søndag 10. mars 2013

Svenske krigsheltar - om Hans Alfredssons kontrafaktiske historiske roman

Det er ein gammal vits i Noreg at verdas tynnaste bok heiter Svenske krigsheltar. Likevel spørst det om ikkje svenskane sjøl synest nøytralitet er eit prinsipp som er viktig nok til at dei toler nokre sjofle vitsar. Den svenske nøytraliteten under den andre verdskrigen er no eit slags historisk faktum, uansett kva karakter nøytraliteten hadde.

Som andre historiske fakta kan den svenske nøytraliteten gje opphav til ei mengd spekulasjonar over kva som kunne/ville/måtte skjedd om ikkje det eller det. Kva konsekvensar kunne det fått om Sverige hadde blitt utsett for tysk åtak, for eksempel?


Mellom dei som har stilt dette spørsmålet er den svenske forfattaren, skodespelaren, revystjerna, filmregissøren osb Hans Alfredson. Med romanen Attentatet i Pålsjö skog (1996) gir han eit interessant svar, eit svar som gir like interessante spekulasjonar på eit overordna geopolitisk nivå som på det personleg-psykologiske nivået.

Attentatet i tittelen er ein sabotasjeaksjon som finn stad litt utanfor Helsingborg på vårparten 1941. Romanen gir seg ut for å vere skriven av den yngste medlemmen av gruppa, Holger Axel Andersson. Som vi forstår, går romanen føre seg i spennet mellom dei personlege historiene og den storpolitiske samanhangen. Konkret tyder dette at ei laust organisert gruppe menn ser seg leie på dei svenske styresmaktenes slappe haldning andsynes tyskarane, i dette høvet at regjeringa stiller dei svenske jarnvegane til rådvelde for tyske troppe- og andre transportar mot det nordlege Noreg. I mai 1941 sprenger dei sporet med eitt av desse toga, og lukkast mellom anna i å drepe Eva Braun og såre Albert Speer.

Det er kanskje frå og med sabotasjeaksjonen det er tydelegast at Alfredsson har sett på mykje av skrivinga som eit puslespel. På den eine sida får vi vite korleis det gjekk med kvar og ein av sabotørane. Desse delane av boka er naturleg nok dei mest gripande delane. Av dei mange episodane som gjorde sterkt inntrykk på meg er det kanskje juleforteljinga som trefte hardast. Ein av sabotørane og Holgers beste ven er jøden Stig Witberg (eigenleg Weissberg), og når den unge Holger desember 1942 spør om dei ikkje skal feire jul saman får han til svar eit hånflir og følgjande salve:

Jag är jävlarimej ingen goj längre, Holger! sa han. Jag tänker aldrig mer äta kristen skitmat och hålla på med era jesusfånerier. Det finns viktigare saker i livet. Du får sitta ensam och runka med tomten.

Dette var ærleg talt eit perspektiv eg rett og slett ikkje hadde tenkt på før, og eg kjenner meg litt dum som ikkje hadde komme på at slik resentment må ha sådd splid mellom venner og kollegar gjennom heile krigen.

Den andre retninga romanen nærmast er nøydd til å ta er den overordna politiske. Det er liksom ingen vits i å skrive ein roman om kva konsekvensar okkupasjonen får for Sverige og svenskane om ein ikkje samstundes presenterer ei truverdig hypotese om kva konsekvensar okkupasjon av Sverige kan ha hatt for krigen. Hovudpoenget ser ut til å vere at soldatar til å hærta og halde Sverige måtte komme frå ein stad, og Alfredson let denne staden vere Middelhavet. I denne versjonen reknar den tyske overkommandoen Middelhavet for å vere sikra jamvel om dei ikkje har Kreta, og sender styrkane for å ta Sverige. Med kvart som handlinga i boka skrid fram får vi rapportar frå ørkenkrigen i Nord-Afrika så vel som frå det tyske felttoget i Sovjetunionen og dei stadige utsetjingane av landgangen i Normandie.

