fredag 26. desember 2014

Årets siste post? Bok 141 - 160 2014

Om eg får seie det sjøl, er det eit visst spenn i dei siste tjue bøkene eg har lese (ut). Eg lyt tilstå at det er lite sakprosa, men så er det jo fleire diktsamlingar og ungdomsromanar, då.

Teljing av ymse:
  • Atten av bøkene er heilt skjønnlitterære, ei er ei populærvitskapleg framstilling og den siste er ei blanding; ei oppskriftsbok spedd ut med anekdoter og noveller.
  • Seks kvinner har skrive seks av bøkene, tolv menn har skrive dei siste atten.
  • Fire er eigenlege ungdomsromanar, dei to av kvinnelege forfattarar er óg dei einaste to omsette titlane.
  • Fem er diktsamlingar av fire lyrikarar, her er songlyrikken medrekna. 
  • Berre tre er lydbøker, dei to av Torgny Lindgren og så den av Dickens.
  • Elleve av titlane er på bokmål, berre fire på norsk, to kvar på svensk og engelsk.
  • Fire av bøkene er delar av seriar eller syklusar: Råta og Hvit som snø er andre bok om høvesvis Hirka og Lumikki, medan Pölsan og Dorés Bibel heng saman med kvarandre og Hummelhonung (førre post)
  • Tretten er lånt på folkebibliotek, berre to av dei på papir.
  • Tre er lesne på bokhylla.no, to av dei er diktsamlingar av Olav Nygard.
  • Barneboka er vinnar av Nordisk råds litteraturpris i klassen for barnelitteratur.
Bak den snurrige tittelen Tre Jo Nesbø og et båtsportkart har Ellen Mari Thelle gøymt ei samling stort sett korte tekstar. Det kjennest ikkje rett å kalle dei noveller, mellom anna fordi det slett ikkje er alle tekstane som har noko som kan kallast eit handlingsforlaup. Alle titlane er namn på slike ting ein kan finne i ein bokhandel, og innhaldet kan ein kanskje oppsummere som "litt av kvart". Nokre kunne passa godt i den derre tøysete Bringsværd- boka I og for seg, andre nærmar seg novelleformatet og ein er til og med såvidt ein 22. juli-tekst.

Undis Brekke er i mine augo ei betre bok enn Vente, blinke, jamvel om sistnemte var god. Denne går djupare ned i alt det pinlege som martrar hovudpersonen, og det ho går gjennom verkar verre og meir reelt enn det som plagar personane i Vente, blinke. Det der med herreskjortene i førsteboka bleiknar litt mot at Undis blir karakterdrepen i romanen til ein av studentane sine, liksom. Filmatiseringar av denne og Veke 53 av Agnes Ravatn bør kunne bli juleklassikarar om den norske filmbransjen vaknar.

Bilde lånt frå kolonforlag.no. Har vondt for å tru at dette er ugrei bruk.

Det som er med bokhyller er at om ein kikkar litt rundt i dei kan ein finne litt av kvart. Tidlegare i år las eg Paul Lorck Eidems dekadente levemannsbok En herre på byen, og sånn tilfeldigvis dukka Hanehaler opp fordi Lorck Eidem var den eine redaktøren for henne. Innhaldet er sånn hærtata hørt cocktailoppskrifter og fylleanekdoter. Det beste trur eg er novella til Aksel Sandemose og bidraget frå Rolf Stenersen. Eg trur vi må kunne seie at Hanehaler er ei bok for den spesielt interesserte.

Skulle ein ta all lyrikken i ein smell, tru? Om eg skulle gjere eit oversyn over alle bøkene eg har lese gjennom året, vil det neppe komme særleg mange fleire enn dei eg kjem til å nemne i denne posten. Det er ikkje noko eg skryt av akkurat, men det er no sånn det er. Og om eg ikkje nett prøver å ta att det tapte, kan eg iallfall seie til meg sjøl at det får bli eit mål for det kommande leseåret at eg kjem meg gjennom ei diktsamling annakvar veke eller så. Iallfall. Maja Anette Flønes Monsen har iallfall valt ein slåande tittel til debutsamlinga si. Fitta og havet som tittel på ei diktsamling får iallfall meg til å tenkje på Sissel Solbjørg Bjugn og hennar sjonglering og bjugnlering (særleg på dei første delane av Heltinnetrinnet), sjøl om det er mindre bjugnlering hos Flønes Monsen. Kort sagt er det fine dikt om relasjonar. Det er fint å ikkje vere prippen i møtet med dei, og det direkte språket gjer dikta meir relaterbare. Såh.

