lørdag 5. januar 2013

Iä! Iä! Shub-Niggurath! Om å styrtlese H.P. Lovecraft


Eg har støtt vore tilhengar av å tileigne seg kultur og språk ein berre delvis har føresetnader for å forstå. Mykje meir enn ein trur på førehand let seg forstå ut frå samanhangen, og om ein hoppar i det vil ein få nye openberringar om gammal lesnad i årevis framover.

Ut frå tidlegare røynsler rekna eg altså med å få ei rad slike epifaniar om eg tok til å lese skrekkforteljingane til HP Lovecraft. Det har slått til, og det i større grad enn eg hadde trudd. Eg visste nok at særleg Cthulhu hadde vekt fantasien til svært mange. For å berre ta eit par av svært mange døme: Plata Ride the Lightning av Metallica har låta The Call of Ktulu (oppkalt etter The Call of Cthulhu, ei av dei sentrale sogene i Cthulhu-mythosen), og i teveserien Futurama vil alle som har sett ei teikning av Cthulhu kjenne han (det) att i andletet til Dr Zoidberg. Han har til og med sin eigen smiley:

(V);,,;(V)

Ikkje minst har Matt Pike frå stoner-/doom-/sludgefavorittane i High on Fire i intervju etter intervju snakka om kor sterk påverknad Lovecraft har hatt på han som songlyrikar.

Desse kjente eg frå før. Det eg ikkje var klar over før no i det siste er i kva grad til dømes Harry Potter-bøkene (som eg styrtlas sommaren 2012) står i gjeld til Lovecrafts univers. Frå små bagatellar som at hekser hos både Lovecraft og Rowling har fått namnet Hepzibah (i høvesvis The Case of Charles Dexter Ward og som eigar av eit av relikvia Voldemort brukar til å lagre ein bit av sjela si i) til meir sentrale element som Voldemort, kultusen hans og heile opplegget med reinkarnasjonen hans som liknar veldig på Cthulhu-kultusen og alkymistane vi møter i til dømes The Case of Charles Dexter Ward. Utan at eg orkar leite meg gjennom HP-bøkene ein gong til, skulle det slett ikkje forundre meg om Necronomicon eller De vermis mysteriis står i den forbodne hylla i skulebiblioteket på Galtvort.

Det er neppe rett å kreditere Lovecraft med å ha funne opp den retrospektive forteljeteknikken der retrospeksjonen gir inntrykk av å vere samandrag av sakspapir og etterlatne notat, men det er no likevel artig å legge merke til kor sterkt nett denne teknikken står i skrekksjangeren. Om vi berre tenkjer på filmar som Cannibal Holocaust og den langt låkare Blair Witch Project (æsj) kan ein likevel tenkje seg at det er mange som har late seg inspirere av HPLs forteljemåtar like mykje som av innhaldet i sogene hans. Han kan med andre ord fort ha bidrege til å popularisere teknikken, om ikkje anna.

Så langt kva som vekte nyfikna mi og kva lys som har gått opp for meg. Kva har eg lest?

Dette les eg på kindlen min. Å dragse rundt på samlingar med 100 kortromanar, noveller og prosastykke i papirformat er gamaldagse greier. Dei følgjande opplysningane er vonleg til glede for eventuelle lesarar som vil prøve sjøl: Amazon har iallfall to så godt som komplette samlingar: HP Lovecraft: The Complete Collection kostar mindre enn førti kroner og manglar visst ikkje rare greiene. Complete Works of HP Lovecraft er billegare (mindre enn tretti kroner), illustrert, inneheld meir sakprosa om vår mann og gudhjelpemeg eit utval av lyrikken hans, og er dermed truleg det beste kjøpet. Elles har The H.P. Lovecraft Archive ei stor samling elektroniske tekstar.

Ein så omfemnande produksjon er best å møte med ein form for rettleiar, og min vart eit stykke av Jason Heller i AV Club sin serie med slike rettleiingar, Gateways to Geekery. Den er heilt fin.

Cthulhu-mythosen omfattar mellom anna sogene The Call of Cthulhu, The Dunwich Horror, The Thing on the Doorstep, The Shadow out of Time, The Shadow over Innsmouth, The Colour out of Space og At the Mountains of Madness. Desse (og nokre til) deler mykje:

  • Dei har utspring i arkeologiske og etnologiske funn
  • dei meir enn ymtar om at jorda har vore folkesett sidan lenge før menneskas tid
  • dei talar om ein forboden kunnskap som mellom anna er å finne i bøkene Necronomicon (av den galne arabaren Abdul Al-Hazred), De Vermis Mysteriis og skriftene til Borellus
  • kunnskap fører til at den som tek han inn over seg blir galen og/eller tek livet av seg i naken, namnlaus angst
  • dei har i stor grad felles miljø i New England (særleg Miskatonic-universitetet i Arkham går att)
  • dei er bygde opp på nokolunde same måten. 

Den sentrale premissen er at like utanfor menneskas svært avgrensa geografiske og kunnskapsmessige sfærer lurer urgamle og demoniske krefter. Stundom er det tale om demonar eller utanomjordiske skapnader som tek over kroppane til folk, stundom er det ein rase av gudar/monster (mykje det same) som søv (på til dømes havbotnen) og skal vekkast til liv att. Andre gongar går det føre seg artskryssing mellom menneske og demonar (e.l.). Det er i regelen folk som gjerne vil gjere bruk av makta til dei gamle/framande, og rituelle sverjingar som den eg siterer i tittelen på denne posten dukkar stadig opp.

