onsdag 9. oktober 2013

Eit billass med radioteater og soupe du jour

Orson Welles, altså. Kane er faktisk så god som dei seier, og herregud for ein fengslande mann. For ikkje så forbaska lenge sidan kom det ut ei ny, herleg sladderbok der samtalane mellom Welles og Henry Jaglom frå Welles' siste leveår var transkriberte, og det var sjølsagt ein fest å lese, ikkje berre på grunn av det som stod om John Houseman, Welles' medsamansvorne i Mercury Theatre-perioden.

Så mykje av ein fest at å kjøpe seksti timar med radioteater signert Orson Welles verka som den best tenkjelege måten å disponere tjue kroner (medlemsprisen på audible.com: $2,95) på. Diverre får ein ikkje alt for tjue kroner. Til no har eg berre funne alfabetiske innhaldslister over The Ultimate Collection, og ettersom stykka korkje blir presenterte alfabetisk eller kronologisk er ei alfabetisk liste knapt brukande til fyllmasse.

Eg trudde ærleg talt eg skulle bruke vinter og vår på å høyre gjennom Orson Welles the ultimate collection, litt sånn du veit høyre eit stykke no og eit stykke då innimellom alle lydbøkene. Men så viste det seg at eg prøver å gå så lange turar som råd åleine for å få med meg meir av alle desse gilde radioprogramma.

Di meir eg høyrer, di meir får eg kjensla av at det er meir å glede seg til, forresten. Det gjekk nyleg opp for meg at eg snart får høyre ei dramatisering av The Magnificent Ambersons, og om ikkje det er grunn til å sjå om att filmen, lese boka og kvifor ikkje ei bok eller to om filmen, så veit ikkje eg riktig.




Well, eg tek det på meg å lage ei skikkeleg liste. De kan takke meg seinare, for det kjem til å ta tid. Her er ho, med kvart som eg høyrer stykka:

Avspelingsrekkefølgje


  1. A Tale of Two Cities (25 juli 1938)
  2. Abraham Lincoln (15 august 1938)
  3. Around the World in 80 Days (23 oktober 1938)
  4. A Christmas Carol (23 desember 1938)
  5. A Christmas Carol (24 desember1939)
  6. Ah, Wilderness! (17 desember 1939)
  7. Algiers (8 oktober 1939)
  8. Arrowsmith (3 februar 1939)
  9. Beau Geste (17 februar 1939)
  10. Counselor-at-Law (6 januar 1939)
  11. Dinner at Eight (18 februar 1940)
  12. Dodsworth (26 november 1939)
  13. Escape (15 oktober 1939)
  14. Huckleberry Finn (17 mars 1940)
  15. I Lost my Girlish Laughter (27 januar 1939)
  16. It Happened One Night (28 januar 1940)
  17. June Moon (24 mars 1940)
  18. Liliom (22 oktober 1939)
  19. Lost Horizon (3 desember 1939)
  20. Mr Deeds Goes to Town (11 februar 1940)
1-3 er forsåvidt i same rekkefølgje som i amazon-lista, men der har dei Mercury Theatre som overordna tittel. 4-? vart sendte under programposten Campbell Playhouse (fordi suppefabrikanten Campbell's vart tilknytta som fast sponsor).

Mellom 10 og 11 blir elles den kvasialfabetiske avspelingsrekkefølgja broten, Craig's Wife skulle vore spelt mellom Couselor-at-Law og Dinner at Eight. Kanskje det er eit anna prinsipp avspelingsrekkefølgja er ordna etter? Eg legg merke til at to titlar på rad inneheld preposisjonen at. Hmmm...

Og ærleg talt: Det går jo godt an å legge til litt meir enn tittel.

Liste med kommentarar:

A Tale of Two Cities

Eg kjenner det er litt leit at eg ikkje har lest nok Dickens, for denne dramatiseringa går nok gjennom med harelabb. Det manglar så mykje bakgrunn at det blir vrient å få kjensler for folka. Trur nesten ikkje denne dramatiseringa gjeld som spoilers ein gong.

Oppdatering etter meir enn eit år (desember 2014)!
No har eg nyleg høyrt både ei opplesing av romanen og spelt denne adaptasjonen i reprise. Nokre kommentarar: Eg er framleis ikkje sikker på om adaptasjonen gjeld som spoilers, mykje fordi det han er så effektiv. Det kan ha vore ei betre lydfil eg kom over denne gongen eller det kan vere at eg hadde ein ide om kva eg venta, men no gjekk det iallfall an å kjenne att replikkane. Eg trur utvalet av hendingar vanskeleg kunne vore betre, og omstokkinga på tidsplanet verka naudsynt for å få stykket til å gå opp. JA, store ting frå romanen blir avslørt, men NEI, det manglar så mykje (og ikkje berre bakgrunn) at ein som høyrer denne først vil få ein del overraskingar av boka. Når det er sagt: Boka har ikkje gjort meg til nokon større Dickens-fan enn eg var før.

Abraham Lincoln

Vanskeleg å sjå for seg at nokon kan ha gjort eit betre utval av hendingar i denne dramatiseringa av Lincolns liv, jamvel om det nok er ein del som er fri fantasi (Dømesvis var visst ikkje ekteskapet med Mary Todd så veldig kjærleg, etter det eg har forstått). Skikkeleg god myteskaping, med Shakespearesitat og alt.

Around the World in 80 Days

Veldig bra! Elendig lydkvalitet, men du verden for eit radiodrama! Smart og vellukka utval av hendingar frå romanen og svært god bruk av lydeffektar og musikk. Bernard Herrmann er kreditert som dirigent, skal tru om han gjorde effektane óg? (neppe) Welles eiga rolletolking viser tydeleg at Fogg er ein fransk parodi på ein engelsk gentleman og at Welles har fleire stemmer enn bulderet vi er vane med å høyre. Veka etter denne Jules Verne-adaptasjonen fekk radiopublikummet høyre den seinare så vidgjetne dramatiseringa av HG Wells' The War of the Worlds.

A Christmas Carol (1938)

Welles som Scrooge er vikar for Lionel Barrymore. Han spelar både den redde og den gjerrige gamlingen svært overtydande. Kjenslevar bruk av julesongar, dirigert av Herrmann. Det vert nemnt at dette er Campbells fjerde år på rad med denne julesoga som julesending, Welles gjerde den femte óg. Lurer fælt på åssen dei tre første var. Joseph Cotten som Scrooges nevø.

A Christmas Carol (1939)

Lionel Barrymore er tilbake og gjer ein god figur, forsiktig sagt. (Eit radiopublikum kjenner han godt i denne rolla når han sju år seinare spelar den like gjerrige gamle knarken Henry F. Potter i It's a Wonderful Life.) Stykket er endra bittelitt frå sist, iallfall er scena med vaskekona som stampar likskjorta til Scrooge klipt vekk, og eg har intrykk av at Barrymore får meir taletid til å presentere eksposisjon.

Ah, Wilderness!

