onsdag 25. november 2015

Ti bøker til!

Det har jo på mange vis vore moro å blogge om tjue bøker i slengen, men sidan eg ikkje på noko vis er framand for å prøve noko nytt, gjer eg eit forsøk med å avgrense det til ti. Her er grafisk presentasjon:

Klikk på bildet for løpande oppdatering eller bli vennen min på Goodreads
  • Berre ein teikneserie
  • To barnebøker
  • Veldig mykje bakmål: Sju bøker! Ein kvar på fransk, engelsk og norsk
  • Tre sakprosabøker, to av dei rockebøker
  • Fire lydbøker, alle på den eine eller den andre måten krim
  • Minst fire er del av minst tre ulike seriar
Og forresten: Titlar som er lenkar fører til digital utgåve av boka på bokhylla.no.

Som eg skreiv sist har eg i det siste teke med meg ein del teikneseriar frå skulebiblioteket eg jobbar på for å få betre plass i hylla ikkje berre på kort sikt, men for å gjere meg såpass kjent med dei at eg på lenger sikt kan gjere ein innsats for å auke sirkulasjonen av dei. Død og levende av Jason eignar seg neppe som del av lesestimuleringstiltak, men det er jo ingen grunn til å ikkje tilrå henne til kos. I nett denne boka legg Jason seg svært tett opptil eit filmatisk uttrykk slik det såg ut før 1928, i det at den sparsame dialogen er plassert i mellomtitlar istf i snakkebobler. Dette har jo artige implikasjonar for forhaldet mellom film og teikneserie, i det det tillet ein å tenkje på snakkebobler som eit slag teikneseriens synkronlyd. I tillegg til at det er ei skeiv kjærleikshistorie frå midt i ein zombieapokalypse.

Bilde frå forlaget, utan å spørje

Det er lenke til førre bloggpost i avsnittet over. Der skreiv eg óg litt om krafta i historiske romanar og om kor skuffa eg blei over ein Elizabeth-biografi som heldt seg innafor den vesle hofbobla og dermed blei utruleg uinteressant. Well, A Burnable Book er ein historisk krimroman som iallfall ikkje avgrensar handlinga si til hoffet. Personane (Geoffrey Chaucer og John Gower, mellom andre) er verkelege nok, men kriminalintrigen er Bruce Holsingers eige påfunn. Handlinga går føre seg mot slutten av 1300-talet, i høgmellomalderen i London og nabobyane Westminster og Southwark. Den brennbare boka i tittelen gir seg ut for å vere eit profetisk skrift som er knytt til eit komplott for å myrde kongen. Ikkje småtteri, og det ser ut til at det først og fremst er horene i Southwark og London som kan berge kongen. Som ein kan tenkje seg er det ikkje fritt for sleaze i denne på mange måtar truverdige (innmari grundig researcha iallfall) forteljinga. Det alvorlegaste eg har å kritisere boka for er eit forteljegrep som ikkje fungerer så veldig godt. Det er greit nok at hovudpersonen John Gower og ein allvitande forteljar vekslar på å føre ordet, men den tredje forteljaren, hen som startar med å late som hen fortel eit eventyr, er meir irriterande enn eggande. Simon Vance les greit nok, men Simon Slater hadde lese svært godt. Eg sparar den neste boka (The Invention of Fire) litt til, men kjem til å høyre henne med stor interesse. Forresten kan du lese tweets på middle English frå Geoffrey Chaucer sjæl: @LevostreGC

Den første Maigret-boka mi, Maigret og mannen på benken, representerer på eit vis ein kapitulasjon. Eg hadde tenkt å lese desse på fransk, men sidan det er iallfall trekvart hundre bøker å ta av kunne eg jo godt ta somme av dei på norsk. Trass i at Storytel marknadsfører henne som den første i serien er ho ei av den siste halvparten bøker Georges Simenon skreiv om den piperøykande politifullmektigen. Dersom denne boka er representativ har eg framfor meg ei rad krimbøker med fiffig uttenkte brotsverk og etterforsking som får med seg litt av kvart av daglegliv og tristesse mellom jamne pariserar. Eg kjem heilt sikkert til å lese nokre til, om det neppe blir alle saman.

Og når det gjeld pulp: Den eine sakprosaboka i denne låge stabelen er ei fransk coffeetablebok om den italienskfødde illustratøren Gino Starace, l'illustateur de Fantômas. For mitt vedkommande var denne boka ei kjelde til mange av dei flotte omslaga til Fantômas-bøker, men her var óg mykje anna gildt, for eit norsk publikum er nok bøkene om Rocambole mellom dei mest kjente Starace leverte omslag til. Mykje moro!
Cravate de chanvre er eit slips av hamp.


Det er eit par barnebøker i haugen óg, den eine av vinnar av Nordisk råds pris for litteratur Jon Fosse. Kant er ei søt lita bok der førstepersonforteljaren er ein gut på åtte som ligg og ikkje får sove. Eksistensiell undring vekslar med berøringsangst for dei store spørsmåla, men heldigvis har han både Donald og pappa. Illustrasjonane av Roj Friberg er om lag halve poenget med boka, som ligg på bokhylla.no.


