onsdag 31. juli 2013

Kor får eg ebøker frå?

Sidan lesebrettet mitt er ein kindle, er iallfall i prinsippet hovudkjelda til ebøker nettbokhandelen amazon. Heldigvis er dette ei sanning med så store modifikasjonar at ho knapt fortener namnet. Her er ebokkjeldene mine:
Favoritten!

Herfrå får eg ebøker i mobi-format.

I nokre høve får eg dei automatisk levert rett til kindlen, i andre må eg sende dei med epost eller laste dei over via USB.
    1. amazon.com. Naturlegvis. Herfrå kan eg handle direkte via lesebrettet (og telefonen, for den delen)
    2. riidr.dk. Dansk nettbokhandel. Fleire av titlane deira kan kjøpast i mobiformat og bli leverte direkte til kindlen. Eg meiner å ha fanga opp eit rykte om at norske nettbokhandlarar "snart" vil tilby bøker i mobi-format, men har så langt ikkje fått stadfesta det.
    3. adlibris.no. Svenske bøker er billegare her enn på adlibris.se.
    4. gutenberg.org. Project Gutenberg lagde den første eboka tidleg på 1970-talet. Målet er at alle bøker som har falt i det fri skal bli tilgjengelege her. Massevis av bøker ligg føre på engelsk, nokre få på andre språk. Last ned og send med epost (eller send til dropboxen). Gratis!
    5. bokselskap.no. Veksande utval av norske bøker som har falt i det fri. Gratis!
    6. archive.org. Femner om meir enn bøker og fleire samlingar enn Gutenberg, men er litt verre å navigere. Ikkje alt derfrå er godt korrekturlest, eg har sjøl måtta lage ordentleg ebokversjon av til dømes Herr Arnes penningar etter nedlasting derfrå. Men gratis!
Desse har nyleg lansert ei abonnementsteneste

Herfrå får eg ebøker i epub-format.

Desse må eg sjøl konvertere til mobi, i mange høve dessutan strippe for DRM (Marianne Søiland har lagd ein kjekk guide på bloggen sin, ebokhylla mi). Når det er gjort kan eg laste dei over med USB eller sende dei per epost.
    1. epagine.fr. Franske bøker kjøper eg her. Dei er stort sett DRM-fri.
    2. saxo.dk Kan ha andre titlar på sal enn riidr, her får eg studentrabatt osb. Har så langt greid å konvertere alt til mobi.
    3. digitalbok.no. Herfrå har eg kjøpt ei heil norsk bok. Det gjekk greit å konvertere henne, trass i åtvaringane på nettbutikken.
epagine har eg skrytt av andre stader.

Herfrå kan DU få gratis, lovlege og DRM-frie ebøker (av meg).

Å lage sine eigne ebøker er faktisk inga stor sak. Eg har sjøl gjort det fleire gonger, litt som husflidsøving og litt fordi det var meir lokkande enn å skulle låne ei svensk bok på biblioteket og måtte vere avhengig av lånetid og alt sånt. Det finst fleire kjelder til fulltekstversjonar av frie bøker, så det er i grunnen berre snakk om ei omformatering til eige bruk. Rettleiing kjem seinare. I mellomtida er det berre å forsyne seg her:
    1. epub
    2. mobi
Eg skal forresten ikkje ta æra for alt: Menneske og maktene er produsert som ebok av bokselskap.no. Og om lenkene ikkje verkar må de for guds skuld ta kontakt!

Herfrå får eg iallfall IKKJE ebøker.

    1. amazon.xxx der xxx står for jp, co.uk, ca, de, fr osb. Er kindlen knytt til amazon.com er utvalet avgrensa til det i den USAnske butikken. Upraktisk om ein kunne tenkje seg å lese anna enn nett klassiskarane på fransk og tysk, og ut over at somme bøker er ulikt prisa i dei ulike butikkane ikkje ein politikk eg gir meg ut for å forstå. Dette har eg elles skrive om i denne posten.
    2. ark.no. Det er gemt av norske ebokhandlarar å dele ut ei gratis bok som reklame for tenestene sine. Ark er den einaste leverandøren av bøker eg til no ikkje har greid å strippe for DRM og konvertere til mitt eige, lovlege bruk. Det einaste ark soleis har oppnådd andsynes meg er å sikre seg mot at eg kjøper ebøker frå dei. Dersom den oppdaterte oppskrifta til ebokhylla (sjå over) funkar kan ark bli aktuelle att, men det vil i så fall ikkje vere deira eiga forteneste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.