Det der med kvasialfabetisk rekkefølgje fører til sånne rare situasjonar som at sendinga frå jolekvelden 1939 blir følgt av sendinga frå veka før. Særleg sidan lydfilene sluttar med å annonsere kva som blir spelt neste veke. Lei uvane å berre så vidt nemne tittelen på stykket før reklamepausa, særleg med tanke på at kapitla i mp3-settet ikkje er namngjevne. Iallfall er dette stykket det første i denne innpakkinga som går føre seg på 1900-talet, og det skil seg frå dei vi ha høyrt til no ved å ikkje vere adaptert frå ein roman eller livet og gjerninga til ein president. Eg hadde så nær sagt tvert om, dette er ei forkorta utgåve av eit (premiert) teaterstykke av Eugene O'Neill. Der dei første seks stykka har vore eksotiske, kanskje litt outrerte og i det heile nokså grandiose greier, er dette såpass heimleg at den 23 år gamle Orson Welles spelar ein ung mann i ferd med å bli vaksen i staden for ein utgammal gjerrigknark eller eksentrisk gentleman. Forfriskande på så mange måtar, truverdig, realistisk og alt.

Algiers

Eksotisk igjen. Adaptasjon av filmen med same namn (John Cromwell, 1938), i sin tur ei nyinnspeling av Pepe le moko (Julien Duvivier, 1937). Welles spelar rolla til Jean Gabin og Charles Boyer. Som den fatale femmen møter vi jammen meg Paulette Goddard, den dåverande Fru Chaplin. (Les for all del My Lunches with Orson, ikkje minst på grunn av sladderet om Chaplin og karakteristikken av Goddard.) Stykket er alt ein kan ønske seg av ei slik radiooppsetting, det er spennande, velspelt og kompakt. Iallfall eg får hug til å sjå om att Duvivier-filmen. Og, sidan Campbell's soups gjer så mykje ut av sponsoratet sitt, blir eg fysen på hønsesuppe, som er soupe du jour.

Arrowsmith

Adaptasjon av ein legeroman, av alle ting. Helen Hayes gjer rolla frå filmen om att og det er godt radioteaterhandverk, men ikkje nokon klassikar akkurat. Martin Arrowsmith ser tilbake på forskarlivet i flashback på veg opp midtgangen for å motta nobelprisen i medisin. Spoiler: Han finn ei vaksine mot byllepest men mister kona. Soupe du jour: Tomat, men Campbell's vil óg at du skal prøve selleri-, asparges- og ei grønsakssuppe til, "praktisk talt eit måltid i seg sjøl", og viss du sper ut boksen med mjølk istf vatn blir suppa meir næringsrik og det ville sikkert dokteren ha likt.

Beau Geste

Romanen Beau Geste (av P.C. Wren, 1924) var alt filmatisert fleire gonger då Mercury Theatre lagde denne oppsetninga, med sjølvaste Laurence Olivier og sjølvaste Noah Beery som gjestestjerner. Skikkeleg ripping yarn, sånn gutebok om chevalerske engelskmenn i framandlegionen. Ser appellen, altså.

Counselor-at-Law

Eg hadde så nær sagt rettssalsdrama, men det er no meir av eit advokatkontordrama. Denne gongen har teaterensemblet med seg ein skytsengel i studio for å syte for at dei ikkje gjer for mange feil med tanke på juridiske spissfindigheiter. Spennande stykke om ein advokat som ein gong gjorde sitt til å la nåde gå for rett og no ser ut til å hamne i klemma for det. Lydkvaliteten er ikkje noko særleg. I den første scena er det så godt som umogleg å få med seg kva som blir sagt, men heldigvis tek dette seg opp. Soupe du jour: Chicken. Den bør du ha mange boksar av i huset, for likar du kylling, elskar du natulegvis kyllingsuppe.

Dinner at Eight

Med Hedda Hopper og Lucille Ball mellom gjestestjernene. Sosietetsforviklingar rundt ein middag, etter måten bitande. Orson Welles spelar to roller sjøl, den som Larry Renault kunne kanskje ha blitt brukt mot han førti år seinare. Det særaste med denne sendinga: Hedda Hopper var nok meir kjent som sosietetsspaltist enn som skodespelar, og etter at sjølve stykket er ferdig er det sett i scene ein real catfight der Marjorie Rambeau går i strupen på Hopper, og når Lucille Ball blir beden om å roe gemytta er det ho som tek innersvingen. Kvinne er kvinne verst, liksom. Etter dette er det som om den vanlegvis så manusbundne Welles mister tråden, og slutten av sendinga høyrest verkeleg ufokusert og improvisert ut. Campbell held seg klokeleg unna koplingar til stykket når dei tilrår tomat-, erte-, selleri- og aspargessuppe, særleg næringsrike viss du sper ut med mjølk istf vatn.

Dodsworth

Det er greit å starte in medias res, men her har eg grunn til å tru at det manglar ein del. Sendinga varer tre kvarter og er utan intro. Og eg veit ikkje om det gjer så mykje. Du veit åssen det liksom er sjarmerande dei første to-tre gongene Ernest Chapell frå Campbell vender seg til kvinnene som høyrer på for å få dei til å varme opp kjøpesuppe til mennene sine? Litt sånn retro? Sjølsagt er det desse reklameinnslaga som er dei mest eklatante prova på eit utdatert kjønsrollemønster, men dette stykket kom ganske nære i skildringa av ekteskapeleg lukke og ulukke. Tendensar ein har lagt merke til i Arrowsmith og Counselor-at-Law og litt sånn her og der tek overhand her. Stykket er i seg sjøl såpass trivielt at detta retrogreiene i grunnen ikkje er så veldig moro lenger.

Escape

Til dels svært dårleg lyd (særleg mot slutten er det rein graut), men eit engasjerande og gøyalt stykke der Orson Welles spelar ein kar som blir dømt for aktlaust drap og rømmer frå fengsel. Knakande god underhaldning, sjøl om slutten ikkje er heilt tilfredsstillande. Stykket er av John Galsworthy, nobelprisvinnar i litteratur i 1932 for Forsyte-sagaen. Soupe du jour: Tomat, og 1939 skal ha vore eit særleg godt tomatår.

Huckleberry Finn

Slåande skilnad i lydkvalitet, iallfall. Tippar det har noko med prestisje å gjere, det er iallfall ikkje sånn at nokon har sytt for kjærleg restaurering av dette, det aller beste stykket Campbell Playhouse spelte. Fordi, øh, som adaptasjon er ikkje dette rare greiene. Innleiinga er meir og mindre ei falitterklæring, rettnok støtta av Mark Twains eige føreord, men lell. Og Jackie Cooper er ikkje det beste med stykket, endå om han er den einaste som er namngjeven.

