lørdag 23. juli 2016

30 dagar med tematiserte låter - dag 6-10



Dag 6

Ein song som gjev meg hug til å danse

Ja, eg kan ikkje stort andre dansar enn pogo, eg då. Og då er det jo Sex Pistols som gjeld.



Frå pønk til post-pønk: The Fall er i grunnen ikkje først og fremst eit danseorkester. Eg skulle likt å sjå nokon danse swing til Container Drivers eller andre nummer frå rockabillyperioden. Men denne coverlåta (opphavleg av The Move) er lidderli dansbar. 



Dag 7

Ein song å køyre til

Stonerfavorittane Fu Manchu kom med LPen King of the Road i 2000. Stort sett dreidde det lyriske innhaldet og innpakkinga seg om bilar og køyring. Og litt om aliens. Tittelkuttet er kjempefint, og ein lyt passe seg for å trampe takta med gassfoten.



Køyring er jo på mange vis ein aktivitet med eit visst rutinepreg. Inn med kløtsjen, legg inn femtegiret, ut med kløtsjen, rull ned vindauget...


Dag 8

Ein song som handlar om alkohol eller narkotika

Stundom kan ein få inntrykk av at songar anten handlar om romantisk kjærleik,  narkotika eller ein kombinasjon. Det er mange å ta av, sjamener? Og kor kjem all narkotikaen frå? Frå narkotikagarden, sjølsagt! Det lyriske eget i denne songen køyrer traktor på denne garden.



Kor kjem narkotikaen som ikkje kjem frå landbruket frå? Jau, frå medisinalfirma. Eitt av dei heiter Rausch, og det er dei Mark E. Smith bjeffar om i Rowche Rumble frå andre-LPen Dragnet.


Dag 9

Ein song eg blir glad av

Veldig mange å velje mellom her óg (eg er lett å glede med musikk), men denne slo meg plutseleg fordi eg kom på ei natt for 14 år sidan eg gjekk tur ei natt og høyrte på alt eg hadde av The Cure og så kom gittarsoloen (ja) på A Strange Day og det er ikkje ofte eg har glist så breitt.



Totally Wired handlar nok i mangt óg om narkotika, men det er ikkje difor eg blir glad. I grunnen er det vanskeleg å sette fingeren på kva det er som er så gledeleg her, kanskje det er den distinkte introen og call and response-greia.


Dag 10

Ein song som gjer meg trist

Det blir ikkje stort tristare enn lagnaden til Karen Carpenter, tromeslagaren som slanka seg i hel. Etter alle desse åra kan eg synge med på denne utan at stemma brest, men det er ikkje mykje om å gjere.



Eg kan jo late som det gjer meg trist at ei tekstline i starten av denne songen ("where are the obligatory n*****s") kosta The Fall ei kontrakt med Motown, men det er faktisk den tekstlinja som gjer meg trist. Som Fall-fan veit ein jo mykje om å sjå opp til nokon som mildt sagt ikkje er fullkomen, men han hadde jo ikkje trengt å vere rasist i tillegg. Låta er elles livat og gild, ho går rett i trynet på alle som ikkje kjenner seg betre enn nokosinne.



onsdag 20. juli 2016

30 dagar med tematiserte låter. Dag 1-5.

Av alle stader var det på Twitter eg fann denne:

Fann denne på twitteren til @InnaShidlovskay, men detta greiene passar vel så godt andre stader.
Over på Face har eg gått i gang med ein tråd med dei første 30 eg kjem på, men så kom eg på at dette kunne eg prøve å gjere med berre  The Fall-låter. Altså dette parallell-løpet med bloggpost(ar) og speleliste(r). Særleg når det gjeld The Fall må eg nok tolke oppgåvene litt for å få svart på dei, men det tek eg som det kjem.

Dag 1:

Ein song eg likar med ein farge i tittelen.

Ja, eg reknar svart som ein farge. Etter det eg veit kom Grimfist berre med to plater, men dei er til gjengjeld lidderleg gode. Særleg er eg glad i førsteplata Ghouls of Grandeur. Outlined in Black er song nummer to, og ei real danselåt.





