onsdag 11. mars 2015

Den kunnskapsrike forteljaren.


Subjektet og verda i Hver morgen kryper jeg opp fra havet og Den beste hausten er etter monsun


Merknad: Denne posten er, som eit par andre postar på denne bloggen, stoff eg har levert inn som del av studium. Teksten under er artikkelen på 3000 ord eg leverte som individuell heimeeksamen i emnet Moderne skandinavisk litteratur i løpet av tredjeåret på bibliotekarutdanninga. Medan eg skreiv kjente eg det som at eg hadde valt ei for omfattande oppgåve, og at omfanget ikkje tillet mange og lange nok analysar. Det kjentest rett og slett som eit særemne på vidaregåande. Likevel, karakteren vart ein B, som er godt nok for offentleggjering på bloggen. Ingenting er lagt til eller trekt frå, forresten. Eg har i ettertid funne to pinlege korrekturfeil.
 

Devise 

  • Växla mellan långa og korta satser!
  • Blanda den rena, höga psalmsången med vardagens låga pratsamhet!
  • Låt den filosofiska tanken här och var skymta bakom den alldagligt lunkande fabeln!
  • Låt människorna tala ömsom flyktigt, nästan tankspritt, ömsom djupt och utförligt!
  • Flytta ofta blicken mellan makrokosmos och mikrokosmos!
(Lindgren, 2005, p198-199) 

Innleiing

Devisen til denne oppgåva har eg henta frå Torgny Lindgrens forvitnelege roman Dorés bibel, der den namlause forteljaren minnest dei reglane diktaren Erwin Strittmatter hadde sett opp «för sitt konstnärliga och odödliga skapande». Det er ikkje oppgåvas mål å postulere at Lindgren eller Strittmatter har hatt nokon direkte innverknad på dei to romanane eg skal analysere, råda verkar såpass allment gode at kven som helst kunne formulert dei. Når eg vel å opne med dei lell er det fordi dei er klart formulerte og på same tid kan brukast som sjekkliste for den som skal analysere litterære tekstar av ei viss lengd. Som det vil framgå av dei neste avsnitta er eg særleg interessert i det siste punktet og kva som kan utrettast av ein forfattar som følgjer rådet.

Omfanget av oppgåva legg føringar på kva eg kan unne meg plass til å ta for meg. Eg skal ta for meg romanane Hver morgen kryper jeg opp fra havet (Simonsen, 2013) og Den beste hausten er etter monsun (Karlsvik, 2014). Båe er fortalte i førsteperson, og det er på eit vis nett førstepersonen eg er interessert i. Spesifikt er det måten førstepersonen uttrykker seg på som interesserer meg i denne analysen. Refererer dei ytre hendingar eller går det meste av teksten føre seg inne i hovudet på subjektet? I sistnemnte fall, kva tenkjer dei på? Hentar dei innsikter om sine eigne liv i relativ nærleik til seg sjøl, eller har dei meir omfattande horisontar?

Ei lita omgrepsavklaring: Når eg i det følgjande stundom seier «subjekt» meiner eg berre i liten grad å skrive ei psykologisk avhandling. Eg skriv ein analyse meir enn ei tolking, og forstår omgrepet subjekt nærmast fullstendig grammatikalsk: Subjektet er den som utfører handlinga i ei forteljande setning. Med det in mente går eg over til sekundærlitteraturen.