I Lost my Girlish Laughter

Hollywoodsatire. Elendig lyd, og når karakterane innimellom skal snakke i telefon og sånt blir det mest uråd å oppfatte noko. Det som er høyrbart er heldigvis kjempefestleg. For det første går Hollywoodsatire aldri av moten, og for det andre var det på dette tidspunktet stadig over eit år til Orson Welles skulle lage tidenes beste film evver. Rolla hans er ein parodi på ein studiosjef som trampar over skodespelarane, regissøren og særleg forfattaren. Når vi veit litt om kva Welles sjøl kom til å bli utsett for i åra som følgte får den i grunn og botn joviale parodien her ein ekstra dimensjon. Kjempebra tittel, diverre kjem det ikkje tydeleg fram i løpet av stykket kven som ikkje finn låtten sin lenger og kor ho har lagt han.

It Happened One Night

Frykteleg lyd. Med William Powell i Clark Gable-rolla! Og han gjer ein god figur, men dette er vel kanskje det stykket sidan Tale of Two Cities der det kjem klårast fram at tidsramma, maks ein time, kan vere ei tvangstrøye. Dei viktige augneblikka som gjer romansen truverdig har rett og slett ikkje blitt med, og då blir dette radioteaterstykket først og fremst ein hugslapp for oss som har sett filmen. Men Powell er kjempegod, og Welles sjøl får iallfall meg til å tenkje på Eugene Pallette i Walter Connolly-rolla. (dessutan: Eg har alt gløymt i kva for stykke eg høyrte Cocktails for Two, men her kjem iallfall The Man on the Flying Trapeze og markerer andre gong i settet vi høyrer låter som er forbundne med Spike Jones) Soupe du jour: Det hendte ein kveld ved eit middagsbord at ei kone tilstod å ha outsourca suppekokinga til Campbell, og at mannen hennar sa at det kunne ho godt halde fram med, for det skvipet ho pla servere burde skamme seg. Neidå. Jaudå.

June Moon

Med Jack Benny som gjestestjerne, eller skal vi kanskje seie at Jack Benny tek over Campbell Playhouse. Det er ikkje det at han trer inn i rolla så mykje som at rolla er ei orsaking til å la Jack Benny utfalde seg. Ein forstår godt at han var radiostjerne. Ekstra artig når ein tenkjer på den filmrolla han er mest kjent for, nemleg som Josef Tura i To Be or Not to Be. (ekstra nerdete: Gjestestjerna i førre stykke hadde vore gift med Carole Lombard, seinare skulle Jack Benny spele mannen til rolla til Carole Lombard i nett To Be or Not to Be).

Liliom

Tåreperse! Eg merkar at eg har større problem med konebankinga enn det høyrest ut til at Helen Hayes har, men dette er ei engasjerande forkorting av eit stykke Fritz Lang filmatiserte nokre år før. Det absolutt finaste med dette sporet er innleiinga og avslutninga. I starten held Welles ein tale som er eit forsvar for fantasien, og når eg høyrer på får eg mest hug til å transkribere det og attgje det ordrett her på bloggen. På slutten annonserer han (naturleg nok) neste vekes stykke, som er Welles eigen adaptasjon av Booth Tarkingtons roman The Magnificent Ambersons. Det einaste han gjer er å lese frå første kapittel av romanen, og det skin tydeleg gjennom at dette er eit arbeid han gjer fordi han elskar romanen. Den som vil kan jo laste ned boka frå Project Gutenberg og lese henne sjøl, men stol på meg når eg seier at den rike prosaen i nett dette kapitlet knapt inneheld noko som let seg dramatisere for radio. Fantastisk tids- og miljøskildring, altså, men det er knapt ein replikk som gir dramatikaren orsaking til å hekte på litt eksposisjon. Det er ikkje til å undrast over at Welles berre nokre få år seinare brukte den same romanen som grunnlag for den vanskelege andrefilmen, kulissar og kostyme har liksom litt meir for seg på kino enn på radio. Eg skal jo ikkje love noko, men eg har pt komme eit godt stykke ut i romanen og ventar både filmen (det er mange år sidan sist) og VF Perkins' vesle bok om han i posten. 

Lost Horizon

Katastrofal lydkvalitet.  Stundom vil ei god forteljing transcendere den tekniske kvaliteten, men så har ikkje skjedd her. Kanskje eg får betre inntrykk av soga viss eg ein gong ser Frank Capras filmatisering av henne, kanskje ikkje. Det er iallfall lydkvalitet av denne typen som får meg til å tenkje at jamvel 20 kroner er for ein rip-off å rekne. Eg har nemleg med kvart oppdaga at alle desse stykka ligg tilgjengeleg gratis og lovleg på nett. No er det ikkje slik at eg ikkje unnar folk å tene pengar på slikt, men då må det vere eit krav at dei tilfører ein meirverdi (sånn som til dømes dei to HP Lovecraft-omnibusane eg nemnte i den aller første posten på bloggen), og det einaste eg kan sjå at amazon/audible har gjort med dette materialet er å samle det og konvertere det til eit proprietært format, slik at eg må logge meg inn i mitt eige bibliotek for å få høyre det. Det ligg faen ikkje føre så mykje som ei liste over innhaldet i avspelingsrekkefølgje! På hi sida har dette materialet så stor potensiell verdi at nok oppussing av lydbiletet til at replikkane konsekvent let seg skjelne frå bakgrunnsstøyen ville vore nok til å rettferdiggjere ein stivare pris.

Mr Deeds Goes to Town

Kvasialfabetisk avspelingsrekkefølgje slår til igjen: To stykke på rad er dramatiseringar av Frank Capra-filmar. (Og berre June Moon og Liliom ligg mellom Lost Horizon og It Happened One Night). Så populistisk er stykket at Ernest Chappell må påkalle Voltaire for å introdusere suppesnakket sitt: Den beste boka i verda, sa visst Voltaire, vil vere ei bok med oppskrift på suppe. I så fall ville nok Voltaire ha likt seg på prøvekjøkenet til Campbells, der Number One Book inneheld den til kvar tid nyaste versjonen av dei stadig meir raffinerte oppskriftene på alle dei suppene folk er så glade i. Av liknande stykke/filmar må eg elles seie eg likar The Hudsucker Proxy og Nothing Sacred om lag ti million gongar betre.


Jah. Tjue stykke er vel nok til ein bloggpost. Neste bolk er alt godt i gang her.

fredag 27. september 2013

Whatever!

Som lova kastar eg terning FØR eg ser Whatever Works:

Det blei 5. Og dermed blei det óg det motsette, nemleg 2.

(Fordi det verka som ein god ide å legge inn litt meir lovmessigheit i slumpen og for å sleppe å gjere dette eksperimentet så innmari mange gonger har eg nemleg bestemt at eit gitt terningkast skal omfatte sin eigen motsetnad. Summen av motståande sider på ein terning er alltid sju. Det motsette av fem er altså to.

Og dessutan: Inntil vidare blir det med terning før omtale på dei to filmane med ein determinativ som tyder "kva som helst" i tittelen. Det passa liksom ekstra godt å la terningen seie "anything" og "whatever")

Og til sist: Dette var vanskelegare enn eg trudde, særleg var det ei utfordring å skulle slakte ein så likande film.