På same måte som det altså er tydeleg at å konstruere eit historisk rammeverk og setje saman eit truverdig persongalleri har vore mykje av jobben, altså jamvel om saumane i forteljinga er nokså openberre, er det like lett å sjå at dette rammeverket er sett opp og kledd (må stoppe analogien her) av ein forfattar med eit stort hjarte så vel som eit klokt hovud. Det tok med andre ord ikkje mange sidene før boka vart valdsamt fengslande.

Jah. Eg kjøpte boka på adlibris.no. Det var nokre få kroner billegare enn dito.se og adlibris.se let meg ikkje handle der. Calibre greidde DRM-stripping og omformatering til mobi ganske bra, men kapitteloverskriftene verka ikkje på kindlen.



onsdag 30. januar 2013

deLillos med alternativ vokalist

Etter at eg hadde lagd ei speleliste av dei Motorpsycholåtene Snah syng kom eg på at MP slett ikkje er åleine eingong i den norske rockescena om å ha så å seie ein første- og ein andrevokalist. Dei seine platene til Jokke og Valentinerne har døme på at både May-Irene Aasen og Petter Pogo stiller seg ved mikrofonen og syng på eit par låter, men det fremste dømet eg kjem på i farta iallfall er deLillos.

Det vil ikkje vere gale å seie at det er Lars Lillo Stenberg som er vokalist i deLillos, men det er óg på sin plass å peike på at bassist Lars Fredrik Beckstrøm har skrive og sunge nokre av dei aller beste songane til bandet. Etter at han debuterte som duettpartnar i publikumsfavoritten Arne og som låtskrivar med For første gang  (båe på Før var det morsomt med sne) har han hatt med minst ei låt på kvar av LPane bandet har gitt ut.
deLillos spelar på Øyafestivalen i 2005.
Foto frå wikimedia commons.
For å vere ærleg, har eg høyrt svært lite på platene etter Sent og tidlig. Eg likte henne rett og slett ikkje då ho kom, og dei neste platene har det berre ikkje blitt til. Før no, altså. Eg har høyrt  gjennom alt frå og med Stakkars med nye øyre, og skal nok ta meg tid til nøgnare lytting med kvart. Førebels vil eg berre raskt nemne at det kan verke som Larsane har nærma seg kvarandre som vokalistar.

Her er iallfall lista, oppdatert til og med Vi er på vei, kan'ke snu. Festleg nok kunne eg ta med to bonusspor óg. Lars Lundevall har vore gitarist sidan Neste sommer. På EPen Nå vil vi til Sverige syng han Stjerne, men det er ikkje før med den siste LPen han debuterer i albumsamanhang med låta Bedre før. Om han var det er det synd han ikkje har fått utfalde seg som songar i deLillos.


Motorpsycho med annan vokalist

Her ein dag posta eg på Facebook at eg under gjennomhøyring av Angels and Daemons at Play brått sakna eit band med ein betre vokalist. Eg løyste problemet ved å setje på ei plate av The Fall (The Wonderful and Frightening World of The Fall, faktisk), og fekk litt ulike reaksjonar på posten min. Ein meinte at same kva eg sakna ville The Fall gjere situasjonen betre, andre meinte eg var urettmessig streng mot Bent Sæthers vokalistevner.

Og det var eg heilt sikkert. Jamvel om han skreik mykje på dei første platene har han raskt utvida det vokale repertoaret, og er ganske god til å synge på ulike måtar etter kva situasjonen krev. Høyrer ein gjennom Heavy Metal Fruit er det ikkje til å ta feil av: Bent eignar seg svært godt både som forsangar og korist. Kan det tenkjast at han berre av og til gløymer å varme opp? Eg var på første førestelling av The Death-Defying Unicorn i operaen, og der kunne det verke som oppvarminga mankerte. Det var først etter dette eg verkeleg la merke til at han syng litt surt på nokre av låtene på Angels and Daemons at Play.