Forteljeposisjonen

I Episke strukturer (Aarseth, 1979) gjer Asbjørn Aarseth greie for mellom anna forteljeposisjon og avstand mellom forfattaren og det hen skriv om. Han slår fast alt på side 34 at det er «naturlig å understreke fortellerperspektivet som et aspekt av vesentlig interesse ved analysen av ethvert episk verk» fordi «karakteren av fortellerens utsikt til og innsikt i de begivenhetene og personene som omtales i fortellingen, vil åpenbart ha avgjørende innflytelse på leserens opplevelse av den viten han blir delaktig i». Vidare lister Aarseth opp dei moglege posisjonane forteljaren kan ha. Romanane vi skal sjå nærare på her fell inn i gruppe 4: Fortelleren er fortellingens hovedperson, har ingen større adgang til de andre personers indre (..) Forteljaren treng sjølsagt ikkje vere påliteleg, og det er fristande å liste opp døme på ein forteljar som er upåliteleg fordi han er dummare enn lesaren: Sherlock Holmes' sidekick Dr Watson hos Conan Doyle, amatørdetektiven og krimforfattaren Kjell Nilsen i Knut Nærums detektivforteljingar (dømesvis De dødes båt, (Nærum, 2008)) og levemannen Bertram Wooster hos PG Wodehouse. 

Aarseth underslår ikkje at skjemaet hans ikkje i seg sjøl er eit verktøy som er kvasst nok til åleine å utføre nokon uttømmande analyse av forteljeposisjonen. Eg har antyda at subjektets intellektuelle kapasitet er aktuelt å ta med, vidare er avstand mellom forteljingas hendingar og refereringa av dei noko å ta med seg. Er den intellektuelle sida ved subjektet interessant er sjølsagt også den emosjonelle sida det, for ikkje å snakke om balansen mellom dei. Ein førsteperson krev forsåvidt ikkje ein andreperson, men båe romanane denne oppgåva handlar om har det, og eg vil ta med båe desse i analysane.

Romanane

For både Den beste hausten er etter monsun og Hver morgen kryper jeg opp fra havet gjeld det at den ytre handlinga ikkje tek så veldig stor plass (eg vaktar meg vel for å seie at ho ikkje er viktig). Romanane bruker meir energi på det som går føre seg inni dei tre subjekta, kanskje særleg hos Simonsen er hendingane nærmast knaggar å henge refleksjonane på. Nett difor er dei óg veleigna utgangspunkt for analysen óg.

Den kunnskapsrike forteljaren

Det som er slåande med båe romanane er at subjektet i så stor grad har og demonstrerer kunnskap. Denne kunnskapen brukar dei til forskjellige ting, det vil seie at forfattarane brukar kunnskapane på ulike måtar. Det dreiar seg ikkje om research-romanar á la dei medisinske thrillerane (dømesvis Sudden Death, (Holt & Holt, 2014)) Anne Holt skriv i samarbeid med broren Even (som har medisinsk ekspertise), men snarare om romanar der 

Hver morgen kryper jeg opp fra havet

Førstepersonssubjektet er ei ung kvinne som studerer biologi. Ho kjenner seg einsam, men møter ein ung mann på ein fest. Etter litt nøling frå hennar side innleier dei to eit kjærleiksforhold. Han bryt det av, og ho går gjennom kjærleikssorg. Når sommaren og eksamen kjem er ho over det att.
Berre desse tre linene med handlingsreferat er resultat av ei tolking av boka. Ho er rettnok ikkje lang, berre eit fåtal av kapitla er på over ei side. Forteljaren presenterer seg aldri som «ung kvinne som studerer biologi», og til og med kjensla av einsemd er noko vi må lese mellom linjene. 

Det som gjer at nett denne romanen skil seg ut er sjølsagt måten han er fortalt på. Det at førstepersonssubjektet les til eksamen gjev henne eit spesielt perspektiv. Fleire av avsnitta i boka startar med ei utlegning av eit eller anna naturfagleg fenomen før siste setning er ein refleksjon over noko som skjer eller nett har skjedd i kjærleikslivet hennar. Ein kan nesten tenkje seg å stille følgjande spørsmål: Er ho ein låk student fordi pugginga hennar stadig blir avbroten av dagleglivet, eller er ho ein god student fordi ho greier å relatere alt som skjer med henne til pensum? 

