søndag 10. mars 2013

Svenske krigsheltar - om Hans Alfredssons kontrafaktiske historiske roman

Det er ein gammal vits i Noreg at verdas tynnaste bok heiter Svenske krigsheltar. Likevel spørst det om ikkje svenskane sjøl synest nøytralitet er eit prinsipp som er viktig nok til at dei toler nokre sjofle vitsar. Den svenske nøytraliteten under den andre verdskrigen er no eit slags historisk faktum, uansett kva karakter nøytraliteten hadde.

Som andre historiske fakta kan den svenske nøytraliteten gje opphav til ei mengd spekulasjonar over kva som kunne/ville/måtte skjedd om ikkje det eller det. Kva konsekvensar kunne det fått om Sverige hadde blitt utsett for tysk åtak, for eksempel?


Mellom dei som har stilt dette spørsmålet er den svenske forfattaren, skodespelaren, revystjerna, filmregissøren osb Hans Alfredson. Med romanen Attentatet i Pålsjö skog (1996) gir han eit interessant svar, eit svar som gir like interessante spekulasjonar på eit overordna geopolitisk nivå som på det personleg-psykologiske nivået.

Attentatet i tittelen er ein sabotasjeaksjon som finn stad litt utanfor Helsingborg på vårparten 1941. Romanen gir seg ut for å vere skriven av den yngste medlemmen av gruppa, Holger Axel Andersson. Som vi forstår, går romanen føre seg i spennet mellom dei personlege historiene og den storpolitiske samanhangen. Konkret tyder dette at ei laust organisert gruppe menn ser seg leie på dei svenske styresmaktenes slappe haldning andsynes tyskarane, i dette høvet at regjeringa stiller dei svenske jarnvegane til rådvelde for tyske troppe- og andre transportar mot det nordlege Noreg. I mai 1941 sprenger dei sporet med eitt av desse toga, og lukkast mellom anna i å drepe Eva Braun og såre Albert Speer.

Det er kanskje frå og med sabotasjeaksjonen det er tydelegast at Alfredsson har sett på mykje av skrivinga som eit puslespel. På den eine sida får vi vite korleis det gjekk med kvar og ein av sabotørane. Desse delane av boka er naturleg nok dei mest gripande delane. Av dei mange episodane som gjorde sterkt inntrykk på meg er det kanskje juleforteljinga som trefte hardast. Ein av sabotørane og Holgers beste ven er jøden Stig Witberg (eigenleg Weissberg), og når den unge Holger desember 1942 spør om dei ikkje skal feire jul saman får han til svar eit hånflir og følgjande salve:

Jag är jävlarimej ingen goj längre, Holger! sa han. Jag tänker aldrig mer äta kristen skitmat och hålla på med era jesusfånerier. Det finns viktigare saker i livet. Du får sitta ensam och runka med tomten.

Dette var ærleg talt eit perspektiv eg rett og slett ikkje hadde tenkt på før, og eg kjenner meg litt dum som ikkje hadde komme på at slik resentment må ha sådd splid mellom venner og kollegar gjennom heile krigen.

Den andre retninga romanen nærmast er nøydd til å ta er den overordna politiske. Det er liksom ingen vits i å skrive ein roman om kva konsekvensar okkupasjonen får for Sverige og svenskane om ein ikkje samstundes presenterer ei truverdig hypotese om kva konsekvensar okkupasjon av Sverige kan ha hatt for krigen. Hovudpoenget ser ut til å vere at soldatar til å hærta og halde Sverige måtte komme frå ein stad, og Alfredson let denne staden vere Middelhavet. I denne versjonen reknar den tyske overkommandoen Middelhavet for å vere sikra jamvel om dei ikkje har Kreta, og sender styrkane for å ta Sverige. Med kvart som handlinga i boka skrid fram får vi rapportar frå ørkenkrigen i Nord-Afrika så vel som frå det tyske felttoget i Sovjetunionen og dei stadige utsetjingane av landgangen i Normandie.

På same måte som det altså er tydeleg at å konstruere eit historisk rammeverk og setje saman eit truverdig persongalleri har vore mykje av jobben, altså jamvel om saumane i forteljinga er nokså openberre, er det like lett å sjå at dette rammeverket er sett opp og kledd (må stoppe analogien her) av ein forfattar med eit stort hjarte så vel som eit klokt hovud. Det tok med andre ord ikkje mange sidene før boka vart valdsamt fengslande.

Jah. Eg kjøpte boka på adlibris.no. Det var nokre få kroner billegare enn dito.se og adlibris.se let meg ikkje handle der. Calibre greidde DRM-stripping og omformatering til mobi ganske bra, men kapitteloverskriftene verka ikkje på kindlen.