mandag 28. januar 2013

Ti forsømte år? Ti Woody Allen-filmar eg endeleg skal få sett

Lett å kjenne


Gjennom mange år som filmelskar har eg, om ikkje anna, gjort meg sjøl kvalifisert til å synse lettvint om mange filmskaparar og filmane deira. Ein regissør som tidleg vart ein favoritt er Woody Allen. Frå og med Manhattan Murder Mystery såg eg samtlege av filmane hans då dei gjekk på kino, og gjennom filmklubbmedlemskap og utstrekt videotitting såg eg så godt som alle dei tidlegare filmane og hadde stor glede av dei. Både filmar, prosastykke og standupshow av Woody Allen inneheld fleire av dei vitsane eg har ledd mest av, og det er ikkje fritt for at dei mindre heilsprø filmane hans har treft meg i hjartet frå tid til annan.

Men i 2003 skjedde det noko. Eller, noko let vere med å skje. I desember 2002 såg eg Hollywood Ending (som eg tykte var heilt fin, ikkje toppklasse, men det var då ting å flire av der) på ei førpremiere, utan at eg då visste at eg hadde sett min siste nye Woody Allen-film på ti år. Anything Else veit eg at eg køyrte på Saga, og eg kjem i hug at eg iallfall handterte Melinda and Melinda på prøvekinoen, men etter den tid har eg knapt vore klar over titlane på filmane hans. Ikkje fordi eg har mista sansen for han, eg har nemleg med stor glede sett om att fleire av dei gamle filmane, men kanskje meir fordi eg ser veldig mykje mindre film enn eg gjorde for ti år sidan. Då jobba eg på kino og såg sikkert over 100 filmar i året på kino, festival osb, no er eg kanskje på kino 5-6 gonger i året, og oftast på barnefilmar (og har slik sett lidd meg gjennom Istid 4 og anna ræl).

Likevel: Det er på tide å gjere noko med saka, og eg har til og med høve til å skaffe ei frist. Til hausten er det premiere på den filmen Allen i skrivande stund klippar (eller legg lyd på, kva veit eg, det står post-production på imdb), og då har eg god tid til å tette dette store holet. Det kjem med andre ord til å bli nokre postar om dei siste ti åras Woody Allen-filmar her framover. Sidan eg er i gang skal eg jaggu endeleg få sett September og Don’t Drink the Water, og viss det går an å skrive noko om den siste tekstsamlinga hans (Mere Anarchy, kjøpsforsøk omtalt her) skal eg poste det óg. Vonleg vil eg klare å melde noko interessant om iallfall nokre av filmane.

Merknad om biletet: Det er flickr-brukaren Biphop som har knipsa det, eg har lasta det ned herfrå. Biphop har publisert det under ein Attribution / Noncommercial / Share alike-lisens. Det er gemt av han, og eg seier takk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.