Båe går på dekk? Nei. Fotspor i leverposteien?
Lurer på om ikkje det er eitt eller to tabuord i samlinga av Odd Børretzens songlyrikk, men det dempar jo ikkje inntrykket av at Da sier vi alt dette! inneheld vel så mykje kos som refs, og det sjøl om det er ganske mykje refs. Hadde det vore råd å søke i bøkene ein låner i ebokbib (den funkjsonaliteten må vel snart komme på plass?), skulle eg ha presentert talmaterial på ein del frasar, først og fremst "jeg mener". Det er verkeleg ein del bra greier her, men det meste er betre på plate. Særleg det at boka startar med så mykje av "pensjonistene"-materialet gjer at boka blir betre å lese litt i no og då enn å sluke. Dette materialet blir fort gammalt, jamvel om ein kan sjå at dei raffinerer det med tida (Børretzen resirkulerte mange av desse vitsane gjennom heile karriera). Tenk four yorkshiremen berre at det berre er to av dei. Refsen: Lun og råkande på ein gong, og det er jo ikkje så verst klart.

Dette er dramatisk nok!
Ved vebande (Olav Nygard) var ei eg burde ha lest før. Eg las Harudes (Erlend O. Nødtvedt) då ho kom, og fekk høyre at årets Trollsuiten la seg ganske tett opptil Nygards siste samling. Og då er jo bokhylla.no god å ha. (Der fann eg dessutan Runemaal og Flodmaal (som eg er i gang med no) óg) Ved vebande var altså for heimelekse å rekne, men det var no ei lekse eg gjorde med stor glede. Det er ikkje berre dei mange arkaismane som kan gjere Nygards dikt, øh, eg vil ugjerne seie ugjennomtrengelege, for det er dei ikkje, men kanskje opake? Ja. Mange arkaismar og eit versemål (mykje ottava riima, så vidt eg forstår) som er såpass strengt at linjedelingane stundom kan tåkelegge passar godt til desse dikta som gjerne handlar om overgangen mellom liv og død (Nygard var døyande av tubb då han skreiv dei) og grensa mellom det overjordiske og det underjordiske. Hos Nødtvedt er det autovernet som fungerer som veband, og den unge bergenslyrikaren held seg meir til det trolske. Nygard er nemnt eksplisitt i Trollsuiten, forresten. Nygard og Nødtvedt kler kvarandre. Nødtvedt held seg strengare til det trolske, men er meir utflytande som lyrikar. Motsett er det med Nygard, som er svært stram i metrikken, jamvel om ikkje alle dikta handlar om det same.

Som så mange andre (bokbloggarar) hadde eg venta på Råta, Siri Pettersens andrebok og oppfølgjaren til Odinsbarn. Denne boka kom raskare i gang, endå om handlinga var flytt til ny stad og litt meir eksposisjon dermed var turvande. Eg likte denne boka betre enn den første, mellom anna fordi ideane verkar som dei kjem tettare og fordi samanhengane med dei mytene vi kjenner ikkje blir malte med altfor store bokstavar. Ikkje kjempesubtilt liksom, men subtilt nok til at det verkar smart heller enn teit. Sjølsagt las eg boka altfor fort og må no vente eit heilt år på neste istf eit halvt sånn som sist. FML.

Ein av grunnane til at eg endeleg sette meg ned (på sykkelen, det var jo ei lydbok) med Charles Dickens' A Tale of Two Cities var at eg var ute etter ei orsaking til å høyre Mercury Theater-adaptasjonen om att. (Den er omtalt her i to omgangar) Og så er eg jo ikkje heilt uinteressert i den historiske perioden og Dickens høyrer liksom med til danninga. Om eg vart skuffa? Ja. Til å begynne med kjente eg på den herlege rusen av klassehat og hemn som er den uunngåelege konsekvensen av å lese om førstestandets ufyselege framferd mot fattigfolket. Seinare kjente eg ikkje like mykje på klassehat mot fattigfolk som gjekk litt langt når dei først kasta av seg åket. Og så blei det liksom litt vel melodramatisk. Strikkinga var nesten like komisk som i radioadaptasjonen.