Det var ikkje så mange Fall-låter med fargar i tittelen som ein kanskje skulle tru, og om ikkje det gjeld White Lightning, er iallfall Black Monk Time ein cover. Og så likte eg denne, frå The Real New Fall LP (Formerly Country on the Click) betre enn tittelsporet frå Kurious Oranj. Folk på internett seier at denne skiva høyrest ut som ein ny start for The Fall (etter 25 år, no har dei halde på i førti), iallfall er det den første med noverande keyboardist Eleni Poulou.

Dag 2:

Ein song eg likar med eit tal i tittelen.

100% er som kjent det heile. Om ikkje det var for noko anna, så er denne visa frå Dirty ein favoritt på grunn av tekstlinja (med tal i seg) "I've been around the world a million times, and all you men are slime".





Her var det fleire kandidatar, Two Librans, 50 Year Old Man, Two Steps Back pluss alle dei alternative takesa frå dei siste åra som har fått slengt på seg eit tal, td Theme from Sparta FC #2 eller Bury pts 1+3. Men så er eg så svak for Bend Sinister-LPen at den måtte bli representert jo før jo heller.

Dag 3

Ein song som får meg til å tenkje på sommar.

Eg visste iallfall tvert kva for ei plate eg skulle velje song frå, nemleg Good Humor med Saint Etienne, (boblar: Going Places med Herb Alpert). Eg veit ingenting som er så somrete som den skiva, og Splitscreen er eit like godt val som noko. Ei låt for å køyre ut i sommaren og fridomen.


Når det gjeld The Fall er det vel ikkje sånn at dei er eit sommarband akkurat (sjøl om dei ikkje er oppkalte etter årstida hausten, men Camus-romanen La Chute). Derimot har dei på eit tidspunkt delt medlemmer med dei same banda som Stone Roses, mellom anna har Simon "Funky Si" Wolstencroft spelt i både The Fall, The Seahorses og Patrol, bandet til Ian Brown og John Squire før Stone Roses. Og Stone Roses greier eg lett å forbinde med sommar. Kva er då meir naturleg enn å velje førelegget for SRs nyaste singel, All for One? Med The Fall heiter låta Squid Lord, og vart spelt inn hos John Peel i 1988.





Dag 4

Ein song som minner meg om ein eller ei eg helst vil gløyme

Det ligg i sakas natur at eg ikkje er så hypp på å bruke så veldig mykje energi på å tenkje på folk eg helst vil gløyme, så eg gjer det unna fort med ei låt eg mislikar frå ei plate eg ikkje likar av eit band eg var på konsert med i lag med mellom andre ein person eg helst ikkje ville hatt i livet mitt.


For å finne ei slik låt med The Fall må eg nett som på dag 3 gjere eit lite krumspring. Med så mange som sluttar og blir sparka, er det utan tvil ein del Fall-låter som handlar om eksmedlemmar, og det er sikkert ikkje alle som er direkte rosande. I tilfellet No X-mas for John Quays er det visst ein bestemt fyr som går rundt og er bitter fordi låta handlar om han og skuldar han for å vere mellom anna ein junky. Han vil kanskje helst gløyme Mark E. Smith?


Dag 5

Ein song ein lyt spele HØGT

Det gjeld jo svært mange songar, men eg må seie at eg stadig kjem tilbake til Destroy 2000 Years of Culture av Atari Teenage Riot. Den er det berre ikkje vits i å spele viss ein ikkje kan watte eit godt stykke opp.



Det finst minst to innspelingar av Theme from Sparta FC, og det er altså sjutommarmiksen som gjeld. Albumversjonen er ikkje så galen, men denne insisterer i større grad på høgt volum.


søndag 17. juli 2016

Bøker, bøker, bøker

Endeleg tjue bøker til!

