torsdag 12. november 2015

Tjue bøker, mange lesetips

Her er grafisk representasjon av dei siste tjue bøkene eg har lese:
Klikk gjerne på bildet og bli venn med meg på Goodreads! 

  • Fem er teikneseriar
  • Fem er lydbøker
  • Ei er ei novellesamling
  • Seks er sakprosa, sju viss du reknar Snorre
  • Ei er ei novellesamling
  • 10 er på bokmål, fem på engelsk, ei på fransk og fire på norsk
  • Åtte er av kvinner, dei siste tolv av menn
Evna er siste del i Siri Pettersens Ravneringene-trilogi og ei bok eg hadde venta ganske ivrig på. Den første (som eg altså las i forfjor) tykte eg det tok litt vel lang tid å komme inn i, men eg går ut frå at det var mykje fordi eg ikkje las særleg meir enn eitt kapittel i slengen til å begynne med. Eg er glad eg fekk den togturen inni der slik at eg hadde to-tre timar utan distraksjon. Det var óg denne trilogien som, saman med Arnfinn Koleruds Vassbygd-trilogi, fekk meg til å forstå koss det kjennest å vente på ei bok som ikkje er ferdig skriven. No som eg har lest Evna er eg klar for å lese alle tre bøkene ein gong til, men det blir neppe før til sommaren.

Eg passa på å lese dette førehandsekset på minst ein stad der eg blei observert.
The Three Stigmata of Palmer Eldritch er ikkje mindre av ein mindfuck enn dei andre Dick-romanane eg har lese. I somt minte han om Ubik, diverre utan å vere fullt så god. Det er i og for seg forvitneleg at det let seg gjere å følgje handlinga så langt som det gjekk, men siste halvtime (lydbok) var rett og slett meir forvirrande-rotete enn fantasieggande-rotete.

Vi er molekyler er ei undomsbok av den kanadiske forfattaren Susin Nielsen. Det er ikkje den første slike eg har lese med to forteljarar som er sysken, men det er den einaste der dei er stesysken. Sjølsagt er dei to så ulike som dei kan bli, han er grensesprengande nørd og ho er grensesprengande valley girl. Grei orsaking for å bruke dei klisjeane i og for seg, men meh. Om ungdommar skulle spørje meg, vil eg tilrå dei å heller gå til Jenny Jägerfeld sine to som har komme på norsk (og som er omtalte her).

Første sakprosabok i denne haugen er Kjære Karoline - Jeg er barnehagelæreren din som spring ut av bloggen til forfattar Eivor Evenrud. I boka tenkjer ho høgt om profesjonen sin og er inne på konflikter mellom profesjonsetikken og krava barnehageeigar måtte stille. Av alle bøker om barnehageped eg har lese er dette korkje den første eller den beste, men eg tipper at nye barnehagepedagogar vil ha ei viss glede av henne.

Når det er såpass mange teikneseriar her er det litt fordi eg rydda på plass bøker på skulebiblioteket der eg jobbar. Teikneseriehylla var så trong at eg rett og slett lånte ein stabel bøker for å få plass der. Og for å bli betre kjent med samlinga slik at eg kan formidle henne betre, sjølsagt. Dermed kan ein jo håpe på ein litt annan sirkulasjon og dermed betre plass i hyllene? Den første eg las av desse var iallfall Esben S. Titlands Piketty på 1-2-3, og den var jo raskt unnagjort. No har eg lese (høyrt) Kapitalen i det 21. århundre, slik at eg neppe var i målgruppa for denne vesle innføringa, men eg ser jo at Piketty si bok er skræmeleg tjukk. Titlands vesle innføring bør soleis kunne gjere nytte for seg. Eg må likevel understreke at det Knut Nærum seier om å ikkje trenge å lese Piketty etter å ha lese Titland er tullball. Om originalen stadig er skummel etter dette kan ein kanskje prøve seg på Jesper Roines Piketty forklart før ein går ad fontes.
« Thomas Piketty 2015 » par Gobierno de Chile. Sous licence CC BY 2.0 via Wikimedia Commons

Lene Ask har eg omtalt her før, og med Kjære Rikard trur eg jaggu eg har lese alle bøkene hennar. Om ho spring ut av Asks eigne røynsler er det i så fall på ein langt meir oblik måte enn Da jeg reddet verden og Hitler, Jesus og farfar. Kjære Rikard er ein teikneserieversjon av ein over 100 år gammal korrespondanse mellom ein far på misjonsmarken og yngstesonen som bur på kostskule heime i Stavanger. Særleg den yngste korrespondenten er heller ordknapp, slik at Ask har mykje rom til å dikte ein barndom så vel som den saknaden dei to lever med. Tidlegare bøker av Lene Ask har vore i ein lett kjennande, nokså uornamentert stil med bleike, jamne fargar. Det er stadig lett å sjå kven som har teikna Kjære Rikard, sjøl om teikningane denne gongen er meir detaljerte blyantteikningar.

