fredag 9. august 2013

Dobling og triangel: Geometriske relasjonar i tre Woody Allen-filmar

Det kan vere fordi eg er midt i ein privat filmfestival der eg ser dei siste ti åras Woody Allen-filmar, men eg har eit bestemt inntykk av at dobling og spegling er eit grep Allen har brukt meir i det siste enn før. Eg har óg eit bestemt inntrykk av at filmane han har fått ut av det har sterkt varierande kvalitet. I dette stykket skriv eg litt om tre av dei, og startar med den første og dårlegaste.

Melinda and Melinda (frå 2004) er utan tvil den svakaste eg har sett av dei ti siste WA-filmane (2003-2012). Ikkje for at alt er mislukka, men som heilskap held ikkje filmen mål. Greia er at folk med ulik livshaldning vil sjå på dei same hendingane med kvart sitt blikk. Det som for optimisten er ein råstoff til ein komedie er for pessimisten slikt han kan skrive tragedie av.

Tragedie: Chloe Sevigny og Radha Mitchell



Følgjeleg har Allen lagd ein film som svitsjar mellom dei to sjangrane. Det har han sånn sett gjort før, men i større skala (på overordna nivå, eigenleg), og då har det fungert greit. Komediane hans har ofte vore vellukka, og dei "seriøse" har, om dei ikkje støtt har vore tragiske, ofte treft blink. At dette er vanskelegare å få til på mikronivå er noko Allen må ha tenkt på, og skal ein vere grei får ein gå ut frå at han har sett på det som ei utfordring.

Vansken ligg i å skifte stemning, ikkje sant? Charlie Chaplin skal ha sagt at livet er ein tragedie i nærbilete, men ein komedie i totalbilete. Anten er ikkje Allen samd i dette, eller så har han ikkje teke det til seg. Visuelt er det ingenting som skil dei komiske frå dei tragiske segmenta, heile filmen er halvnære innstillingar med eit og anna totalbilete som establishing shot. Ved berre eit høve (eg kjem på) er bileta forankra i ein av karakterane, og det er når Melinda (Radha Mitchell) i ein spegel ser at Lee (Jonny Lee Miller) har besøk av ein person til.
Komedie: Will Ferrell og Radha Mitchell

Vidare spelar dei fleste skodespelarane ganske likt. Det er i hovudsak berre Will Ferrel (i rolla som Hopie) som gjer noko særleg meir enn å avlevere replikkane sine stivt og teatralt, men så er det óg han som har fått tildelt den rolla som har potensial for fysisk komikk.

Og ærleg talt: Fleire av scenene med Will Ferrell er genuint festlege, særleg når han reagerer på samveret med Josh Brolins birolle. Det hadde kanskje hjelpt filmen om Melinda-rolla fekk høve til å gje publikum noko å flire av? Det tragiske er det sånn sett óg smått stell med. Det går dårleg for folk her, dei innser at "I've brought it upon myself", og dett er dett.
Tragedie: Chiwetel Ejiofor og Radha Mitchell
Huff. Dette står i sterk fare for å utarte til ei muggen filmmelding. Grunnideen i filmen er festleg, men diverre ser detut til at den produksjonstakta Allen har lagt seg på dei siste mange åra har hindra han i å vidareutvikle innfallet. Det er i beste fall vågalt å skulle bytte mellom komedie og tragedie utan å gjere anna enn å skifte ut ensemblet rundt den eine skodespelaren som går att, i verste fall er det... ja eg veit ikkje. Hitchcock sa at å regissere skodespelarar var ein smal sak (eller var det uinteressant), det film dreiar seg om er å regissere publikum. Oppgåva Allen har gitt seg sjøl med denne filmen er å skulle få publikum til å vekselvis le og gråte. Skal tru om det ikkje hadde vore meir av ein suksess om han hadde blanda komedien med litt tragedie og tvert om. Doblinga er iallfall langt meir vellukka i dei neste par filmane.

Cassandra's Dream (2007) har ein herleg tagline på DVD-coveret: En ny thriller fra regissøren av "Match Point"!. Regissøren av Annie Hall er det liksom ikkje så farleg med. Eg kjem tilbake til Match Point (og forsåvidt Cassandra's Dream) i ein seinare post, men filmen er altså interessant i andre samanhengar enn den sjangermessige.
Terry (Colin Farrell) og Ian (Ewan McGregor) er brør.
I staden for å vere ein film som skiftar sjanger fleire gonger i løpet av speletida, representerer Cassandra's Dream (i lag med Match Point) eit sjangerskifte i seg sjøl. Thriller, altså. Og tragedie, sidan det altså er karakterbrist som gjer at det går gale for folk.

