fredag 20. desember 2013

The Magnificent Ambersons i tre media

The Magnificent Ambersons er truleg mest kjent som tittelen på ein film av Orson Welles, men filmen er ein adaptasjon av ein roman av Booth Tarkington. Minst kjent er truleg radioteateradaptasjonen Welles gjorde nokre år før han lagde filmen. Eg skal i det følgjande presentere dei tre manifestasjonane av denne soga i kronologisk orden.

Romanen

Det er grunn til å tru at Booth Tarkington (1869 - 1946) i den grad han er hugsa i dag er det som forfattar av førelegget til Orson Welles' andre film. Sjeldan høyrer ein noko særleg om den øvrige (nokså omfattande) produksjonen hans, medrekna dei to andre banda i den trilogien der Ambersons er andre band.

Booth Tarkington. Foto frå Wikimedia Commons.

Dette bandet kom ut i 1918 og vart raskt både ein prisvinnar og ein bestseljar. Boka kan beskrivast som ei blanding av familiesoge og sosialhistorie, der familien Amberson går frå å vere den vesle byens rikaste og mektigaste til å bli anonyme innbyggjarar i storbyen. Parallelt med Ambersonfamiliens fall veks bilindustrien og med den byen.

På det personlege planet handlar boka mest om Georgie Amberson Minafer, einaste son og siste ledd i familien, mor hans, Isabel Amberson, og hennar ungdomskjærast Eugene Morgan. Forholdet mellom dei tre er eit kjærleikstriangel, der båe mennene elskar Isabel til fortrengsle for kvarandre, og der Isabel elskar båe mennene på eit vis som gjer at ho mister seg sjøl.

Georgie er ein bortskjemt gut som slett ikkje har planar om å gjere anna enn å leve på ein formue han ikkje har gjort det spor for å skape og knapt er interessert i å lære seg å halde ved like. Han er intenst oppteken av ære og rykte, og ser på det som skandaløst at mor hans (som på dette tidspunktet er enke) skal bli oppfatta som kjærasten til Eugene Morgan. At han sjøl er forelska i Lucy Morgan, Eugenes dotter, står ikkje i vegen for prinsipprytteriet hans.

Isabel Amberson er gjennom delar av boka gift med Wilbur Minafer, ein stødig men litt keisam mann ho valte framfor Eugene etter at sistnemnte gjorde ein faux pas som gjekk hardt ut over ein kontrabass. Sidan ho umogleg kan elske Wilbur (seier folkesnakket), gjev ho all kjærleiken til den einaste son sin og skjemmer han på det viset bort. Når ho ligg an til i mogen alder å finne lukka med Eugene bøyer ho seg for sonens vilje og reiser bort med han, og øydelegg dermed lukka for seg sjøl, Eugene og for så vidt Lucy og Georgie.

Eugene Morgan er i mangt den mannen som er årsaka til byens endring og vekst. Etter nederlaget med Isabel forlet han byen, og når han kjem att etter eit snes år er det som enkjemann med ei dotter og som bilfabrikant og industrimagnat in spe. At han er "self-made" er noko av det Georgie hatar aller mest ved han, men for alle som ikkje er urimelege er Eugene ein likandes kar, ein reflektert og storsinna type som er i stand til å sjå det gode i jamvel Georgie.

Rundt desse har romanen sjølsagt eit større persongalleri. Andre medlemmar av Amberson-klanen er overhovudet Major Amberson, Isabels (barnlause) bror Jack og like barnlause bror Sidney, som rettnok berre er til stades som kravstort fråver. Wilbur Minafer har systera Fanny, ei stakkars evig peppermøy som sjøl er forelska i Eugene Morgan, men ute av stand til å påverke han.

Det er óg viktig å understreke at romanen har sterke kvalitetar som litteratur. Mange stader kan miljøskildringane verke i overkant ordrike, men ved nærare ettersyn vert det klart at dei er viktige element i ein særs tett og velintegrert tekst. Utvalet av episodar og dialogen i dei gir eit godt inntrykk av eit handlingsforlaup på iallfall tretti år, og både miljø- og personteikningar er livlige og truverdige. Skal ein kritisere romanen, må det vere for den heller flate slutten, der Georgie og Eugene blir forsonte ved hjelp av eit medium.



Radioteaterstykket

Orson Welles (1915 - 1985) adapterte The Magnificent Ambersons to gonger; først som radioteater i 1939 (29 oktober) og så som spelefilm i 1942. Om ein skal sjå reint kvantitativt på det, er det grunn til å tru at Tarkington var ein av yndlingsforfattarane hans (og vi har for så vidt hans eigne ord for det i intervjuboka This is Orson Welles (Welles 1992), der det óg står at Tarkington kjente Welles' far og at sistnemte i nokon grad var modell for Eugene Morgan). I løpet av perioden som radioteatersjef for Mercury Theatre on the Air og Campbell Playhouse framførte Welles tre stykke etter førelegg av Tarkington, like mange som av Dickens og fleir enn av Edna Ferber.

Den 21 år gamle Welles i 1937. Foto: Carl van Vechten. Frå Wikimedia Commons.


Den som høyrte sendinga til Campbell Playhouse 22 oktober 1939 (då var stykket Liliom av Ferenc Molnar) må óg ha fått inntrykk av at Welles var glad i Ambersons. I meir enn den tida det vanlegvis tok å annonsere neste vekes stykke les Welles nærmast vellystig frå første kapittel av romanen, og det er vanskeleg å tenkje seg korleis den rike prosaen skal bli overført til eit radioteaterstykke på om lag tre kvarter.

Men det må vere lov å seie at Welles gjorde ein heiderleg innsats. Som bearbeidar av andres stoff til eigne manus var han nådelaus, og viste i svært mange høve (ja, eg har høyrt alle som er tilgjengelege, sjå denne posten, og denne andre posten, tredje post om same tema og til sist fjerde post.) vilje og evne til å skjere historia inn til beinet, finne essensen og så la dei scenene som var naudsynte få den tida og plassen som var turvande. (Jamvel om det óg finst eksempel på at materialet var for mykje sjøl for vidunderbarnet Orson Welles. Dømesvis er Huckleberry Finn, Jane Eyre og A Tale of Two Cities berre bleike skuggar av førelegga sine.)

Med dette in mente er det lett å forstå at det er radioteaterutgåva som har det minste persongalleriet. Ikkje berre er Sidney borte, det same er Fanny Minafer. Mykje av oppvoksteren til Georgie er sløyfa, og han går rett frå å vere ein ufordrageleg tiåring til å bli ein ufordrageleg tjueåring.

Det som verkeleg er imponerande er kor tett opp til romanen denne adaptasjonen likevel ligg. Miljøskildringa som eigna seg så godt til opplesning og iallfall tilsynelatande så dårleg til dramatisk framføring har likevel vore grunnlag for eit anslag som let radioteater og roman likne kvarandre. Det vesle som var av indirekte tale i miljøskildringa har fått replikkform, og replikkane har i så stor grad som råd vorte lagde i munnen på personar vi møter att seinare.

I radioteateret er ein allvitande forteljar som står utanfor soga meir av eit akseptert grep enn i filmen, og jamvel i Magnificent Ambersons finn vi ein slik. Han seier tidleg at mange i byen lengtar etter den dagen den bortskjemte Georgie skal få sin bekomst (comeuppance), og peikar mot slutten på at det har han fått, til gagns.


Filmen

The Magnificent Ambersons var den andre filmen Orson Welles skreiv og regisserte, og har i kraft av å vere ein Wellesfilm ein spesiell plass i filmhistoria. Filmskaparen Welles hadde teater- og radioteaterskaparen Welles' rykte å leve opp til (frå scenen var mellom anna ei oppsetjing av Shakespeares Julius Cæsar i moderne kostymer og den såkalte Voodoo Macbeth kjente, og nokså nøyaktig eit år før Magnificent Ambersons vart sendt på radio hadde teatergruppa hans sendt den vidgjetne oppsetninga av HG Wells' The War of the Worlds, ei sending vi med ein viss rett kan hevde er den mest vidgjetne radiosendinga i historia.), og no i ettertid kan vi seie at han lukkast.

Filmplakat. Bilete: Wikimedia Commons


Debuten som filmregissør (og -produsent og -forfattar) fekk han med Citizen Kane i 1941, og om filmen ikkje var ein umiddelbar suksess har han i ettertid blitt ståande som ein av dei aller beste filmane som finst. Diverre var Kane óg den siste filmen Welles hadde kunstnarleg kontroll over, og soga om Magnificent Ambersons er i mangt og mykje ei soge om utidig innblanding frå eit studio som febrilsk forsøkte å få noko att på ei alt for stor investering.

Filmen vart klipt ned og om etter at Welles hadde reist til Sør-Amerika for å spele inn eit par andre filmar, og for å tette dei verste hola vart nye scener spelte inn. VF Perkins (2008) har rekna seg fram til at det iallfall manglar femti minutt av Welles' film i den versjonen vi har i dag.

Likevel gir det meining å handsame iallfall det vi har som (delar av) Welles' visjon av ei filmatisering av romanen. Iallfall anslaget er i stort slik Welles hadde tenkte det, og i denne presentasjonen har vi ikkje stor bruk for så mykje meir av filmen.

I høve til radioteaterversjonen er persongalleriet utvida. Sidney og frue er stadig ikkje å sjå, men Fanny Minafer har fått ein framståande plass i soga denne gongen. Den allvitande forteljaren er med, men han held seg meir i bakgrunnen enn han gjorde i radio.

Filmen startar med forteljarens stemme mot svart bakgrunn, og når biletet tonar inn ser vi eit nokså fjernt totalbilete av Amberson-huset. Det er langt nok frå kamera til at transportmåtar får plass i biletet, og avstanden er vidare med på å forsterke inntrykket av denne delen av filmen som oversyn og innleiing. Årstidene skifter, men huset står på same plass i biletet.

Ein viktig del av miljøskapinga i romanen er skildringa av ikkje berre byen og skikkane, men óg kles- og andre moter. Her blir denne oppgåva delt mellom forteljaren på lydsida og ein skodespelar (Joseph Cotten) vi snart skal forstå førestiller Eugene Morgan på bildesida. Med ein enkel montasjesekvens klarer Welles å gjenfortelje femti sider på tre minutt (fritt sitert etter Perkins 2008), og då har han i tillegg innført ein tidleg bil som farkost for Eugene Morgan.

Georgie Amberson Minafer blir introdusert ved omtale - folkesnakket som meiner han vil bli bortskjemt - og gir straks vi får sjå han folkesnakket heilt rett. Ei scene der han som tiåring yppar til slagsmål og bed ein prest om å reise til helvete er med i samtlege tre inkarnasjonar av soga, jamvel om det føreslegne reisemålet er sensurert i radio og på film, høvesvis ved plutseleg musikk og eit brått klipp.

Ved å introdusere Georgie først etter at det har vorte antyda at det er noko mellom Isabel og Eugene har Welles rydda opp i kronologien i ei historie som uansett er fortalt retrospektivt, samstundes med at han har flytta fram romansen mellom Isabel og Eugene.

Oppsummering

Orson Welles' to adaptasjonar av same roman utgjer eit godt utgangspunkt for å studere adaptasjonsstrategiar i ulike media, samstundes som både roman, radioteaterstykke og film byr på kvar sine lesar-, lydar- og sjåargleder.