Dei to første avsnitta viser iallfall at ho studerer biologi eller iallfall er kunnskapsrik om emnet ved at ho i det første presenterer ein ultrakort gjennomgang av livets utvikling (frå eincella vesen og oppover til kaffidrikkande person) og samanliknar livets oppstode med hennar eigen oppvakningsprosess, i det andre forstår ho både egget og fostervatnet der individuelle liv oppstår som berbare hav, småversjonar av det havet livet per se ein gong oppstod i.
Det tredje avsnittet (grunnen til at eg ikkje seier kapittel er at avsnitt kjennest rettare, det finst ingen overskrifter eller nummerering av avsnitta, dei tek berre til på ny side alle saman) er såpass kort og såpass innhaldsrikt at eg skal sitere det in extenso før analysen:


Fordi du kyssa meg og spurte: Er du med? Fordi du bodde rett over gata fra festen. Det var praktisk. Fordi noen har det verre. Minst fem av pinnedyrartene formerer seg ved selvkloning. Det vil si at alle er helt identiske, det vil si at de ikke har hatt sex på over en million år. Noen har det verre.


Her er det fleire spørsmål som melder seg. Kvifor startar tre av setningane med «fordi»? Kven er «du»? Kva har pinnedyr med saka å gjere? For å ta dei i same rekkefølgje: Adverbet Fordi gjer at heile avsnittet kan lesast som eit svar på eit konkret spørsmål, og andrepersonen Du (som berre opptrer i subjektsform, forresten) er den det er naturleg å rekne med har stilt spørsmålet. Kva dette spørsmålet er er sjølsagt ope for tolking, mitt forslag er «kvifor låg du med meg?», eller, fordi eg har lese resten av boka, «kvifor låg du med meg når du ikkje vil at vi skal vere kjærastar». Desse forslaga passar iallfall godt som spørsmål til dei to første førekomstane av «fordi». «Fordi noen har det verre» verkar å vere svar på eit oppfølgingsspørsmål, kanhende «Kvifor kan vi ikkje innleie eit seksuelt forhold?» eller kanskje snarare «kvifor skal vi nekte oss sjøl å innleie eit seksuelt forhold?». Her avslører svaret meir. Detaljkunnskapen om biologiske tilhøve som personlegheitsdrag ved forteljaren blir utbygd og forsterka, det same blir evna til å relatere denne kunnskapen til eige liv. At det er ille å ikkje ha hatt sex på ein million år avslører eit behov for nærleik så vel som ein mørk, nerdete humor. 

Men kven er «Du»? Det openberre synest å vere at det dreiar seg om han som ikkje vil ha lagnaden som one night stand. Det er likevel uklart om forteljaren refererer ein episode/dialog for lesaren eller faktisk vender seg til denne mannen, anten i brevs form i dette avsnittet eller om heile boka er å forstå som eit brev til ein som knuste hjartet hennar, skrive etter at dette hjartet har blitt lækt. Det er ikkje fleire haldepunkt for å forstå romanen som brevsamling enn som pseudodagbok, og denne ambivalensen meiner eg er tilsikta.

Den beste hausten er etter monsun

Mette Karlsviks roman har ein del strukturelle likskaper med Frøydis Sollid Simonsen si. Båe er stutte, utan kapitteltitlar og -nummerering. Skilnader er det likevel. Den beste hausten er etter monsun er delt inn i to delar med kvar sin førstepersonforteljar: Jagarpiloten Venor står i sentrum for første del, Sierra Indigo, medan det er tebonden Pasi som fortel del to, Tigerte.
Her skal vi altså ha to handlingsreferat: 

Jagarpiloten Venor (kvinneleg, norsk) er på veg til NATO-oppdrag i Sikkimsdalen i Himalaya. Ho kommuniserer med flygeleiaren Srdjan. Vel framme på basen er ho utolmodig etter å komme ut på oppdrag, og på ei rekognoseringsflyging opplever ho og Srdjan ei tillitskrise. Dei to kjem likevel nærmare kvarandre, tek joggeturar utanfor leiren og endar med å ta julepermen som ferietur i området. Til sist i denne delen møter dei ein lokal tebonde og kona hans.