Likskapane i oppbygging er rett og slett den at historiene er presenterte i tilbakeblikk, som rapportar eller etterlatne skrifter. Det er ikkje alltid forteljaren er ein person i teksten, og det er uråd å seie at førstepersonforteljingane er meir eller mindre nifse enn tredjepersonsogene. Lesaren og stundom forteljaren får altså stadig fleire opplysningar som til saman utgjer fragment av eit bilete som for personane i sogene (om ikkje for lesaren i 2013) er så nifst at det trugar den psykiske helsa. Den kanskje nifsaste er The Shadow over Innsmouth, som kombinerer eit trugsmål mot den mentale helsa med eit sterkt trugsmål mot den kortsiktige overlevinga, og av dei eg har lese til no er det denne og The Case of Charles Dexter Ward som har hovudpersonar ein lettast bryr seg om.

Strategien med puslespelbitar fungerer på eit overordna nivå óg. Nett fordi dei forbodne bøkene, landskapet og Miskatonic-universitetet går att blir det til at dei ulike forteljingane kvar for seg blir fragment av eit enno større verdsbilete, nærmast eit heilt univers folkesett av nokre små og maktlause menneske, demonar, og monster/gudar. Med andre ord er heilskapen større enn summen av delane, desse forteljingane blir i stor grad betre om ein les fleire av dei.

Når ein så les vidare og kastar seg på måfå eller alfabetisk ut i denne forfattarskapen finn ein meir. Skulle ein slumpe til å lese The Little Glass Bottle, skriven av ein sjuårig Howard Philips Lovecraft, vil ein merke seg at dette nok er godt gjort av ein sjuåring. For min del førte dette til at merksemda vart trekt mot dei barnslege elementa i ein del av dei andre sogene. Her burde det vere nok å nemne The Moon Bog, Memory og kvifor ikkje The Lurking Fear. Særleg Memory er ein dritpretensiøs bagatell av eit slag det er ein del av mellom dei aller kortaste sogene. Celephaïs er eit anna døme på etter måten barnslege greier, her med ein slutt som brått snur mot ei sterk bitterheit andsynes parvenyar, av alle ting. Nokre, som The Book, The Evil Clergyman eller Azathoth verkar som fragment. Når eg har lese desse har eg nok tykt at det er dei mellomlange til lange tekstane som er best.

Her er heldigvis óg nokre døme på korte tekstar som er nett så lange som dei bør vere. The Doom that Came to Sarnath og ikkje minst The Cats of Ulthar er nærmast fablar, særleg sistnemte er ei heilskapleg og tilfredsstillande skrekknovelle. Reine spøkjelseshistorier med fiffige sluttpoeng som In the Vault og The Outsider kan ein óg finne døme på.

Det ville vere å forsømme seg å ikkje nemne prosastilisten Lovecraft. Dei mest grufulle handlingar og hendingar blir skildra i eit nøkternt, men ordrikt og variert språk. Det er ikkje fritt for arkaismar, og jamvel den som har eit over gjennomsnittleg stort engelsk ordtilfang vil ha glede av elektroniske utgåver med interaktive ordbøker. Ein hende gong er det artig å sjå stilisten øve seg, det kanskje aller mest interessante aspektet ved The Lurking Fear er dei forbløffande mengdene med alliterasjonar.

På eit eller anna tidspunkt må eg nesten ta føre meg rasismen hans: I fleire av sogene kjem det smerteleg klårt fram at Howard Philips Lovecraft var ein forferdeleg rasistisk mann. Det er lett å seie at det var mange i mellomkrigstida, men det vi ser hos Lovecraft er stundom direkte giftig. Berre eit sånt stykke som Facts about the Late Arthur Jermyn and His Family eller for den delen The Lurking Fear eller Beyond the Wall of Sleep viser ein rasisme som kanskje spring ut av men ikkje er avgrensa til misantropi. Når ein i tillegg ser eit sterkt klassehat i mange av forteljingane er det stundom andre ting enn det forfattaren hadde tenkt som skremmer. Det er ikkje fritt for at dette tilhøvet stundom tek merksemda vekk frå historia og sterkt dempar gleda i lesinga, iallfall for ein hippie som eg.

Likevel: Det er absolutt verdt å lese Lovecraft. Når ein berre har lese ein ti-tolv av forteljingane er ein såpass inne i universet og tankesettet at jamvel dei låkaste av sogene vil ha element ein kjenner att, anten det er eit forteljemessig element eller ein innhaldside som vert utvikla til noko betre ein annan stad. Det er ikkje så mykje som bind til dømes The Outsider og The Music of Erich Zann saman, men båe har bygningar med ein øvste etasje som har ei anna utsikt enn ein kunne vente seg. For min del har lesinga av H.P. Lovecraft ført til overraskingar og epifaniar, og eg har heldigvis ein del att å lese av denne spennande og populære forfattaren.


Bileta er henta frå Wikimedia Commons. Det øvste er eit portrettfoto av Lovecraft frå 1919, det nedste er ei skisse av Cthulhu forfattaren sjøl teikna i 1934.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.