Sterk femmar!

Om det hadde festa seg eit inntrykk av at Woody Allens filmar frå dei ti siste åra var slappe greier, er Whatever Works eigna til å gje ei slik oppfatning eit alvorleg skot for baugen. Filmen om Boris Yellnikoff og dei romantiske forviklingane han hamnar i etter å ha hjelpt ei ung kvinne som har rømt frå ein sprø familie i bibelbeltet er ein sann svir frå start til mål. Valet av Larry David som hovudrolleinnehavar var svært klokt, og det er støtt moro å få sjå Patricia Clarkson i komedieroller.
Larry David spelar misantropen Boris Yelnikoff

Og ikkje minst: Der til dømes thrillerane frå denne perioden gjerne varar opp mot sju kvarter, er Whatever Works nede i ei speletid på under nitti minutt. Filmen er ei velsmurt og effektiv vitsemaskin. Men det var dei lovpålagde 75% handlingsreferat:

Boris Yellnikoff meiner tilveret er noko forbanna træl og stort sett styrt av slump, og at ein bør ta det ein får. For å illustrere fortel han si eiga historie. Nyskilt etter eit sjølmordsforsøk let han ein kveld ein ung rømling komme inn for å varme seg. Der han er ein godt vaksen mann og innfødd newyorkar med jobb som fysikkprofessor på universitetet er Melody St. Anne Celestine ei, skal vi seie, mindre intelligent, men naiv og optimistisk skjønheitskonkurransedeltakar frå Mississippi. To så ulike personlegheiter under same tak gjev opphav til så mange komiske konfliktar at dei sjølsagt gifter seg med kvarandre.

Boris og Melody (Evan Rachel Wood) utvekslar ømme blikk i parken
Ein klassisk kjærleikskomedie ville slutta her, men her har vi å gjere med ein nyskapar. Boris og Melodie har knapt blitt varme i trøya før Melodies mor Marietta kjem til byen og flyttar inn. Ho misliker svigersonen frå første stund, og prøver ganske fort å finne ein ny mann til henne. Samstundes er ho så attråverdig at først ein, deretter to av vennene til Boris fell for henne. Ho finn seg sjøl både kunstnarleg og seksuelt, og når eks-mannen hennar, John, kjem til byen for å vinne henne tilbake lever ho saman med to menn.

Men om det er New York eller denne krinsen som gjer det, ligg det kjærleik i lufta for John óg. Di meir han tenkjer på det, di klarare blir det for han at grunnen til at han ikkje greide å tilfredsstille Marietta seksuelt er at han trong det same som ho, nemleg (minst) eit realt mannfolk. Heldigvis finn han eit.

Marietta flyttar inn hos Boris og Melody og går straks i gang med å agere Kirsten Giftekniv. Skikk og bruk har vel eit og anna å seie om ein slik praksis.
Eg lyt vel la det vere att nokre overraskingar, og eit handlingsreferat rettferdiggjer ikkje den sterke meiningsytringa terningkast fem faktisk er. Kva gjorde filmen så likande?

Ein ting er valet av Larry David i hovudrolla. Denne typen roller har Woody Allen ofte spelt sjøl, og dei gongene andre har sleppt til har resultata vore svært variable. Owen Wilson fungerer godt i Midnight in Paris, og her i Whatever Works! er bagasjen Larry David har med seg eit godt tilskott til ei rolle som alt på papiret er morosam.

Ein annan er rett og slett all kjærleiken i filmen. Jamvel om ein fort kan sjå seg blind på at særleg kvinnene frå sørstatane blir framstilte som bigotte kålhovud som det kan sjå ut til at treng å lære noko av den smarte New York-gjengen vil eit nøgnare gjennomsyn avsløre eit par ting. For det første er ikkje filmen nådig mot den smarte New York-gjengen heller. Særleg Boris er ofte direkte ufordrageleg i mangelen på vanleg høflegheit. For det andre: Filmen unnar alle å finne lukka og dømmer ingen.

Det er jo ikkje noko særsyn sånn sett, men det er jo likevel artig når ein film med ein så uforbederleg misantrop i hovudrolla inneheld nok kjærleik til alle, utan å la ein einaste av filmens karakterar i stikken. Den overdrivne komikken (særleg Ed Begley Jr si framstilling av John er rein klovning) funkar óg. Alt musikkvalet under fortekstane er eit tydeleg signal om at ein bør vente seg noko knasande sprøtt.

Den som kjenner att Groucho Marx i ein slags duett med ein lettare overkøyrt Margaret Dumont i Hello, I Must Be Going kan dessutan ta songen som eit signal om at filmen vil seie at livet er verdt å leve lell. Alle hugsar Hannah and her Sisters, ikkje sant? I den filmen oppnår den suicidale Mickey (spelt av Woody Allen sjøl) nett denne innsikta under ei førestelling av Duck Soup. Det er i grunnen godt å få ei påminning av og til.

Svigerfar prøver å finne ut om det er makt i kneppte hender

Soleklar toar

Tittelen verkar mest som ei tilståing frå Woody Allen. Ein ser for seg at nokon spør korleis Allen skriv manus, og til det svarar han Eg berre raskar saman noko eg har brukt før, whatever liksom. Vi får ikkje servert noko nytt, og det vi får sjå er dvaskt og står ikkje til truande.

Det kan seiast mykje om Larry David, men særleg mykje til skodespelar er han ikkje, korkje når han spelar variantar av seg sjøl eller når han får regi av Woody Allen. Michael McKean er i regelen ein svært dyktig improvisatør, men her blir han kasta vekk i ei bittelita birolle. 

Eg sa det vi får servert ikkje står til truande, og med det meiner eg at hendingane i filmen rett og slett ikkje er truverdige. Skal liksom Melodie flytte inn med Boris? Finst det så outrert religiøse galningar som Melodies foreldrar, og er det meininga vi skal tru på at John finn seg ein mann straks han kjem ut av skåpet?


I så fall er dette ei kjærleiksscene
Næh. I den grad Whatever Works! verkar i det heile, er det først og fremst på hevd.

søndag 11. august 2013

Hemingway punched me in the mouth: Midnight in Paris har ei lang forhistorie

Eg har som sistemann i verda endeleg sett Midnight in Paris. I skrivande stund er det stadig tre filmar til å sjå før eg har sett alle WA-filmane mellom 2003 og 2012, men eg må seie eg vil bli svært positivt overraska om nokon av dei attverande er halvparten så gode eller festlege som denne.

Ein annan stad på bloggen antyda eg at det kan ha gått litt fort i svingane med manusutviklinga, slik at til dømes (og særleg) Melinda and Melinda framstår som det filmmeldarar plar kalle uforløyst. (Half-baked? Halvsteikt?) Dette er iallfall ikkje tilfellet her.

Den som har sett ein del Allen-filmar kjenner fort att element frå den eine til den andre. Nevrotiske menn i hovudroller, jazz på lydsporet, allusjonar til Marx-brørnes filmar, folk som finn seg sjøl kreativt og seksuelt osb osb. Å kombinere element til eit manus treng ikkje ta lang tid, og ei blanding av fem-seks gamle tankar i lag med to nye idear kan bli bra eller dårleg, avhengig av kvaliteten på det nye.