Litteratur etc


Primærlitteratur
Tarkington, B.: (1918) The Magnificent Ambersons New York: Doubleday. Lasta ned som ebok frå Project Gutenberg (http://gutenberg.org)

Sekundærlitteratur
Perkins, V.F. (1999) The Magnificent Ambersons London: British Film Institute
Welles, O., Peter Bogdanovich og Jonathan Rosenbaum (1992) This is Orson Welles London: HarperCollins

Radioprogram
Welles, O. (regissør) (1939, 22 oktober) Campbell Playhouse: Liliom
Welles, O. (regissør) (1939, 29 oktober) Campbell Playhouse: The Magnificent Ambersons

Film
Welles, O. (regissør). (1941) Citizen Kane [35 mm-film] USA: RKO Pictures
Welles, O. (regissør). (1942) The Magnificent Ambersons. [DVD] Storbritannia: Universal Pictures

mandag 18. november 2013

Farvel til audible-pakka - Siste om Mercury Theatre/Campbell Playhouse

(Framhald av denne posten)

Det er ikkje fritt for at eg har vore litt snurt på amazon/audible i løpet av denne rekka med postar om den makelause samlinga med radioteaterstykke Orson Welles stod for som frontfigur for Mercury Theatre on the Air og Campbell Playhouse. Dei tek betalt for filer som elles er fritt tilgjengelege utan å presentere dei i noka form for logisk orden, utan å lage ei ordentleg liste over den ulogiske ordenen, utan å pusse opp lyden på noko vis; i det heile teke utan å tilføre nokon meirverdi som rettferdiggjer jamvel den vesle prisen dei krev. Dei har til og med (i audible-versjonen iallfall) konvertert filene til eit proprietært format slik at du må bruke deira eigen avspelar om du skal nyte godt av utlegget ditt.

Men jøss bevars, eg skuldar dei jo litt: Det er neimen ikkje sikkert at eg hadde vorte merksam på denne kulturskatten på anna vis, og i og med at eg har betalt er gjennomlyttinga ein måte å få valuta for pengane på i tillegg til at det sjølsagt er ei stor glede å få med seg så mykje radioteater.

Prosaisk i framtoninga, men ein veldig kjekk lydbokspelar, altså.

I løpet av denne posten vil eg bli ferdig med gjennomhøyringa av audiblepakka som ho er. I og med at denne pakka ikkje er komplett har eg oppsøkt andre kjelder og funne ein handfull stykke som ikkje er i pakka. Diverre manglar stadig ein del, mellom anna vart det gjort to innspelingar av Jane Eyre som ikkje har vore å finne der eg har leita. Denne posten vil på sikt innehalde ei mangelliste og lenker til kronologisk ordna spelelister, slik at andre kan få glede av den meirverdien eg sjøl har måtta tilføre.


Avspelingsrekkefølgje i Audible-pakka (legg til 60)

  1. The Count of Monte Cristo (29 august 1938)
  2. The Immortal Sherlock Holmes (25 september 1938)
  3. The Man who was Thursday (5 september 1938)
  4. The Pickwick Papers (20 november 1938)
  5. The  War of the Worlds (30 oktober 1938)
  6. I'm a Fool/The Open Window/My Little Boy (5 august 1938)
  7. Seventeen (16 oktober 1938)
  8. The 39 Steps (prøve, 1 august 1938)
  9. Treasure Island (18 juli 1938)

Andre kjelder

  • Twentieth Century (24 mars 1939)
  • The Broome Stages (4 februar 1940)
  • There's Always a Woman (17 desember 1939)
  • Craig's Wife (10 mars 1940)
  • Jane Eyre (31 mars 1940)

Manglar stadig (dei tre første: Mercury Theatre. Dei øvrige: Campbell Playhouse)


  • Jane Eyre (18 september 1938)
  • Oliver Twist (2 oktober 1938)
  • Clarence (27 november 1938)
  • The Bridge of San Luis Rey (4 desember 1938)
  • Call it a Day (16 desember 1938)
  • A Farewell to Arms (30 desember 1938)
  • The Chicken Wagon Family (20 januar 1939)
  • Burlesque (17 februar 1939)
  • State Fair (24 februar 1939)
  • Royal Regiment (2 mars 1939)
  • Les Miserables (7 april 1939)
  • Black Daniel (28 april 1939)
  • Come and Get it (31 desember 1939)


Kommentarar

The Count of Monte Cristo

Alexandre Dumas' mest kjente røvarroman var tydelegvis så populær som Mercuryproduksjon (denne) at Campbell ville ha ei stykket ein gong til (nyinnspelinga vart sendt ti månader seinare og er omtalt i ein tidlegare post). Den sære avspelingsrekkefølgja i audiblepakka gjer at desse kommentarane samanliknar den første med den andre istf tvert om, er eg redd. I somt er den første versjonen best. Ikkje minst teknisk: Om det er gjort ein oppussingsjobb på lyden eller om lydberarane hadde betre kvalitet veit eg ikkje, men den eldste innspelinga er mykje tydelegare enn den yngste. 

I andre stykke er det faktisk ikkje godt å seie kva for ei innspeling som er best. Innleiinga frå den første må Welles ha vore godt nøgd med, for den er mest ord for ord lik ved båe framføringar (God's vengeance on radio script writers... our humble fifty-seven minutes worth of The Count of Monte Cristo). Elles har det skjedd nokre endringar. Mercury-innspelingane gjekk stort sett under overskrifta "first person singular" og var altså førstepersonforteljingar. Dette er, så vidt eg kan hugse, gått bort frå i 1939. I 1938 vart det brukt ein del meir tid på alt som skjedde fram til Edmond Dantes hamna i kasjotten, i 1939 gjekk eit par minutt med til skattejakta på den vesle holmen utanfor Korsika.

Uansett innspeling er dette ei soge som er verdt å høyre, og det meir enn ein gong. Eg ser ikkje bort frå at eg ein gong i framtida kan ha lytta til desse to versjonane ofte nok til å få ein favoritt, men 1938-versjonen stiller svært sterkt på grunn av den tekniske kvaliteten på opptaket.


The Immortal Sherlock Holmes

Det går fram av Welles' lange innleiing at William Gillettes teaterversjon var vel så viktig for å popularisere den kjente detektiven i USA som dei opphavlege sogene til Arthur Conan Doyle. Dette er ein radioadaptasjon av Gillette sitt stykke meir enn noko anna, og eg er redd at når vi høyrer det i selskap med alle desse gilde stykka vi har høyrt til no, kan vi ikkje gje det nokon betre karakter enn mildly diverting.

Ray Collins som Watson er forsåvidt god, han er lojal og lettlurt. Welles sjæl som Holmes er mindre interessant, han er intelligent men først og fremst blasert. Eg har tenkt litt på det, og lurer på om ikkje detektivforteljingar på radio krev eit episodisk format, eller iallfall har veldig godt av det. Her går det lidderli fort i svingane. Tre dryge kvarter er ikkje nok til å bli kjent med dei eksentriske detektivane, sette seg inn i saka, danne teoriar om kven som kan ha gjort det, bli redd for helten i ein farleg situasjon og alt det der. Førre dagen høyrte eg siste episode av NRK sin De dødes tjern, og med fire timelange sendingar får dei på mykje meir ut av den vrien at det er krimforfattaren (både doktor Watson og Bernhard Borge er krimforfattarar) som er den av personane i soga som veit og forstår minst. Dette Mercury-stykket framstår først og fremst som delivery mechanism for replikken "Elementary, my dear Watson".


The Man Who Was Thursday

Denne tittelen og krimhylla til gamlingane mine er årsaka til at eg har forveksla GK Chesterton med Harry Kemelman i mange år. Dette til orientering.

Nåh. Som bok har The Man Who was Thursday (ikkje av Harry Kemelman) undertittelen A Nightmare, og jamvel denne adaptasjonen er sterkt draumeaktig. Eg skal prøve å ikkje spoile så veldig, men det er for det første ikkje så veldig vanskeleg å rekne seg fram til korleis draumen sluttar og for det andre neppe like mykje filosofisk refleksjon i stykket som i romanen. Har iallfall sett boka på leselista.


The Pickwick Papers

Så vidt eg forstår er ikkje Pickwick-klubben av Dickens ein sånn roman det går an å spoile, men snarare ei samling heilsprø hendingar bundne saman av eit felles eksentrisk persongalleri. Slik sett er denne boka eit vel så godt val til radioteateradaptasjon som A Tale of Two Cities (koss Oliver Twist fungerte trur eg neppe vi får vite med det første, iallfall har ikkje eg funne fleire av Dickens enn dei andre to). På den eine sida er det lett å raske saman hendingar til ein snau times forteljing, på hi er det klart at materialet fortener meir enn dette. Moro, men ikkje heilt tilfredsstillende.


The War of the Worlds

Det er vel ikkje å ta for hardt i å seie at dette er ei av dei mest vidgjetne radiosendingane nokosinne. Det er vanskeleg å sjå føre seg at alle forventningar til dette blir innfridde, men så har jo Welles seinare stått bak ting som er minst like bra som alle seier.

Jah. Det førre avsnittet skreiv eg i spent forventning. No har eg høyrt stykket, og er klar for å høyre det igjen og igjen. Om folk verkeleg let seg lure skal eg ikkje ta stilling til, men eg merker meg at etter dei innleiande minutta blir stykket innmari intenst. Det er liksom ikkje heilt truverdig at eit danseprogram skal bli avbrote av meldingar om eksplosjonar på Mars, men når nyheitssendingane med kvart kjem direkte frå landingsstaden i New Jersey viser Welles og dei andre ei meistring av radiomediet eg knapt kan hugse å ha høyrt maken til. Setningar som blir kutta midt i har sjeldan vore meir effektive.

Det skal seiast at for oss som veit kva vi lyttar til er det heller ikkje i den første halvelen av stykket vanskeleg å forstå at soga er sterkt komprimert langs tidsaksen. Det som er vanskeleg er å ikkje bli imponert over den effektive og gripande forteljinga.

Etter reklamepausen kjem first person singular-perspektivet inn att. Denne delen er dagboka til professoren som greide å unnsleppe åtaket. Koss det går med invasjonen frå Mars skulle vere kjent for dei fleste, og jamvel om Welles gir karakteren kanskje litt vel mykje sjølhøgtidlegheit er det stadig gripande saker, også no særleg etter at forteljinga har fått sett seg litt.

Oppsummert: War of the Worlds fortener å vere så vidgjete som det er, og vel så det.


I'm a Fool/The Open Window/My Little Boy

No har eg ved eit par andre høve meint at ein snau time ofte er litt lite, men her har Mercury-ensemblet greid å få noko vettug ut av ikkje mindre enn tre korte tekstar. Den første er ei førstepersonforteljing om ein kjekkas som kjem til å angre ganske mykje på noko han har sagt, den andre er meir reindyrka komedie med ein god tvist, medan den tredje er nokså maudlin om oppseding av born. Gjett kva for ein som er i lengste laget.


Seventeen

Booth Tarkington, folkens. Han var ein svært populær forfattar i USA iallfall i perioden rundt det førre århundreskiftet, og jamfør Wikipedia er det han, John Updike og William Faulkner som har vunne Pulitzer-premien for skjønnlitteratur meir enn ein gong. Woop-de-do. Orson Welles må ha vore ein entusiastisk lesar, for Seventeen er ein av tre Tarkington-adaptasjonar han gjorde med dette teaterensemblet (dei andre er Magnificent Ambersons, som han som kjent lagde film av óg, og Clarence, som eg så langt ikkje har funne opptak av).

Stykket er eit slags nidportrett av småborgarleg småbyliv, med særleg vekt på den særleg melodramatiske syttenåringen Willie Baxter. Orson gir alt i tolkinga av tittelrolla, og medspelarane (her må Ray Collins nemnast igjen) tilfører nok glimt i auget til at stykket ikkje først og fremst er slemt. Moro.


The 39 Steps (prøve)

Mykje betre lydkvalitet enn på opptaket av stykket slik det vart sendt. Det varar óg ein god del lenger, og ikkje berre på grunn av stadige avbrot grunna manussider som er borte og slikt. Det som verkeleg overraskar er kor koherent jamvel den enno strammare versjonen trass alt er, jamvel om det er lite her i prøva som kan kallast langhalm.