A Tale of Two Cities var den siste av Dickens' forteljingar som vart illustrerte av Hablot Browne. Bildet er bomma frå charlesdickenspage.com, men har vel elles falt i det fri.
På brukarmøte i ebokbib fekk eg vite at fordelinga mellom skjønn- og faglitteratur i det samla utvalet er 80-20. Ei av dei etter måten få fagbøkene er Det som ble Norge av Reidar Müller. Boka er ein populærvitskapleg gjennomgang av (først og fremst) det geologiske grunnlaget for landet. Det første kapitlet er likevel av ein eller annan grunn om genetikk. Kanskje forfattaren har tenkt å sei noko om korleis landet har forma innbyggarane og eller omvendt, men det kjem ikkje så veldig tydeleg fram at det gjer noko. Måten han populariserer på er elles heilt grei: Han skriv eit slag reisereportasjar til ulike plassar med geologisk interesse, presenterer venner og kollegar som har særskilt god kunnskap om det aktuelle fenomenet og blandar inn nokre referansar til musikk, litteratur og noregshistorie. Resultatet er ei sånn bok ein kan sluke.

Då Nordisk råd delte ut dei høgthengande litteraturprisane sine i år, gjekk prisen for beste barnebok til Håkon Øverås' Brune. Det som kunne vore ein stolt augeblink for rikspressa vart i staden noko heilt anna, i det det tydeleg kom fram at norske avisfolk var skuffa over at ein norsk forfattar fekk ein trøystepremie og i det heile teke ikkje rekna barnelitteratur som ordentleg litteratur. Om det er det berre ein ting å seie: Dustar. Brune er ein kjempefin barneroman som handlar om både eit barns sorg over å miste ein slektning og det same barnets alliansar mot større og sterkare barn som mobbar. Mesteparten av tida var boka morosam, men litt sår. Heilt til slutt skal bestefar i jorda, og i det Rune aksepterer at han er borte får iallfall den vaksne lesaren (les: eg) ein trøkk som nesten får han til å gråte.Vurderinga av denne boka er elles mi eiga, ingen av borna mine har lese henne og påverka synet mitt.

Det er elles Øyvind Torseter som har illustrert denne prisvinnande barneromanen.
Tidlegare i år las eg Salla Simukkas pseudokrimthrillar for ungdom Rød som blod og likte henne så godt at eg tilrådde henne for Framtida.no sine lesarar. Oppfølgjaren, Hvit som snø har ein like fantasilaus tittel, og Lumikki er framleis ein smart, modig og ressurssterk hovudperson. Likevel likte eg førsteboka betre. Noko med at ho høyrer heime i Finland kanskje. Og skurken i denne boka var litt uferdig, tykte eg. Men jøss bevars, det er mykje som tyder på at Svart som ibenholt (og no gjettar eg tittel) kjem til å innehalde ein saftig familietragedie. Eg kjem til å henge med serien, altså.

Lurer elles på om ikkje The Pothunters er den dårlegaste boka av ein god forfattar eg har lese. Det er lite i henne som tyder på at PG Wodehouse skulle bli eit komisk geni. Vil tru det er vanskeleg for ein som ikkje har lese nokre av dei seinare bøkene hans å legge merke til og gle seg over dei få teikna på kommande storheit som faktisk er der.

Som sagt førre gong har eg nokså ettertrykkeleg blitt Torgny Lindgren-tilhengar. Pölsan er omtalt i den førre posten, og med Dorés bibel er syklusen som starta med Hummelhonung ferdig. Av dei tre trur eg nok stadig det er den første som er best. Iallfall var det den eg likte best å lese medan det stod på. Den skilte seg ut ved å vere enno meir ubestemmeleg i tid og rom (ut over Västerbotten, så klart), men no som eg får tenkt litt på dei to neste trur eg nok heilskapen er større enn summen av delane, som vanleg. Ein roman åleine er ikkje nok, i tillegg treng ein to metaromanar der den siste knytter dei to første saman med seg sjøl. Hovudpersonen i Dorés bibel setter krinsrekord i livsløgn med historia om seg sjøl og boka han kopierer. Gleder meg til å lese meir av Lindgren.