Her er den røyndomen Gil vil flykte frå: Ei blivande kone som ikkje respekterer han som kunstnar og eit innpåslite venepar av hennar.
Det som er spesielt med nett denne filmen er kor lenge det ser ut til at ideen har ligge i bakhovudet på filmskaparen. For alt eg veit er alle filmane den tilårskomne Allen lagar om dagen slike han må forte seg å få ut medan han er i live, men av alle eg har sett (og det er snart samtlege), er det denne som verkeleg gjev inntrykk av å vere uttrykk for noko han har på hjartet.

Dette inntrykket kjem først og fremst av at Midnight in Paris ikkje berre låner frå tidlegare filmar av Woody Allen, men at vi tydeleg kjenner att element frå karrierene som forfattar og standupkomikar. Dette skal eg vise med lenkjer og greier. (Eg er garantert ikkje den første som oppdagar dette, men eg er nok førebels åleine om å lenke til spotify og bokhylla.no)

Gullalder

Alt på sekstitalet er ideen om Paris på tjuetalet som ein kunstnarleg gullalder del av repertoaret til standupkomikaren Woody Allen. I den monologen som seinare har fått namnet Lost Generation fortel han om opplevingane med mellom andre Ernest Hemingway, Picasso og Gertrude Stein. Dei stakkarane som ikkje har høyrt Woody Allens standup har mykje å sjå fram til, og her er jo ein start:



Så vidt eg kan bringe på det reine er dette opptaket frå klubben The Shadows i Washington DC i april 1965. Nokre år seinare kom det som kanskje kan kallast ei omarbeidd utgåve av monologen som erindringsstykke i bokform. Stykket heiter A Twenties Memory og kom på prent i samlinga Getting Even i 1971. Denne ligg føre på bokmål under tittelen Fabeldyr og andre lesestykker, og kan lesast på bokhylla.no.

Gil Pender (Owen Wilson) der han helst vil vere: I lag med Ernest Hemingway (Corey Stoll) heime hos Gertrude Stein (Kathy Bates)
Eg fann ei side med A Twenties Memory på originalspråket (og sluttar meg til oppmodinga om å kjøpe bøkene hans, dei er i all hovudsak svært morosame)

Erindringer om 20-åra kan ein lese her (og eg er lei for at deling av bokskattar frå bokhylla.no ser så lite tiltalande ut. Det er side 42 du er ute etter.)

Inn i verket 

Det er ikkje lange scena, men den sekvensen der Gil Pender (Owen Wilson) i notid får museumsguiden (Carla Bruni) til å omsetje boka til Adriana (Marion Cotillard) stadfestar slik eg ser det at jamvel novella The Kugelmass Episode har vore idegrunnlag for filmen.

Marcial di Fonzo Bo som Pablo Picasso
Denne novella kom på prent i New Yorker Magazine i mai 1977 (kjelde her), og i bokform i samlinga Side Effects i 1980. Den gode nyheita er at denne boka ligg føre på norsk: Samlaget gav henne ut i Isak Rogdes omsetjing som Biverknader i 1988. Den dårlege nyheita er at nasjonalbiblioteket ikkje har fått skanna denne boka per dato. Her er iallfall ei lenke til novella på originalspråket.

Kugelmass er lei av kona og klagar til psykoanalytikaren sin at han treng eit sidesprang. Når dokteren peikar på at han er psykoanalytikar, ikkje tryllekunstnar, oppsøkjer Kugelmass ein tryllekunstnar i staden. Med hjelp av Den store Persky får Kugelmass oppleve ei affære med sjølvaste Emma Bovary. Som sagt skil novella seg frå Midnight in Paris på vesentlege punkt, men det er nok som er likt til at båe to blir betre av å bli sedd i lys av kvarandre.
Adriana (Marion Cotillard) og Gil (Owen Wilson) spaserer langs Seinen ein kveld i tjueåra
Frå denne novella kjem ideen om å drøyme seg inn i ei oppdikta eller tidlegare verd og finne kjærleiken der, sidan her og no er så utilfredsstillande. Skilnaden er at Kugelmass ikkje endar godt. Førtiåringen Woody Allen let helten gå til grunne i feil bok, der syttiåringen ser ut til å ha meir til overs for eigne karakterar og let Gil Pender lære noko.


alle foto er skjermdumpar frå DVDen.

fredag 9. august 2013

Dobling og triangel: Geometriske relasjonar i tre Woody Allen-filmar

Det kan vere fordi eg er midt i ein privat filmfestival der eg ser dei siste ti åras Woody Allen-filmar, men eg har eit bestemt inntykk av at dobling og spegling er eit grep Allen har brukt meir i det siste enn før. Eg har óg eit bestemt inntrykk av at filmane han har fått ut av det har sterkt varierande kvalitet. I dette stykket skriv eg litt om tre av dei, og startar med den første og dårlegaste.

Melinda and Melinda (frå 2004) er utan tvil den svakaste eg har sett av dei ti siste WA-filmane (2003-2012). Ikkje for at alt er mislukka, men som heilskap held ikkje filmen mål. Greia er at folk med ulik livshaldning vil sjå på dei same hendingane med kvart sitt blikk. Det som for optimisten er ein råstoff til ein komedie er for pessimisten slikt han kan skrive tragedie av.

Tragedie: Chloe Sevigny og Radha Mitchell



Følgjeleg har Allen lagd ein film som svitsjar mellom dei to sjangrane. Det har han sånn sett gjort før, men i større skala (på overordna nivå, eigenleg), og då har det fungert greit. Komediane hans har ofte vore vellukka, og dei "seriøse" har, om dei ikkje støtt har vore tragiske, ofte treft blink. At dette er vanskelegare å få til på mikronivå er noko Allen må ha tenkt på, og skal ein vere grei får ein gå ut frå at han har sett på det som ei utfordring.

Vansken ligg i å skifte stemning, ikkje sant? Charlie Chaplin skal ha sagt at livet er ein tragedie i nærbilete, men ein komedie i totalbilete. Anten er ikkje Allen samd i dette, eller så har han ikkje teke det til seg. Visuelt er det ingenting som skil dei komiske frå dei tragiske segmenta, heile filmen er halvnære innstillingar med eit og anna totalbilete som establishing shot. Ved berre eit høve (eg kjem på) er bileta forankra i ein av karakterane, og det er når Melinda (Radha Mitchell) i ein spegel ser at Lee (Jonny Lee Miller) har besøk av ein person til.
Komedie: Will Ferrell og Radha Mitchell

Vidare spelar dei fleste skodespelarane ganske likt. Det er i hovudsak berre Will Ferrel (i rolla som Hopie) som gjer noko særleg meir enn å avlevere replikkane sine stivt og teatralt, men så er det óg han som har fått tildelt den rolla som har potensial for fysisk komikk.

