onsdag 3. juli 2013

Blissard i bokform

Iallfall for min eigen del kom det ein del ut av morgonbladets omfattande kåring av norske musikarars 100 norske favorittplater. Sidan eg let det gå sport i å høyre gjennom alle fekk eg høyre ganske mykje musikk eg elles neppe ville høyrt, og slett ikkje alt var black metal. Det vart rettnok ikkje mange nye favorittar, men eg fekk no stadfesta at eg har ein sjølstendig smak og styrka kjensla av at smaken min er min eigen og ikkje noko eg treng skamme meg over. Kva som får norske musikarar til i så stor grad å røyste på nesten heilt nye plater, på plater av Susanna Wallumrød, på feil plater av Motorpsycho og Vømmøl og så ikkje røyste fram Dædnogadde Nuorat og Jon Arne Corell, det får stå for norske musikarars eiga rekning. Ingen vil vel ha ein gjennomsnittleg smak, som ein kjenning kommenterte det i ein diskusjon på Facebook i etterkant.

Ein annan god ting som kom ut av det, var skrift om plater. No tenkjer eg ikkje på enno meir prosa om kor fantastisk Fairytales med Radka Toneff er (eller ikkje er, om eg vart spurt), men reint generelt. Platemeldingar er så innmari ferskvare, medan ei real bok om ei plate med naudsyn går djupare, og dersom ho kjem etter at plata har fått klassikarstatus er det ei viss von om å få lese noko om verknadshistoria til låtene i tillegg til detaljar rundt komponering og innspeling. 

Dei ti øvste plassane fekk kvar si ganske slanke bok gjeven ut ganske fort etter kåringa. Ei stund seinare kom det ei tjukkare ei om nummer 25, Blissard. Motorpsycho er representerte med ikkje mindre enn fem plater på lista (og endå er ikkje Black Hole/Blank Canvas med), to av dei på høgare plass enn Blissard. At det var Blissard og ikkje Demon Box eller Timothy's Monster som fekk denne overveldande behandlinga kan sjå ut til å skuldast at nett denne plata var svært viktig for forfattaren.
Lesverdig bok, altså.
Det tok si tid, men eg har endeleg fått boka i hus og lese henne. Sjølve lesinga var greit unnagjort, endå om Johan Harstads bruk av sluttnotar liknar på den lesefiendslege måten eg sikkert ville gjort det på sjøl. Sluttnotene er informative og lesverdige, og etter om lag åtti sider tekst har du lese like mange sider med noter.

Om eg likte boka meiner eg likevel at det beste ved henne er at ho ikkje er den definitive boka om Motorpsycho. I fotnote 100 skisserer Harstad eit bokprosjekt han har gjort eit stort forarbeid til (med velvilleg samarbeid frå bandet), men som han meiner han ikkje er kar om å gjennomføre åleine. Det er å håpe at den valdsame interessa for Blissardboka på Newjelly kan bidra til at den andre, større boka blir ein realitet.

(I den framtidige boka håper eg på ei litt meir seriøs handsaming av omstenda rundt avgangen til trommeslagarane Kjell Runar "Killer" Jenssen og Håkon Gebhardt. Det er mogleg Johan Harstad berre har intervjua Bent og Snah, det er mogleg Kjell Runar og/eller Gebhardt takka nei til å uttale seg, men måten Harstad spekulerer over kva kjensler Kjell Runar hadde, har hatt og har over tjue år seinare høyrer i grunnen ikkje heime nokon stad, iallfall ikkje på prent. At DEL skulle vere det bandet Killer ville at Motorpsycho skulle vere... å sette slikt på prent er respektlaust andsynes iallfall dei tre andre medlemmane av DEL.)

Fotnote 101 blei eg nesten litt skuffa av. Her hadde eg brukt timevis på å leite opp det eg meinte var alle songane Snah syng, og så står lista der i ei bok som alt var utkommen. Skal vi tru Harstad (som vel er ei kjelde nær bandet) er det dessutan manglar ved lista mi: jamfør boka syng Snah to songar allereide på Demon Box, nemleg Babylon og The One Who Went Away. Nett den siste vil eg berre avvise tvert, men jamvel etter fleire gjennomhøyringar av Babylon er eg i tvil. Den kaukinga er vanskeleg å feste eit andlet til, for å seie det sånn. Vidare har eg greid å overhøyre Heartattack Mac frå Angels and Deamons at Play, men Harstad har hoppa over Sancho Says frå Black Hole/Blank Canvas.

Elles er dette ei bok som er både velresearcha og svært personleg. Første del handlar meir om Johan Harstad enn om Motorpsycho, og mot slutten er det for det første ein lang gjennomgang av Harstads første MP-konsert og så ei personleg utlegning av kva tekstane på plata har betydd og ikkje betydd for Harstad.

Sidan boka er så personleg tillet eg meg å bli personleg i responsen. Eg har óg kjøpt ei Motorpsychoplate for første gong (det var ein singel frå Blissard, The Nerve Tattoo, og det må ha vore i 1995 eller 1996), eg har óg vore på min første Motorpsychokonsert (dagen før dei spelte for Johan Harstad på Folken i Stavanger høyrte eg dei på Kvarteret i Bergen), og eg har heller ikkje fanga opp tekstane i særleg grad. Eg er eldre enn Harstad, og det er kanskje litt av grunnen til at min fandom kanskje ikkje brenn fullt så sterkt som hans. Likevel trur eg kvar einaste fan av MP vil finne noko å relatere seg til eller i minsto få ny kunnskap av å lese Blissard.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.