Viser innlegg med etiketten amazon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten amazon. Vis alle innlegg

mandag 22. september 2014

Les på mobsen

Som eg vel så vidt var inne på for eit par innlegg sidan er lesebrettet mitt for tida oppteke fordi den kloke, slanke og generøse sambuaren min les Min kamp på det. Tredje band er visst litt av ein transportetappe, forstår eg.

Iallfall gjev dette meg høve til å seie noko om dei ulike eboklesarane på telefonen. På grunn av DRM og latskap (les: Orkar ikkje hugse adobe-IDen eller for den delen alltid syte for at filene eg KJØPER er portable) har eg lydboklesarar frå fire ulike bokhandlar på mobilen i tillegg til ebokbib. (Og to lydbokavspelarar, men dei får vente til ein annan post) installerte på smarttelefonen. Og så brukar eg den innebygde nettlesaren til å lese bøker på bokhylla.no. Eigen post seinare.

Berre for å ha sagt det i starten: Dei fungerer stort sett greit. Det skulle verkeleg ikkje vere turvande å ha ein lesar for kvar bidige butikk, og nei, det skulle heller ikkje vere turvande å fikle med sjølve filene EG HAR KJØPT for å få vist dei med kva lesar som helst. Men så lenge bokbransjen vel å behandle kundar som tjuvar må vi vel berre leve med det. Om det er fordi kvar bokhandel må ha kvar sin boklesar at dei er såpass ulike skal eg ikkje ha sagt. Ein kunne tenkje seg at alle i det aller minste hadde eit minimum av funksjonaltitet som gjekk på tvers av alle tilbydarane, og at dette minimumet omfatta blading fram og tilbake, søking i boka, interaktiv innhaldsliste, fotnoter, hugsing av kor du var i boka sist du las og litt sånn småsnacks. Som det følgjande PIRKET vil vise, er dette truleg å krevje for mykje. Nokre har alle desse funksjonalitetane, andre manglar dei. Sidan den som vil lese ebøker på mobilen i praksis ikkje kan velje vekk desse lesarane utan å velje vekk den aktuelle bokhandelen som kjelde til bøker er ikkje dette noka kåring av den beste lesaren, snarare ein liten vegvisar til kva ein bør vere obs på. 

Ebok.no og Riidr

Nettbutikken ebok.no har brukande tilbod kvar sundag, og det skulle ikkje forundre meg stort om denne ikkje greier å lese lydbøker óg. Illustrasjonen tyder kanskje på at eg har kjøpt Øyvind Holens forvitnelege Donald-bok tre gonger, men det har eg altså ikkje. Eg har berre forsøkt å opne henne tre-fire gonger eller sånn. 

Slinger i valsen
Nett denne boka har eg elles vore tvungen til å lese på mobsen jamvel om kindlen hadde vore ledig; Vigmostad Bjørke er nemleg så kjipe at ikkje berre får eg ikkje sendt boka til kindle, eg får faktisk ikkje lese henne online heller. Iallfall er blading att og fram tilgjengeleg her, og ein kan svitsje mellom svart tekst på kvit bakgrunn eller kvit tekst på svart bakgrunn. I denne boka fungerte faktisk fotnotene berre delvis, og det er nokså kjipt. 

Vidare brukar appen aksellerometeret i telefonen til å gjette om du vil lese med skjermen ståande eller liggande. Heldigvis kan ein låse skjermen i den føretrekte posisjonen.

Elles er bøkene søkbare direkte, og den som vel å trykke på menyfeltet på telefonen får tilgang til interaktiv innhaldsliste. Sidetala stemmer ikkje med sidene på mobilvisninga, men truleg ikkje med papirboka heller. Framdriftsmelding på formatet "side X av Y" kunne soleis gjerne vore supplert eller bytt ut med prosentdel av boka du har lese.
Båe er visst bygde på adobe reader

Når eg kunne seie med så stor sikkerheit at ebok.no truleg kan spele av lydbøker, er det fordi eg har høyrt lydbøker i riidr-appen før. Heldigvis er denne bokhandelen tillitsfull nok til å la kundane laste ned mp3-filene ved kjøp utan krav om at dei må bli spelt av i ein gitt spelar, slik at eg heller vel lydbokfavoritten akimbo (of which more later). Her er eg usikker på policyen til ebok.no fordi eg ikkje har kjøpt lydbøker derfrå. Elles er desse to appane (og nettbutikkane som høyrer til dei) så like at eg mistenkjer dei for å ha same eigarar.