Treasure Island

Dette var berre den andre sendinga i Mercury Theatre-serien, men innspelinga ligg altså sist i audible-pakka. Bra greier. Hovudinntrykket er at det er flest røvarhistorier og showbiz-forteljingar i dette materialet (kanskje eg tek ei oppteljing ein gong, kanskje ikkje), og om skodespelarane kanskje kjenner seg best att i dei siste utstrålar dei meir joie de vivre i dei første. Denne er nok óg heilt sikkert lagd for folk som kjenner og elskar soga, men det funkar bra for oss andre óg.


Twentieth Century

Showbiz. Adaptert frå filmen, og utmerker seg ved at Orson Welles ikkje er Cary Grant, rett og slett.


Broome Stages

Og meir showbiz. Denne gongen er det fleire generasjonar teaterfamilie i London, og Welles' eine rollefigur (fjerde generasjon) er i grunnen, eh, insufferable. Stykket er godt sett saman, altså, skikkeleg sånn tida går i ring og sluttar der det startar. Tvisten mot slutten heng på det spørsmålet det inntil nyleg berre var mor som kunne gje eit sikkert svar på. Høgdepunktet er faktisk den fnisete avslutninga mellom Helen Hayes og Orson Welles. Av ein eller annan grunn er det spesielt moro at Hayes' pågåande teaterturne skal innom Buffalo etter Boston.


Craig's Wife

Ho er eit troll til kjerring, fru Craig, og i løpet av stykket får William Craig sanne dette til gagns. Denne gongen er det det reint ut gnistrande samspelet som er hovudattraksjonen, det er nemleg ikkje særleg vanskeleg å gjette kva som kjem til å skje. Tilfredsstillande å vere vitne til, då.


There's Always a Woman

Delightful! Hardkokt detektivscrewball som nok skuldar The Thin Man-filmane ein god del, jamvel om det er frua i huset som er den gløggaste detektiven i hushaldninga. Ingen har tilnærmigsvis same kjemi som William Powell og Myrna Loy, men Orson Welles og Mary Wilson er jævelsk gode i lag. Vellukka som detektivforteljing, kjærleikshistorie og leik med kjønsroller.


Jane Eyre

Welles' siste førestelling for Campbell Playhouse var ein ny versjon av ein travar Mercury hadde hatt suksess med før. Diverre, får ein mest seie, for dette er rett og slett ei sviske. Som med Rebecca er det komplett uforståeleg at den kvinnelege hovudpersonen fell for den mannlege, Welles' Rochester er nemleg ein sjøloppteken dass utan særleg mange forsonande drag. Som manusforfattar er elles Welles fryktlaus andsynes kjeldematerialet, Janes barndom og opphald på skulen er over på eit minutt eller så.

Ernest Chappell har elles ei rolle utover å selje suppe denne gongen: På vegner av Campbell's takkar han Welles for godt samarbeid og knakande godt teater. Her eg sit snart 75 år seinare forstår eg godt takksemda, og ser fram til gjenhøyr med fleire av dei stykka eg har høyrt i løpet av dei siste par-tre månadene.

fredag 8. november 2013

Radioteater med mindre suppe

(Førre post er her)

Mindre suppe fordi det no endeleg snart er slutt på at radioteaterførestellingane skal vere reklame for hermetisk suppe, i denne posten er det berre den første handfullen stykke der Ernest Chappell har noko han skulle sagt. Altså skal eg óg gjere meg ferdig med suppa ganske fort:


Sånn. Heldigvis er det fleire suppefabrikantar i verda enn Campbell's. 

Men derimot blir det litt om kyllingfilet: Det har blitt til at eg har prøvd eit par andre supper, og særleg dei thailandske krev at eg tilset reker eller kylling. Well sir, då har det blitt til at eg har fått høve til å meditere litt over meirverdi. Altså korleis tilfører ein meirverdi til eit produkt og kor mykje betre betalt kan ein tillate seg å ta osb.

Kva som er meirverdi når det gjeld kulturprodukt som har falt i det fri kan vi jo komme tilbake til, no er saka kva som er grunn til å ta betre betalt for bitar av kyllingar som neppe har hatt det særleg godt i livet.

Prior sel kyllingfiletar i iallfall fire ulike pakningar: 300 og 680 gram i plastbakke, 575 gram skiva i plastbakke og 640 gram singelpakka. Innhaldet er på mange måtar det same – rå brystfilet av kylling – men likevel varierer kiloprisen frå 125 for den største pakka til 234,78(!) for den skiva. Mindre pakke uoppskoren (159,67 pr kg) er, ikkje overraskande, litt dyrare enn den større pakka, men det store sjokket er verdien som blir tillagt ekstra søppel: Fire singelpakka kyllingfiletar (som kvar av dei veg 10 gram mindre enn dei i same bakke, merkeleg nok) kostar 170,31 per kg.

Å skjere opp fileten i skivar gjer at kvar filet stig i pris frå om lag 31 til om lag 58 kroner, og det må ein jo kunne kalle respektabelt. Til samanlikning kostar kvar filet i kvar sin pose om lag 43 kroner. Det vil igjen seie at meir søppel kostar om lag tolv kroner meir per filet, medan 27 kroner ekstra per filet sparar deg for å bruke kniven sjøl. Det kan jo hende at det stemmer så nokolunde med timeprisen din, og det kan jo vere at du meiner det er verdt det for å sleppe å betale deg sjøl risikotillegg for knivbruk.

Kva så med radioteater som har falt i det fri og meirverdi? La det vere heilt klart at alle desse teaterstykka og fleire til er fritt tilgjengelege for nedlasting, både på archive.org og på mercurytheatre.info. Som eg har sagt før, tilfører ikkje amazon/audible noko vidare. Dei har overført filene til eit proprietært format ein må ha ein eigen mediespelar for å ha glede av, men dei har ikkje sytt for så mykje som ei korrekt liste over titlar i avspelingsorden. Ei slik liste hadde representert meirverdi, det same hadde nærmast kva logiske ordning av stykka som helst. Kva er gale med kronologisk, til dømes?

Sa eg forresten at (proprietært format eller ikkje) same samling er tilgjengeleg i wimp? Og spotify? For det er dei. Vitsen med å skrive desse lange postane har vore (og er) å sjøl tilføre den meirverdien eg meiner amazon burde gitt meg i bytte mot dei tjue kronene mine. Eg kan ikkje gjere noko med lydkvaliteten, men eg kan lage denne kommenterte lista over spora i audible-pakka, og eg kan jaggu meg lage spelelister i til dykk andre. Den store ulempa med strøymetenestene er elles at dei ikkje har noko lydbokmodus som hugsar kor du var om du må avbryte avspelinga, for å få til det må ein laste ned mp3-ar og spele dei av med td akimbo.


Avspelingsrekkefølgje Audible-pakka (legg til 40)

  1. Vanity Fair (7 januar 1940)
  2. Venessa (10 desember 1939)
  3. Victoria Regina (2 juni 1939)
  4. What Every Woman Knows (24 september 1939)
  5. Wickford Point (5 mai 1939)
  6. Dracula (11 juli 1938)
  7. HG Wells Meets Orson Welles (28 oktober 1940)
  8. Heart of Darkness og Life with Father (6 november 1938)
  9. Hell on Ice (9 oktober 1938)
  10. Julius Cæsar (11 september 1938)
  11. Les miserables 1: The Bishop (23 juli 1937)
  12. Les miserables 2: Javert (30 juli 1937)
  13. Les miserables 3: The Trial (6 august 1937)
  14. Les miserables 4: Cosette (13 august 1937)
  15. Les miserables 5: The Grave (20 august 1937)
  16. Les miserables 6: The Barricade (27 august 1937)
  17. Les miserables 7: Conclusion (3 september 1937)
  18. A Passenger to Bali (13 november 1938)
  19. The 39 Steps (1 august 1938)
  20. The Affairs of Anatol (22 august 1938)



Kommentarar

Vanity fair

Ufullstendig (innleiinga manglar). Romanen har i grunnen aldri vore mellom favorittane mine, han er litt for perfid og litt for fordømmande andsynes ei kvinne som om du spurte henne nok berre vil ha det dei andre har. Adaptasjonen koser seg med råkande karakteristikkar av oppdikta personar og det blir berre måteleg interessant.


Venessa

Ufullstendig (Innleing og litt av starten manglar). Dette stykket er eg nære på å gje opp, og trur det hadde vore på same måten jamvel om starten hadde vore med. Venessa og ein del andre gjer dumme val som om dei skulle ha tusen år å rette opp feila på. Særleg er tittelkarakteren omgitt av ubrukelege mannfolk. Så såpeaktig at det nærmar seg parodien.


Victoria Regina

Kva er det med dette raset av kvinneportrett? Og kvifor er dei så låke? Av alle moglege sider av dronning Victoria vel dette stykket å konsentrere seg om kjærleikslivet. Og det kunne sikkert vore artig nok, men diverre er ho i tillegg framstilt som ei slags blanding av Queen Bess frå Blackadder og Prinsesse Lillefe.


What Every Woman Knows

The second wickedest accent in the world. Welles presenterer denne romantiske komedien som det beste JM Barrie skreiv, og det slår meg at han har skrive andre ting enn Peter Pan. Elles er det å nemne at den kvasialfabetiske rekkefølgja skapar eit kunstig band mellom Victoria Regina og What Every Woman Knows: Førstnemnte sluttar med Auld Lang Syne og sistnemnte opnar med Scotland Forever. Lydkvaliteten er så dårleg at det er ugreit å få med seg alt, men motsett det som skjer med Wickford Point får ein her nok inntrykk av handlinga til å tru at ein går glipp av noko morosamt.


Wickford Point

Nesten umogleg å oppfatte replikkar. På denne måten blir radioteateret ei abstrakt kunstoppleving, ei vag soge der du har mistanke om at det handlar om forboden kjærleik i familiar som ein gong var framståande, men må halde deg til tonefall og ein og annan glose som let seg fange opp. Som med The Patriot månaden før er Campbell Playhouse del av lanseringsstrategien for ei ny bok. Intervjuet med John P. Marquand (forfattaren, altså) tyder på at han var ein velsett forfattar med rykte for svært truverdige personskildringar.


Dracula

(Farvel til Campbell, med mindre Craig's Wife og/eller There's Always a Woman skulle dukke opp. Dessutan oppdagar eg at eg høyrte denne på årsdagen for Bram Stokers fødsel i 1847, artig samantreff!) Det er ikkje Mercury Theater si skuld at Dracula ikkje er nifs (lenger), men det er fint å høyre dette stykket som påminning om at detta vampyrgreiene er noko heilt anna enn glimande udøyelege tenåringar. Ta gotikken tilbake, liksom. Fin adaptasjon/amputasjon av boka, med svært aktiv bruk av lydeffektar.


H.G. Wells meets Orson Welles

Denne snutten er sånt som typisk hadde passa som bonusmateriale på ei utgåve av War of the Worlds eller for den delen Citizen Kane, midt mellom to radioteaterstykke frå 1938 blir dette radioinnslaget frå 1940 malplassert. Men det er triveleg å høyre på eit møte mellom to medlemmar av selskapet for gjensidig beundring. Opptaket er gjort i 1940, og dei to snakkar litt om War of the Worlds, Things to Come og krigen i Europa (dette er knappe seks veker før åtaket på Pearl Harbor) før Wells spør Welles om filmen han visstnok snart er klar med. Welles svarar at jaudå, den heiter Citizen Kane (ikkje C-A-I-N, men K-A-N-E) og er a new kind of motion picture. Hehe.


