tirsdag 6. august 2013

Eige eller leige?

Vi seier, iallfall fram til forlagsbransjen og biblioteka kjem fram til ei eller anna semje, at vi kjøper ebøker. Dette er berre delvis sant. I denne posten skriv eg litt om skilnaden mellom å eige og å leige filer og tek til ords for at den som les ebøker kan og bør rekne både leseutstyret og filene hen kjøper som sin personlege eigedom.

Med fare for å vere altfor lettvinn og frykteleg tendensiøs: Det kan verke som bokforhandlarar prøver å nytte digitaliseringa av litteraturen til å rane til seg dei rettane brukarar av åndsverk faktisk har. Det er verdt å hugse på at det ikkje berre er opphavarar og forleggjarar som har rettar knytte til åndsverk, brukarane og offentlegheita er og rettigheitshavarar (dei er berre ikkje alltid opphavsrettshavarar).

Kjøper du ei bok eller ein CD står det deg fritt å låne ut båe to, du kan lage tryggleikskopiar av CDen fordi du som forelder ønsker å sleppe feittete fingermerke og brekkasje, du kan selje dei pent brukt eller gje dei vekk, når du døyr går råderetten over dei over til arvingane dine, og så lenge du (eller nokon andre, det kan jo dreie seg om gåver du har fått) har betalt kan ingen utgjevar komme heim til deg for å ta tilbake verket.

Slik er det diverre ikkje med åndsverk du kjøper digitalt. Den forbrukaren som har både utstyr og innhald frå same leverandør lever på nåden til nett den leverandøren. Filer du må logge deg inn ein stad for å få tilgang til er i praksis berre dine så lenge du har ein konto, og ein konto har du så lenge du betaler eller held deg innafor strengt definerte retningsliner. Saka der amazon sletta George Orwells 1984 frå alle kindle-bretta har blitt fire år gammal (aftenposten skreiv om det i juli 2009), men så seint som i fjor vart det skrive ein del om Linn Nygaard, som fekk sletta heile amazon-kontoen sin utan forklaring.

Denne uhaldbare situasjonen heng nøye saman med fenomenet DRM, eller Digital Rights Management. Det vil seie, R kan like gjerne stå for Restrictions, sidan det ikkje er brukarens digitale rettar som blir administrert, berre opphavaren/seljaren sine. Når du har kjøpt ei fil du må lese med eit bestemt program eller ei bestemt maskin, ikkje kan flytte mellom maskinene dine, ikkje kan låne ut eller gi vekk eller i det heile teke disponere som du vil, er du offer for DRM.

Vitsen med dette rælet er, blir det sagt, å hindre piratkopiering og ulovleg spreiing. Den faktiske verknaden er at lovlydige, betalande kunder får sine lovlege rettar innskrenka. I tillegg blir "kjøp" veldig fort "leige".


For å ha presisert det: Dersom målet med DRM er å hindre piratkopiering, er heile strategien mislukka. Å bryte kopisperrene er ikkje berre ganske lett, det er og heilt naudsynt for å kunne ta ein sikkerheitskopi eller på andre måtar få det utbyttet du har krav på av produktet du har kjøpt. Når vi i tillegg veit at piratkopierte produkt IKKJE har desse sperrene, ser vi at dei som betaler får eit dårlegare produkt enn dei som stel. Å betale for ei ebok eller ein DVD er å bli mistenkeleggjort, å bli behandla som ein potensiell tjuv. Til alle karakteristikkar av DRM kan vi føye at det er uforskamma.



Illustrasjon lasta ned frå flickr-straumen til listentomyvoice (http://goo.gl/jxT8oZ)

Å rekne hardware som sin personlege eigedom vil seie å syte for at det kan brukast etter at kundeforhaldet til forhandlaren er avslutta, å bruke det til å spele av filer som er kjøpt andre stader enn der du kjøpte hardwaren. Den som ikkje koplar lesebrettet sitt til internett er kommen langt med tanke på det første, men med tanke på det andre er det ofte naudsynt å bryte kopisperrer.

Å rekne filer ein har betalt for som sin personlege eigedom vil seie å passe på at ingen andre (til dømes seljaren) har høve til å slette dei og å spele dei av/lese dei på det utstyret ein har valt sjøl. I mange høve vil dette seie å bryte kopisperrer.

Dersom dette får deg til å kjenne deg som ein forbrytar, er det fordi du har blitt teken for å vere ein, ikkje fordi du er i ferd med å gjere noko kriminelt. Ein pirat er du først om du deler materialet (ut over den næraste krinsen) eller lastar det ned utan å betale for det.

Med fare for å høyrest rebelsk ut: Å rå over varer ein sjøl har kjøpt er ein så sjølsagt forbrukarrett at fram til DRM er avskaffa, og så lenge ein ikkje kan velje mellom elles like varer med eller utan DRM er det forbrukarens plikt å bryte kopisperrer der dei hindrar lovleg bruk av varen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.