lørdag 5. januar 2013

Heile menneske i Aksjon skyskraper

Like før jul såg eg om att julefilmen Aksjon skyskraper (eller Die Hard, som filmen heitte i utlandet)(John McTiernan, USA 1988). Det er vanleg å seie om filmkarakterar at dei må gå gjennom vanskar eller lære noko for å vere interessante, og det er ikkje vanskeleg å sjå at manusforfattarane Jeb Stuart og Steven DeSouza har vore nøye med jobben sin. John McClane skal lære å ikkje vere ein dass mot kona si, Holly Gennero (Bonnie Bedelia) skal lære at mannen er såpass til kar at ho trygt kan kalle seg Holly McClane att og så vidare.

John McClane (Bruce Willis) med julepresang
Likevel er det ein som overraska meg meir enn dei andre. Sergeant Al Powell (Reginald VelJohnson) er ein politikonstabel som uforvarande blir John McClanes kontakt med omverda. Arbeidsplassen hans er vanlegvis ein kontorpult, men vår mann får ei kjensle av at kollegaen har større ting i bagasjen. Her er dialogen mellom dei, henta frå imdb.com

John McClane: . Hey pal, you got flat feet? 
Sergeant Al Powell: What the hell you talking about, man. 
John McClane: Something had to get you off the street. 
Sergeant Al Powell: What's the matter? You don't think jockeying papers around a desk is a noble effort for a cop? 
John McClane: No... 
Sergeant Al Powell: I had an accident. 
John McClane: The way you drive, I can see why. What'd you do? Run over your captains foot with the car? 
Sergeant Al Powell: I shot a kid. He was 13 years old. Oh, it was dark, I couldn't see him, he had a ray gun, looked real enough. You know when you're a rookie they can teach you everything about being a cop, except how to live with a mistake. Anyway, I just couldn't bring myself to draw my gun on anyone again. 
John McClane: ...Sorry man. 
"They can teach you everything about being a cop, except how to live with a mistake"
McClane og vi som ser på får altså vite at det ikkje er plattfot som har sytt for at Powell ikkje patruljerer til vanleg, men eit uhell. Etter å ha skote ein 13-årig gut (eg legg no merke til at vi ikkje får stadfesta om guten overlevde eller ikkje, forresten) maktar han ikkje å trekke skytevåpen mot nokon att. McClane uttrykkjer sympati med replikken "…Sorry man", men kvifor er han lei seg, og kven er det han har sympati med og kvifor? Slik eg ser det, er det desse fire, i prioritert rekkefølgje:
  1. Den stakkars, stakkars stakkars politimannen som må jobbe ved eit skrivebord
  2. Den stakkars, stakkars politimannen som ikkje får seg til å veifte med pistolen sin meir
  3. Den stakkars politimannen som kom til å skyte (og drepe?) ein trettenåring
  4. Trettenåringen som vart skoten
Det kan ikkje vere tvil om at John McClane verkeleg synest synd på nokon. I starten av dialogen er tonen kameratsleg ertande, og det trass i at hans eigne føter valdar han stor smerte. Men straks Powell har fått sagt kva som feilar han, greier den elles så munnrappe New York-konstabelen ikkje å uttrykkje seg med anna enn standardformular. Dei tunge kjenslene smittar over på han, og han blir taus.

Etter ulukka si er Al Powell berre ein skugge av den mannen han var. Han greier ikkje lyfte, for ikkje å snakke om bruke, det viktigaste verktøyet i kassa til ein moderne politistyrke, nemleg skytevåpenet sitt. Utan denne rekvisitten, som jo er ei forlenging av han og eit synleg bevis på hans autoritet som politi, er han ikkje lenger eit heilt menneske.
"…Sorry man"
Det er altså frykteleg trist for stakkars Al, men han ser jo ut til å ha forsont seg med lagnaden.  Men så skjer det ting! (spoilers, men ALLE har vel sett Aksjon skyskraper) Sjøl om sjefsranaren Hans Gruber (Alan Rickman) har ramla frå ørtande etasje er ikkje alle daude. Valdsmannen Karl (Alexander Godunov) mista bror sin i aksjonen, og har personlege motiv for å gå etter den nidkjære politimannen John McClane.
Karl (Alexander Godunov) med heva rekvisitt
Skal det verkeleg gå så gale at vår mann, etter å ha berga dei aller fleste gislane og myrda eit halvt snes terroristposerande ransmenn, skal bli ekspedert over i evigheita av ein rasande europear?
Hå nei du
Slett ikkje! Før Karl får losna eit einaste skot blir han sjøl treft av ei kule! Og ei til! Og endå ei! I alt seks skot (så vidt eg kunne sjå) smell før Karl ligg der, sjøl råka av den blytunge lagnaden han hadde esla John McClane. Men kven var det som skaut han?

Denne karen! Al Powell (Reginald VelJohnson)
Jau, det var sjølvaste Al Powell. I ein verkeleg naudsituasjon hadde han gripe etter revolveren sin, lyfta han ut av hylsteret og med drepande presisjon fyrt av alle seks skot. Ein tom revolver med rykande løp talar sitt tydelege språk om at Al Powell endeleg har funne det i seg å myrde, at Al Powell endeleg er ein mann att.

Samtlege bilete er skjermdumpar frå DVD-utgåva, og viss ikkje dette er fair use veit ikkje eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.