Heart of Darkness∕Life with Father

Ein forstår at suksessen med tre korte forteljingar på ein time (sjå litt lenger ned her) gjorde slike antologi-show til eit folkekrav. Var det så ein like stor suksess å kople desse to stykka saman? Janeiæveititjænei. No er rettnok Mørkets hjerte ein heller stutt roman (verkeleg stutt), men det er kanskje der problemet ligg. Å adaptere for kommersielt radioformat er visst å skulle korte ned, og noko så stramt som Mørkets hjerte er det nok ugreit å skjere i utan å øve vald mot. No kjenner eg ikkje Life with Father frå før, men stykket blir jamvel annonsert som høgdepunkt frå den populære boka. Avgrensa appell, er eg redd.


Hell on Ice

Adaptert frå Edward Ellsbergs bok om den fatale nordpolsekspedisjonen til kaptein deLong i 1879. Skuta frys inne i isen, og det tek ikkje lang tid før mannskapet får god, gammaldags cabin fever. Når skuta i tillegg søkk og ekspedisjonen må prøve å ta seg til iskanten for å kanskje få hjelp er det nokså klart at dette med Hell er eit råkande ord. Gripande saker.


Julius Cæsar

Av ein eller annan grunn får vi her servert ei prøve. Ein kan tenkje seg at grunnen er at sjølve sendinga er tapt, og det er i så fall synd. Om ein skal tru sjølskrytet er dette ein radioversjon av ei fenomenalt populær Broadway-oppsetjing av dette Shakespearestykket, og det er ikkje så moro å få det avbrote med "Quiet in the studio!" og andre tilrop. Elles er dette bra saker. Som radiopublikum får vi jo ikkje sjå så mykje av kva som går føre seg, eit problem Mercury Theater løyser ved å innføre ein forteljar. Genistreken er å kombinere stykkets samtid og framføringas notid i forteljaren. Welles innleiar ved å peike på at stykket var like aktuelt i oktober i fjor som Shakespeare skreiv det, 1650 år etter hendingane stykket handlar om. Det forteljaren les er soleis henta frå Plutark, den romerske historikaren som iallfall er nærmast handlinga i tid. Skodespelarane framfører Shakespeares tekst, og notida blir bragt opp i dagen ved å la Plutarks framstilling bli opplesen av den respekterte radiostemma Hans von Kaltenborn. For vårs som høyrer på P2s nyheitsmorgon ville dette vere som om Bjørn Bø (og ikkje han flåsete Øystein Heggen) skulle lese Plutark for oss medan Erik Hivju, Nils-Ole Oftebro og dei andre framførte Shakespeare innimellom. Håper nokon finn eit opptak av sendinga og pusser det opp. Musikk av Marc Blitzstein.


Les Miserables

Der dei andre stykka har vore timelange adaptasjonar av filmar, romanar, skodespel osb, er dette ein høyrespelserie. Då denne serien vart spelt inn (sommaren 1937) og sendt var ikkje Mercury Theatre stifta enno, men for oss som har høyrt dette ensemblet vil mange røyster vere lette å kjenne att. No kan ein jo, i det ein er i ferd med å gå inn i ei avspeling av serien, håpe på at sju halvtimar gjer det lettare å lage ein samanhengande adaptasjon enn dei vanlege to (særleg A Tale of Two Cities var så usamanhengande at ein knapt kunne rekne stykket som romanspoilers), men så lyt ein hugse på at De elendige er ein svært omfangsrik roman. Siste norske omsetjing var på tre band og opp mot 900 sider, jamfør wikipedia er heile den uforkorta romanen på om lag 1900 sider. Til samanlikning er den nemnte Dickens-boka å få i utgåver på om lag 450 sider. De elendige er meir enn fire gonger så lang på papiret, men mindre enn fire gonger så lang i radioen. Det eg prøver å seie er at jamvel den beste omskrivaren skal slite med å få til ein adaptasjon som yter grunnlagsmaterialet nokon form for rettferd.

Okay no har eg høyrt heile. Det er ikkje så mykje anna å seie enn dette: 

Dæven. Steike. 

Litt meir: Dette var heilt fantastisk på den mest pulpy måten ein kan tenkje seg. Nei, eg rakk ikkje å lese dei 1900 sidene før eg gjekk inn i høyrespelserien, men gu'  kor eg gler meg. Eg trur ikkje eg har vore borti noko som likna så mykje på ein filmserie av Louis Feuillade utan å vere det. Javert som Fantômas, Jean Valjean i rolla som Judex, sjokkerande hendingar rett frå Les vampires, melodrama som i Les deux gamines eller Parisette... På sju halvtimar inneheld dette teaterstykket alt (alt) frå brei folkekomedie til folk som stig opp av grava og sal av  kroppsdelar og skamlaus utnytting og det eine med det andre. Veldig moro, og ein serie eg håper å kunne spele for arvingane når dei berre blir litt betre i engelsk. Ålreit lydkvalitet.


A Passenger to Bali

Okay, no er audiblepakka rett og slett useriøs. Denne står ikkje på lista, men er med lell. Craig's Wife og There's Always a Woman er så vidt eg forstår tilgjengelege i Wimp og Spotify.

Ikkje at A Passenger to Bali ikkje er velkommen, altså. Di meir komplett, di betre, i grunnen. Denne er ei skikkeleg røvarhistorie frå sjøen, med fargerike karakterar og sjølsagt Orson Welles i den fargerikaste rolla. Han framfører replikkane med eit valdsamt bulder og ei stemme som kunne tilhøyre ein mann på iallfall tre gonger skodespelarens røynlege alder, som på det tidspunktet var 23 år. Elles har det ikkje på kort sikt vore råd å finne ut noko særleg om boka eller forfattaren (Ellis St. Joseph), men dette høyrespelet ymtar om noko som er verdt å leite litt etter.


The 39 Steps

Dette er iallfall kjente saker. Boka til John Buchan let seg laste ned gratis frå Gutenberg.org (og Thomas Pynchon er Buchan-fan, ei tilråding så god som nokon), og mange vil kjenne filmen som ein av Hitchcocks beste trettitalsfilmar. Dei som berre kjenner filmen vil elles bli overraska ved gjennomhøyring av dette høyrespelet, for det viser seg at det er meisteren som har innført Mr. Memory, Pamela og ganske mykje anna. Denne adaptasjonen er meir trufast, men og (det må seiast) mindre morosam. Hos Hitchcock vekslar soga mellom humor og spenning (eller suspense, då), her hos Welles er det rettnok ein avansert kronologi, men lite å flire av. Lyden er skjemt av mykje knitring.


The Affairs of Anatol

Denne gongen er det litterære førelegget ei soge av Arthur Schnitzler (kjent for Traumnovelle, førelegget til Eyes Wide Shut). I innleiinga nemner Welles at Schnitzler døydde i 1931, "sju år før Austerrike vart stroke frå Europakartet for godt". Hæ, tenkte eg. Å ja, Anschluß, ja. Stykket er iallfall ein vittig sak om den vinteren Anatol blei forelska sju gonger, her får vi utdrag frå tre av affærene. Det er sofistikerte greier, og som sagt ganske vittig. Anatol er ein mann med mange sider, men eg synest kanskje Welles i rolletolkinga si kanskje gjer han litt for veik. Elles er det på tide å skryte av Ray Collins, ein av dei faste i Mercury-ensemblet. Her spelar han Anatols venn Max, og det er ikkje for mykje sagt at han hever dette stykket fleire hakk. Med ei stjerne som Orson Welles i ensemblet er det ikkje mange hovudroller att til andre, men Ray Collins er støtt ei glede å lytte til uansett kor lita rolla hans er.

torsdag 10. oktober 2013

Meir om suppeteater

(dette er naturlegvis eit framhald av denne posten)

Det er godt vi har vittigperar som Scroobius Pip:

Suppeteater er noko som finst i verda, ikkje sant? Her ein kvelden måtte iallfall eg endeleg gje tapt for Ernest Chappells endelause mas om at Campbells supper på boks er det beste sidan ferdigoppskore brød. Eg kjøpte ein boks Campbell's tomatsuppe og brukte lettmjølk istf vatn for å få cream of tomato-suppe. Det var i og for seg godt, men det er ikkje fritt for at ein lengtar litt tilbake til den eksepsjonelle tomathausten i 1939.

Det står ein boks kylligsuppe klar, så langt har eg merka meg at den fluffy rice som var med i oppskrifta på trettitalet er borte. Utvalet på Meny er litt avgrensa, så når eg har prøvd asparges er det berre oksehale att, og den har eg så langt ikkje høyrt reklame for. Til gjengjeld har eg kjøpt inn tom yum og tom ka gai på boks. Er du ikkje glad du spurte?

Avspelingsrekkefølgje i audible-utgåva (legg til 20)


  1. Mutiny on the Bounty (13 januar 1939)
  2. Only Angels Have Wings (25 februar 1940)
  3. Our Town (12 mai 1939)
  4. Peter Ibbetson (10 september 1939)
  5. Private Lives (21 april 1939)
  6. Rabble in Arms (3 mars 1940)
  7. Rebecca (9 desember 1938)
  8. Showboat (31 mars 1939)
  9. The Bad Man (19 mai 1939)
  10. The Citadel (21 januar 1940)
  11. The Count of Monte Cristo (1 oktober 1939)
  12. The Garden of Allah (19 november 1939)
  13. The Glass Key (10 mars 1939)
  14. The Green Goddess (10 februar 1939)
  15. The Hurricane (5 november 1939)
  16. The Magnificent Ambersons (29 oktober 1939)
  17. The Murder of Roger Ackroyd (12 november 1939)
  18. The Patriot (14 april 1939)
  19. Theodora Goes Wild! (14 januar 1940)
  20. Things we have (26 mai 1939)


Kommentarar


Mutiny on the Bounty

Middels god lydkvalitet, men veldig bra drama. Vanskeleg å tru at den Welles vi høyrer som kaptein Bligh er i første halvdel av tjueåra, og Joseph Cotten er lett å kjenne som Fletcher Christian. Ikkje så verst lydkvalitet, og det er særleg grunn til å vere takksam for dette sidan ulik romklang er brukt svært aktivt som verkemiddel her. Sjølve stykket varar berre i tre kvarter, resten av sendinga (frårekna den delen om at kvinner har gjort mytteri mot kjøkenkapteinen og kjøper ferdig suppe istf å koke sjøl, banna bein) går med til ei kjensleladd oppdatering av lagnaden til etterkommarane av mytteristane på Pitcairn Island. Å høyre Orson Welles introdusere ein radioamatør som hjelpte dei med å skaffe mat og medisin er rett og slett ein draum. Ikkje rart han var radiostjerne.

Only Angels Have Wings

Særleg suppereklamen vi heile tida får høyre i desse sendingane viser som før sagt at 1939-40 var ei anna tid reint kjønsrollemessig. Ein kunne kanskje frykte at ei radiodramatisering av Howard Hawks' mannefilm Only Angels Have Wings skulle bli noko sexistisk ræl, men ræl er det iallfall ikkje. Welles har ikkje tona ned Hawks' tematisering og utforsking av mannsrolla, iallfall. Dialogen må iallfall for det aller meste vere Jules Furthmann sin frå filmen og er veldig bra saker. Det handlar om vennskap, kjærleik, respekt, saknad, avhengigheit, tillit og alt det greiene der, men mellom (i hovudsak) menn i livsfarlege situasjonar. Det harde skalet deira er tynnare enn ein skulle tru, og det er ikkje fritt for at denne karen blir gripen. Godt døme på at eit godt drama kan transcendere dårleg teknisk kvalitet.

Our Town

Så vidt eg forstår er oppslagsordet Americana i ordboka illustrert med eit foto av Thornton Wilder, som har skrive dette stykket. Elns. Pulitzervinnar om dagleglivet i småby-USA. Heimstaddikting, liksom. Det er vanskeleg å seie noko interesssant om dette stykket, for det var i grunnen vanskeleg å interessere seg for det.