Klikk på bildet og bli venn med meg på goodreads

  • Sju av desse er lydbøker, tre på engelsk. Ein er omsett, frå svensk(!)
  • To er teikneseriar, den eine er ein grafisk roman, den andre er memoar og omsett (frå fransk)
  • Av dei atten ikkje-grafiske er sju sakprosa, av dei tolv skjønnlitterære er ein novellesyklus(!), sju ungdomsromanar og to vaksenromanar.
  • Åtte er lydbøker, to av desse er sakprosa
  • Elleve har eg lånt på eit skule- eller folkebibliotek, seks av desse er lesne på mobil eller nettbrett.
  • Sakprosaen er med eitt unnatak lesen på originalspråket, eg er ikkje god nok i fransk til å ta til meg kampskrift frå like før revolusjonen.
  • Tolv kvinner har (vore med på å) skrive ni av bøkene, tolv av bøkene er heilt eller delvis skrivne av tretten menn.
  • To er skrivne på 1700-talet, ein på 1900-talet, dei øvrige er splittar nye (frå etter 2000)
Eg har jo halde på med desse bokoppdateringane ei stund, men det var ikkje før eg las bikkjelista for april 2016 at eg fann denne tweeten av @michelfosho. Var eg på utkikk etter devise for bloggen? Kanskje ikkje, men om så var er dette ein god mætsj.
Det tek til å bli mange år sidan eg vart utsett for Alltid fleire dagar medan eg gjekk på Katta, og sidan dess har eg i grunnen halde Ragnar Hovland nokså høgt. Ikkje så høgt at eg har lese absolutt alt, og heller ikkje så høgt at eg ikkje er i stand til å sjå at kvaliteten på bøkene hans er nokså variabel. Ungdomsbøkene har eg til dømes i liten grad teke sjansen på å lese. Men no fann eg Ein motorsykkel i natta som lydbok, lesen av forfattaren sjøl, så då vart det endeleg. (Er du ikkje glad du spurte?) No har eg lese ein del ungdomsbøker dei siste åra, og kan vel trygt seie at Ein motorsykkel i natta skil seg ut frå mykje av det andre. Ikkje for det, som andre ungdomsbøker handlar denne om eit ungt menneske som skal finne ut kven hen er og lausrive seg frå barndommen, men Hovland fortel på ein meir abstrakt måte enn det som er fasjonabelt no. Han legg seg mellom anna nært opp mot Rotløs ungdom, og gir i det heile inntrykk av å formidle eit ungdomsbilde som liknar meir på minnet om femtitalets filmar om ungdom enn noko særleg anna. Boka handlar om ein heller abstrakt ungdom, og romanhelten har heller abstrakte opplevingar. Moro at boka i somt legg vinn på å likne Huck Finn, då.

Gjennom åra har eg lese det meste av Christopher Nielsen. Eg har både flirt og gråte av det eg har lese, og eg har blitt imponert over innsikta og grepet om det norske språket. Soleis hadde eg gledd meg til å lese Bygdegutar. Vel låg eg litt etter skjema, men det kjentest litt ut som om realityfjernsynssettinga gjorde historia utdatert. Lell: Som før var det både moro og tankevekkande, og eg må seie at dei glorete fargane kledte historia godt. Var det undertonar av Blitz Tours der, tru?


Eg er gamal nok til å hugse at Christopher Nielsen og Lars Fiske
 og ein til fekk designe telekort

No som det har gått litt tid, er eg neimen ikkje kar om å hugse kva som fekk meg til å skaffe Americanah av Chimamanda Ngozi Adichie på lydbok. Det er lite truleg at det var det eg oppfatta som sjølsagtheitene i pamfletten Vi burde alle være feminister (det burde vi jo) eg hadde lese tidlegare, iallfall. Viss eg skal vere snill med meg sjøl kan eg kanskje gå ut frå at eg var genuint interessert i røynsler som skil seg radikalt frå mine eigne. I så fall fekk eg absolutt det eg var ute etter. Folk seier om Americanah at det er ei kjærleikshistorie, og det er jo ikkje sånn sett feil. Likevel må eg seie at sjøl om eg ønskte at Obinze og Ifemelu skulle få kvarandre, var ikkje flørting og seksuell oppvakning det mest interessante. Greia er at dei to blir skilt frå kvarandre når dei forlet Nigeria, ho til USA og han med kvart til Storbritannia, og dermed blir det til at båe to individuelt tek del i kollektive røynsler. Ho blir plutseleg klar over kva det vil seie å høyre til ein minoritet basert på hudfarge - å vere svart amerikanar i USA skil seg frå å vere svart afrikanar i USA  skil seg frå å vere svart (igbo) i Nigeria - medan han ikkje får visum, lever i skjul og blir til slutt sendt ut av landet i det han skal til å inngå pro forma ekteskap.
Kjipt cover, men det var det einaste eg fann i OK storleik