Og ærleg talt: Fleire av scenene med Will Ferrell er genuint festlege, særleg når han reagerer på samveret med Josh Brolins birolle. Det hadde kanskje hjelpt filmen om Melinda-rolla fekk høve til å gje publikum noko å flire av? Det tragiske er det sånn sett óg smått stell med. Det går dårleg for folk her, dei innser at "I've brought it upon myself", og dett er dett.
Tragedie: Chiwetel Ejiofor og Radha Mitchell
Huff. Dette står i sterk fare for å utarte til ei muggen filmmelding. Grunnideen i filmen er festleg, men diverre ser detut til at den produksjonstakta Allen har lagt seg på dei siste mange åra har hindra han i å vidareutvikle innfallet. Det er i beste fall vågalt å skulle bytte mellom komedie og tragedie utan å gjere anna enn å skifte ut ensemblet rundt den eine skodespelaren som går att, i verste fall er det... ja eg veit ikkje. Hitchcock sa at å regissere skodespelarar var ein smal sak (eller var det uinteressant), det film dreiar seg om er å regissere publikum. Oppgåva Allen har gitt seg sjøl med denne filmen er å skulle få publikum til å vekselvis le og gråte. Skal tru om det ikkje hadde vore meir av ein suksess om han hadde blanda komedien med litt tragedie og tvert om. Doblinga er iallfall langt meir vellukka i dei neste par filmane.

Cassandra's Dream (2007) har ein herleg tagline på DVD-coveret: En ny thriller fra regissøren av "Match Point"!. Regissøren av Annie Hall er det liksom ikkje så farleg med. Eg kjem tilbake til Match Point (og forsåvidt Cassandra's Dream) i ein seinare post, men filmen er altså interessant i andre samanhengar enn den sjangermessige.
Terry (Colin Farrell) og Ian (Ewan McGregor) er brør.
I staden for å vere ein film som skiftar sjanger fleire gonger i løpet av speletida, representerer Cassandra's Dream (i lag med Match Point) eit sjangerskifte i seg sjøl. Thriller, altså. Og tragedie, sidan det altså er karakterbrist som gjer at det går gale for folk.

I staden for å la ein hovudperson vere omgitt av to ensemble let Allen her to karakterar med kvar sine eigenskapar ta stilling til same moralske dilemma. Arbeidarklassebrørne Terry og Ian har kvar sine pengeproblem. Terry har spelegjeld og Ian treng flis til å investere og bli rik. Dei er vane med at onkel Howard (Tom Wilkinson) kjem til unnsetjing, men denne gongen krev han ei teneste frå dei til gjengjeld.

Det er i grunnen like greit å ikkje spoile filmen, for ikkje å snakke om at eg gjerne vil ha att eit par poeng til seinare drøfting. Altså gjer vi det kort: Howard er ikkje heilt den han har gitt seg ut for å vere, og dei to nevøane hans blir bedne om å gjere han ei beine med vidtrekkjande konsekvensar, forsiktig sagt.

Det blir ganske intenst mellom dei to.
Terry er ein naiv gamblartype, medan Ian er meir av ein spekulant. Det vil vere feil å seie at Terry er passiv tilskodar til dei hendingane som utgjer hans eige liv, men han har altså ein "teori" om flaks: "It comes in streaks". Ian er meir av ein aktør. Han vil ha kontroll over lagnaden sin, og i tråd med dette tek han i større grad ansvar.

Trass i ulike eigenskapar og personlegdommar får dei to kvar sin liknande lagnad. I båe høve er det likevel karakterbrist som ligg til grunn for brørnes individuelle endelykter, nett som i ein klassisk tragedie.

I Vicky Cristina Barcelona (2008) er hovudpersonane ikkje sysken, men venninner. Som Terry og Ian har dei ulike innstillingar til sjølve livet og kjærleiken så vel som til ei konkret utfordring dei møter. Det hadde sjølsagt vore kjekt om ein kunne seie at der Cassandra's Dream er ein klassisk tragedie er Vicky Cristina Barcelona ein klassisk komedie, men det er i grunnen ikkje heilt rett. SNL definerer komedien nett som motsett tragedien. Der tragedien har ulukkeleg utgang, sluttar komedien lukkeleg. I dag, seier nettleksikonet, blir termen brukt om filmar og teaterstykke som "hovedsakelig er morsomme og lattervekkende".

Vicky (Rebecca Hall) og Cristina (Scarlett Johansson) sit i same drosje.
Ingen av delane stemmer heilt på ein prikk om Vicky Cristina Barcelona. Slutten er open, og "hovedsakelig morsom og lattervekkende": njaaa ...

Når det er sagt, er det klart at eit kjærleikstriangel eller to eller eit kjærleiksrektangel kan gje opphav til mang ein situasjon det er lett å vri mot det morosame og låttvekkande. Utan at det eigenleg har skjedd her. Iallfall: Vicky og Cristina er unge USAnske kvinner som flyttar til Barcelona, Vicky for å skrive på masteren sin om katalansk identitet (utan at nokon i eller rundt hovudstaden i Catalunya på noko tidspunkt i filmen seier eit einaste ord på noko anna spansk språk enn kastiljansk, noko som vel er omtrent like truverdig som eit Trondheim der alle snakkar bergensk), Cristina for å vere med.

Ein kveld på ein bar blir båe to forsøkt sjekka samstundes av den temperamentsfulle kunstnaren Juan Antonio (Javier Bardem), som vil ha dei med på tur på kort varsel. Den impulsive Cristina vil, og får med seg den trauste og allereide forlova Vicky.

Juan Antonio (Javier Bardem) har skrudd på sjarmen.
Allereide her blir det keisamt å halde fram med handlingsreferatet. Det er kanskje dette som er faren ved å tenkje geometrisk om ei filmforteljing, anten ein skriv manus eller ser den ferdige filmen. Båe kvinnene fell for Juan Antonio, som på si side har meir enn nok kjærleik til to. Altså må båe kvinnene i løpet av filmen ha eit fullbyrda seksuelt forhold til den eine mannen. Sidan Juan Antonio har vore gift med Maria Elena, ein endå meir temperamentsfull kunstnar enn han sjøl, må dei to andre kvinnene i tillegg møte henne. Doblinga går óg på tvers av generasjonar: Både Vicky og jentenes vertinne (Patricia Clarkson) er fanga i kvar sin kjærleiksrelasjon som er mindre enn lukkeleg.

Maria Elena (Penelope Cruz). Dette er den mest flatterande vinkelen vi får sjå den hatten i.
Det går i grunnen som det må gå. Filmen er forsåvidt artig medan det står på, men di meir eg tenkjer på han no i etterkant, di sikrare er eg på at Vicky Cristina Barcelona er Woody Allens nest dårlegaste film dei siste ti åra. Visuelt sett er det neiggu ikkje noko festfyrverkeri heller. Javisst går det føre seg i Barcelona, og javisst få vi sjå littegranne Gaudi-staffasje, men filmen er den eine halvnære innstillinga av snakketryner etter den andre halvnære innstillinga av snakketryner. I varme fargetoner.

tirsdag 6. august 2013

Eige eller leige?