Peter Ibbetson

Ekstremt sentimental soge med overnaturlege element eg for min del kjenner betre frå horrorlitteraturen. Det dreiar seg om to personar som møter kvarandre i draumane sine, sånn på ordentleg. Endå eit døme på at slikt som var populært i mellomkrigstida har svært avgrensa appell meir enn sytti år seinare. Den kvasialfabetiske avspelinga har elles spelt oss eit puss att: Førre stykke var frå eit motsett miljø av dette (USAnsk småby mot kontinental og engelsk overklasse), men jammen har ikkje båe to eit overnaturleg element. ingen av dei er på nokon måte morosame nok til at samanstellinga av dei blir særleg interessant, men når ein no først høyrer alt...

Private Lives

Sofistikert! Noël Coward-stykke om eit par som knapt får til å leve saman men ikkje kan tenkje seg å leve utan kvarandre. Kjenner ikkje originalen, men håper at den franske hotelier-karikaturen er ein karakter som vart tilsett (eller iallfall utvida) for å få stykket til å henge i hop på radio. Transcenderer elendig lydkvalitet. Denne gongen reklamerer elles Ernest Chappell for Campbells tomatJUS, og det fleire månader før den fantastiske tomathausten 1939 var eit faktum.


(Suppe)

På dette tidspunktet fall det seg sånn at eg fekk meg ein boks Campbell's kyllingsuppe. Just as sure as you like chicken, you'll like Campbell's chicken soup, nærmast syng Ernest Chappell. Janeiæveititjænei, seier eg. Det var nokre få pieces of tender chicken meat, men dei var lovleg små. Fluffy rice må ha blitt fjerna frå resepten ein gong i løpet av dei siste sytti åra, og det trur eg er synd. Stikk i strid med alt ein veit om boksemat var denne dessutan ikkje ein gong salt nok. 


Rabble in Arms

Myteskaping frå uavhengigheitskrigen. Tidvis svært vanskeleg å halde følgje med kva som blir sagt og kva som skjer, og sidan Benedict Arnold er ein figur vi på denne sida av atlanteren (les: eg) ikkje kjenner så godt blir det fort til at ein ramlar av lasset. Campbells grønsakssuppe er nesten eit måltid i seg sjøl, og neste veke skal dei spele Craig's Wife, stykket som på mystisk vis ramla ut av den kvasialfabetiske avspelingsrekkefølgja.


Rebecca

Den første sendinga etter at Campbell's tok til som sponsor, eller rettare etter at Campbell's hyra inn Mercury Theater on the Air til å drive vidare med det så vidt eg forstår etter måten tradisjonsrike radiosuppeteatret (eller supperadioteatret, om ein vil). Mykje av sendinga går med til innleiing, og det er Edwin C Hall (eller var det Hill?) som på vegner av Campbell ønsker Welles velkommen og let han framføre ei programerklæring. Rettnok først etter eit kort riss av den unge teatermannens oppsiktsvekkande triumfar, ikkje minst den vidgjetne radioframføringa av The War of the Worlds, ei sending som på det tidspunktet berre var fem-seks veker gammal. Kven skulle trudd at eit så fantasifullt stykk om ein invasjon frå Mars skulle ha slik ei makt over publikum at det fekk slike følgjer, spør Hill og skundar seg å føye til at Welles sjølsagt er svært lei seg for alt saman. 

Welles introduserer stykket ved å skryte av boka, love film produsert av David Selznick (les karakteristikken av han i My Lunches with Orson), kalle den kvinnelege hovudrolla for 1938s Scarlett O'Hara (på eit tidspunkt då ho endå først og fremst var romanfigur, sidan Tatt av vinden ikkje hadde premiere før i 39) og insistere på at det dei skal framføre er ei soge, ikkje eit stykke. Stykket er bra, men det er litt vanskeleg å forstå at Maxim de Winter greier å sjarmere forteljaren. Når soga er over opprettar dei jammen telefonisk kontakt med Daphne duMaurier, som seier det har vore moro. 

I tillegg til at dette openbart var ein fest å vere med på, er dette stykket i sanning ein nerdefest. Bernard Herrmann blir støtt kreditert som teatrets komponist så vel som dirigent, men denne gongen høyrest det verkeleg ut som han har skrive musikken. (Han brukte elles om att delar av det vi høyrer her i Jane Eyre på film i 1943, då med Welles som Rochester.) Selznickfilmen vart som alle veit Alfred Hitchcocks første USAnske film (og andre strake filmatisering av ein Daphne duMaurier-roman), og nett den filmskaparen skulle seinare få eit langt og kunstnarleg sett svært fruktbart samarbeid med nett Bernard Herrmann (endå om det var Franz Waxman som komponerte musikken til filmen hans).

Elles: I tillegg til Ernest Chappells vanlege mas om at Campbells supper er sunne og velsmakande og lagde på gamlemåten får vi denne gongen ein sober tale frå Edwin C Hall om korleis menneskelege verdiar er viktige når ein driv forretning, og at det berre er firma med gode verdiar som vinn i konkurransen. Vidare skryt Orson Welles av CBS og Campbell for å la han lage radio for vaksne. I tillegg seier han seg glad for at Margaret Sullivan har Campbells kylling- som si favorittsuppe. Hummer og kanari, altså.


(Suppe)

Kantarellsuppa til Campbells reklamerer med ny oppskrift. Har ikkje høyrt om denne suppa i radioteatret, men ganske god var ho. Kokt opp med mjølk istf vatn var ho nærmare ein jamn graut. Ikkje for salt, merkeleg nok.


Show Boat

Eg trur kanskje dette er eit sånt stykke som berre teaterfolk har glede av. Nostalgisk suppe om livet på og av ein teaterbåt som jamfør forfattarens eigen monolog etter at stykket er ferdigspelt "carries no message". Og kall meg gjerne ein overvintra hippie, men eg får ingen varme kjensler av eit teaterkompani som berre godtek det når sheriffen kjem om bord og nektar dei å ha anna enn heilkvite skodespelarar på scena, og neimen om eg trur på ei heltinne som let mannen spele vekk alt dei tener (rettnok i stor grad på hasardspel) gjennom tolv år. Den monologen til Edna Ferber etter framføringa er elles full av sjølmotseiingar.


(Suppe)

Er så innmari svolten for tida! Men no var det på tide med ei avveksling, så eg gjekk for ein klassikar frå den av kolonialane med det mest internasjonale utvalet: Ein boks red curry frå Aroy-D. Her må ein rettnok tilsetje kyllingen sjøl, men dette var verkeleg ei suppe som varma ein kveld eg fraus framfor PC-en. Ikkje så hot at eg fekk tårer i augo, men sterk nok til å gje god varme. Couscous var ei god erstatning for den tilrådde risen.


The Bad Man

Hem. Gammaldags farse tilsett banditt i rolla som mordarengel eller kva vi no skal seie. Alle snakkar fort og Bernard Herrmann legg seg tett opp mot den wacky Spike Jones-stilen. Ikkje påtrengande minneverdig. Kanskje det er fordi det er komedie Ernest Chappell kan reklamere for både hermetisert suppe av sesongens grønsaker og god gammaldags kylling?


The Citadel

Legedrama. I innleiinga vert det talt varmt om den unge idealistiske dokteren og dei interessante møta mellom hans høge ideal og dagleglivet (the workaday world), noko som mest fekk meg til å tru at det var reprise på Arrowsmith frå året før. Det var det ikkje, og denne er faktisk eit par hakk meir engasjerande. Om lag halvvegs kjem dessutan noko som føregrip filmkarriera til Welles: Ein montasjesekvens. Spesifikt ein tidskompresjon med musikk og snuttar av ulike handlingar som til saman fortel oss at det går nokre år, utan at ein voiceover treng å forklare noko. Stilig!


The Count of Monte Cristo

Eg kalte innleiinga til Huckleberry Finn ei fallitterklæring, og kunne sagt det same om det Welles seier før dette stykket. Det intrikate plottet er "God's vengeance on radio writers", og resultatet er "fifty-seven minutes' worth of The Count of Monte Cristo". Så vidt eg kan forstå gjennom den elendige lyden har forfattarane skilt seg frå oppgåva med æra intakt, for dette er verkeleg spennande greier. Eg liker gjennomgåande kioskromanklassikaradaptasjonane betre enn gjennomgangane av dei samtidige kioskromanane, har eg inntrykk av.


The Garden of Allah

Traurig! Langhenta! Syrete! Vekebladromanse!


The Glass Key

Hadde vel neppe allereide fått klassikarstatus, men det er tydeleg iallfall på introen at Dashiell Hammett var respektert. Trass i den låke lyden er det óg råd å høyre at denne Hammett-soga hadde sterk innverknad på til dømes Miller's Crossing. Veldig hardkokt, og det er fint å ha Welles i ei viktig birolle istf mannleg hovudrolle. Ned Beaumont har iallfall mykje meir integritet enn Hank Quinlan.

Dette er elles halvvegsmerket. Audible-pakka (som ikkje på noko vis er komplett og jamvel til låg pris viser seg å vere ein ripoff) varar i 60 timar og 40 minutt, og no har eg høyrt på 31 av desse timane. Eg har hatt det moro, og håper eg kan lokke andre til å rote fram nokre av desse stykka.


The Green Goddess

Moro. Ikkje det einaste stykket om korleis ei reise austover gir ny innsikt og visdom til kjempesiviliserte engelskmenn og USAnarar i denne pakka, men eit av dei betre i den forstand at det er ganske festleg. Humor og spenning, der altså. Nokså sofistikert.


The Hurricane

Den kvasialfabetiske avspelingsordenen fører enno ein gong til eit pussig samantreff. I The Green Goddess spelte Orson Welles rajahen av Rukh, og i The Hurricane er han guvernør på ei øy ikkje langt frå Tahiti. Dei to rollefigurane har, varsamt sagt, kvar sin leiingsfilosofi. Der rajahen er ein diktator som veit at han sit på folkets nåde og soleis held seg inne med prestepartiet, er guvernøren ein mann som ikkje viser nåde  idet han held seg strengt til reglane i kvart einaste høve. Båe ser forsåvidt ned på undersåttane sine, då, og båe må forhalde seg til kolonimakta på kvart sitt vis. The Hurricane er den mest sosialpornografiske av dei to, noble savages og alt. I Green Goddess er iallfall samtlege like usympatiske.



(suppe)

Dei frå Campbell har absolutt vore etande, men det har ikkje vore noko problem at dei er for smakfulle. Det engelske adjektivet er vel "bland". Dette er ikkje noko som treng uroe den som kjøper suppeboksar frå Aroy-D. Skal ein tru boksen, er tom yum (soupe au citronelle) middels sterk, men det må vere på ein skala der sterk er etsande. Sterk og syrleg nok til at Ernest Chappell sikkert hadde fått midtskill og flass.



The Magnificent Ambersons

No har det seg sånn at eg kjem til å komme tilbake til dette stykket i eit litt meir omfattande arbeid enn eit par avsnitt i ein bloggpost (ei innlevering i emnet tekststudier), eit arbeid som jamvel skal leverast som html og bli lagt ut her i lag med andre, liknande arbeid (første lenke er min tekst, andre er oversikt over mange tilsvarande). 

Lell: Som radioteater var dette umåteleg effektivt. Det er ikkje fritt for at ein god del eksposisjon blir levert som forteljar (og motsett boka har forteljaren fått eit ego), men her har Welles gått nådelaust til verks mot ein roman han etter alt å dømme var svært glad i. Major Amberson er så vidt nemnt, barneflokken hans er redusert med ein tredel og til og med Fanny Minafer er borte. Eugene Morgan har ein enno meir framståande plass som hovudperson nummer to enn i boka.