Som sagt ligg mykje av appellen til denne romanen i koss kollektive erfaringar får personlege uttrykk. Ein annan ting som gav mykje, var opplesinga til Adjoa Andoh. Ho meistrar fleire engelskar (sjøl om dei fleste USAnarane verkar å vere frå lenger sør enn ein skulle tru var meininga), og greier med både dette og smart stemmebruk å halde greie på eit ganske stort persongalleri. Ein ting eg ikkje heilt har bestemt meg for om er ei svakheit eller ein styrke er det at eg stundom venta at romanen skulle dreie hardt babord og bli eit mordmysterium Ifemelu kunne løyse eller noko heilt anna. Anten er det eit teikn på at boka vekkar fantasien, eller så er ho så banal at lesaren reagerer med å ønske seg vekk. Eller det kan vere med vilje.

Tidlegare har eg skrive eit stykke om Cafe Vespa, den førre ungdomsromanen til Martina Gaux. Ho er ute med ny bok i år, Jeg er ikke. Mykje av det eg likte ved Café Vespa er stadig med, kanskje særleg den skarpe dualiteten i hovudpersonen. Likevel er dette ei meir problemorientert bok, tematisk i slekt med Jenta fra Mars og kanskje litt Jenta i speilet.

Og når det no gjeld ungdomslitteratur: Det er ikkje berre Martina Gaux som har si eiga stemme, men det hender eg grip meg i å lure på kven det er som har invitert til ungdomsromankurs. Formel er kanskje eit for sterkt ord, men det verkar som det kanskje er litt meir enn mote som styrer dei ungdomsbøkene som kjem ut om dagen. Ein veldig hjelpsam forlagskonsulent kanskje? Viss det ikkje er fantasy er det ofte fiffige strukturar og paringar, kjennest det ut som.

Gudrun Skretting debuterer med Anton og andre uhell, der Anton lappar ein gummislange når han får høyre frå (den deprimerte) aleinepappaen sin at han er resultat av eit hol i ein annan gummiartikkel, altså smart parallelisme. Anton sitt prosjekt er å bli "meininga" og finne kone til faren sin. I ei smart parallellhandling skal venninna hans hindre foreldra i å skiljast. Det er smart tenkt og bra gjennomført.

Håper første ikkje blir siste frå Ingrid Ovedie Volden

På twitter heiter ho @vidunderfull, på bokomslaget Ingrid Ovedie Volden. Hennar debut som ungdomsbokforfattar er Alt som teller, der Petra slit med gryande forelsking, ei venninne med ein bror på flukt og visse tvangstankar. Talet pi får henne til å kaste opp fordi det er så ubestemt (ho føretrekkjer partal). Ein ting eg likar ved boka, er at eg ikkje er så hypp på å fortelje meir fordi det kjennest like slemt å spoile karakterane som hendingane, sjamener? Det er ikkje berre det at eg ikkje vi bruke så mykje energi på handlingsreferat, det er det at eg unnar lesaren å bli kjent med Petra og det som skjer med henne/det ho gjer på eiga hand, og det kan like lite falle meg inn å fortelje kva offentleg instans Petra kjem i kontakt med som å avsløre at det var forteljaren som var mordaren i Doktoren mister en pasient.

Ei ungdomsbok eg blei både positivt overraska og skuffa over var Min grusomme hemmelighet av (debutanten, sjølsagt) Anders Lindqvist. Hovudpersonen her er Sigbjørn, ein pøbel som plutseleg blir interessert i lyrikk. Ein morgon stig han fram på ein våg han ikkje har visst om, og sjøl om augo hans opnar seg tek det litt tid før hjarta hans opnar seg, men så ser vi raskt koss dører opnar seg. På ein måte blei eg skuffa og positivt overraska over denne boka på same tid. Ideen verka lovleg teit sånn til å begynne med, og Sigbjørn dreg det lovleg langt, men så er ikkje gjennomføringa så forbanna verst likevel. Men eg er usikker på om det er Sigbjørns jamaldringar eller lærarane hans som vil ha mest moro av henne.