I staden for å la ein hovudperson vere omgitt av to ensemble let Allen her to karakterar med kvar sine eigenskapar ta stilling til same moralske dilemma. Arbeidarklassebrørne Terry og Ian har kvar sine pengeproblem. Terry har spelegjeld og Ian treng flis til å investere og bli rik. Dei er vane med at onkel Howard (Tom Wilkinson) kjem til unnsetjing, men denne gongen krev han ei teneste frå dei til gjengjeld.

Det er i grunnen like greit å ikkje spoile filmen, for ikkje å snakke om at eg gjerne vil ha att eit par poeng til seinare drøfting. Altså gjer vi det kort: Howard er ikkje heilt den han har gitt seg ut for å vere, og dei to nevøane hans blir bedne om å gjere han ei beine med vidtrekkjande konsekvensar, forsiktig sagt.

Det blir ganske intenst mellom dei to.
Terry er ein naiv gamblartype, medan Ian er meir av ein spekulant. Det vil vere feil å seie at Terry er passiv tilskodar til dei hendingane som utgjer hans eige liv, men han har altså ein "teori" om flaks: "It comes in streaks". Ian er meir av ein aktør. Han vil ha kontroll over lagnaden sin, og i tråd med dette tek han i større grad ansvar.

Trass i ulike eigenskapar og personlegdommar får dei to kvar sin liknande lagnad. I båe høve er det likevel karakterbrist som ligg til grunn for brørnes individuelle endelykter, nett som i ein klassisk tragedie.

I Vicky Cristina Barcelona (2008) er hovudpersonane ikkje sysken, men venninner. Som Terry og Ian har dei ulike innstillingar til sjølve livet og kjærleiken så vel som til ei konkret utfordring dei møter. Det hadde sjølsagt vore kjekt om ein kunne seie at der Cassandra's Dream er ein klassisk tragedie er Vicky Cristina Barcelona ein klassisk komedie, men det er i grunnen ikkje heilt rett. SNL definerer komedien nett som motsett tragedien. Der tragedien har ulukkeleg utgang, sluttar komedien lukkeleg. I dag, seier nettleksikonet, blir termen brukt om filmar og teaterstykke som "hovedsakelig er morsomme og lattervekkende".

Vicky (Rebecca Hall) og Cristina (Scarlett Johansson) sit i same drosje.
Ingen av delane stemmer heilt på ein prikk om Vicky Cristina Barcelona. Slutten er open, og "hovedsakelig morsom og lattervekkende": njaaa ...

Når det er sagt, er det klart at eit kjærleikstriangel eller to eller eit kjærleiksrektangel kan gje opphav til mang ein situasjon det er lett å vri mot det morosame og låttvekkande. Utan at det eigenleg har skjedd her. Iallfall: Vicky og Cristina er unge USAnske kvinner som flyttar til Barcelona, Vicky for å skrive på masteren sin om katalansk identitet (utan at nokon i eller rundt hovudstaden i Catalunya på noko tidspunkt i filmen seier eit einaste ord på noko anna spansk språk enn kastiljansk, noko som vel er omtrent like truverdig som eit Trondheim der alle snakkar bergensk), Cristina for å vere med.

Ein kveld på ein bar blir båe to forsøkt sjekka samstundes av den temperamentsfulle kunstnaren Juan Antonio (Javier Bardem), som vil ha dei med på tur på kort varsel. Den impulsive Cristina vil, og får med seg den trauste og allereide forlova Vicky.

Juan Antonio (Javier Bardem) har skrudd på sjarmen.
Allereide her blir det keisamt å halde fram med handlingsreferatet. Det er kanskje dette som er faren ved å tenkje geometrisk om ei filmforteljing, anten ein skriv manus eller ser den ferdige filmen. Båe kvinnene fell for Juan Antonio, som på si side har meir enn nok kjærleik til to. Altså må båe kvinnene i løpet av filmen ha eit fullbyrda seksuelt forhold til den eine mannen. Sidan Juan Antonio har vore gift med Maria Elena, ein endå meir temperamentsfull kunstnar enn han sjøl, må dei to andre kvinnene i tillegg møte henne. Doblinga går óg på tvers av generasjonar: Både Vicky og jentenes vertinne (Patricia Clarkson) er fanga i kvar sin kjærleiksrelasjon som er mindre enn lukkeleg.

Maria Elena (Penelope Cruz). Dette er den mest flatterande vinkelen vi får sjå den hatten i.
Det går i grunnen som det må gå. Filmen er forsåvidt artig medan det står på, men di meir eg tenkjer på han no i etterkant, di sikrare er eg på at Vicky Cristina Barcelona er Woody Allens nest dårlegaste film dei siste ti åra. Visuelt sett er det neiggu ikkje noko festfyrverkeri heller. Javisst går det føre seg i Barcelona, og javisst få vi sjå littegranne Gaudi-staffasje, men filmen er den eine halvnære innstillinga av snakketryner etter den andre halvnære innstillinga av snakketryner. I varme fargetoner.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.