Uff, dette vart veldig innforstått. Stykket (og romanen det bygger på og filmen Welles lagde nokre få år seinare) handlar om lagnaden til ein by og ein framståande familie i denne byen parallelt med framvoksteren av bilindustrien. George Amberson Minafer er sistemann som veks opp med gamle pengar i ryggen, medan Eugene Morgan er bilfabrikant og meir av ein self-made man (og dessutan Georges mest sannsynlege svigerfar og kanskje stefar). George er på mange måtar ein ufyseleg type, og mange går rundt og håper at han skal få sin bekomst ein eller annan gong, og det får han jo på ein måte.

Jamvel om George er ein arrogant og breial type, oppfattar eg korkje romanen eller høyrespelet som usympatisk innstilte mot han. Det er jo ikkje hans skuld at han er fødd inn i det miljøet han trass alt er fødd inn i, og jamvel i fiksjonen er det vanleg å framheve miljøet. Likevel er det svært forfriskande å oppleve eit stykke med ein så usympatisk hovudperson, og som vanleg spelar Welles rolla svært overtydande.

Romanen var i si tid ein bestseljar, og med det in mente er det meir forståande at ei radioteatergruppe fann det tilstrekkeleg å lage ein sånn forkorta versjon som vel mest er til glede for folk som alt kjenner historia. Elles: Di oftare eg må høyre reklame for boksesuppe, di meir oppfattar eg desse reklameavbrota som unspeakably crass. Denne gongen må teatergruppa endåtil takke produsentane av Maxwell House kaffi for lånet av Walter Houston!


The Murder of Roger Ackroyd

SPOILERS, då veit du. Kanskje litt overraskande at ein åtti år gammal krimklassikar skal trenge ei slik åtvaring, men eg vil jo ugjerne øydeleggje for folk som er i same situasjon som eg.

Dette er altså den Agatha Christie-klassikaren (Doktoren mister en pasient) som liknar så forferdeleg på Stein Riverton-klassikaren Jernvognen (som kan lesast online eller til og med lastast ned som pdf frå bokhylla.no), med Hercule Poirot i rolla som Asbjørn Krag. (Siste reklame: Den som registrerer seg på ordflyt.no kan høyre Leif Dubard lese Jernvognen heilt gratis. God knall.) Elles er det å merke seg at dette er minst like mykje eit utstillingsvindauge for den eksentriske belgiske detektiven som det er eit mordmysterium. Orson Welles spelar sjølsagt både Poirot og doktor James Sheppard (som altså mister ein pasient) med, om ikkje nett innleving, så iallfall stor kraft.


The Patriot

Eg kan ikkje skjønne anna enn at Campbell's her let Mercury Theater bli lanseringshjelp for den nyaste boka til nobelprisvinnar Pearl S. Buck. Stykket er ei melodramatisk greie om ein ung kinesar som giftar seg med ein japanar og blir riven mellom kjærleiken til fedrelandet og kjærleiken til kone og born. Det verkar som om det dramatiske arbeidet har gått fort, og for ein gong skuld høyrer vi folk bomme på replikkane. Derimot er intervjuet med Pearl Buck etter stykket vel så bra som dei fleste liknande innslaga. Heldigvis har ikkje Ernest Chappell fått i oppdrag å selje Campbell's misosuppe.


Theodora Goes Wild!

Smart og vittig screwball. Loretta Young er makelaus som heltinna, og det er moro å høyre Welles få flekse skodespelartalentet i nye retningar som screwballhelt. Adaptasjonsarbeidet er gjort såpass bra at stykket hang godt saman, jamvel for meg som ikkje har sett filmen (med Irene Dunne og Melvyn Douglas) frå 1936 enno.


Things We Have

(Kvasialfabetisk rekkefølgje blir broten: There's Always a Woman hadde passa inn her. Amazonlista blir følgt ganske greit i det store og heile, men no "manglar" altså Craig's Wife og There's Always a Woman. Skal tru om dei dukkar opp?)

Jamvel kjent som American Cavalcade: Things We Have. For å ha gjort unna det verste: Ernest Chappell knyter an til stykket ved å vere glad for at historiske kjelder viser at nybyggjarar på det nordamerikanske kontinentet støtt har likt kylling, og er overtydd om at pionerane ville likt Campbells kyllingsuppe. Ja.

Elles er dette eit slags patriotisk lærestykke, ein leksjon i kva USA er for noko. Ikkje er det adaptert frå noko heller, men presentert som an original radio play by Orson Welles. Med rammeforteljinga og alt er det fridomshistoria presentert for eit barn, men særleg etter pausa vert det klart at dei fridomsheltane som blir hylla her er abolisjonistar (John Brown) og suffragettar (Susan B. Anthony). Mykje patos, sjølsagt, men progressivare greier enn ein ventar frå patriotisme.

Dessutan: Cornelia Otis Brown spelar alle kvinnerollene. Intervjuet etter stykket får meg til å tru at ho er gjest fordi ho er eit teaterfenomen og ikkje fordi ho er hollywoodstjerne. Fascinerande menneske, altså.


Tjue stykke er nok for ein post. Tredje del er her.

To bøker om Morrissey

Som alle andre er eg frykteleg glad i The Smiths, og då er det i grunnen vanskeleg å stille seg likegyldig til Morrissey. Eller, det er vanskeleg å vere uinteressert, då. Korkje soloplatene eller soloutspela hans har støtt vore like gode/vellukka/verdt å høyre på, men han har no levert ting det er uråd å ta frå han.

Og no ventar eg som alle andre på at sjølbiografien hans skal komme i handelen. Det vil sikkert vere mykje vi ikkje får svar på i den boka, men like sikkert er det at et kjem til å bli fengslande lesnad. Eg ville blitt overraska om ikkje det óg held høgare kvalitet enn dei to biografiane eg har lese dei siste dagane fram mot lansering

Mark Simpson: Saint Morrissey - a portrait of this charming man by an alarming fan (2003)


Bokomslag i fargar ser betre ut enn den grå kindleutgåva

Om det er vanskeleg for meg å stille meg likegyldig til Morrissey, er det tydelegvis uråd for Mark Simpson å stille seg så mykje som ambivalent. Eller for den delen ha ei anna oppfatning ENN (og ikkje berre om) Morrissey. Tittel og undertittel burde i grunnen vore åtvaring nok: Den som kallar boka si Saint Morrissey er mest programforplikta til å skrive ein hagiografi. Når forfattaren i undertittelen omtalar seg sjøl som ein alarming fan vert det jo vekt eit lite håp om at han har ei viss ironisk distanse til anten Morrissey og/eller seg sjøl, men der skuffar boka.

Morrissey skal ha sagt i eit intervju at alle spørsmål ein måtte ha om han ligg ferdig svarte på i songlyrikken hans. Dette er nok for Simpson, som brukar dette som påskott for å levere meir og mindre (ofte mindre) innsiktsfulle og tankevekkande tolkingar av Morrisseys tekstar og samtid. Som regel tøyger han strikken frykteleg langt. Og om eg hadde ei krone for kvar gong han med formlar a la in fact opphøyer sitt eige fyllerøyr til eksegese og katekisme over Morrisseys evangelium hadde eg heilt sikkert hatt råd til ein pils. Kanskje to. Kva med dette:

In fact, if the Iron Lady had embarked on a recording career instead of a political one, and somehow acquired the two attributes of the Northern Woman she lacked – a heart and a sense of humour – Morrissey might have written her fan mail instead of hate lyrics.

På eit tidspunkt går lesaren frå å prøve å få innsikt til å leite etter kokko gullkorn. Eg har lest boka, du treng ikkje.


Jesper Sørensen: Alle dage er som søndag - en dansk biografi om Morrissey (2009)

Variable greier, men med verdifullt stoff

Sørensen har óg fått med seg at "it's all in the lyrics" (og han bruker Simpson-boka som kjelde), men er mykje meir ryddig av seg. Første del av boka er ein nokså rein biografisk tekst med mykje av det ein saknar av faktaopplysningar. Andre del er intervju med ein del danske fans om kva Morrissey har hatt å seie for dei (ein fan er Helle Thorning Schmidt, på det tidspunktet enno ikkje statsminister), og tredje del er ein diskografi som verkar å vere komplett fram til og med Years of Refusal.

Som sagt: Ryddig. Keisamare lesnad enn den andre, men på den gode måten som kjem av at ein slepp å slå seg for panna heile tida. Det er tolkingar her óg, men det personlege hamnar heldigvis i bakgrunnen. Del to har rettnok ein del andre fans eksegesar, men det er i del tre boka nok er best. Og låkast. Kvar einaste song blir gjennomgått i denne seksjonen. Det gode: Nerdete faktaopplysningar om kven som skreiv og spelte og ikkje minst om kor Moz har teke den eine eller den andre tekstlina frå. Heilmaks. Det låke: Fortolkingar av tekstane. Så upersonlege at dei stadig vekk blir banale.

Ja. I skrivande stund er det ei veke til sjølbiografien kjem. Viss ikkje den er betre enn desse to, skal eg ete Mozipedia.
Kva drøymer han om?

onsdag 9. oktober 2013

Eit billass med radioteater og soupe du jour

Orson Welles, altså. Kane er faktisk så god som dei seier, og herregud for ein fengslande mann. For ikkje så forbaska lenge sidan kom det ut ei ny, herleg sladderbok der samtalane mellom Welles og Henry Jaglom frå Welles' siste leveår var transkriberte, og det var sjølsagt ein fest å lese, ikkje berre på grunn av det som stod om John Houseman, Welles' medsamansvorne i Mercury Theatre-perioden.

Så mykje av ein fest at å kjøpe seksti timar med radioteater signert Orson Welles verka som den best tenkjelege måten å disponere tjue kroner (medlemsprisen på audible.com: $2,95) på. Diverre får ein ikkje alt for tjue kroner. Til no har eg berre funne alfabetiske innhaldslister over The Ultimate Collection, og ettersom stykka korkje blir presenterte alfabetisk eller kronologisk er ei alfabetisk liste knapt brukande til fyllmasse.

Eg trudde ærleg talt eg skulle bruke vinter og vår på å høyre gjennom Orson Welles the ultimate collection, litt sånn du veit høyre eit stykke no og eit stykke då innimellom alle lydbøkene. Men så viste det seg at eg prøver å gå så lange turar som råd åleine for å få med meg meir av alle desse gilde radioprogramma.

Di meir eg høyrer, di meir får eg kjensla av at det er meir å glede seg til, forresten. Det gjekk nyleg opp for meg at eg snart får høyre ei dramatisering av The Magnificent Ambersons, og om ikkje det er grunn til å sjå om att filmen, lese boka og kvifor ikkje ei bok eller to om filmen, så veit ikkje eg riktig.




Well, eg tek det på meg å lage ei skikkeleg liste. De kan takke meg seinare, for det kjem til å ta tid. Her er ho, med kvart som eg høyrer stykka:

Avspelingsrekkefølgje


  1. A Tale of Two Cities (25 juli 1938)
  2. Abraham Lincoln (15 august 1938)
  3. Around the World in 80 Days (23 oktober 1938)
  4. A Christmas Carol (23 desember 1938)
  5. A Christmas Carol (24 desember1939)
  6. Ah, Wilderness! (17 desember 1939)
  7. Algiers (8 oktober 1939)
  8. Arrowsmith (3 februar 1939)
  9. Beau Geste (17 februar 1939)
  10. Counselor-at-Law (6 januar 1939)
  11. Dinner at Eight (18 februar 1940)
  12. Dodsworth (26 november 1939)
  13. Escape (15 oktober 1939)
  14. Huckleberry Finn (17 mars 1940)
  15. I Lost my Girlish Laughter (27 januar 1939)
  16. It Happened One Night (28 januar 1940)
  17. June Moon (24 mars 1940)
  18. Liliom (22 oktober 1939)
  19. Lost Horizon (3 desember 1939)
  20. Mr Deeds Goes to Town (11 februar 1940)
1-3 er forsåvidt i same rekkefølgje som i amazon-lista, men der har dei Mercury Theatre som overordna tittel. 4-? vart sendte under programposten Campbell Playhouse (fordi suppefabrikanten Campbell's vart tilknytta som fast sponsor).