Tebonden Pasi og kona Anousjka driv ein liten teplantasje høgt oppe i Himalaya. Produksjonen er ikkje stor, men teen er eksklusiv og blir distribuert av bonden sjøl. Altså følgjer vi han av og til til byen, og han og kona møter to NATO-soldatar etter vegen. Dei går frå å leige tenestene til ein birøktar til å skaffe seg sine eigne insekt.

Som den namnlause førstepersonen hos Simonsen presenterer korkje Venor eller Pasi seg. Ingen stader står det «Eg er ein kvinneleg jagarpilot i trettiåra, på veg til eit NATO-oppdrag der eg moglegvis skal finne kjærleiken» eller «Eg er tebonde, heiter Pasi og har ei ukrainsk kone som eg driv teplantasje i lag med». Når det gjeld Venor kjem det forsåvidt tydeleg fram at ho er pilot i ei F16-maskin, men kva kjøn ho har blir ikkje tydeleg før det blir nemnt på side 25.

Venor

Venor er heller ingen student som puggar til eksamen. Henner store kunnskap bur i henne før romanen tek til, og ho brukar han konkret heile tida, motsett ho som altså skal utgyte fakta for å nå vidare på den akademiske stigen. Likevel er ein viktig del av jobben hennar å rekognosere, altså innhente ny detaljkunnskap til den militære leiinga. Eit avsnitt kan innehalde fakta om landegrenser mellom India, Tibet og Kina, eit anna om samansetninga av flybensinen, eit tredje om glaset rundt cockpit. Likevel er det påfallande at Venor i så stor grad kjenner seg sjøl og deler kunnskapen om seg med lesarane. Avsnittet som tek til på side 41 handlar om landinga etter det nær katastrofale tillitsbrottet mellom henne og flygeleiaren og startar slik:


Hjula treffer asfalten, flyet finn balanse. Kroppen kjennest kald og klam. Kvifor no, då eg skulle vere glad og letta? Eg liker meg dårleg og har kjensla frå flygarskulen. Den same letten av å lande trygt. Men også den same frykta, den for alt som eg kan ha gjort gale. Gnagande, ustoppeleg frykt for refsen og avvisinga. Var vekke, den kjensla, i fleire år. Her er ho igjen. Ho er som ho var ti år attende. Men eg er annleis. Eg har lært sidan då.


Både den namnlause førstepersonen hos Simonsen og jagarpiloten her er i stand til å kople abstrakt kunnskap til sitt eige liv og sin eigen situasjon, men eg meiner å finne ein viss skilnad mellom dei i måten dei brukar fakta til å definere seg sjøl på. Venor deler kunnskap om seg sjøl og om tilhøve som har direkte innverknad på kva ho held på med. I tillegg til den militære kunnskapsinnhentinga får vi vite at ho óg har sytt for å gjere seg kjent med sed og skikk hjå den sivile folkesetnaden i den delen av verda ho er sett til å patruljere. Dersom ein kan seie at namnløysingen i Hver morgen stiger jeg opp fra havet brukar biologipensum til å hente metaforar for sitt eige liv, kan ein kanhende seie at faktaopplysningane står metonymisk i høve til Venor, tinga ho har kunnskap om har konkret samband med henne gjennom kontakt eller synsfelt. Ho er sjølsagt i stand til å reflektere, mellom anna føresteller ho seg ei verd der det er Nord-Korea eller Russland som sit med definisjonsmakta istf USA, men hovudinntrykket er likevel at kunnskapsdelinga er kroppsnær, sensuell og konkret. Forlagets baksidetekst hevdar at «med vid utsikt frå cockpiten reflekterer jagarpiloten Venor over si rolle i storpolitikken», men ei lesing av boka kan knapt føre til anna innsikt enn at dette er ei overdriving. Det er rettare å seie at forfattaren brukar Venors vide utsikt, Pasis djupe kunnskap og daglegliva til båe til å reflektere over (baksideteksten igjen) «politiske, økologiske og militære» tilhøve og deira innverknad på dette dagleglivet.

