søndag 27. april 2014

Gleder og vonbrot etter eit par dagar med ebokbib i Vestfold

Rolleavklaring: Eg vikarierer pt i eit (par) VGS-bibliotek i Vestfold. Det eg har hatt å gjere med dette prosjektet er likevel avgrensa til så trivielle ting som at eg har
  • visst om det før lanseringsdato 
  • importert ferdige postar til katalogen ved eit skulebibliotek
  • gitt uttrykk for ebokentusiasme i samtalar med kollegar.
Følgjeleg bed eg om å bli trudd når eg seier at det følgjande skriv eg som lånar, lesar og (etter måten) ørli adoptar, ikkje som bibliotekarvikar.
Nåh.

På Shakespeares føde- og dødsdag, verdas bokdag og St. Georgs dag vart utlån av ebøker frå folkebiblioteka (og VGS-biblioteka) i Vestfold endeleg lansert. Lånarar med nettbrett eller smarttelefon som køyrer Android eller IOS (ikkje windows, iallfall ikkje førebels) lastar ned appen ebokbib, loggar inn med lånarnummer og pinkode, på same vis som dei loggar seg inn på nettstaden til det lokale biblioteket for å administrere lån, reservere bøker osb.

Nesten tilfelleleg side. Merk at ein kan låne ledige bøker, reservere dei som ikkje har ledige "eksemplar" eller lese bøker ein har lånt.
Så langt, så vel. Det har sjølsagt vore mogleg for oss vestfoldingar å laste ned appen og logge seg inn før 23 april, men då har utvalet av bøker vore avgrensa til bøker som har falt i det fri og blitt klargjorte for epub-formatet av bokselskap.no. No har vi fått eit lite utval til å meske oss med, og eg prøvde å finne ei bok å låne alt før eg for på jobb.

Det fekk eg ikkje til fordi tenesta tydelegvis ikkje var i gang enno, og utover dagen stoppa appen stadig vekk utan at eg fekk lånt noka bok. Eg vel å tru at dette skuldast den folkelege entusiasmen og gleda over tilbodet, og er soleis glad heller enn trist. Utpå kvelden får eg dessutan lånt Martha Breens bok Født feminist, og då er iallfall alle vonbrot blåste bort.
Stjernekast fire frå meg! Klikk på biletet for å gå til den stutte omtalen min på goodreads. Og bli ven med meg der!

Det som er kjekt: Eg kan låne ei nokså ny bok utan å måtte gå på biblioteket (eller "jobb", som mange kallar det) eller i bokhandelen, og sidan eg har med meg mobilen overalt, kan eg i prinsippet lese overalt. Ebøker er VELDIG kjekke og praktiske, så eg vil understreke at berre det at dei er tilgjengelege veg opp for mangt ein kunne ønske var (litt) betre.

Det som er mindre kjekt: Eg kan, så vidt eg ser, ikkje søke i boka. Den største personlegdomsforandringa eg har gjennomgått etter at eg tok til å lese e-bøker er at eg stundom lurer på koss vi klarte oss før bøkene var søkbare. Ebøker som ikkje er søkbare er mindre tess enn dei kunne vore.

Vidare verkar ikkje fotnoter, og dette er ganske alvorleg. Martha Breen si bok er full av samvitsfulle kjeldetilvisingar, nokre av dei med innsiktsfulle kommentarar. Notetilvisingane ser ut som hyperlenker, men den einaste måten å komme fram til dei på er ved å "bla" fram til dei "bakarst" i "boka". Eg reknar med at dette vil bli fiksa ganske snart?

Eg må tilstå at medan eg las lurte eg litt på tilbakelevering. Det er lite i retning av menyar rundt i appen, under lesing kan ein justere bakgrunnsfarge og skriftstorleik, men det er i grunnen det heile. Då eg var ferdig med boka, synte det seg at "levering" var elegant ordna: Ved siste side vart eg spurt om eg ville levere boka og gje henne eit stjernekast.

For å ta ein skjermdump i Android 4 må ein sveipe handkanten frå høgre mot venstre. Poenget med denne er å vise korleis skjermbakgrunns- skriftstorleiks- og navigeringsmenyen ser ut, men jaggu klarte eg ikkje å føkke opp sidevisninga i tillegg. Lett å fikse, altså.
Oppsummert er dei store gledene meir verdt enn dei små vonbrota, og både utval og teknisk løysing kjem berre til å bli betre med tida. Berre i løpet av den vesle timen eg brukte på dette stykket sundag kveld kom det inn eit titals bøker til i utvalet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.