Båe appane kan forresten fint brukast til å lese pdfar du måtte få tilsendt eller laste ned frå Internett. Slik har rutetabellar, vekeplanar for barneskulen og andre meir eller mindre saftige dokument blitt del av biblioteket mitt. 

Det der med å kunne velje bakgrunn er i grunnen kjekt. For ein som er van med e-ink er gjenskinnet i mobilskjermen heilt frykteleg plagsamt, og det hjelper faktisk ganske mykje å lese kvit tekst på svart bakgrunn. Ved lesing på senga er det óg kjekt å ikkje lyse opp heile rommet med masse kvit bakgrunn og litt svart tekst. Er det straumsparande óg tru?
Sånn! Her er óg innstillingar for lysstyrke, skriftstorleik og retningslåsing.

Iallfall: Kjekt. Om det er løyst på den best tenkjelege måten er eg derimot mindre sikker på. Det appen gjer når du skiftar til nattmodus (som dei av ukjente grunnar kallar det) er ikkje sånn sett å skifte tekstfarge og bakgrunnsfarge, men å gjere visninga negativ. Moglegvis meir lettvint for utviklaren, men eg kan iallfall sjå eit lite problem med det: 

Eller kanskje det berre blir tøffare?
Både riidr.dk og ebok.no har elles høve til å lese iallfall mange av bøkene i nettlesaren frå ditt eige bibliotek. Kjekt viss du ikkje gidd laste ned boka til den pcen du sit på eller ikkje orkar hugse adobe-IDen din eller av andre grunnar. Diverre synkroniserer ikkje butikken mot appen, slik at du sjøl må halde greie på kor du var om du av ulike grunnar skulle svitsje mellom lesing på mobil og pc. 

Ein annan ting som gjer at appen kan framstå som litt halvutvikla er det som skjer med titlar osb når du stiller på skriftstorleiken:

Play bøker (google books)

Dyre bøker. Den lekraste bladinga, men den kan eg ikkje attgje fordi gesten for å bla om kjem i konflikt med gesten for skjermdump. Appen er god å lese på, då. Og dersom boka ligg føre gratis i google books, er det med denne appen du les. Eg vier illustrasjonen denne gongen til det enorme behovet for dugnadsinnsats for korrekturlesing av skanna bøker:
Om du synest gotisk fraktur er vanskeleg å lese, tenk på kva OCR-programmet har å slite med!
Til venstre står første side av Ove Mallings Store og gode Handlinger af Danske, Norske og Holstenere (1777), til høgre ei side av innhaldslista slik ho er oppfatta av OCR-programvaren. Å gjere eldre bøker reelt søkbare krev dugnadsinnsats av menneske med røynlege auge. Om du har fem minutt å avse no og då kan du klikke på lenka og melde deg på distributed proofreaders og slik vere med på å sikre tilgang til kunnskap for framtida.

kindle

Fotnoter funkar. I tillegg til svart og kvit bakgrunn kan du velje sepia og grøn. Det er minst eit halvt dusin skrifttyper å velje mellom. Synkroniserer med lesebrettet og kindle cloud reader (i nettlesaren på pcen). Du kan legge dine eigne .mobi-filer (til dømes dei du har lasta ned frå gutenberg.org eller bokselskap.no) i kindlemappa på mobsen og lese dei der (i cloud reader har du derimot berre tilgang til titlane du har kjøpt eller fått gjennom amazon). Amazon kan kva tid som helst finne på å slette kontoen din og ta frå deg tilgangen til ebøkene du har kjøpt.

Lett å navigere. Flinke folk.

ebokbib

No har eg tidlegare skrive ein post om gleder og vonbrot etter eit par dagar med eboklån i Vestfold, no har det gått mange nok månader til at eg kan pirke vidare. 

Bøkene er stadig ikkje søkbare, og appen har stadig ingen fotnotefunksjonalitet. Innstillingane for skrifttype (fire eller fem ulike), skriftstorleik og bakgrunnsfarge (normal, natt og sepia) er lette å finne og bruke. Interaktiv innhaldsliste har eg enno ikkje funne. 

Like etter lansering hadde eg ei formell klage på ei av bøkene i utvalet. Det vart ordna, og det var forlaget si skuld, men det kunne kanskje vore lettare for både bibliotekarar (i tilfelle brukarane av bibliotekets tilbod vender seg til biblioteket) og ikkje-bibliotekarar å melde frå om feil.

Noregsrekord i orddelingsfeil?
Ein annan ting er at nokre av ebøkene er så fulle av korrekturfeil at ein kan ta seg i å lure på om forlaga (okay, samlaget) medvite saboterer ebøkene. Og det er i samband med slike ting eg har merkt meg at om den norske forlagsbransjen er treige til å omfamne ebøker, er dei ikkje stort betre på sosiale media (dei nyttar ikkje vende seg til dei på twitter). Men det er jo ikkje ebokbib si skuld.