Etter eit hendingsforlaup eg ikkje er kar om å attgje, hamna I Wear the Black Hat av Chuck Klosterman i lydbokhylla mi. Det var sikkert noko i retning av dagens tilbod hos Amazon eller sånn. Iallfall er Chuck Klosterman ein sånn (populær)kulturkommentator som er lett å lese i artikkelform på nettet. I bokform er han meir sånn heilt grei liksom, ikkje alle analysane er midt i blinken, men underhaldningsverdien er over middels. Hadde du trudd du skulle få høyre eit stykke om kvifor det gjekk gale med karriera til Andrew Dice Clay? Ikkje eg heller, men her er det eit. Den raude tråden i boka er skurkerolla, det bisarre ligg ikkje først og fremst i at sport er ein så sentral del av det utvida USAnske kulturomgrepet (Klosterman held seg med ein favorite sports owner), men i at Klosterman utan motstand let forteljingas logikk (som må vere det han brukar for å forstå verda som så tydeleg inndelt i heltar og skurkar) vere styrande for korleis han forstår heile verkelegheita. Som sagt finn eg dette bisart, og i den grad det var tankevekkande i tillegg vekte det tankar om koss det kan sjå ut inni huet på fyllekøyrar og skilaupar Petter Northug Jr og krinsen rundt han.

Julian Assange og Muhammad Ali og DB Cooper og Darth Vader og 2 Live Crew og...

Det siste året eller så har eg hatt stor glede av lange førelesingsrekker i serien The Great Courses (dei er verdt dei 23 dollarane i månaden eg betaler for to credits hos Audible og vel så det). Etter innleiande runder med den franske revolusjonen har det gått i antikken i områda rundt Middelhavet, og det er ikkje fritt for at eg stundom har sakna eit vidare geografisk perspektiv. History of the Ancient World - A Global Perspective gjer nett det som står på pakken. Professor Gregory Aldrete brukar rettnok ganske mykje tid på Hellas, Makedonia og Rom, men han tek oss med til Indusdalen, India, Kina, Mellom-Amerika og endå nokre plassar. Sjøl med 48 halvtimar å gjere det på blir mykje gjennomgått med harelabb, men på den måten kan ein få ei oppsummering og kanskje til og med eit anna perspektiv på det ein kjenner, samstundes med at ein får ein guide til område å lære meir om. Særleg må eg seie eg hadde sansen for Aldretes gode bibliotekariske insistering på at det er meiningslaust å snakke om historie utan å snakke om geografi samstundes. Stundom blir det romerske perspektivet merkbart, det var mellom anna bra at Hadrian moste Dakia fullstendig, sidan det gjorde grensa rettare og Rom fekk masse gull ut av det. Kva Dakarane hadde å seie til saka? Njææ, vi får iallfall sjå korleis dei blei massakrerte om vi studerer Trajansøyla. Likevel nøler eg ikkje med å tilrå dette globale perspektivet.

No er det mangt vi ikkje veit om Indusdal-sivilisasjonen, mellom anna kva dei kalte byane sine.
Denne kallar vi Mohenjo Daro.
By M.Imran  CC SA 1.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=2560364

Stundom blir eg litt mistenksam når eg ser kor godt eg i snitt liker dei bøkene og skriv om her. Er eg ikkje i stand til å bli skuffa, liksom? Det er nesten, men berre nesten, eg blir letta når ei bok skuffar meg sånn som Survivor gjorde. Det kan tenkjast at den andre Chuck Palahniuk-boka eg har lese alltid vil stille dei andre bøkene hans i skuggen, men å seie at Survivor ikkje var like god som Fight Club er å ikkje seie noko særleg om kor langhenta og scatterbrained førstnemnte er. Ein ser jo allegorien ganske tydeleg, og det store problemet til boka er kanskje nett at allegorien tek for stor plass til at ein roman kan finne seg til rettes mellom permane. Somme av ideane er gode, då.

Riad Sattouf er ein serieteiknar med fransk mor og syrisk far. Første band av den sjølbiografiske teikneserien hans er lett å finne på folkebiblioteket, berre spør etter Fremtidens araber. Sattouf fortel om dei første åra av ein oppvekst som går føre seg litt i Frankrike, men meir i Libya og Syria. Stilen er klar og fin, og barnets perspektiv blir stundom korrigert av diskrete, forklarande innsmett. Likevel er det, iallfall etter berre eitt band, litt uklart kor dette går. Denne delen av verda på denne tida (då eg sjøl var barn, Sattouf og eg er nokolunde jamgamle) er noko ein gjerne skulle lære meir om, men om dette er ein god stad å starte er det vanskeleg å vite kor ein skal gå vidare.