Men lell: Motorpsycho har jo støtt (sidan Timothy's Monster, iallfall) hatt ein annan vokalist, nemleg Hans Magnus "Snah" Ryan. Stemma hans er mjukare og han treff tonen lettare, men er ikkje hovudvokalist på noko album. Heldigvis er det lett i våre dagar å ta songar ut av samanhangen sin og sette dei saman på nye måtar. Eg presenterer med dette spelelista Motorpsycho med annan vokalist. Det handlar i grunnen ikkje om at Snah syng betre enn Bent (legg merke til kor bra dei er saman på mellom anna Into the Gyre på The Death-Defying Unicorn), men om å prøve å finne ein ny innfallsvinkel til eit band eg kjenner platene til ganske godt.

Og for no å tilføye eit lite avsnitt etter eit års tid: Behind the Sun understrekar nok ein gong at Bent og Snah gjer seg godt når dei syng i lag. I tillegg viser sistesporet, del 7 av den omfattande Hell-svitten, at for Bent sin del er skrålinga no ein integrert del av det vokalistiske repertoaret, ikkje eit resultat av nokon diskrepanse mellom ambisjonar og ferdigheiter.

Hans Magnus "Snah" Ryan syng i Motorpsycho under Terrastock i 2009. Bak trommene sit Kenneth Kapstad.
Foto frå Wikimedia Commons
Grunnen til at denne spelelista blir presentert i WiMP istf Spotify er rett og slett at sistnemnte har utruleg få MP-album.

Songane det er snakk om er:

  • Timothy's Monster
    • On Your Pillow
  • Blissard 
    • Greener
  • Angels And Daemons at Play 
    • Sideways Spiral
    • Heartattack Mac
    • Like Always
    • Starmelt/Lovelight
  • Trust Us
    • Mantrick Muffin Stomp
    • Superstooge
    • Coventry Boy
  • Let them Eat Cake 
    • Upstairs - Downstairs
  • Phanerothyme 
    • Landslide
    • Go to California
    • Blindfolded
  • It's a Love Cult 
    • Neverland
    • Serpentine
  • Black Hole/Blank Canvas
    • Coalmine Pony
    • (Critical Mass under tvil, det er meir av ein duett?)
    • Sancho Says (duett)
    • The Ace
    • Before the Flood
  • Little Lucid Moments
    • Year Zero
  • Heavy Metal Fruit 
    • The Bomb-Proof Roll and Beyond (for Arnie Hassle)
    • Gullible's Travails (pt I-IV)
  • Still Life with Eggplant
    • August
    • Barleycorn (Let it Come, Let it Be) (teken med på same grunnlag som Critical Mass)
  • Behind the Sun
    • On a Plate
    • Entropy
    • The Magic & the Wonder (A Love Theme)


Ikkje alt er med: Eg har diska side 1 av Little Lucid Moments sidan det ikkje går an å dele opp svitten i fleire låter. Bent og Snah syng kvar sine delar her. Vidare er (heldigvis) ikkje Barracuda tilgjengeleg på for strøyming (MRK: Dette var berre eit problem fram til eg fekk skaffa ny stift til platespelaren og deretter konstatert at det berre er Bent som syng på ei plate som var betre enn eg hugsa) og Child of the Future er ikkje berre utilgjengeleg på strøyming, men finst berre på vinyl. Eg skal vurdere å ta med liveplatene, men er skuffa over at ikkje EPane let seg strøyme.

Som om det ikkje var nok at Snah har fått prøve seg har jammen den mannen som pt har lengst fartstid bak trommene i bandet óg sunge ein del. Dei fleste EPane har med ei låt av han, men med eit unnatak er dei instrumentalar. Iallfall song han ei låt på kvart av dei tre siste albuma han spelte på, nemleg:

  • Let Them Eat Cake: Never Let You Out
  • Phanerothyme: When You're Dead
  • It's a Love Cult: What if...
Den lista er her.