Dette passar i grunnen bra, for eg er alltid meg sjøl minst 110 prosent.

tirsdag 6. august 2013

Eige eller leige?

Vi seier, iallfall fram til forlagsbransjen og biblioteka kjem fram til ei eller anna semje, at vi kjøper ebøker. Dette er berre delvis sant. I denne posten skriv eg litt om skilnaden mellom å eige og å leige filer og tek til ords for at den som les ebøker kan og bør rekne både leseutstyret og filene hen kjøper som sin personlege eigedom.

Med fare for å vere altfor lettvinn og frykteleg tendensiøs: Det kan verke som bokforhandlarar prøver å nytte digitaliseringa av litteraturen til å rane til seg dei rettane brukarar av åndsverk faktisk har. Det er verdt å hugse på at det ikkje berre er opphavarar og forleggjarar som har rettar knytte til åndsverk, brukarane og offentlegheita er og rettigheitshavarar (dei er berre ikkje alltid opphavsrettshavarar).

Kjøper du ei bok eller ein CD står det deg fritt å låne ut båe to, du kan lage tryggleikskopiar av CDen fordi du som forelder ønsker å sleppe feittete fingermerke og brekkasje, du kan selje dei pent brukt eller gje dei vekk, når du døyr går råderetten over dei over til arvingane dine, og så lenge du (eller nokon andre, det kan jo dreie seg om gåver du har fått) har betalt kan ingen utgjevar komme heim til deg for å ta tilbake verket.

Slik er det diverre ikkje med åndsverk du kjøper digitalt. Den forbrukaren som har både utstyr og innhald frå same leverandør lever på nåden til nett den leverandøren. Filer du må logge deg inn ein stad for å få tilgang til er i praksis berre dine så lenge du har ein konto, og ein konto har du så lenge du betaler eller held deg innafor strengt definerte retningsliner. Saka der amazon sletta George Orwells 1984 frå alle kindle-bretta har blitt fire år gammal (aftenposten skreiv om det i juli 2009), men så seint som i fjor vart det skrive ein del om Linn Nygaard, som fekk sletta heile amazon-kontoen sin utan forklaring.

Denne uhaldbare situasjonen heng nøye saman med fenomenet DRM, eller Digital Rights Management. Det vil seie, R kan like gjerne stå for Restrictions, sidan det ikkje er brukarens digitale rettar som blir administrert, berre opphavaren/seljaren sine. Når du har kjøpt ei fil du må lese med eit bestemt program eller ei bestemt maskin, ikkje kan flytte mellom maskinene dine, ikkje kan låne ut eller gi vekk eller i det heile teke disponere som du vil, er du offer for DRM.

Vitsen med dette rælet er, blir det sagt, å hindre piratkopiering og ulovleg spreiing. Den faktiske verknaden er at lovlydige, betalande kunder får sine lovlege rettar innskrenka. I tillegg blir "kjøp" veldig fort "leige".


For å ha presisert det: Dersom målet med DRM er å hindre piratkopiering, er heile strategien mislukka. Å bryte kopisperrene er ikkje berre ganske lett, det er og heilt naudsynt for å kunne ta ein sikkerheitskopi eller på andre måtar få det utbyttet du har krav på av produktet du har kjøpt. Når vi i tillegg veit at piratkopierte produkt IKKJE har desse sperrene, ser vi at dei som betaler får eit dårlegare produkt enn dei som stel. Å betale for ei ebok eller ein DVD er å bli mistenkeleggjort, å bli behandla som ein potensiell tjuv. Til alle karakteristikkar av DRM kan vi føye at det er uforskamma.



Illustrasjon lasta ned frå flickr-straumen til listentomyvoice (http://goo.gl/jxT8oZ)

Å rekne hardware som sin personlege eigedom vil seie å syte for at det kan brukast etter at kundeforhaldet til forhandlaren er avslutta, å bruke det til å spele av filer som er kjøpt andre stader enn der du kjøpte hardwaren. Den som ikkje koplar lesebrettet sitt til internett er kommen langt med tanke på det første, men med tanke på det andre er det ofte naudsynt å bryte kopisperrer.

Å rekne filer ein har betalt for som sin personlege eigedom vil seie å passe på at ingen andre (til dømes seljaren) har høve til å slette dei og å spele dei av/lese dei på det utstyret ein har valt sjøl. I mange høve vil dette seie å bryte kopisperrer.