Som det går fram av andre postar her, har eg gjennom ein del år lese ganske mykje om den franske revolusjonen. Likevel er det første gong eg les så å seie ei primærkjelde. Pamfletten Hva er tredjestanden har eg soleis kjent ved namn i mange år, men det er først no han er omsett til norsk.

Teksten på den eine og det eine fotnotesettet på den andre. Dette skulle ikkje vere naudsynt, vel?
Og dette vil eg ha meir av. Det kom vanvittige mengder pamflettar og andre trykksaker frå stenderforsamlinga vart kalt inn og under heile revolusjonen. Aviser, smedeskrift mot dei kongelege og mangt anna som både ga uttrykk for folkekjenslene og varma dei opp. Eit redigert utval av dette burde vel vere mogleg å få i stand?

Noko anna som burde vere mogleg å få i stand er ein fotnotefunksjonalitet i ebokbib. I utgangspunktet likar eg tanken om å skilje dei dåtidige og dei notidige fotnotene, men med to sett fotnoter og ein tekst som ikkje let meg navigere mellom dei på ein betre måte enn ved å bla krev nesten at eg har to, helst tre nettbrett/telefonar å lese på.

Jane Austen! Meinar å hugse at det var Mansfield Park som var den Austenboka Thomas Piketty greip til å for å illustrere tilhøvet mellom kapitalinntekt og lønsinntekt (og hadde han bøffa dette trikset direkte frå Karl Marx?), og det gav iallfall ein ekstra dimensjon til lesinga av henne. Så vidt eg har forstått er ikkje Mansfield Park kjent for å vere Austens festlegaste, og det kan nok stemme. Likevel: Det at hovudpersonane som skal få kvarandre så til dei gradar held på konvensjonane (ulikt romanheltar det er lettare å bli glad i) kan kanskje bringe mønstera i forgrunnen. Viss ein ser bort frå den romantiske kjærleiken handlar boka først og fremst om kva det er ved samfunnet som gjer at den eller den paringa vil vere høveleg eller ikkje høveleg, og om kva som skal til for at Fanny og Edmund kan få kvarandre. Austen stiller typer opp mot ein annan, og i denne romanen kjem den analytiske tankegangen hennar fram ganske tydeleg.

Jane Austen ser omlag like tankefull og grinete ut på dette portrettet,
teikna av  systera Cassandra Austen.

Novellesyklar høyrer ikkje til det eg les oftast, men her kjem ein omtale av ei. Olav Starheimsæter har skrive Lystslott, ein syklus der alle novellene er knytte til sexformidlingsnettstaden lystslott.no(?). Å seie at novellene er erotiske vil vere å lyge, det er snarare slik at personane utforsker grenser for koss ein kan vere seksuell saman eller åleine lizm. Det er mange triste lagnader her, for å seie det sånn, og om det er ein del sex er mindre kåtheit og glede. Sjølhjelpsforfattaren mot slutten av boka har ikkje vore innom leksjon fire i bokmålskurset mitt, ho har nemleg "innfunnet seg med" eit eller anna. Ålreit bok.



Til sist to bøker eg ikkje orka å høyre ferdig. Både i Noreg og Sverige driv krimforfattarar og skriv ungdomsbøker på si. Eg har vore så uheldig å høyre nummer 5 i Åsa Larsson og Ingela Korsells serie Pax, Gasten, og Tom Egelands andre ungdomssymbolkrim Skatten fra Miklagard. Dei har kvar sine svakheiter, for å seie det sånn. Etter denne boka å dømme er JK Rowling meir av eit forbilde for Larsson og Korsell enn Maria Gripe er. Diverre går dei rett i tryllefella, magiske krefter blir berre ein lettvinn måte å komme seg ut av halvvriene situasjonar på. Dessutan tenåringsdrama og demonisk hierarkipirking. Når det gjeld Egeland, er boka hans så JÆVLA OMSTENDELEG at ingen kjem seg av flekken. Og det er ikkje berre eg som får midtskill. Unga mine er midt i og på veg inn i målgruppa, men dei orka heller ikkje meir enn eit par CDar med denne langhalmen.

Neste gong: Maigret! Poul Ørum! Jason! Kanskje Store-Klaus!