Pasi

Pasi liknar på Venor i somme stykke, og på namnlausingen i anna. Jamvel han har ein praktisk kunnskap, og jamvel i hans del av boka kan avsnitta handle om så prosaiske ting som pH-verdien i jordsmonnet, nedbrytinga av komplekse molekyl og ikkje minst korleis alt dette verkar inn på tebuskane. Motsett Venor har Pasi ein andreperson knytt til seg. Det er ikkje tale om kona, men snarare om ein adressat i Europa, gruppa av tedrikkarar som kjøper dei eksklusive varane hans i nisjebutikkar. Vi kan sjå på eit avsnitt (side 122) der Pasi på kombinerer namnløysingens detaljkunnskap med Venors hang til å knytte kunnskapen til kroppen:


Eg held meg vaken av theanin, teobromin, litt koffein. Kjem heim etter leggetid og vaknar av at Anushka dekker på i kjøkkenet. Eg vaknar av blikket til Anushka. Ho har så kvit augekvite i dag, og vide auge. (...) Det er klart at det hastar med å hauste te. Men teen er som oss. Han har det også best om han kviler godt.

I forlenginga av kommentaren om baksideteksten i førre avsnitt har eg hug til å nemne ein ting til som viser avstand mellom forfattar og forteljar. Venor er truleg vestlending, og dermed kan ho godt vere nynorsking. Romanens språk er altså (kanskje) hennar språk, men det er likevel Pasis del av boka som skapar inntrykk av ein forteljar som er heime i språket. Det er nokre påfallande tilfelle av utstrekt alliterering, her er eitt presentert med litt kontekst: (s 130): Skodde viskar ut natt og dag. Dal, berg, bygg byrjar som beige. Som dagen blir til, blir også fargane til.

Avslutning – mikro- og makroperspektiv

Som eg nemnte i innleiinga, har eg i denne oppgåva vore interessert i kva to forfattarar kan oppnå ved å veksle (ofte) mellom makro- og mikroperspektivet. Båe romanane eg har sett på gjer nett det i om lag like stor grad, men dei gjer kvar sine ting. Hver morgen kryper jeg opp fra havet er innom så ulike stader som solas indre, tomrommet i universet, dusjkabinettet og biblioteket. Både livets opphav og verdas ende er omtalte, og der sola kanskje er det største objektet som blir omtalt, er dei minste nede på molekylnivå. Det alt dette gjer er å nærmast gøyme ei lita forteljing om eit kortvarig kjærleiksforhald. Både makro- og mikroperspektiva i denne romanen er ekstreme, og det gjer at den namnlause hovudpersonen verkar trygt plassert. Ho er medviten om både kor lita ho er i den (kjempe-)store samanhangen, men óg om at ho er omdreiingspunktet i si eiga forteljing. Ved å ha eit makroperspektiv at det mest blir abstrakt blir romanen overraskande intim.

I Den beste hausten er etter monsun er bandet mellom subjektet og detaljkunnskapen tydelegare. Det er færre oppramsingar av fakta og meir open kommunikasjon om sjølvet, men samla sett er likevel romanen om Venor og Pasi meir av ein refleksjon over korleis større forhald påverkar liva våre. Ved å vere meir intim blir denne romanen overraskande generell.


Litteratur

  • Aarseth, A. (1979). Episke strukturer: innføring i anvendt fortellingsteori (2. utg.). Universitetsforl.
  • Holt, A., & Holt, E. (2014). Sudden death. Bergen: Vigmostad Bjørke.
  • Karlsvik, M. (2014). Den beste hausten er etter monsun : roman. Oslo: Samlaget.
  • Lindgren, T. (2005). Dorés bibel (1st ed.). Stockholm: Norstedts förlag.
  • Nærum, K. (2008). De dødes båt : kriminalroman. [Oslo]: Cappelen Damm.
  • Simonsen, F. S. (2013). Hver morgen kryper jeg opp fra havet. [Oslo]: Gyldendal.