(Redigert 12 mars etter ny gjennomhøyring av materiale som ikkje finst på WiMP.)
(Redigert 17 april etter lanseringa av Still Life with Eggplant.)
(Redigert 25 mars 2014 etter lanseringa av Behind the Sun. Jamvel om den plata vart lansert i WiMP samstundes med LP-utgåva er elles Still Life with Eggplant stadig sakna der i garden.)

To Rome with Love

Så vidt eg har forstått, har Woody Allen i løpet av dei siste ti åra prøvd seg på nye ting. Soleis kan eg mellom anna sjå fram til eit par thrillerar. Eg har óg fått inntrykk av at folk meiner det er noko nytt at han lagar film utanfor New York. Det stemmer jo i og for seg ikkje så veldig godt, all den tid Bananas går føre seg i San Marcos, Everyone Says I Love You i stor grad i Paris, A Midsummer Night's Sex Comedy på landet, Love and Death i Russland osb.

Judy Davis og Woody Allen på veg til Roma for å treffe svigersonen
Det får no vere som det vil. Det står uansett knapt til å nekte at Allens filmar er sterkt knytte til New York, to av dei har til og med Manhattan i tittelen. I løpet av dei siste åra har tre filmar fått titlar med stadnamn. Vicky Cristina Barcelona og Midnight in Paris har eg førebels til gode å sjå, men To Rome with Love er iallfall unnagjort.

Det er fort gjort å misforstå tittelen. Den som les To Rome with Love kan lett oppfatte tittelen som lovnad om erotikk og sensualitet i romantiske omgjevnader. Heldigvis vart den innleiande skepsisen ialllfall eg hyste raskt oppløyst. Ikkje for at det ikkje er romantisk fløff, men fordi det er romantisk fløff av iallfall gjenkjenneleg Allen-merke.

Dei fire forteljingane er i varierande grad elleville. Alt var artig medan det stod på, men med nokre dagars avstand er det klart at det minst gjevande elementet er den delen av filmen der Roberto Benigni spelar ein vanleg mann som heilt plutseleg blir kjendis. Det er ikkje det at Benigni ikkje er god, det er meir at dei vitsane som let seg presse ut av dette materialet alt er skviste ut og resirkulerte fleire gongar. Eg registrerer at ingen ringare enn Roger Ebert er samd med meg her, og det er jo i og for seg hyggeleg. 
Paradoksalt nok er Benigni sikkert meir van med dette enn rollefiguren


Nest minst interessant er soga om det unge nygifte paret på landet som på kvar sin måte blir forførte i om ikkje av Roma. Nok ein gong er det avgrensingane i materialet som øydelegg, det er grenser for kor mange gonger det er gøy å plassere ein sexarbeidar i feil selskap. Skal tru om det finst eit publikum som oppfattar Penelope Cruz som ein europeisk skodespelar som snakkar europeisk i ein film som går føre seg i Europa snarare enn ein spansk skodespelar som snakkar italiensk i ein film som går føre seg i Italia?
Penelope Cruz som sexarbeidar som er både årsak til og redning frå trøbbel

Dei to siste lutane av filmen var i grunnen jamgode, men som sagt med varierande grad av ellevillheit. Alec Baldwin spelar ein arkitekt som går for å sjå igjen gata han budde i, og møter studenten Jesse Eisenberg, som fort kan vere Baldwin sjøl i ei yngre utgåve. Det er uklart kven som er hovudpersonen her, den unge arkitekten som plutseleg vert riven mellom sambuaren og ei av venninnene hennar og får faderlege råd av Alec Baldwin som ein slags Skybert, eller om det er Alec Baldwin som er sentrum. I så fall er han i den unike situasjonen at han som godt vaksen møter sitt yngre eg og kan rettleie seg sjøl i ein situasjon der det er lett (kanskje særleg for unge folk) å gjere feil. Det er færre vittigheiter i denne historia enn andre stader i filmen, men dette er likevel både sjarmerande, tankevekkande og morosamt.
Alec Baldwin rettleiar Jesse Eisenberg

