torsdag 5. november 2015

Pynchon, Piketty og Wodehouse

For ein ti års tid sidan las eg heile serien om "Lucky" Jack Aubrey (Master & Commander), eller alle dei banda O'Brian fullførte før han døydde. Midtvegs i ein serie som henta handlinga si frå Napoleonskrigane rakte forfattaren rett og slett opp for krigsår å legge hendingane i, så han bad lesarane bere over med han og legge til grunn at Aubrey og Maturin siglar inn i eit slags 1812B. Dette valet får eg færre og færre problem med, fordi det er lite av handlinga i sneset med bøker som heng att i minnet. Det eg hugsar er at O'Brian stadig gjentok at Jack Aubrey som alle andre sjømenn merkte sjøl minimale endringar i vind og straum jamvel i søvne, og at Maturin vel var ein dyktig spion og skipslege, men ubrukeleg på dekk og særleg på ein leider.
Replika av ei av skutene frå bøkene.
"HMS Surprise2(c)Ted Rufus Ross" by RufusTeleStrat at en.wikipedia. Licensed under CC BY 2.5. Henta frå wikimedia commons,

Noko heng altså att etter så mange år, jamvel om det ikkje er fritt for at bøkene elles kan gli litt over i kvarandre. Trass i tjue seglskipsbøker i løpet av ein sommar er det likevel ikkje i nokon særleg grad slik at eventyra til Aubrey og Maturin kastar skuggar over dei andre bøkene eg les. Farane ved å ha kysten i le kjem eg på når eg tek ferja til jobb, ikkje medan eg les.

Men så las (eller rettare høyrte) eg Kapitalen i det 21. hundreåret av Thomas Piketty kort tid etter at eg hadde lese (og høyrt) Gravity's Rainbow. Desse to bøkene har påverka på nye og uventa måtar koss eg oppfattar det eg les, og det har gått hardast ut over dei komiske romanane til PG Wodehouse. Det er ikkje det at dei ikkje er morosame lenger, det er heller det at det kjenslemessige og intellektuelle engasjementet i dei har blitt djupare. Lat meg få forklare.

Noko av det fine med boka til Piketty (i tillegg til at forfattaren er ein sann demokrat som ser klart kva økonomiske utfordringar som møter oss i framtida og gjer framlegg til kloke reformar) er at han forklarar sakene på lettfatteleg vis ved å referere til skjønnlitteratur, særleg Honoré de Balzac og Jane Austen. Med ei symptomal lesing av særleg Père Goriot og Mansfield Park menneskeleggjer Piketty dei økonomiske spørsmåla på ein måte som gjer dei lett forståelege for alle som har lese eit par romanar i livet sitt.

Bilde frå ein bokhandel. Eg tilrår verkeleg denne boka, ho forklarar ganske mykje.

Når det gjeld Pynchon sånn i det heile og ikkje minst i Gravity's Rainbow siglar (såg du den?) paranoiaen opp som noko av det mest minneverdige. Hovudpersonen i romanen finn ut at han er sentral i ei overraskande omfemnande samansverjing som går på tvers av ikkje berre stridande partar i den verdskrigen som sluttar i løpet av boka, men óg av grensene mellom det dennesidige og det hinsidige. Romanen er sparsamt pepra med "proverbs for paranoids" som til dømes nr 3: "If they can get you asking the wrong questions, they don't have to worry about answers".

Eg har litt kjensla av at no som eg endeleg har lese Gravity's Rainbow kan eg lese henne igjen.
Bilde frå ein bokhandlar.
Og Wodehouse? Komiske romanar som ofte går føre seg i overklassen, og der handlinga ofte dreiar seg om å få ein potensiell make eller dennes føresette til å gje samtykke til å ekteskap med helten. Til no har eg flirt av replikkunsten, sympatisert med dei unge elskande og kost meg med forviklingane og alle dei (brennande) tønnebanda dei har måtta hoppe gjennom for å få kvarandre. Etter ein omgang Piketty og Pynchon stiller det seg annleis.

Kva seier desse auga om han som ser så fast i kameraet?
"PGWodehouse" by Unknown - The American Legion Weekly (Volume 1, No. 17, 24 October 1919), p. 21. Falt i det fri. 
Eg meiner, ein har jo alltid sett at folka i Wodehouseromanar ikkje har alvorlege pengesorgar ut over at onkelen som styrer utbetalinga av livrentene deira kan vere knipne med forskotta. Og ein vil jo alltid at unge elskande skal få kvarandre, kanskje særleg om det inneber at eit dårleg førsteinntrykk blir retta opp i løpet av handlinga. Og det er jo ikkje fritt for at ein har lagt merke til ei heller underutvikla forståing av kva sosialisme er for noko hos Wodehouses karakterar. Kanskje eg er tjukk i huet (óg), men det er likevel først no i det seinare eg har ferska koss heile Wodehouseuniverset byggjer på økonomisk skeivfordeling og utnytting av underklassen. For mange Wodehouseheltar har arbeid ikkje vore tvingande naudsynt, og uansett berre noko å halde på med fram til den rette slektningen fell frå. Alt det der ser ein jo fort, men det er altså først i det seinare det så å seie har hamna i perspektiv/relieff.

Det var her det rakna. Skulle gjerne lenka til bokhylla.no, men
Aschehoug har visst begynt å trekke bøker derfrå :(
Men det er ikkje alt. Om lesing av Piketty kan få Wodehouseheltar til å framstå som snyltarar kan lesing av Pynchon få Wodehouseskurkar til å bli meir sympatiske. Det kan godt vere at Piccadilly Jim er ein ekstra fæl fyr, men eg er neimen ikkje sikker. Ryktet hans er iallfall nok til at ein ikkje kan klandre Nesta Pett eller for den delen Ann Chester i å ikkje ville ha noko særleg med han å gjere, sjøl om det altså skulle vere sterkt overdrive. Kompleksiteten i plottet gjer at eg ikkje vil forsøke å gjere greie for det, men Jimmy Crocker er altså i den situasjonen at han må narre Ann Chester for å få henne til å forstå at han ikkje er ein drittsekk og hjelpe henne med å narre tante Nesta til å la Ogden skjerpe seg og ein del anna. Normalt sett er dette oppskrifta på mykje moro, men når eg først hadde fått augo opp for den økonomiske urettvisa blei det lettare å få sympati med tante Nesta.

Ho står jo der nemleg midt i eit komplott, på alle kantar er ho omringa av folk som lyg og forsøker å narre henne. Det er heller ikkje fritt for at Jimmy Crocker framstår i eit litt anna lys. Eg vil tru meininga er at han skal vere ein eplekjekk og sjarmerande type med eit visst slyngelaktig preg, men når ein først har innrømt sympati for Nesta er det fort gjort å sjå at metodane han tek i bruk for å vise at han er ein gem type er dei same metodane som gjer han til ein drittsekk.

Så no er eg usikker. Vil eg i framtida få større eller mindre glede av Wodehouse? Det einaste som er sikkert er at eg iallfall ikkje kjem til å lese han på same måten som før.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.