Berre godsaker her!
Sakprosa igjen, og no er det ei stor glede å kunne tilrå Piers Paul Reads klare, usentimentale framstilling av Dreyfus-saka. The Dreyfus Affair i David Pevsners opplesing er like underhaldande som opplysande, og ei svært medrivande bok. Gudane skal vite at det er opprørande ting Alfred Dreyfus vart utsett for, meir enn nok til å rettferdiggjere ei langt meir harmdirrande bok enn dette. Dreyfus-saka er altså eit av dei mest vidgjetne justismorda vi kjenner, og ein skandale som skapte eller aksentuerte sterke motsetnader i det franske samfunnet. Det vart oppdaga at ein eller annan i generalstaben selte informasjon til den tyske ambassaden, og på svært tynt (for ikkje å seie sviktande) grunnlag vart Alfred Dreyfus arrestert og sendt til fangekolonien på Jæveløya. Medan han var der arbeidde særleg broren for å saka teken opp att, men jamvel om dette arbeidet lukkast var ikkje Dreyfussaka ferdig med å vere justismord.
https://commons.wikimedia.org/wiki/File:AlfredDreyfus.jpg#/media/File:AlfredDreyfus.jpg
"AlfredDreyfus". Licensed under Public Domain via Commons

Ikkje før i 1906 vart Dreyfus reinvaska. Når dette blir emne for bøker enno i dag kjem det mykje av at saka ikkje berre var eit så stygt justismord, men at ho aksentuerte skiljeliner i det franske samfunnet, grovt sagt mellom ateistar, jødar, protestantar og katolikkar. Når Frankrike i dag er eit så veldig sekulært samfunn kan det iallfall delvis forståast på bakgrunn av Dreyfussaka.

Livius av Erlend Kaasa er sikkert den norske romanen eg har lese der handlinga minner mest om Heart of Darkness av Joseph Conrad. Offiseren Lam høyrer til ein okkupasjonsstyrke som har hærteke noko som fort kan vere Noreg og blir sendt ut på eit sjølmordsoppdrag. Boka fungerer heilt etter oppskrifta, og eg er litt lei meg for at eg ikkje har meir å seie om henne to veker etter at ho var utlesen.

Jeg drepte Hitler og Varulvene i Montpellier var ikkje det første eg har lese av Jason, men det første på ganske lenge. Som eg nemnte litt lenger oppe i posten var det noko så prosaisk som tronge teikneseriehyller som var utløysande årsak til at eg tok med meg heim den med Hitler, men eg likte no det eg las meir enn godt nok til å ta med meg Varulvene i Montpellier, La meg vise deg noe... og elles det vi har på jobben for å hygge meg med. På nittitalet såg eg filmane til Hal Hartley med stor glede, og minnest at Amateur blei omtalt som "ein actionthrillar med flatt dekk", og no prøver eg å komme opp med ein parafrase som kan oppsummere Jasons teikneseriar. Førebels nyttar det lite. Både dei ordknappe manuskripta og den distinkte teiknestilen gir mykje å glede seg over, nett no har eg det elles moro med å legge merke til at Jeg drepte Hitler har mykje felles med mange andre tidsreisehistorier, denne liknar meir på den Philip K Dick-novella eg nett las (The Skull, kven veit om eg ikkje snart skriv litt om samlinga ho er i, Beyond Lies the Wub) enn på Ola Hegdal og Tore Strand Olsens Blått blod.
Ser ikkje for meg at forlaget har noko mot at eg illustrerer omtale av boka med omslaget.

Og når vi er inne på blått blod: Eg trur eg har vore ein overtydd republikanar omtrent så lenge eg kan hugse, og eg ser ikkje nett meir fornuft i at posisjonar skal gå i arv di eldre eg blir. Sånn sett er eg jo menigheita meir enn målgruppa kanskje for Kjetil B Alstadheims Republikken Norge, men det var no gildt å lese, då. Den litt vel flåsete tonen har ei god motvekt i det at Alstadheim faktisk kjem med konkrete scenario for eit Noreg som har kasta av seg åket. Ned med monarkiet.