Den historia som kjem først i gang er nok den som startar mest konvensjonelt (USAnsk turist og innfødd romar møtest og fell for kvarandre), men er likevel den som endar sprøast. Woody Allen og Judy Davis kjem til Roma i eigenskap av potensielle svigerforeldrar. Han, ein pensjonert og misforstått operaregissør, oppdagar at det italienske motstykket hans (som er gravferdsagent) syng svært bra i dusjen. Når den motvillege bedemannen gjer ein audition syng han derimot dårleg. Det einaste logiske i denne situasjonen er å la gravferdsagenten synge seg gjennom operaen i eit dusjkabinett på scena. Sjølsagt.

Den reinaste tenoren evver
Denne ideen hadde ikkje vore ueffen som ein throwaway gag i ein av Allens syttitalsfilmar, til naud somgrunnlag for ei av dei novellene han med kvart har skrive ein del av. Likevel trur eg jammen dei 25 minutta med spelefilm som går med her er ideens optimale form. Det er tid til å etablere ein kontekst som gjer tanken både latterleg og naturleg, samstundes som 25 minutt er alt som trengst. Og her haglar det med oneliners, særleg etter at Allen sjøl blir med i filmen.

Er det ein Allen-film av godt, gamalt merke? Ja og nei. Den nyaste av filmane hans eg hadde sett før denne var Hollywood Ending frå ti år før. Humoren og den generelle stemninga er lette å kjenne att, og det er ikkje fritt for at ein del tema óg er sånne vi kjenner frå før. To Rome with Love er på ingen måte toppklasse-Allen, men det er heller ikkje noko nytt. Den som har sett til dømes Curse of the Jade Scorpion veit at det neppe er grunnlag for å hevde at Woody Allens filmar stadig blir verre.


Og så er det jo Roma, då.

Kort oppsummert er To Rome with Love ein film som absolutt er verdt å sjå, jamvel om det er tvilsamt at han hamnar på noka topp 10-liste.

mandag 28. januar 2013

Ti forsømte år? Ti Woody Allen-filmar eg endeleg skal få sett

Lett å kjenne


Gjennom mange år som filmelskar har eg, om ikkje anna, gjort meg sjøl kvalifisert til å synse lettvint om mange filmskaparar og filmane deira. Ein regissør som tidleg vart ein favoritt er Woody Allen. Frå og med Manhattan Murder Mystery såg eg samtlege av filmane hans då dei gjekk på kino, og gjennom filmklubbmedlemskap og utstrekt videotitting såg eg så godt som alle dei tidlegare filmane og hadde stor glede av dei. Både filmar, prosastykke og standupshow av Woody Allen inneheld fleire av dei vitsane eg har ledd mest av, og det er ikkje fritt for at dei mindre heilsprø filmane hans har treft meg i hjartet frå tid til annan.

Men i 2003 skjedde det noko. Eller, noko let vere med å skje. I desember 2002 såg eg Hollywood Ending (som eg tykte var heilt fin, ikkje toppklasse, men det var då ting å flire av der) på ei førpremiere, utan at eg då visste at eg hadde sett min siste nye Woody Allen-film på ti år. Anything Else veit eg at eg køyrte på Saga, og eg kjem i hug at eg iallfall handterte Melinda and Melinda på prøvekinoen, men etter den tid har eg knapt vore klar over titlane på filmane hans. Ikkje fordi eg har mista sansen for han, eg har nemleg med stor glede sett om att fleire av dei gamle filmane, men kanskje meir fordi eg ser veldig mykje mindre film enn eg gjorde for ti år sidan. Då jobba eg på kino og såg sikkert over 100 filmar i året på kino, festival osb, no er eg kanskje på kino 5-6 gonger i året, og oftast på barnefilmar (og har slik sett lidd meg gjennom Istid 4 og anna ræl).