Dersom dette får deg til å kjenne deg som ein forbrytar, er det fordi du har blitt teken for å vere ein, ikkje fordi du er i ferd med å gjere noko kriminelt. Ein pirat er du først om du deler materialet (ut over den næraste krinsen) eller lastar det ned utan å betale for det.

Med fare for å høyrest rebelsk ut: Å rå over varer ein sjøl har kjøpt er ein så sjølsagt forbrukarrett at fram til DRM er avskaffa, og så lenge ein ikkje kan velje mellom elles like varer med eller utan DRM er det forbrukarens plikt å bryte kopisperrer der dei hindrar lovleg bruk av varen.

onsdag 1. mai 2013

Ebokhuepine: Eg bur i feil europeisk land.

Det skulle liksom bli så lett å kjøpe bøker i heile verda med internett, men sjølsagt vil den internasjonale bokbransjen finne på orsakingar for ikkje å ta i mot pengane våre. Eg ville lese Le dernier lapon av Olivier Truc på kindlen min, og det fekk eg til slutt til. Diverre måtte eg hoppe gjennom ein del (brennande) tønneband for å få det til. (Spoilar: Den som vil kjøpe franske ebøker kan gå til epagine.)

Skjermdump fekk eg iallfall frå amazon.fr, om ikkje anna
Først vart eg nekta å kjøpe henne på amazon.fr. Dette fordi kindlen min er knytt til den USAnske butikken, og eit kjøp i den franske (eller tyske eller engelske eller kanadiske...) skapar truleg eit rekneskapsmessig mareritt av internasjonal karakter. Dei kunne selje meg papirboka, men der er det jo ikkje noka interaktiv ordliste. Dessutan: Frakt er dyrt.  Legg elles merke til at dei ikkje ein gong let oss som ikkje får lov å kjøpe boka få vite kor mykje ho hadde kosta om vi hadde fått kjøpe henne.

I den grøne boksen står det at kindlebøker ikkje kan sendast frå amazon.fr til mitt land. Om eg kan vere så vennleg å prøve i kindlebutikken til amazon.com?
Eg vart vist til amazon.com

Men amazon.com sel jo ikkje særleg mange ebøker på fransk. Ville eg ha ei papirutgåve til knapt nitti dollar pluss frakt? Ikkje det?

Dei to som sel boka brukt har nok hatt stor glede av henne, sidan dei må ha over 500 kroner for å skilje seg av med henne.
Kvifor ville eg plent kjøpe boka hos amazon? Ikkje av noka lojalitetskjensle, iallfall. Det har snarare praktiske grunnar:

  1. For det første har eg no ein gong ein kindle og er soleis låst til .mobi-formatet. Ein epub eg kjøper vil eg i dei fleste høve greie å strippe for DRM og konvertere, men om eg ikkje får det til er eg altså støkk med ei fil eg berre kan lese med Adobe Digital Editions eller (butikkens eigen) leseapp på mobilen. 
  2. For det andre nett fordi eg vil ha høve til å svitsje mellom lesebrettet, mobilen og skjermen. Om eg skal få til dette utan å måtte halde styr på kor eg er i boka må eg nesten vere innlogga i lesaren. Med kindle, kindle for android og cloud reader i nettlesaren går det bra. Diverre er cloud readeren designa defekt, der har eg berre tilgang til den delen av eboksamlinga eg har kjøpt på amazon.
Så måtte eg altså leite etter ein epub eg kanskje kunne konvertere i ein fransk nettbutikk. Den første eg kom på var fnac. Der hadde dei boka, men med DRM. Det plar gå bra, så eg oppretta ein brukarkonto og fann fram kredittkortet, men dei ville altså ikkje ha pengane mine.


I det gule banneret står det at Le Dernier Lapon ikkje let seg selje i min geografiske sone. 
Den som er van med å få det ho eller han vil ha i den butikken der dei plar handle må gjerne jobbe litt for å komme på andre butikkar som moglegvis kan ha den ønskte varen. Og sjøl om dei fleste nettbutikkane eg leita i hadde boka, er det ikkje fritt for at eg oppretta eit par ubrukelege brukarkontoar.

Men som eg antyda ovanfor fann eg til slutt ein butikk som tok imot pengane mine utan å spørje kor i verda eg hadde tenkt å lese boka. Det skulle ærleg talt berre mangle, men librairie epagine trengte altså ikkje gjere meir for å bli min franske favorittbokhandel på nett. Merk óg at dei, motsett td fnac og amazon, selte boka utan DRM. Dei stolar altså på at eg ikkje er ein tjuv. Nok ein grunn til å handle der, altså, og no skal det mykje til at eg prøver andre stader att. Det er så eg gler meg mest like mykje til å kjøpe Arsène Lupin-bøker som til å lese dei!