Har ikkje spurt forlaget om lov, men nyttar høvet til å peike på at det der med Skarphedin Olsen er jug. Han er ikkje med før i femte bok.
For ikkje SÅ forbanna lenge sida spurte ein ven meg om tips til krimbøker á la Tome Egeland og Dan Brown. Les heller Chandler, sa eg, men la raskt til at eg hadde late meg fortelje at Gert Nygårdshaugs bøker om Fredric Drum var god knall. Så då eg såg ein annan bibliotekar tilrå dei på generelt grunnlag tenkte eg det var på tide å finne ut på eiga hand om det var verdt å lese. Heldigvis hadde eg bestemt meg for å gje serien meir enn ei bok til å innfri, for Honningkrukken likte eg ikkje i det heile. Alt for lange strekk av prosaen var flat og fantasilaus og helten framstod litt for ofte som om han rett og slett ikkje var den spissaste blyanten i guds pennal. Javel, løysinga på gåten var herleg grotesk, men boka som låg rundt var ikkje for meg. Då gjekk det betre med Jegerdukken. Endeleg forstod eg at det ikkje var meininga at ein skulle ta dette på alvor. Fredric Drum er ein litterær helt som høyrer heime i motsett ende av det tjuande hundreåret, sånn tida rundt første verdskrigen. Han er meir av ein doktor Jonas Fjeld, ein Arsène Lupin eller Raffles. Tidsmessig er den nærmaste slektningen hans truleg Jang-Tse Lyse, modellskreddar og levemann. Det avgjerande hintet var at han flyttar frå pensjonat til pensjonat. Straks eg hadde forstått kva innstilling bøkene er skrivne med, hadde eg større glede av dei. Dødens Codex var ikkje heilt jamgod med Jegerdukken, men Det niende prinsipp var betre igjen, særleg mot slutten. Etter fire bøker er eg stadig ikkje forelska i lesinga til Helge Winther-Larsen, men ein kan venje seg til det meste.

Frå bokhandel. Har ikkje spurt. Ingen Skarphedin Olsen her, men han kjem i neste bok, Cassandras finger.

To rockebøker i strekk! Den eine lånte eg på ebokbib fordi ho merkeleg nok hadde ledige "eksemplar", den andre er halvparten av dei bøkene twitterprofilen +Øyvind Greve lånte meg så eg skulle få lest meg opp på black metal. Dette er det eg skreiv om bøkene på Goodreads.com:

DumDum Boys - En vill enDumDum Boys - En vill en by Sindre Kartvedt
My rating: 3 of 5 stars

Eg likte denne boka langt betre enn eg har likt å høyre på bandet dei siste mange åra. Oral history-formatet fungerte betre i denne boka enn i Josh Frank og Caryn Ganz' bok om Pixies Fool the World: The Oral History of a Band Called Pixies, truleg fordi Sindre Kartvedt for det første hadde fått snakke med alle som på noko tidspunkt har vore med i bandet (Kim Deal er ikkje intervjua i Pixiesboka) og for det andre ikkje har snakka med så mange som ikkje har vore aktivt involverte. At mange røyster slepp til gjer det vanskeleg å skjule at sparkinga av Persi Iveland var ei rotete affære med grumsete årsaker. Kanskje er det óg her ein tydelegast ser behovet for innspel frå nokon som såg det frå utsida? Vidare har eg personleg støtt rekna Roger "fingern" Valstad som skurken (i den grad ein kan bruke eit slikt uttrykk) i soga om dette bandet. Eg har alltid meint at han temja dei i for stor grad, pakka dei energiske låtene inn i vatt og vatna dei ned (skal kutte metaforane snart) til noko altfor snilt. Etter å ha lese denne boka sit eg att med inntrykket at bandet neppe hadde hatt den suksessen dei har hatt utan inputen frå Valstad, samstundes som eg med ei viss tilfredsheit registrerer at eg har hatt litt rett og at andre har meint det same som eg.



Piratliv: Musikkbransjen backstagePiratliv: Musikkbransjen backstage by Anders Odden
My rating: 2 of 5 stars

Har lese denne delvis parallelt med Dumdumboka, og må seie at oral history-formatet er betre enn lausrivne einmannsmemoar. Den første delen var nok heilt sikkert den mest alment interessante, for meg var det gøyaste med siste halvpart å få sjå åssen det hadde gått med +Audun Stengel, som eg hugsar som ung og lovande tensing-gitarist og halvhjarta speidar i 5. Hamar KFUM. Eg ser lett for meg at det finst fleire hundre lesarar som vil få liknande ut av boka, men det spørst om ikkje ei FB-oppdatering hadde gjort same nytten.

View all my reviews


Og til slutt ei barnebok til: Bjørn Ingvaldsen har skrive mange bøker for barn. Den nyaste heiter Ikaros Olsens kamp for å nå toppen : Nissekrigen. 9-13-åringar som les denne (eller får henne lesen for seg, eg har planar om å få til noko i selskap med tiåringen) får den bisarre historia om Ikaros Olsen som bor i tredje kjellar med dykkarbestefaren og har ambisjonar om å kjempe seg opp til toppen. Det er ei historie om venskap og utfrysing, om makt, pengar, samhald og klassekamp. Vågar eg å seie at Ole Lund Kirkegaards ånd sviv over boka? Ja, det vågar eg, men skundar meg å seie at dette ikkje er nokon Gummi-Tarzan, men si heilt eiga bok. Noko i tittelen gir meg inntrykk av at det kjem til å komme fleire bøker om Ikaros Olsen, og det hadde på ingen måte vore meg imot.
Har ikkje spurt forleggaren no heller.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.