Vi seier, iallfall fram til forlagsbransjen og biblioteka kjem fram til ei eller anna semje, at vi kjøper ebøker. Dette er berre delvis sant. I denne posten skriv eg litt om skilnaden mellom å eige og å leige filer og tek til ords for at den som les ebøker kan og bør rekne både leseutstyret og filene hen kjøper som sin personlege eigedom.

Med fare for å vere altfor lettvinn og frykteleg tendensiøs: Det kan verke som bokforhandlarar prøver å nytte digitaliseringa av litteraturen til å rane til seg dei rettane brukarar av åndsverk faktisk har. Det er verdt å hugse på at det ikkje berre er opphavarar og forleggjarar som har rettar knytte til åndsverk, brukarane og offentlegheita er og rettigheitshavarar (dei er berre ikkje alltid opphavsrettshavarar).

Kjøper du ei bok eller ein CD står det deg fritt å låne ut båe to, du kan lage tryggleikskopiar av CDen fordi du som forelder ønsker å sleppe feittete fingermerke og brekkasje, du kan selje dei pent brukt eller gje dei vekk, når du døyr går råderetten over dei over til arvingane dine, og så lenge du (eller nokon andre, det kan jo dreie seg om gåver du har fått) har betalt kan ingen utgjevar komme heim til deg for å ta tilbake verket.

Slik er det diverre ikkje med åndsverk du kjøper digitalt. Den forbrukaren som har både utstyr og innhald frå same leverandør lever på nåden til nett den leverandøren. Filer du må logge deg inn ein stad for å få tilgang til er i praksis berre dine så lenge du har ein konto, og ein konto har du så lenge du betaler eller held deg innafor strengt definerte retningsliner. Saka der amazon sletta George Orwells 1984 frå alle kindle-bretta har blitt fire år gammal (aftenposten skreiv om det i juli 2009), men så seint som i fjor vart det skrive ein del om Linn Nygaard, som fekk sletta heile amazon-kontoen sin utan forklaring.

Denne uhaldbare situasjonen heng nøye saman med fenomenet DRM, eller Digital Rights Management. Det vil seie, R kan like gjerne stå for Restrictions, sidan det ikkje er brukarens digitale rettar som blir administrert, berre opphavaren/seljaren sine. Når du har kjøpt ei fil du må lese med eit bestemt program eller ei bestemt maskin, ikkje kan flytte mellom maskinene dine, ikkje kan låne ut eller gi vekk eller i det heile teke disponere som du vil, er du offer for DRM.

Vitsen med dette rælet er, blir det sagt, å hindre piratkopiering og ulovleg spreiing. Den faktiske verknaden er at lovlydige, betalande kunder får sine lovlege rettar innskrenka. I tillegg blir "kjøp" veldig fort "leige".


For å ha presisert det: Dersom målet med DRM er å hindre piratkopiering, er heile strategien mislukka. Å bryte kopisperrene er ikkje berre ganske lett, det er og heilt naudsynt for å kunne ta ein sikkerheitskopi eller på andre måtar få det utbyttet du har krav på av produktet du har kjøpt. Når vi i tillegg veit at piratkopierte produkt IKKJE har desse sperrene, ser vi at dei som betaler får eit dårlegare produkt enn dei som stel. Å betale for ei ebok eller ein DVD er å bli mistenkeleggjort, å bli behandla som ein potensiell tjuv. Til alle karakteristikkar av DRM kan vi føye at det er uforskamma.



Illustrasjon lasta ned frå flickr-straumen til listentomyvoice (http://goo.gl/jxT8oZ)

Å rekne hardware som sin personlege eigedom vil seie å syte for at det kan brukast etter at kundeforhaldet til forhandlaren er avslutta, å bruke det til å spele av filer som er kjøpt andre stader enn der du kjøpte hardwaren. Den som ikkje koplar lesebrettet sitt til internett er kommen langt med tanke på det første, men med tanke på det andre er det ofte naudsynt å bryte kopisperrer.

Å rekne filer ein har betalt for som sin personlege eigedom vil seie å passe på at ingen andre (til dømes seljaren) har høve til å slette dei og å spele dei av/lese dei på det utstyret ein har valt sjøl. I mange høve vil dette seie å bryte kopisperrer.

Dersom dette får deg til å kjenne deg som ein forbrytar, er det fordi du har blitt teken for å vere ein, ikkje fordi du er i ferd med å gjere noko kriminelt. Ein pirat er du først om du deler materialet (ut over den næraste krinsen) eller lastar det ned utan å betale for det.

Med fare for å høyrest rebelsk ut: Å rå over varer ein sjøl har kjøpt er ein så sjølsagt forbrukarrett at fram til DRM er avskaffa, og så lenge ein ikkje kan velje mellom elles like varer med eller utan DRM er det forbrukarens plikt å bryte kopisperrer der dei hindrar lovleg bruk av varen.

onsdag 31. juli 2013

Kor får eg ebøker frå?

Sidan lesebrettet mitt er ein kindle, er iallfall i prinsippet hovudkjelda til ebøker nettbokhandelen amazon. Heldigvis er dette ei sanning med så store modifikasjonar at ho knapt fortener namnet. Her er ebokkjeldene mine:
Favoritten!

Herfrå får eg ebøker i mobi-format.

I nokre høve får eg dei automatisk levert rett til kindlen, i andre må eg sende dei med epost eller laste dei over via USB.
    1. amazon.com. Naturlegvis. Herfrå kan eg handle direkte via lesebrettet (og telefonen, for den delen)
    2. riidr.dk. Dansk nettbokhandel. Fleire av titlane deira kan kjøpast i mobiformat og bli leverte direkte til kindlen. Eg meiner å ha fanga opp eit rykte om at norske nettbokhandlarar "snart" vil tilby bøker i mobi-format, men har så langt ikkje fått stadfesta det.
    3. adlibris.no. Svenske bøker er billegare her enn på adlibris.se.
    4. gutenberg.org. Project Gutenberg lagde den første eboka tidleg på 1970-talet. Målet er at alle bøker som har falt i det fri skal bli tilgjengelege her. Massevis av bøker ligg føre på engelsk, nokre få på andre språk. Last ned og send med epost (eller send til dropboxen). Gratis!
    5. bokselskap.no. Veksande utval av norske bøker som har falt i det fri. Gratis!
    6. archive.org. Femner om meir enn bøker og fleire samlingar enn Gutenberg, men er litt verre å navigere. Ikkje alt derfrå er godt korrekturlest, eg har sjøl måtta lage ordentleg ebokversjon av til dømes Herr Arnes penningar etter nedlasting derfrå. Men gratis!
Desse har nyleg lansert ei abonnementsteneste

Herfrå får eg ebøker i epub-format.

