onsdag 31. juli 2013

Lesebrettet mitt - teknisk og menneskeleg

Eg har lova kollegane på læringssenteret å ta med lesebrettet mitt på jobb og gje ein liten demonstrasjon. For seinare bruk og vonleg til glede for fleire kjem eg til å skrive denne og nokre andre postar om lesebrett og bruken av det og samle dei under etiketten lesebrettet mitt. Postar som er merkte med ebokhuepine kan ha overlappande interesse.

For ordens skuld: Jamvel om illustrasjonsbileta er tekne i eit bibliotek er det eit reint lesarperspektiv (eller [grøss]: "forbrukar-") i alt eg skriv. Eg gleder meg til den dagen eg kan skrive om kor stor glede eg som bibliotekbrukar og med kvart bibliotekar har av lesebrett, inntil vidare kjenner eg i grunnen mest avmakt når eg tenkjer på dette spørsmålet åleine.
Håper dette bildet først og fremst gir inntrykk av at eg er kul og har god smak.
Brettet eg held meg med er ein kindle touch. Det koblar seg til nettet med wi-fi (men ikkje 3G), blir betjent med fingra rett på eblekkskjermen og er utstyrt med mp3-spelar, utgang for hovudtelefon og dessutan eit par små høgttalarar. Lagringskapasiteten er ikkje rare greiene (eller altså, eg fylte opp brettet til ripa då eg lasta ned ei seksti timar lang lydbok), men det eg ikkje har plass til på brettet er lagra i skya hos amazon. Batterikapasiteten er heilmaks. Skjermen er ikkje opplyst, slik at det berre er bladinga (ikkje framsyninga av kvar side, men skiftinga mellom dei) og nettilgangen som krev straum. Med wifien avslått kan eg lese ein halvtime kvar dag i tre veker utan å måtte lade. Seier dei.
Dette er om lag femti titlar.
Mp3-spelaren let seg bruke til musikk (naturlegvis) eller lydbøker. Der forleggaren ikkje har deaktivert det, kan brettet i tillegg lese opp teksten i bøkene. Robotstemma kan stillast inn til manns- eller kvinnerøyst, kvar av dei i tre hastigheiter. Eg har prøvd dette, men er ikkje særleg glad i å bruke det. Då kjøper eg heller rimelege lydbøker hos audible.

I tillegg har eg eit etui i imitert skinn. Du får kjøpt slike til blodpris på amazon, eg betalte ein femtilapp på ebay. Det som tiltalar meg ved etuiet er at eg kan klappe det saman som ei bok. Det er ikkje nokon permfetisjisme som lokkar meg her, men rett og slett fordelen ved å kunne frakte brettet i sekken eller ei stor frakkelomme utan å vere redd for skader på skjermen. På etuiet er det i tillegg montert ei lita leselampe. Denne er kjekk fordi skjermen ikkje er opplyst bakfrå (den nye modellen, kindle paperwhite, har lysande skjerm.), noko som sparar batteri og gjer det mogleg å lese jamvel i sterkt sollys.


Kanskje seksti titlar på denne sida av tralla
Så langt det tekniske. Det eg helst vil understreke (særleg) andsynes kollegar, vener og andre som ikkje har lesebrett (enno), er at etter at eg fekk lesebrett les eg meir enn nokosinne. Ja, eg er tobarnsfar og student med to jobbar, men lell. Det er sant som dei seier; med lesebrettet har du heile biblioteket i lomma. Immaterielle bøker tyder at du kan lese kva murstein som helst utan å slepe rundt på noko tyngre enn ei diktsamling, og du kan lese klassikarar utan at medpassasjerane som les Fifty shades of Gray ser rart på deg fordi du ikkje les porno på bussen.

Bussen, ja. Med lesebrett er det svært lettvint å gjere pendlinga til arena for kulturkonsum. Lesebrett kan brukast til lydbøker så vel som tekst, og jamvel om det ikkje først og fremst er kindlen som er lydbokspelaren min, er appetitten på og den aukande bruken av lydbøker eit direkte resultat av leseiveren som vart kveikt av kindlen (her er det eit ordspel).

For min eigen del kan eg seie at lesing på papir, skjerm og mp3-spelar auka dramatisk etter at lesebrettet kom inn som del av repertoaret. Etter det eg har høyrt har andre liknande røynsler. Opplevinga av å ha mykje tilgjengeleg i lomma fører fort til at iallfall eg i større grad enn elles gjer bruk av tilgangen til det som ikkje sånn sett er i lomma, nemleg bokhylla.no og folkebibliotektenester.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.