I fjor las eg i embets medfør dei lettlesne thrillerane i Mangschou forlags Skumring-serie. Det har komme to til, og jamvel dei har eg lese med glede. Det eg likte ved dei andre bøkene går att her: Dei er lettlesne utan å vere mynta på born, dei går ut frå at lesaren er smart, jamvel om han (og det kan fort vere unge menn med lesevanskar som er målgruppa her) kanskje ikkje er så van med å lese. Både Snatch (av Tor Arve Røssland, om ei kidnapping som slår feil) og Rottereir (av Widar Aspeli, om ein fatal prank i eit kjærleikstriangel) er spennande sjøl om dei har korte setningar og stor skrift. Som i dei andre i serien (eg vil særleg dra fram Jon Ewos Noia) er historia skoren ned til beinet, eller kanskje snarare destillert ned til essensen av ein thrillar. Eg nøler ikkje med å tilrå heile serien på generelt grunnlag.

Jada, eg nemner denne berre i parentes. Men ho er best i serien.
Derimot var eg ikkje så begeistra for Kjære, andreboka til Linnéa Myhre. Evig søndag verka så sjølbiografisk at han utfordra grensene til noko så utflytande som romansjangeren, og Kjære går endå eit par steg vekk frå romanen. Ikkje for at eg trur det er forfattaren som har funne på å marknadsføre denne samlinga brev som neppe blir sendte som roman, og det er vel heller ikkje sjangerkritikk eg hadde tenkt å drive med. Eg held døra open for at det kan vere meg det er noko gale med, men denne boka såg eg i grunnen ikkje poenget med (og eg har nyleg lese ei cocktailkokebok med fylleanekdotar som blandevatn). Nokre av breva var litt fiffige, som fosjempel det til Santa Maria og det til ho som kunne tenkje seg eit par slanketips frå anorektikaren, men elles var det heller traurig.

Siste ungdomsbok likte eg derimot ganske godt. To av bøkene til Jenny Jägerfeld dukka opp i ebokbibappen, og plutseleg sat eg der og las omsette versjonar av svenske bøker. Det er ikke så farlig med meg heiter eigenleg Här ligger jag och blöder, medan Jeg er jo så jævla easygoing på svensk heiter Jag är så jävla easygoing. Båe to er bra greier, og dei heng ikkje saman i nokon serie eller no. Ho som det ikkje er så farleg med trass i at ho ligg og blør er Maja, 16 år. Det første som skjer med henne er at ho sagar av seg tommeltuppen i ein sløydtime, og når folk har vondt for å tru at det var eit uhell forstår ein jo at ikkje absolutt alt er heilt på strek i livet til Maja. Betre blir det ikkje av at ho ikkje får moras beskjed om at ho ikkje kan komme på det vanlege helgebesøket. Maja reiser til Norrköping uvitande om at ho kjem til tomt hus. Som ein vel kan tenkje seg får Maja eit sjokk i forhalda sine til båe dei skilte foreldra sine, og ho finn til og med noko som kan minne sterkt om ung kjærleik. Og det er jo greit nok, men det som gjer boka verdt å lese er den gode prosaen til Jenny Jägerfeld så vel som talentet hennar for å plassere hovudpersonane i heilt jævlege kniper som lesaren gjerne ser dei komme trygt ut av. For hovudpersonen i Easygoing (brukar korttittel her) er det ikkje skilte foreldrar, og heller ikkje det at ho blir forelska i ei jente. Det er meir det at den ekstremt blakke mora ymtar om at det kanskje er på tide å prøve ein periode utan medisin for ADHDen? Og det vesle problemet som oppstår når ho lurar både skulens narkolangar og distributøren hans. Veldig godt skrive ungdomsbok, og forfriskande at kjærleiken får ta så stor plass utan at sjølve kurtisen er eit problem.

Skulle gjerne lest Jägerfeld på svensk, men.
Sånn. Dette var kanskje årets siste post? Neste bokgjennomgang har meir Wodehouse, ein klassikarparodi, ei lydbok om film og litt av kvart anna.