Desse må eg sjøl konvertere til mobi, i mange høve dessutan strippe for DRM (Marianne Søiland har lagd ein kjekk guide på bloggen sin, ebokhylla mi). Når det er gjort kan eg laste dei over med USB eller sende dei per epost.
    1. epagine.fr. Franske bøker kjøper eg her. Dei er stort sett DRM-fri.
    2. saxo.dk Kan ha andre titlar på sal enn riidr, her får eg studentrabatt osb. Har så langt greid å konvertere alt til mobi.
    3. digitalbok.no. Herfrå har eg kjøpt ei heil norsk bok. Det gjekk greit å konvertere henne, trass i åtvaringane på nettbutikken.
epagine har eg skrytt av andre stader.

Herfrå kan DU få gratis, lovlege og DRM-frie ebøker (av meg).

Å lage sine eigne ebøker er faktisk inga stor sak. Eg har sjøl gjort det fleire gonger, litt som husflidsøving og litt fordi det var meir lokkande enn å skulle låne ei svensk bok på biblioteket og måtte vere avhengig av lånetid og alt sånt. Det finst fleire kjelder til fulltekstversjonar av frie bøker, så det er i grunnen berre snakk om ei omformatering til eige bruk. Rettleiing kjem seinare. I mellomtida er det berre å forsyne seg her:
    1. epub
    2. mobi
Eg skal forresten ikkje ta æra for alt: Menneske og maktene er produsert som ebok av bokselskap.no. Og om lenkene ikkje verkar må de for guds skuld ta kontakt!

Herfrå får eg iallfall IKKJE ebøker.

    1. amazon.xxx der xxx står for jp, co.uk, ca, de, fr osb. Er kindlen knytt til amazon.com er utvalet avgrensa til det i den USAnske butikken. Upraktisk om ein kunne tenkje seg å lese anna enn nett klassiskarane på fransk og tysk, og ut over at somme bøker er ulikt prisa i dei ulike butikkane ikkje ein politikk eg gir meg ut for å forstå. Dette har eg elles skrive om i denne posten.
    2. ark.no. Det er gemt av norske ebokhandlarar å dele ut ei gratis bok som reklame for tenestene sine. Ark er den einaste leverandøren av bøker eg til no ikkje har greid å strippe for DRM og konvertere til mitt eige, lovlege bruk. Det einaste ark soleis har oppnådd andsynes meg er å sikre seg mot at eg kjøper ebøker frå dei. Dersom den oppdaterte oppskrifta til ebokhylla (sjå over) funkar kan ark bli aktuelle att, men det vil i så fall ikkje vere deira eiga forteneste.

Lesebrettet mitt - teknisk og menneskeleg

Eg har lova kollegane på læringssenteret å ta med lesebrettet mitt på jobb og gje ein liten demonstrasjon. For seinare bruk og vonleg til glede for fleire kjem eg til å skrive denne og nokre andre postar om lesebrett og bruken av det og samle dei under etiketten lesebrettet mitt. Postar som er merkte med ebokhuepine kan ha overlappande interesse.

For ordens skuld: Jamvel om illustrasjonsbileta er tekne i eit bibliotek er det eit reint lesarperspektiv (eller [grøss]: "forbrukar-") i alt eg skriv. Eg gleder meg til den dagen eg kan skrive om kor stor glede eg som bibliotekbrukar og med kvart bibliotekar har av lesebrett, inntil vidare kjenner eg i grunnen mest avmakt når eg tenkjer på dette spørsmålet åleine.
Håper dette bildet først og fremst gir inntrykk av at eg er kul og har god smak.
Brettet eg held meg med er ein kindle touch. Det koblar seg til nettet med wi-fi (men ikkje 3G), blir betjent med fingra rett på eblekkskjermen og er utstyrt med mp3-spelar, utgang for hovudtelefon og dessutan eit par små høgttalarar. Lagringskapasiteten er ikkje rare greiene (eller altså, eg fylte opp brettet til ripa då eg lasta ned ei seksti timar lang lydbok), men det eg ikkje har plass til på brettet er lagra i skya hos amazon. Batterikapasiteten er heilmaks. Skjermen er ikkje opplyst, slik at det berre er bladinga (ikkje framsyninga av kvar side, men skiftinga mellom dei) og nettilgangen som krev straum. Med wifien avslått kan eg lese ein halvtime kvar dag i tre veker utan å måtte lade. Seier dei.
Dette er om lag femti titlar.
Mp3-spelaren let seg bruke til musikk (naturlegvis) eller lydbøker. Der forleggaren ikkje har deaktivert det, kan brettet i tillegg lese opp teksten i bøkene. Robotstemma kan stillast inn til manns- eller kvinnerøyst, kvar av dei i tre hastigheiter. Eg har prøvd dette, men er ikkje særleg glad i å bruke det. Då kjøper eg heller rimelege lydbøker hos audible.

I tillegg har eg eit etui i imitert skinn. Du får kjøpt slike til blodpris på amazon, eg betalte ein femtilapp på ebay. Det som tiltalar meg ved etuiet er at eg kan klappe det saman som ei bok. Det er ikkje nokon permfetisjisme som lokkar meg her, men rett og slett fordelen ved å kunne frakte brettet i sekken eller ei stor frakkelomme utan å vere redd for skader på skjermen. På etuiet er det i tillegg montert ei lita leselampe. Denne er kjekk fordi skjermen ikkje er opplyst bakfrå (den nye modellen, kindle paperwhite, har lysande skjerm.), noko som sparar batteri og gjer det mogleg å lese jamvel i sterkt sollys.


Kanskje seksti titlar på denne sida av tralla
Så langt det tekniske. Det eg helst vil understreke (særleg) andsynes kollegar, vener og andre som ikkje har lesebrett (enno), er at etter at eg fekk lesebrett les eg meir enn nokosinne. Ja, eg er tobarnsfar og student med to jobbar, men lell. Det er sant som dei seier; med lesebrettet har du heile biblioteket i lomma. Immaterielle bøker tyder at du kan lese kva murstein som helst utan å slepe rundt på noko tyngre enn ei diktsamling, og du kan lese klassikarar utan at medpassasjerane som les Fifty shades of Gray ser rart på deg fordi du ikkje les porno på bussen.

Bussen, ja. Med lesebrett er det svært lettvint å gjere pendlinga til arena for kulturkonsum. Lesebrett kan brukast til lydbøker så vel som tekst, og jamvel om det ikkje først og fremst er kindlen som er lydbokspelaren min, er appetitten på og den aukande bruken av lydbøker eit direkte resultat av leseiveren som vart kveikt av kindlen (her er det eit ordspel).

For min eigen del kan eg seie at lesing på papir, skjerm og mp3-spelar auka dramatisk etter at lesebrettet kom inn som del av repertoaret. Etter det eg har høyrt har andre liknande røynsler. Opplevinga av å ha mykje tilgjengeleg i lomma fører fort til at iallfall eg i større grad enn elles gjer bruk av tilgangen til det som ikkje sånn sett er i lomma, nemleg bokhylla.no og folkebibliotektenester.