Utan DRM!
Som dei andre bileta er dette ein skjermdump eg med klønete fingrer sjøl har lagd kollasj av.
(Dette er elles ikkje den posten om boka eg har lova andre stader. Den er nemleg her.)

tirsdag 8. januar 2013

Kven tener på femøresboka?

Det vert sagt og skrive ein del om kor umogleg den norske forlagsbransjen er med tanke på å få til sal (for ikkje å snakke om bibliotekutlån) av ebøker. Det er rett at nye norske ebøker i hovudsak er svinedyre og DRM-infiserte, men dei to gongene eg har kjøpt ebøker frå norske nettbokhandlar har eg fått god pris og ikkje hatt problem med å strippe DRM slik at eg har fått overført til kindlen min.

Sidan eg har ein kindle har eg naturlegvis i hovudsak gode røynsler med kjøp av ebøker frå Amazon. Likevel er det ikkje heilt fritt for hovudpiner der i garden heller.

Når det gjeld papirbøker, kan eg handle frå kva filial av amazon eg vil, sjølsagt. Merkeleg nok gjeld ikkje dette for ebøker. At eg må kjøpe alle slike frå amazon.com (sidan kindlen er registrert der) er dumt når den siste QI-boka kostar 20 pence (ei krone og åtti øre) på amazon.co.uk og 9,89 dollar (ein femtilapp) i den USAnske filialen (per åttande januar 2012). Teit, men sånn er livet.

Det er i og for seg forståeleg at Amazon vil køyre eit tilbod i ein avgrensa region, dei kan neppe tene på at alle i heile verda lastar ned 1227 QI Facts to Blow Your Socks off for ein sum som truleg er lågare enn den forfattarane skal ha per nedlasting. Mindre forståeleg er den situasjonen eg hamna i denne veka: Ingen ville ha pengar av meg for ei bok eg ville ha.

Av forskjellige årsaker fekk eg sånn hug til å lese den siste samlinga med prosatekstar av Woody Allen, Mere Anarchy.

Denne er heilt sikkert veldig festleg

Elleve dollar er ikkje rare greiene, men 2-4 vekers ventetid og 12-13 dollar i frakt freista ikkje. Merk at det ikkje er noka kindle-utgåve oppført under format. Den einaste elektroniske utgåva slik det ser ut her er lydbokutgåva, klar for nedlasting for snaue tolv dollar.

Audible er eit dotterselskap av Amazon. Det har hendt når eg har kjøpt ei kindlebok at eg har fått tilbod om Audible-utgåva i tillegg for ein symbolsk sum. Med det rette utstyret skal det visstnok vere råd å svitsje saumlaust mellom tekst og tale. (Det er jo ganske snasent, men eg har ikkje fått prøvd det sidan eg manglar det rette utstyret.) Den som følgjer lenka til Audible-utgåva får sjå mellom anna dette:


Her ser vi at lydboka er å få til berre $8,45 om ein har kjøpt henne for kindle. Men vent; var dei ei kindleutgåve å få? Vi klikker oss vidare:



Dett er dett. Det er visstnok "Copyright restrictions" som ligg bak, men kva for opphavsrettsrestriksjonar det skulle vere er stadig gåtefullt. Kundar i Storbritannia får kjøpe ei kindleutgåve frå amazon.co.uk, folk med kindlar registrerte i Tyskland og Frankrike får kjøpt der (seks euro), men ikkje eg, altså. Eg får ikkje så mykje som vite kor mykje fila ville kosta om eg hadde fått kjøpe henne.

Kva førte dette til? Jau, at eg kjøpte boka for ein cent (5,6 øre) frå bruktbokhandlaren Better World Books gjennom Amazon, utan at eg forstår at nokon kan ha tent nemnande på det. Seljaren må betale Amazon 15% av salssummen pluss $1,35 per bok, altså må BWB ut med nesten ti kroner for å kunne gje meg boka for fem øre. (Kjelde her) Eg går ut frå at frakta på sytti kroner blir delt mellom seljar, speditør og Amazon på eit vis, men har vondt for å tru at det kostar så veldig mykje mindre å sende boka over Atlanterhavet.

Hadde ikkje både bokhandlar og opphavsrettshavar tent meir om eg berre kunne betalt ti-femten dollar for å laste ned boka? Om nokon les dette og forstår kva i alle dagar som ligg bak, vil eg gjerne bli opplyst.