hadde han bøffa dette trikset direkte frå Karl Marx?), og det gav iallfall ein ekstra dimensjon til lesinga av henne. Så vidt eg har forstått er ikkje Mansfield Park kjent for å vere Austens festlegaste, og det kan nok stemme. Likevel: Det at hovudpersonane som skal få kvarandre så til dei gradar held på konvensjonane (ulikt romanheltar det er lettare å bli glad i) kan kanskje bringe mønstera i forgrunnen. Viss ein ser bort frå den romantiske kjærleiken handlar boka først og fremst om kva det er ved samfunnet som gjer at den eller den paringa vil vere høveleg eller ikkje høveleg, og om kva som skal til for at Fanny og Edmund kan få kvarandre. Austen stiller typer opp mot ein annan, og i denne romanen kjem den analytiske tankegangen hennar fram ganske tydeleg.

Jane Austen ser omlag like tankefull og grinete ut på dette portrettet,
teikna av  systera Cassandra Austen.

Novellesyklar høyrer ikkje til det eg les oftast, men her kjem ein omtale av ei. Olav Starheimsæter har skrive Lystslott, ein syklus der alle novellene er knytte til sexformidlingsnettstaden lystslott.no(?). Å seie at novellene er erotiske vil vere å lyge, det er snarare slik at personane utforsker grenser for koss ein kan vere seksuell saman eller åleine lizm. Det er mange triste lagnader her, for å seie det sånn, og om det er ein del sex er mindre kåtheit og glede. Sjølhjelpsforfattaren mot slutten av boka har ikkje vore innom leksjon fire i bokmålskurset mitt, ho har nemleg "innfunnet seg med" eit eller anna. Ålreit bok.



Til sist to bøker eg ikkje orka å høyre ferdig. Både i Noreg og Sverige driv krimforfattarar og skriv ungdomsbøker på si. Eg har vore så uheldig å høyre nummer 5 i Åsa Larsson og Ingela Korsells serie Pax, Gasten, og Tom Egelands andre ungdomssymbolkrim Skatten fra Miklagard. Dei har kvar sine svakheiter, for å seie det sånn. Etter denne boka å dømme er JK Rowling meir av eit forbilde for Larsson og Korsell enn Maria Gripe er. Diverre går dei rett i tryllefella, magiske krefter blir berre ein lettvinn måte å komme seg ut av halvvriene situasjonar på. Dessutan tenåringsdrama og demonisk hierarkipirking. Når det gjeld Egeland, er boka hans så JÆVLA OMSTENDELEG at ingen kjem seg av flekken. Og det er ikkje berre eg som får midtskill. Unga mine er midt i og på veg inn i målgruppa, men dei orka heller ikkje meir enn eit par CDar med denne langhalmen.

Neste gong: Maigret! Poul Ørum! Jason! Kanskje Store-Klaus!