Dei siste åra har det blitt til at eg les fleire ungdomsbøker enn eg gjorde medan eg var ungdom sjøl, og ein av dei forfattarane eg med kvart har lese nokre bøker av er Tor Arve Røssland. Glimt er ei skikkeleg nifs og etter det eg kan forstå original spøkjelsesforteljing. Boka er både smart og spennande, og eg skal i grunnen ikkje seie så mykje meir om handlinga enn at ho er velkonstruert utan å vere hermetisk. Vidare lesing: Her lå Tirpitz av Ingrid Storholmen.

Astérix le gaulois ligg her fordi eg nett har begynt å lese alle Asterix-hefta frå starten på fransk. Det er gøy å sjå koss teiknestilen utviklar seg berre i løpet av denne første historia, samstundes som veldig mykje av den ordspelbaserte humoren er på plass. Når ein les vidare er det elles merkande kva den norske utgjevingsrekkefølgja har gjort med ein kontinuitet eg i grunnen ikkje har tenkt på var der; når Asterix og Obelix skaffar Panoramix ei gullsigd i La serpe d'or, er det fordi han treng henne til trollmannsturneringa i Astérix et les goths.

Ein annan serie eg er glad eg endeleg har fått lese er Kebbelife - et år med tjukken av Mette K Hellenes. Dette var nemleg veldig moro. Råkande og grovkorna humor, stadig vekk kræsjar innhaldet i det som blir sagt fullstendig med den røffe teiknestilen. Når eg tidlegare har lese ei og ei stripe har eg ikkje vorte så forlibt i Mette og Vanessa, så iallfall for min del krev dei ei samling som denne for å komme til sin rett, som dei seier på bakmål.

Håper dette er smått nok utdrag til at det er greit å bruke som illustrasjon
Som eg vel nemnte øvst her i samband med Evna har eg endeleg fått lære koss det kjennest å måtte vente på ei bok som ikkje har komme ut enno. Etter at eg las (høyrte) A Place of Greater Safety i fjor har eg gått vidare til forfattar Hilary Mantels planlagde trilogi om Thomas Cromwell (ein embetsmann under Henrik 8) og høyrt Simon Slater lese opp Wolf Hall og no Simon Vances opplesing av nummer to, Bring up the Bodies.

Veit du, eg vil i grunnen bruke denne plassen til å seie litt om den historiske romanens kraft og kor skuffande sakprosa stundom kan vere. Før eg las (høyrte) A Place of Greater Safety hadde eg gjennom mange år lese ein god del om den franske revolusjonen, men følte likevel at eg hadde ei heller fragmentert forståing av denne avgjerande delen av europeisk historie. Sjølsagt er det eit omfattande emne, men på mange måtar var det først etter Mantels bok denne perioden blei meir enn ei kaotisk mengd namn og datoar (og overdriver litt, då). Dermed var eg i større grad enn eg ville vore utan Mantels bok klar for den store oversiktsboka til Simon Schama, Citizens. Jamvel om nett den boka er eit produkt av USA på det seine 1980-talet ("Herregud, koss kunne dei finne på å prøve å REGULERE økonomien?!?!?!") var ho ei klar og grei framstilling. Det som overraska meg mest under lesinga var likevel at den ømheita eg følte for hovudpersonane i A Place of Greater Safety, nemleg Camille Desmoulins i tillegg til Danton og Robespierre(!) var intakt og vel så det. Det eg seier er at eg er ein førti år gammal mann som hadde problem med å halde tårene tilbake då Danton vart avretta.
Noko fruktfat var han ikkje, men til skarprettaren sa han "Vis dei hovudet mitt, det er vel verdt bryet!"
«Georges Danton» par Musée Carnavalet. Falt i det fri.

Eg har med ein viss mistanke om at eg kjem til å kjenne det på omlag same måten når det går ille med Thomas Cromwell i det lova tredje bandet om han, The Mirror and the Light. Dei to første har følgt han frå teneste for kardinal Wolsey til Henrik 8s mest betrudde allierte i og med innsatsen hans for å få Anne Boleyn på tronen (Wolf Hall) og gjennom intrigene som førte den same Anne Boleyn til skafottet (Bring Up the Bodies), tredje band må nesten ta føre seg det som heilt sikkert er ein spennande kamp for liv og karriere, ein kamp Cromwell taper (det er berre å slå det opp).