Mellom 10 og 11 blir elles den kvasialfabetiske avspelingsrekkefølgja broten, Craig's Wife skulle vore spelt mellom Couselor-at-Law og Dinner at Eight. Kanskje det er eit anna prinsipp avspelingsrekkefølgja er ordna etter? Eg legg merke til at to titlar på rad inneheld preposisjonen at. Hmmm...

Og ærleg talt: Det går jo godt an å legge til litt meir enn tittel.

Liste med kommentarar:

A Tale of Two Cities

Eg kjenner det er litt leit at eg ikkje har lest nok Dickens, for denne dramatiseringa går nok gjennom med harelabb. Det manglar så mykje bakgrunn at det blir vrient å få kjensler for folka. Trur nesten ikkje denne dramatiseringa gjeld som spoilers ein gong.

Oppdatering etter meir enn eit år (desember 2014)!
No har eg nyleg høyrt både ei opplesing av romanen og spelt denne adaptasjonen i reprise. Nokre kommentarar: Eg er framleis ikkje sikker på om adaptasjonen gjeld som spoilers, mykje fordi det han er så effektiv. Det kan ha vore ei betre lydfil eg kom over denne gongen eller det kan vere at eg hadde ein ide om kva eg venta, men no gjekk det iallfall an å kjenne att replikkane. Eg trur utvalet av hendingar vanskeleg kunne vore betre, og omstokkinga på tidsplanet verka naudsynt for å få stykket til å gå opp. JA, store ting frå romanen blir avslørt, men NEI, det manglar så mykje (og ikkje berre bakgrunn) at ein som høyrer denne først vil få ein del overraskingar av boka. Når det er sagt: Boka har ikkje gjort meg til nokon større Dickens-fan enn eg var før.

Abraham Lincoln

Vanskeleg å sjå for seg at nokon kan ha gjort eit betre utval av hendingar i denne dramatiseringa av Lincolns liv, jamvel om det nok er ein del som er fri fantasi (Dømesvis var visst ikkje ekteskapet med Mary Todd så veldig kjærleg, etter det eg har forstått). Skikkeleg god myteskaping, med Shakespearesitat og alt.

Around the World in 80 Days

Veldig bra! Elendig lydkvalitet, men du verden for eit radiodrama! Smart og vellukka utval av hendingar frå romanen og svært god bruk av lydeffektar og musikk. Bernard Herrmann er kreditert som dirigent, skal tru om han gjorde effektane óg? (neppe) Welles eiga rolletolking viser tydeleg at Fogg er ein fransk parodi på ein engelsk gentleman og at Welles har fleire stemmer enn bulderet vi er vane med å høyre. Veka etter denne Jules Verne-adaptasjonen fekk radiopublikummet høyre den seinare så vidgjetne dramatiseringa av HG Wells' The War of the Worlds.

A Christmas Carol (1938)

Welles som Scrooge er vikar for Lionel Barrymore. Han spelar både den redde og den gjerrige gamlingen svært overtydande. Kjenslevar bruk av julesongar, dirigert av Herrmann. Det vert nemnt at dette er Campbells fjerde år på rad med denne julesoga som julesending, Welles gjerde den femte óg. Lurer fælt på åssen dei tre første var. Joseph Cotten som Scrooges nevø.

A Christmas Carol (1939)

Lionel Barrymore er tilbake og gjer ein god figur, forsiktig sagt. (Eit radiopublikum kjenner han godt i denne rolla når han sju år seinare spelar den like gjerrige gamle knarken Henry F. Potter i It's a Wonderful Life.) Stykket er endra bittelitt frå sist, iallfall er scena med vaskekona som stampar likskjorta til Scrooge klipt vekk, og eg har intrykk av at Barrymore får meir taletid til å presentere eksposisjon.

Ah, Wilderness!

Det der med kvasialfabetisk rekkefølgje fører til sånne rare situasjonar som at sendinga frå jolekvelden 1939 blir følgt av sendinga frå veka før. Særleg sidan lydfilene sluttar med å annonsere kva som blir spelt neste veke. Lei uvane å berre så vidt nemne tittelen på stykket før reklamepausa, særleg med tanke på at kapitla i mp3-settet ikkje er namngjevne. Iallfall er dette stykket det første i denne innpakkinga som går føre seg på 1900-talet, og det skil seg frå dei vi ha høyrt til no ved å ikkje vere adaptert frå ein roman eller livet og gjerninga til ein president. Eg hadde så nær sagt tvert om, dette er ei forkorta utgåve av eit (premiert) teaterstykke av Eugene O'Neill. Der dei første seks stykka har vore eksotiske, kanskje litt outrerte og i det heile nokså grandiose greier, er dette såpass heimleg at den 23 år gamle Orson Welles spelar ein ung mann i ferd med å bli vaksen i staden for ein utgammal gjerrigknark eller eksentrisk gentleman. Forfriskande på så mange måtar, truverdig, realistisk og alt.

Algiers

Eksotisk igjen. Adaptasjon av filmen med same namn (John Cromwell, 1938), i sin tur ei nyinnspeling av Pepe le moko (Julien Duvivier, 1937). Welles spelar rolla til Jean Gabin og Charles Boyer. Som den fatale femmen møter vi jammen meg Paulette Goddard, den dåverande Fru Chaplin. (Les for all del My Lunches with Orson, ikkje minst på grunn av sladderet om Chaplin og karakteristikken av Goddard.) Stykket er alt ein kan ønske seg av ei slik radiooppsetting, det er spennande, velspelt og kompakt. Iallfall eg får hug til å sjå om att Duvivier-filmen. Og, sidan Campbell's soups gjer så mykje ut av sponsoratet sitt, blir eg fysen på hønsesuppe, som er soupe du jour.

Arrowsmith

Adaptasjon av ein legeroman, av alle ting. Helen Hayes gjer rolla frå filmen om att og det er godt radioteaterhandverk, men ikkje nokon klassikar akkurat. Martin Arrowsmith ser tilbake på forskarlivet i flashback på veg opp midtgangen for å motta nobelprisen i medisin. Spoiler: Han finn ei vaksine mot byllepest men mister kona. Soupe du jour: Tomat, men Campbell's vil óg at du skal prøve selleri-, asparges- og ei grønsakssuppe til, "praktisk talt eit måltid i seg sjøl", og viss du sper ut boksen med mjølk istf vatn blir suppa meir næringsrik og det ville sikkert dokteren ha likt.

Beau Geste

Romanen Beau Geste (av P.C. Wren, 1924) var alt filmatisert fleire gonger då Mercury Theatre lagde denne oppsetninga, med sjølvaste Laurence Olivier og sjølvaste Noah Beery som gjestestjerner. Skikkeleg ripping yarn, sånn gutebok om chevalerske engelskmenn i framandlegionen. Ser appellen, altså.

Counselor-at-Law

Eg hadde så nær sagt rettssalsdrama, men det er no meir av eit advokatkontordrama. Denne gongen har teaterensemblet med seg ein skytsengel i studio for å syte for at dei ikkje gjer for mange feil med tanke på juridiske spissfindigheiter. Spennande stykke om ein advokat som ein gong gjorde sitt til å la nåde gå for rett og no ser ut til å hamne i klemma for det. Lydkvaliteten er ikkje noko særleg. I den første scena er det så godt som umogleg å få med seg kva som blir sagt, men heldigvis tek dette seg opp. Soupe du jour: Chicken. Den bør du ha mange boksar av i huset, for likar du kylling, elskar du natulegvis kyllingsuppe.

Dinner at Eight

Med Hedda Hopper og Lucille Ball mellom gjestestjernene. Sosietetsforviklingar rundt ein middag, etter måten bitande. Orson Welles spelar to roller sjøl, den som Larry Renault kunne kanskje ha blitt brukt mot han førti år seinare. Det særaste med denne sendinga: Hedda Hopper var nok meir kjent som sosietetsspaltist enn som skodespelar, og etter at sjølve stykket er ferdig er det sett i scene ein real catfight der Marjorie Rambeau går i strupen på Hopper, og når Lucille Ball blir beden om å roe gemytta er det ho som tek innersvingen. Kvinne er kvinne verst, liksom. Etter dette er det som om den vanlegvis så manusbundne Welles mister tråden, og slutten av sendinga høyrest verkeleg ufokusert og improvisert ut. Campbell held seg klokeleg unna koplingar til stykket når dei tilrår tomat-, erte-, selleri- og aspargessuppe, særleg næringsrike viss du sper ut med mjølk istf vatn.

Dodsworth

Det er greit å starte in medias res, men her har eg grunn til å tru at det manglar ein del. Sendinga varer tre kvarter og er utan intro. Og eg veit ikkje om det gjer så mykje. Du veit åssen det liksom er sjarmerande dei første to-tre gongene Ernest Chapell frå Campbell vender seg til kvinnene som høyrer på for å få dei til å varme opp kjøpesuppe til mennene sine? Litt sånn retro? Sjølsagt er det desse reklameinnslaga som er dei mest eklatante prova på eit utdatert kjønsrollemønster, men dette stykket kom ganske nære i skildringa av ekteskapeleg lukke og ulukke. Tendensar ein har lagt merke til i Arrowsmith og Counselor-at-Law og litt sånn her og der tek overhand her. Stykket er i seg sjøl såpass trivielt at detta retrogreiene i grunnen ikkje er så veldig moro lenger.

Escape

Til dels svært dårleg lyd (særleg mot slutten er det rein graut), men eit engasjerande og gøyalt stykke der Orson Welles spelar ein kar som blir dømt for aktlaust drap og rømmer frå fengsel. Knakande god underhaldning, sjøl om slutten ikkje er heilt tilfredsstillande. Stykket er av John Galsworthy, nobelprisvinnar i litteratur i 1932 for Forsyte-sagaen. Soupe du jour: Tomat, og 1939 skal ha vore eit særleg godt tomatår.

Huckleberry Finn

Slåande skilnad i lydkvalitet, iallfall. Tippar det har noko med prestisje å gjere, det er iallfall ikkje sånn at nokon har sytt for kjærleg restaurering av dette, det aller beste stykket Campbell Playhouse spelte. Fordi, øh, som adaptasjon er ikkje dette rare greiene. Innleiinga er meir og mindre ei falitterklæring, rettnok støtta av Mark Twains eige føreord, men lell. Og Jackie Cooper er ikkje det beste med stykket, endå om han er den einaste som er namngjeven.

I Lost my Girlish Laughter

Hollywoodsatire. Elendig lyd, og når karakterane innimellom skal snakke i telefon og sånt blir det mest uråd å oppfatte noko. Det som er høyrbart er heldigvis kjempefestleg. For det første går Hollywoodsatire aldri av moten, og for det andre var det på dette tidspunktet stadig over eit år til Orson Welles skulle lage tidenes beste film evver. Rolla hans er ein parodi på ein studiosjef som trampar over skodespelarane, regissøren og særleg forfattaren. Når vi veit litt om kva Welles sjøl kom til å bli utsett for i åra som følgte får den i grunn og botn joviale parodien her ein ekstra dimensjon. Kjempebra tittel, diverre kjem det ikkje tydeleg fram i løpet av stykket kven som ikkje finn låtten sin lenger og kor ho har lagt han.

