tirsdag 2. juli 2013

Terningkast med karakterskala

Som det vil framgå av andre postar her, er eg i gang med å sjå gjennom dei ti siste åras filmar av Woody Allen for å ta att ti tapte år, skrive litt og ha ei orsaking til å gå på kino når den nye filmen kjem. Etter posten om To Rome with love gjekk eg glad i gang med å sjå Anything Else og Match Point. Eit halvt år seinare er båe postane stadig på kladdestadiet.

Mykje av grunnen til dette er at jamvel eit sånt prosjekt som det eg jaggu har gått i gang med lett kan utarte til dvask prosa for prosaens eiga skuld. Som skrivande menneske er eg avhengig av eit konsept eller ein vinkel. No har eg rettnok komme langt i å gruppere dei siste filmane, delvis med hjelp av eldre filmar frå Allens produksjon (og eg trur eg gler meg til å skrive om prosaen, standupkomikken og teikneserieboka), men Anything Else motsette seg til og med dette.

Heldigvis kom eg til å nemne denne bloggen då eg her om dagen drakk kaffi og snakka om mellom anna kritikk med +Lasse Marhaug og den anonyme (gåtefulle) bloggaren bak fiskejournalen. Terningkast kom inn i samtalen. Vanlegvis vil einkvan i ein sånn situasjon skulde den eine eller den andre kritikaren for å ha kasta terning på førehand, men Lasse gjekk lenger: Skal ein først kaste terning, bør ein gjere det før ein skriv meldinga og så skrive det terningen dikterte. Eg sa eg skulle tenkje på det.
Foto: Leo Reynolds (LEOL30), flickr

Og det har eg gjort. Di meir eg tenkjer, di meir slår det meg at dette er løysinga. Eg har jo kalt bloggen lettvinsynsing.com, ideen burde ha vore min i utgangspunktet! Vel, no er han det. Førebels er eg ikkje tøff nok til å velje denne framgangsmåten på alle filmar/bøker/plater, men eg skal no iallfall prøve med Anything Else. For å styre slumpen littegrann har eg laga følgjande karakterskala før eg trillar terningen:

  1. Eg kan ikkje fordra Woody Allen, men hatar denne filmen meir intenst enn dei andre.
  2. Eg likar ikkje Woody Allen noko særleg, og ser i grunnen ikkje at denne skil seg ut frå andre filmar av han.
  3. Woody Allen er heilt grei, men denne er ikkje av dei beste filmane hans.
  4. Eg likar Woody Allen ganske godt, men denne ikkje av dei beste filmane hans.
  5. Eg likar Woody Allen godt, og synest denne er bra.
  6. Eg synest Woody Allen er genial, og denne filmen er berre enno eit bevis.
For at det skal bli interessant, er det kanskje eit poeng å skrive meldingar basert på to terningkast, så det skal eg vurdere å gjere. Vidare: Den første filmen eg prøver dette på har eg alt sett. To gonger. Neste gong skal eg kaste terningen FØR eg ser filmen.

Den ferdige omtalen er her: Woody Allen under pari

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.