Likevel: Det er på tide å gjere noko med saka, og eg har til og med høve til å skaffe ei frist. Til hausten er det premiere på den filmen Allen i skrivande stund klippar (eller legg lyd på, kva veit eg, det står post-production på imdb), og då har eg god tid til å tette dette store holet. Det kjem med andre ord til å bli nokre postar om dei siste ti åras Woody Allen-filmar her framover. Sidan eg er i gang skal eg jaggu endeleg få sett September og Don’t Drink the Water, og viss det går an å skrive noko om den siste tekstsamlinga hans (Mere Anarchy, kjøpsforsøk omtalt her) skal eg poste det óg. Vonleg vil eg klare å melde noko interessant om iallfall nokre av filmane.

Merknad om biletet: Det er flickr-brukaren Biphop som har knipsa det, eg har lasta det ned herfrå. Biphop har publisert det under ein Attribution / Noncommercial / Share alike-lisens. Det er gemt av han, og eg seier takk.

mandag 14. januar 2013

Frykt og avsky på tynn is



Om å avgjere skilnaden mellom det som blir sagt og det som blir meint


Ein av dei første dagane etter nyttår vart twitterstraumen min, som hyser fleire andre pedantar i tillegg til meg, brått ein augneblink fylt av oppgitte, skriftlege sukk. Ei nettavis hadde i ein notis brukt overskrifta Fryktet person gikk gjennom isen, og det skal ha gått fram av stykket at det slett ikkje var det journalisten hadde meint.

Den som søker seg fram til nyheitssaka vil finne at overskrifta vart retta til Fryktet at person gikk gjennom isen, og om det er grammatiske problem med den fråsegna, er det likevel innanfor det som er vanleg i den mest telegramaktige stilen som er vanleg i avisoverskrifter.

Men kva er det som er det store problemet med avisoverskrifta slik ho såg ut i utgangspunktet? I denne første leksjonen i kurset Bokmål for vidarekomne skal vi analysere setninga for å finne ut kva ho eigentleg seier, men vi skal óg skule til artikkelen og den nye overskrifta for å finne ut korleis setninga burde sett ut frå starten.

Når ein skal analysere ei setning, er det kjekt å starte med å finne ut kva ord eller grupper av ord som utgjer setningsledd, samt å identifisere desse ledda. Setningar på norsk skal ha finitt verbal (altså eit verb i presens, preteritum eller imperativ) og subjekt (viss ikkje verbalet er i imperativ, sjølsagt). Her er det to ord som kan sjå ut som finitte verb, nemleg fryktet og gikk. Kva for eit av dei er det som representerer setningas handling?

Når vi veit at norsk er eit såkalla V2-språk, veit vi at det finitte verbet står som det andre leddet i setninga. Altså er alt som står til venstre for verbet eit ledd. Ofte er det subjekt, men det er heller ikkje uvanleg å finne eit adverbial her. Her står det ingenting til venstre for den første kandidaten, fryktet, altså kan vi gå ut frå at det er gikk som er setningas finitte verb. Fryktet er her ei partisippform som er brukt adjektivisk, og altså ikkje eit finitt verb.

Det finst elles fleire måtar å identifisere subjekt og finitt verbal på. Dersom vi gjer om setninga til eit ja/nei-spørsmål plasserer vi det finitte verbalet først og subjektet på andreplass. Prøver vi ein gong til med fryktet, får vi *Fryktet person gikk gjennom isen?, og det er jo ikkje eit ordentleg ja/nei-spørsmål. Om vi derimot spør Gikk fryktet person gjennom isen? vert det straks betre. Hadde determinativen en vore med hadde vi vore sikrare på at adjektivet viste til en person, altså eit hankjønssubstantiv i ubunde eintal.