Medan eg ventar på dette tredje bandet tenkte eg at litt meir engelsk historie kunne vore moro, så eg gjekk for Alison Weirs The Life of Elizabeth, ein biografi over Elizabeth I, dotter til Henrik 8 og Anne Boleyn. Det er her eg blir skuffa over sakprosaen, folkens. No skal det seiast at eg ikkje høyrte meir enn sånn 3/8 av boka men satan så irriterande det var så lenge det stod på. Ned med monarkiet er ein ting (verda hadde sett former for demokrati før dette, altså), men å gjere regjeringstida til Elizabeth 1 til ein utvida hoffreportasje er veldig lite bra. At ho var eit ettertrakta gifte er det ingen grunn til å tvile på, men denne framstillinga gjer henne til objekt meir enn subjekt for slike forsøk på alliansebygging. Når framstillinga i tillegg berre går føre seg inne i den vesle bobla som hoffet trass alt er blir både den storpolitiske historia og folkets historie redusert til hoffintriger. Om berre dette andre var sett gjennom prismet Elizabeth utgjorde kunne boka vore fengslande og informativ, slik boka faktisk ser ut (eller iallfall nesten den første halvdelen av henne) er ho berre plagsam.
Anne Boleyn var mora til Elizabeth 1 og Henrk 8s andre kone.
Hans Holbein (som utførte denne skissa) har elles ei birolle i bøkene om Thomas Cromwell.
Anne Boleyn by Hans Holbein the Younger (1497/1498–1543) — Royal Collection. Falt i det fri.

Og då eg gav opp dette gjekk eg raskt over til meir lokale saker: Slaget på Stiklestad er ei samanstilling av det Snorre skriv om opptakten til slaget, slaget og litt av etterspelet. Denne gongen stod eg att med langt fleire spørsmål enn svar, først og fremst er eg plutseleg usikker på kvifor Olav Digre er helten i soga. Det verkar ikkje som folket i landet han ville vere konge over var så ivrige etter å ha han til høvding, mellom anna. Eg trur rett og slett Noregshistoria må opp og fram på leselista mi.

Sånn. Det var godt å få det ut. Dag Solstads essays og artiklar i Artikler 2005-2014 var kosteleg lesnad. Sjøl om eg personleg til og med har slutta å late som eg bryr meg om fotball var det moro å lese sportsstykka til Solstad, og når han skriv om fosjempel Brand er det berre å følgje nøye med.

For nokre år sidan hadde eg stor glede av Kjersti Rorgemoens første roman (eller 'notat'), Purkene snudde seg. No i år har eg hatt vel så stor moro av den siste vesle boka hennar, Håpet og festen. Som ein som sjøl gjekk for lenge på universitetet og har hatt eit arbeidsliv som, eh, ikkje svarte til forventningane (eg er ute av reklamebransjen (insj Allah) og trur ikkje eg skal leve av å putte ting i konvoluttar meir), er det ikkje fritt for at eg kjenner meg att i hovudpersonen. Eg liker at ho har avfunne seg med lagnaden og eg set pris på at ein av vennene hennar seier at "få ting gjer meg så nedstemt som folkelingvistikk". Trur kanskje ikkje heilt dette er boka for gjengen min på vgs (dei har liksom detta greiene her framfor seg og kan vel knapt relatere seg til det), men dei vil elske det vesle omfanget.
Kan ikkje sjå for meg at Kolon har noko mot at eg illustrerer omtale av boka med omslaget.

Som det går fram av ein tidlegare post (okay, den mest lesne posten min) sette eg stor pris på teveserien Kampen for tilværelsen. To av tre manusforfattarar var folk eg kjente arbeidet til, og eg meiner bestemt at eg kjente att ikkje berre forfattaren av Doppler og Stille dager i Mixing Part, men like mykje han som skreiv høyrespelet Tilbake til Tuengen Allé og manuset til Den brysomme mannen. No har sistnemte, Per Schreiner, debutert som forfattar av noko som ikkje skal spelast (vanskeleg å seie at høyrespelmanus ikkje er skjønnlitteratur, vel) med novellesamlinga Min fars fem bad. Her er det mykje å like, særleg sette eg pris på tittelnovella og dei som berre var lister eller replikkvekslingar. Mange av tekstene utspelar seg i mellomrommet mellom det som blir sagt og det som blir meint, somtid med avstikkarar til mellomrommet mellom det som blir sagt og det mottakaren går ut frå ligg bak. Berre den siste novella går føre seg etter hovudpersonens død, men den er óg ein av dei finaste i boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.