onsdag 30. januar 2013

Motorpsycho med annan vokalist

Her ein dag posta eg på Facebook at eg under gjennomhøyring av Angels and Daemons at Play brått sakna eit band med ein betre vokalist. Eg løyste problemet ved å setje på ei plate av The Fall (The Wonderful and Frightening World of The Fall, faktisk), og fekk litt ulike reaksjonar på posten min. Ein meinte at same kva eg sakna ville The Fall gjere situasjonen betre, andre meinte eg var urettmessig streng mot Bent Sæthers vokalistevner.

Og det var eg heilt sikkert. Jamvel om han skreik mykje på dei første platene har han raskt utvida det vokale repertoaret, og er ganske god til å synge på ulike måtar etter kva situasjonen krev. Høyrer ein gjennom Heavy Metal Fruit er det ikkje til å ta feil av: Bent eignar seg svært godt både som forsangar og korist. Kan det tenkjast at han berre av og til gløymer å varme opp? Eg var på første førestelling av The Death-Defying Unicorn i operaen, og der kunne det verke som oppvarminga mankerte. Det var først etter dette eg verkeleg la merke til at han syng litt surt på nokre av låtene på Angels and Daemons at Play.

Men lell: Motorpsycho har jo støtt (sidan Timothy's Monster, iallfall) hatt ein annan vokalist, nemleg Hans Magnus "Snah" Ryan. Stemma hans er mjukare og han treff tonen lettare, men er ikkje hovudvokalist på noko album. Heldigvis er det lett i våre dagar å ta songar ut av samanhangen sin og sette dei saman på nye måtar. Eg presenterer med dette spelelista Motorpsycho med annan vokalist. Det handlar i grunnen ikkje om at Snah syng betre enn Bent (legg merke til kor bra dei er saman på mellom anna Into the Gyre på The Death-Defying Unicorn), men om å prøve å finne ein ny innfallsvinkel til eit band eg kjenner platene til ganske godt.

Og for no å tilføye eit lite avsnitt etter eit års tid: Behind the Sun understrekar nok ein gong at Bent og Snah gjer seg godt når dei syng i lag. I tillegg viser sistesporet, del 7 av den omfattande Hell-svitten, at for Bent sin del er skrålinga no ein integrert del av det vokalistiske repertoaret, ikkje eit resultat av nokon diskrepanse mellom ambisjonar og ferdigheiter.

Hans Magnus "Snah" Ryan syng i Motorpsycho under Terrastock i 2009. Bak trommene sit Kenneth Kapstad.
Foto frå Wikimedia Commons
Grunnen til at denne spelelista blir presentert i WiMP istf Spotify er rett og slett at sistnemnte har utruleg få MP-album.

Songane det er snakk om er:

  • Timothy's Monster
    • On Your Pillow
  • Blissard 
    • Greener
  • Angels And Daemons at Play 
    • Sideways Spiral
    • Heartattack Mac
    • Like Always
    • Starmelt/Lovelight
  • Trust Us
    • Mantrick Muffin Stomp
    • Superstooge
    • Coventry Boy
  • Let them Eat Cake 
    • Upstairs - Downstairs
  • Phanerothyme 
    • Landslide
    • Go to California
    • Blindfolded
  • It's a Love Cult 
    • Neverland
    • Serpentine
  • Black Hole/Blank Canvas
    • Coalmine Pony
    • (Critical Mass under tvil, det er meir av ein duett?)
    • Sancho Says (duett)
    • The Ace
    • Before the Flood
  • Little Lucid Moments
    • Year Zero
  • Heavy Metal Fruit 
    • The Bomb-Proof Roll and Beyond (for Arnie Hassle)
    • Gullible's Travails (pt I-IV)
  • Still Life with Eggplant
    • August
    • Barleycorn (Let it Come, Let it Be) (teken med på same grunnlag som Critical Mass)
  • Behind the Sun
    • On a Plate
    • Entropy
    • The Magic & the Wonder (A Love Theme)


Ikkje alt er med: Eg har diska side 1 av Little Lucid Moments sidan det ikkje går an å dele opp svitten i fleire låter. Bent og Snah syng kvar sine delar her. Vidare er (heldigvis) ikkje Barracuda tilgjengeleg på for strøyming (MRK: Dette var berre eit problem fram til eg fekk skaffa ny stift til platespelaren og deretter konstatert at det berre er Bent som syng på ei plate som var betre enn eg hugsa) og Child of the Future er ikkje berre utilgjengeleg på strøyming, men finst berre på vinyl. Eg skal vurdere å ta med liveplatene, men er skuffa over at ikkje EPane let seg strøyme.

Som om det ikkje var nok at Snah har fått prøve seg har jammen den mannen som pt har lengst fartstid bak trommene i bandet óg sunge ein del. Dei fleste EPane har med ei låt av han, men med eit unnatak er dei instrumentalar. Iallfall song han ei låt på kvart av dei tre siste albuma han spelte på, nemleg:

  • Let Them Eat Cake: Never Let You Out
  • Phanerothyme: When You're Dead
  • It's a Love Cult: What if...
Den lista er her.

(Redigert 12 mars etter ny gjennomhøyring av materiale som ikkje finst på WiMP.)
(Redigert 17 april etter lanseringa av Still Life with Eggplant.)
(Redigert 25 mars 2014 etter lanseringa av Behind the Sun. Jamvel om den plata vart lansert i WiMP samstundes med LP-utgåva er elles Still Life with Eggplant stadig sakna der i garden.)