mandag 3. august 2015

Kvinne i gruppe

Parallelt med at eg las Steve Hanleys memoarbok om dei nitten åra han var med i The Fall har eg høyrt Kim Gordons Girl in a Band på lydbok. No er det i grunnen ganske meiningslaust å skulle samanlikne bandkvardagen i ei så stabil gruppe som SY med kaoset i The Fall, men det er no artig å sjå at røynslene folk har er så utruleg ulike. Det er óg litt artig at Hanley nemner Sonic Youth og Gordon nemner The Fall, men det er kanskje ikkje så unaturleg. Eller er det berre noko eg trur fordi at eg sjøl liker båe gruppene?

Meiningslaust eller ikkje er det likevel vanskeleg å la vere: Hanleys bok (med undertittelen Life inside The Fall) opnar med ungdommeleg musikkinteresse og bråsluttar når han sluttar i bandet, medan Kim Gordon skriv om barndom, oppvekst, familie, kunstnarskap og sosiologi, og ho stoppar ikkje med samlivsbrot og oppløyst band. I posten om Fall-bøker skrøyt eg av Hanley for at han let det skinne gjennom at folk har kjensler i tillegg til minne, Kim Gordon legg ikkje skjul på at folk i tillegg til minne og kjensler har intellekt.

Men Girl... ho er vel vaksen?
Bilde frå bokhandel.

Iallfall er Girl in a Band ei rockebok eg kan tilrå utan atterhald. Ikkje berre fordi Kim Gordon framstår som eit heilt menneske med eit liv utanfor bandet, men óg fordi ho let musikken få den fortente plassen. Ho går ikkje tvangsmessig gjennom alle låtene eller platene, men gjer noko betre: Ho let somme plater få eigne kapittel der ho snakkar om kva som var viktig for henne på den tida, samstundes med at ho bruker desse kapitla til å legge ut om dei songane som av ulike grunnar er nærmast hjartet eller minnet.

No er det ikkje slik at eg høyrte på boka for å få stoff til ei tematisk speleliste, men du verden så veleigna ho var som bakgrunnsmaterial. Det hjelper sjølsagt at i den grad det er SY-låter som står nær mitt eige hjarte er det stor grad av overlapp med Kim Gordon sine. Særleg var eg glad for å høyre om Tunic (Song for Karen) og Little Trouble Girl. Kven veit om ikkje denne spelelista kan gje Goo alvorleg konkurranse som den SY-samlinga eg helst høyrer på?



Eit par ord om dei to siste låtene her: I og med at både Sonic Youth og ekteskapet med Thurston Moore er over, er det ikkje fritt for at boka er ramma inn av ei nokså tung stemning. Ein del kapittel dreiar seg om den siste tida før det endelege brotet, eit av kapitla er berre teksten til Cotton Crown (som eg difor har teke med her). Heldigvis (det er ikkje fritt for at ein blir glad i folk som deler gleder og sorger slik som her) sluttar boka med ei oppsummering av ting som går bra, ein av dei er det musikalske samarbeidet med Bill Nace, Body/Head.

Det er ikkje fritt for at samtidige musikarar er med i boka, og Kurt Cobain er ein slags gjennomgangsfigur. Heilt til sist fortel Kim om gjestespelet under konserten som markerte at Nirvana vart tekne inn i rock'n'roll hall of fame, der Dave Grohl og Krist Novoselic inviterte henne til å synge Aneurysm. Den låta finn eg ikkje på Spotify, men her kan YouTube heldigvis hjelpe:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.