It Happened One Night

Frykteleg lyd. Med William Powell i Clark Gable-rolla! Og han gjer ein god figur, men dette er vel kanskje det stykket sidan Tale of Two Cities der det kjem klårast fram at tidsramma, maks ein time, kan vere ei tvangstrøye. Dei viktige augneblikka som gjer romansen truverdig har rett og slett ikkje blitt med, og då blir dette radioteaterstykket først og fremst ein hugslapp for oss som har sett filmen. Men Powell er kjempegod, og Welles sjøl får iallfall meg til å tenkje på Eugene Pallette i Walter Connolly-rolla. (dessutan: Eg har alt gløymt i kva for stykke eg høyrte Cocktails for Two, men her kjem iallfall The Man on the Flying Trapeze og markerer andre gong i settet vi høyrer låter som er forbundne med Spike Jones) Soupe du jour: Det hendte ein kveld ved eit middagsbord at ei kone tilstod å ha outsourca suppekokinga til Campbell, og at mannen hennar sa at det kunne ho godt halde fram med, for det skvipet ho pla servere burde skamme seg. Neidå. Jaudå.

June Moon

Med Jack Benny som gjestestjerne, eller skal vi kanskje seie at Jack Benny tek over Campbell Playhouse. Det er ikkje det at han trer inn i rolla så mykje som at rolla er ei orsaking til å la Jack Benny utfalde seg. Ein forstår godt at han var radiostjerne. Ekstra artig når ein tenkjer på den filmrolla han er mest kjent for, nemleg som Josef Tura i To Be or Not to Be. (ekstra nerdete: Gjestestjerna i førre stykke hadde vore gift med Carole Lombard, seinare skulle Jack Benny spele mannen til rolla til Carole Lombard i nett To Be or Not to Be).

Liliom

Tåreperse! Eg merkar at eg har større problem med konebankinga enn det høyrest ut til at Helen Hayes har, men dette er ei engasjerande forkorting av eit stykke Fritz Lang filmatiserte nokre år før. Det absolutt finaste med dette sporet er innleiinga og avslutninga. I starten held Welles ein tale som er eit forsvar for fantasien, og når eg høyrer på får eg mest hug til å transkribere det og attgje det ordrett her på bloggen. På slutten annonserer han (naturleg nok) neste vekes stykke, som er Welles eigen adaptasjon av Booth Tarkingtons roman The Magnificent Ambersons. Det einaste han gjer er å lese frå første kapittel av romanen, og det skin tydeleg gjennom at dette er eit arbeid han gjer fordi han elskar romanen. Den som vil kan jo laste ned boka frå Project Gutenberg og lese henne sjøl, men stol på meg når eg seier at den rike prosaen i nett dette kapitlet knapt inneheld noko som let seg dramatisere for radio. Fantastisk tids- og miljøskildring, altså, men det er knapt ein replikk som gir dramatikaren orsaking til å hekte på litt eksposisjon. Det er ikkje til å undrast over at Welles berre nokre få år seinare brukte den same romanen som grunnlag for den vanskelege andrefilmen, kulissar og kostyme har liksom litt meir for seg på kino enn på radio. Eg skal jo ikkje love noko, men eg har pt komme eit godt stykke ut i romanen og ventar både filmen (det er mange år sidan sist) og VF Perkins' vesle bok om han i posten. 

Lost Horizon

Katastrofal lydkvalitet.  Stundom vil ei god forteljing transcendere den tekniske kvaliteten, men så har ikkje skjedd her. Kanskje eg får betre inntrykk av soga viss eg ein gong ser Frank Capras filmatisering av henne, kanskje ikkje. Det er iallfall lydkvalitet av denne typen som får meg til å tenkje at jamvel 20 kroner er for ein rip-off å rekne. Eg har nemleg med kvart oppdaga at alle desse stykka ligg tilgjengeleg gratis og lovleg på nett. No er det ikkje slik at eg ikkje unnar folk å tene pengar på slikt, men då må det vere eit krav at dei tilfører ein meirverdi (sånn som til dømes dei to HP Lovecraft-omnibusane eg nemnte i den aller første posten på bloggen), og det einaste eg kan sjå at amazon/audible har gjort med dette materialet er å samle det og konvertere det til eit proprietært format, slik at eg må logge meg inn i mitt eige bibliotek for å få høyre det. Det ligg faen ikkje føre så mykje som ei liste over innhaldet i avspelingsrekkefølgje! På hi sida har dette materialet så stor potensiell verdi at nok oppussing av lydbiletet til at replikkane konsekvent let seg skjelne frå bakgrunnsstøyen ville vore nok til å rettferdiggjere ein stivare pris.

Mr Deeds Goes to Town

Kvasialfabetisk avspelingsrekkefølgje slår til igjen: To stykke på rad er dramatiseringar av Frank Capra-filmar. (Og berre June Moon og Liliom ligg mellom Lost Horizon og It Happened One Night). Så populistisk er stykket at Ernest Chappell må påkalle Voltaire for å introdusere suppesnakket sitt: Den beste boka i verda, sa visst Voltaire, vil vere ei bok med oppskrift på suppe. I så fall ville nok Voltaire ha likt seg på prøvekjøkenet til Campbells, der Number One Book inneheld den til kvar tid nyaste versjonen av dei stadig meir raffinerte oppskriftene på alle dei suppene folk er så glade i. Av liknande stykke/filmar må eg elles seie eg likar The Hudsucker Proxy og Nothing Sacred om lag ti million gongar betre.


Jah. Tjue stykke er vel nok til ein bloggpost. Neste bolk er alt godt i gang her.

fredag 27. september 2013

Whatever!

Som lova kastar eg terning FØR eg ser Whatever Works:

Det blei 5. Og dermed blei det óg det motsette, nemleg 2.

(Fordi det verka som ein god ide å legge inn litt meir lovmessigheit i slumpen og for å sleppe å gjere dette eksperimentet så innmari mange gonger har eg nemleg bestemt at eit gitt terningkast skal omfatte sin eigen motsetnad. Summen av motståande sider på ein terning er alltid sju. Det motsette av fem er altså to.

Og dessutan: Inntil vidare blir det med terning før omtale på dei to filmane med ein determinativ som tyder "kva som helst" i tittelen. Det passa liksom ekstra godt å la terningen seie "anything" og "whatever")

Og til sist: Dette var vanskelegare enn eg trudde, særleg var det ei utfordring å skulle slakte ein så likande film.

Sterk femmar!

Om det hadde festa seg eit inntrykk av at Woody Allens filmar frå dei ti siste åra var slappe greier, er Whatever Works eigna til å gje ei slik oppfatning eit alvorleg skot for baugen. Filmen om Boris Yellnikoff og dei romantiske forviklingane han hamnar i etter å ha hjelpt ei ung kvinne som har rømt frå ein sprø familie i bibelbeltet er ein sann svir frå start til mål. Valet av Larry David som hovudrolleinnehavar var svært klokt, og det er støtt moro å få sjå Patricia Clarkson i komedieroller.
Larry David spelar misantropen Boris Yelnikoff

Og ikkje minst: Der til dømes thrillerane frå denne perioden gjerne varar opp mot sju kvarter, er Whatever Works nede i ei speletid på under nitti minutt. Filmen er ei velsmurt og effektiv vitsemaskin. Men det var dei lovpålagde 75% handlingsreferat:

Boris Yellnikoff meiner tilveret er noko forbanna træl og stort sett styrt av slump, og at ein bør ta det ein får. For å illustrere fortel han si eiga historie. Nyskilt etter eit sjølmordsforsøk let han ein kveld ein ung rømling komme inn for å varme seg. Der han er ein godt vaksen mann og innfødd newyorkar med jobb som fysikkprofessor på universitetet er Melody St. Anne Celestine ei, skal vi seie, mindre intelligent, men naiv og optimistisk skjønheitskonkurransedeltakar frå Mississippi. To så ulike personlegheiter under same tak gjev opphav til så mange komiske konfliktar at dei sjølsagt gifter seg med kvarandre.

Boris og Melody (Evan Rachel Wood) utvekslar ømme blikk i parken
Ein klassisk kjærleikskomedie ville slutta her, men her har vi å gjere med ein nyskapar. Boris og Melodie har knapt blitt varme i trøya før Melodies mor Marietta kjem til byen og flyttar inn. Ho misliker svigersonen frå første stund, og prøver ganske fort å finne ein ny mann til henne. Samstundes er ho så attråverdig at først ein, deretter to av vennene til Boris fell for henne. Ho finn seg sjøl både kunstnarleg og seksuelt, og når eks-mannen hennar, John, kjem til byen for å vinne henne tilbake lever ho saman med to menn.

Men om det er New York eller denne krinsen som gjer det, ligg det kjærleik i lufta for John óg. Di meir han tenkjer på det, di klarare blir det for han at grunnen til at han ikkje greide å tilfredsstille Marietta seksuelt er at han trong det same som ho, nemleg (minst) eit realt mannfolk. Heldigvis finn han eit.

Marietta flyttar inn hos Boris og Melody og går straks i gang med å agere Kirsten Giftekniv. Skikk og bruk har vel eit og anna å seie om ein slik praksis.
Eg lyt vel la det vere att nokre overraskingar, og eit handlingsreferat rettferdiggjer ikkje den sterke meiningsytringa terningkast fem faktisk er. Kva gjorde filmen så likande?

Ein ting er valet av Larry David i hovudrolla. Denne typen roller har Woody Allen ofte spelt sjøl, og dei gongene andre har sleppt til har resultata vore svært variable. Owen Wilson fungerer godt i Midnight in Paris, og her i Whatever Works! er bagasjen Larry David har med seg eit godt tilskott til ei rolle som alt på papiret er morosam.

Ein annan er rett og slett all kjærleiken i filmen. Jamvel om ein fort kan sjå seg blind på at særleg kvinnene frå sørstatane blir framstilte som bigotte kålhovud som det kan sjå ut til at treng å lære noko av den smarte New York-gjengen vil eit nøgnare gjennomsyn avsløre eit par ting. For det første er ikkje filmen nådig mot den smarte New York-gjengen heller. Særleg Boris er ofte direkte ufordrageleg i mangelen på vanleg høflegheit. For det andre: Filmen unnar alle å finne lukka og dømmer ingen.

Det er jo ikkje noko særsyn sånn sett, men det er jo likevel artig når ein film med ein så uforbederleg misantrop i hovudrolla inneheld nok kjærleik til alle, utan å la ein einaste av filmens karakterar i stikken. Den overdrivne komikken (særleg Ed Begley Jr si framstilling av John er rein klovning) funkar óg. Alt musikkvalet under fortekstane er eit tydeleg signal om at ein bør vente seg noko knasande sprøtt.

Den som kjenner att Groucho Marx i ein slags duett med ein lettare overkøyrt Margaret Dumont i Hello, I Must Be Going kan dessutan ta songen som eit signal om at filmen vil seie at livet er verdt å leve lell. Alle hugsar Hannah and her Sisters, ikkje sant? I den filmen oppnår den suicidale Mickey (spelt av Woody Allen sjøl) nett denne innsikta under ei førestelling av Duck Soup. Det er i grunnen godt å få ei påminning av og til.

Svigerfar prøver å finne ut om det er makt i kneppte hender

Soleklar toar

Tittelen verkar mest som ei tilståing frå Woody Allen. Ein ser for seg at nokon spør korleis Allen skriv manus, og til det svarar han Eg berre raskar saman noko eg har brukt før, whatever liksom. Vi får ikkje servert noko nytt, og det vi får sjå er dvaskt og står ikkje til truande.

Det kan seiast mykje om Larry David, men særleg mykje til skodespelar er han ikkje, korkje når han spelar variantar av seg sjøl eller når han får regi av Woody Allen. Michael McKean er i regelen ein svært dyktig improvisatør, men her blir han kasta vekk i ei bittelita birolle. 

Eg sa det vi får servert ikkje står til truande, og med det meiner eg at hendingane i filmen rett og slett ikkje er truverdige. Skal liksom Melodie flytte inn med Boris? Finst det så outrert religiøse galningar som Melodies foreldrar, og er det meininga vi skal tru på at John finn seg ein mann straks han kjem ut av skåpet?


I så fall er dette ei kjærleiksscene
Næh. I den grad Whatever Works! verkar i det heile, er det først og fremst på hevd.