Vi har identifisert setningas finitte verb, gikk, og subjekt, nemleg fryktet person. Då står berre orda gjennom isen att. Vi kjenner att gjennom som ein preposisjon, og veit at det gjer gjennom isen til ein preposisjonsfrase, altså er vi rimeleg sikre på at orda til saman utgjer eit ledd. Om vi ikkje hugsar om preposisjonsfraser berre kan vere objekt, adverbial, predikativ, to av dei eller alle tre, er det greit å finne ut av kva vi har med å gjere ved å stille nokre spørsmål.

Dersom leddet er svar på spørsmålet Kven eller kva [finitt verbal] [subjekt]? har vi å gjere med eit direkte objekt (iallfall så lenge det finitte verbet ikkje er usjølstendig). Det stemmer ikkje her, så vi spør vidare: Kor eller når eller på kva måte [finitt verbal] [subjekt]? for å sjå om leddet kan vere adverbial. Her ser vi at gjennom isen er svar på Hvor gikk fryktet mann?, altså veit vi at gjennom isen er adverbial.

(Om dette hadde vore ei oppgåve på høgskule- eller universitetsnivå hadde vi óg analysert dei einskilte frasene slik: Kjerna i frasen fryktet mann er substantivet mann, altså er fryktet mann ein substantivfrase med adjektivet fryktet som adledd (eller tillegg eller beskrivar, og her skulle vi helst hatt med en som bestemmar). Det finitte verbet er no berre ein finitt verbfrase, medan gjennom isen er ein preposisjonsfrase med gjennom som kjerne og isen som adledd (eller styring, som vi sa då eg var gut), og isen er ei substantivfrase utan noko meir enn ei kjerne.)

Når vi no har analysert henne, ser vi at setninga er heilt utvitydig. Ein person som var frykta (vi veit ikkje kven som frykta vedkommande) gjekk heldigvis gjennom isen, og er soleis ikkje lenger i stand til å skremme nokon. Om vi derimot les artikkelen (eller den korrigerte overskrifta), finn vi raskt ut at det ikkje var dette journalisten meinte. Det som hadde gått føre seg i Buskerud den dagen var at eit augevitne hadde sett ting på isen som fekk han eller ho til å bli redd for at einkvan låg i det kalde vatnet. Fryktet at person gikk gjennom isen er ikkje ei setning, men eit setningsemne. Her manglar subjektet, men for at vi skal få gjennomført analysen skal eg berre ekstrapolere eit. Øyenvitner er like godt som noko anna.

Om vi startar med å gjere om setninga til eit ja/nei-spørsmål, får vi Fryktet øyenvitner at person gikk gjennom isen?. Alt no ser vi at fryktet er det finitte verbalet. Øyenvitner har vi sjøl sett inn som subjekt. Det som står att er at person gikk gjennom isen. Kan det tenkjast at denne ordgruppa utgjer eit setningsledd? Vi prøver å stille direkte objekt-spørsmålet: Hva fryktet øyenvitner? at person gikk gjennom isen er eit heilt fornuftig svar på dette, altså har vi identifisert det direkte objektet.

Den nye avisoverskrifta manglar subjekt, men har finitt verbal og direkte objekt. Det direkte objektet er elles ei leddsetning. Vi ser det blir innleidd av subjunksjonen at, og om vi skulle halde fram med analysen, ville vi raskt kjent att setninga frå det førre analyseeksemplet. Den einaste vesentlege skilnaden er vel at substantivfrasen i subjektet ikkje har noko adjektiv som adledd.

Om eg no har ført prov for at setningsanalyse er rasande festleg får vere opp til andre å avgjere. Det eg håper å ha gjort er å vise at den journalisten som vil sikre seg mot pedantars hån og spit bør meistre kunsten å analysere sine eigne setningar.

tirsdag 8. januar 2013

Kven tener på femøresboka?

Det vert sagt og skrive ein del om kor umogleg den norske forlagsbransjen er med tanke på å få til sal (for ikkje å snakke om bibliotekutlån) av ebøker. Det er rett at nye norske ebøker i hovudsak er svinedyre og DRM-infiserte, men dei to gongene eg har kjøpt ebøker frå norske nettbokhandlar har eg fått god pris og ikkje hatt problem med å strippe DRM slik at eg har fått overført til kindlen min.

Sidan eg har ein kindle har eg naturlegvis i hovudsak gode røynsler med kjøp av ebøker frå Amazon. Likevel er det ikkje heilt fritt for hovudpiner der i garden heller.

Når det gjeld papirbøker, kan eg handle frå kva filial av amazon eg vil, sjølsagt. Merkeleg nok gjeld ikkje dette for ebøker. At eg må kjøpe alle slike frå amazon.com (sidan kindlen er registrert der) er dumt når den siste QI-boka kostar 20 pence (ei krone og åtti øre) på amazon.co.uk og 9,89 dollar (ein femtilapp) i den USAnske filialen (per åttande januar 2012). Teit, men sånn er livet.

Det er i og for seg forståeleg at Amazon vil køyre eit tilbod i ein avgrensa region, dei kan neppe tene på at alle i heile verda lastar ned 1227 QI Facts to Blow Your Socks off for ein sum som truleg er lågare enn den forfattarane skal ha per nedlasting. Mindre forståeleg er den situasjonen eg hamna i denne veka: Ingen ville ha pengar av meg for ei bok eg ville ha.

Av forskjellige årsaker fekk eg sånn hug til å lese den siste samlinga med prosatekstar av Woody Allen, Mere Anarchy.

Denne er heilt sikkert veldig festleg

Elleve dollar er ikkje rare greiene, men 2-4 vekers ventetid og 12-13 dollar i frakt freista ikkje. Merk at det ikkje er noka kindle-utgåve oppført under format. Den einaste elektroniske utgåva slik det ser ut her er lydbokutgåva, klar for nedlasting for snaue tolv dollar.

Audible er eit dotterselskap av Amazon. Det har hendt når eg har kjøpt ei kindlebok at eg har fått tilbod om Audible-utgåva i tillegg for ein symbolsk sum. Med det rette utstyret skal det visstnok vere råd å svitsje saumlaust mellom tekst og tale. (Det er jo ganske snasent, men eg har ikkje fått prøvd det sidan eg manglar det rette utstyret.) Den som følgjer lenka til Audible-utgåva får sjå mellom anna dette:


Her ser vi at lydboka er å få til berre $8,45 om ein har kjøpt henne for kindle. Men vent; var dei ei kindleutgåve å få? Vi klikker oss vidare:



Dett er dett. Det er visstnok "Copyright restrictions" som ligg bak, men kva for opphavsrettsrestriksjonar det skulle vere er stadig gåtefullt. Kundar i Storbritannia får kjøpe ei kindleutgåve frå amazon.co.uk, folk med kindlar registrerte i Tyskland og Frankrike får kjøpt der (seks euro), men ikkje eg, altså. Eg får ikkje så mykje som vite kor mykje fila ville kosta om eg hadde fått kjøpe henne.

Kva førte dette til? Jau, at eg kjøpte boka for ein cent (5,6 øre) frå bruktbokhandlaren Better World Books gjennom Amazon, utan at eg forstår at nokon kan ha tent nemnande på det. Seljaren må betale Amazon 15% av salssummen pluss $1,35 per bok, altså må BWB ut med nesten ti kroner for å kunne gje meg boka for fem øre. (Kjelde her) Eg går ut frå at frakta på sytti kroner blir delt mellom seljar, speditør og Amazon på eit vis, men har vondt for å tru at det kostar så veldig mykje mindre å sende boka over Atlanterhavet.

Hadde ikkje både bokhandlar og opphavsrettshavar tent meir om eg berre kunne betalt ti-femten dollar for å laste ned boka? Om nokon les dette og forstår kva i alle dagar som ligg bak, vil eg gjerne bli opplyst.