tirsdag 2. september 2014

Heilsprø etisk oppvakning i Bjarne B. Reuters Bertram-serie

No i sommar og haust er kindlen min oppteken fordi den varme og generøse sambuaren min les Knausgård på han. Det unner eg henne sjølsagt, men det har ført til at eg sjøl har lese ein annan romanserie på seks band på mobilen. Eg snakkar, som overskrifta vel ymtar om, om Bjarne B. (Bertram!) Reuters hysteriske serie om Bertram og dei eldre syskena hans.

Det er ikkje nett dagsferske greier, altså. Dei første fire bøkene kom i rasande fart i perioden 1975-77, den femte i 1981 og den sjette i 1989. Dette har eg elles frå den danske wikipediasida om forfattaren, ei side der bibliografien hans i skrivande stund manglar tredje band i serien.
Dette biletet har eg frå nettbokhandelen riidr.dk. Diverre kjenner eg ikkje namnet på omslagsillustratøren.

Den meir pålitelege bibliografien på forfatterweb.dk held fast på at Kidnapning (1975) ikkje berre er den første boka i serien om Bertram, men óg den første boka Reuter fekk gjeve ut. Iallfall er bøkene desse:

  1. Kidnapning (1975)
  2. Rent guld i posen (1975)
  3. Ridder af skraldespanden (1976)
  4. Tre engle og fem løver (1977)
  5. Abdulahs juveler (1981)
  6. Den skæggede dame (1989)
(Dei fire første kom elles på bokmål, alle omsett av Erik Lie. Lenkene går til fulltekstutgåver på bokhylla.no:
  1. Kidnapperne (1977)
  2. Rent gull i posen (1978)
  3. Ridder av søppelkassa (1979)
  4. Tre engler og fem løver (1980)
Ein kan lure på kvifor ikkje Abdulahs Juveler, som trass alt kom på dansk i rett tid til at ei samtidig norsk utgåve hadde passa bra, kom på bokmål, men det gjorde ho så vidt eg kan forstå ikkje)

Ellevilt. Dei norske utgåvene fekk omslag av J P Fongen.
Iallfall er Reuter ein prislønt og svært produktiv forfattar. Norske lesarar og tv-sjåarar på min alder (eg vart fødd i 1975) vil kanskje minnest serien om Buster Larsen, men barne- og ungdomsbøker er langt frå det einaste Reuter har skrive. Guttene fra St. Petri er nok ein av dei mest kjente vaksentitlane hans. Dei fleste treffa på eit gugelsøk (etter butikkane) nemner ei utrekning som viser at til kvar tid er om lag 5000 danskar i ferd med å lese ei av bøkene hans.

No kjem eg ikkje lenger i hug om det var serien om Bertram eller den om Buster Larsen eg las først, men tidleg i barneskulealder las eg båe, ganske sikkert las eg dessutan fleire av bøkene fleire gonger. På den tida hadde eg kjent store delar ev forfattarskapen til Ole Lund Kirkegaard i forholdsvis mange år, så humoristiske danske barneromanar var eg godt kjent med. Ved omattlesing tretti år seinare hadde eg visse klare førehandsoppfatningar av bøkene. Eg hugsa namna på alle syskena, eg hadde inntrykk av at familien var fattig, og eg hugsa til og med nokre av dei replikkane eg hadde flirt mest av.

Men så var det oppattlesinga. Ganske snart vart det klart at den niårige meg ikkje hadde føresetnader for å forstå alt det som handla om sosialt medvit og etisk oppvakning hos hovudpersonane, men det tyder i grunnen berre at eg hadde meir å glede meg over denne gongen. Dessutan heng bøkene handlingsmessig svært godt i hop. Eg skal gå i litt større detalj, men først ei tilråding frå ein anonym (kvinneleg?) lesar som lånte Rent gull i posen på Steinkjer folkebibliotek:
Skjermdump frå bokhylla.no. Bryt eg kontrakta eg har skrive under ved å klikke OK no?

Persongalleriet

Sjøl om kvar av bøkene representerer eit avslutta eventyr for Anders & Co er det sterk samanheng mellom handlinga i kvar av dei. Personane gjennomgår utvikling og alt, så la oss presentere dei. Ungane først, i stigande aldersrekkefølgje:
  • Bertram er yngst, replikkunstnaren og på mange måtar jokeren i stokken. I løpet av serien startar han i første klasse, han er impulsiv, smart og handlekraftig.
  • Anders er forteljaren. Han er smart, men på ein meir tenksam måte enn Bertram. Det er han som først og fremst ser og formidler den sosiale urettvisa familien er offer for, og han uttrykkjer tidleg at han vil bli politikar for å løyse saka.
  • Winni er knappe året eldre enn Anders, og er smart nok til mykje godt å halde seg unna kontroversane brørne hamnar i. Likevel er ho i sentrum for handlinga i Tre engler og fem løver, og sviktar på ingen måte brørne sine når dei treng henne.
  • Oskar er den eldste. Han ser den same sosiale urettvisa som Anders, men kjenner seg maktlaus andsynes systemet og har lett for å bli sint. Det at han forstår at Anders ikkje blir like frustrert hjelper ikkje. Som dei andre er han kjempelojal, men er i mindre grad skeptisk nok til å motstå freistingane Onkel Georg stiller opp med.
Som i alle verkelege familiar er det den sosiale statusen til dei vaksne som legg premissane for dagleglivet. Iallfall tidleg i serien er det mor som er familieforsørgar. Ho har vaskejobb og arbeider så hardt at ho på  eit tidspunkt må på kvileheim. Grunnen til at ho må ta på seg så mykje er ikkje fars latskap, men det uheldige forhaldet at han har sitte inne i ungdommen. I løpet av serien går han frå den eine jobben til den andre, og det ser ut til at det kjem til å gå bra med han, jamvel om plottet i Abdulahs juveler blir sett i gang av ein grisk sjef som prøver å lure han.

Om mor og far legg premissane for dagleglivet, er det fars bror onkel Georg som syter for at kvardagen iallfall ikkje blir keisam. Han er ein småsvindlar som stadig er på flukt frå lova eller andre, større svindlarar. Særleg Oskar ser opp til han, men Bertram er heller ikkje vanskeleg å overtale til eit eller anna sjukt kupp.
Lurer på om det ikkje er denne eg liker best, endå både onkel Georg og Winnie er så godt som fråverande.

Kidnapning

Som tittelen meir enn ymtar om, handlar den første boka om ei kidnapping. Denne boka skreiv Reuter visstnok på ei dryg veke medan han eigenleg skulle lese til eksamen. Det var den første han fekk gjeve ut, men han skal ha skrive eit par dusin bøker før den tid. Koss det no måtte vere, er det iallfall her vi blir introduserte for dei ungane nabofruene kallar proletaryngel og onkelen deira, han som vil omfordele samfunnsgode ved å forsyne seg sjøl. Anders er tøffare i kjeften her enn i dei seinare bøkene, men arbeidsfordelinga mellom brørne er lik. Kidnappinga går sjølsagt ikkje særleg bra, og alt her er handlinga knasande sprø. Den skrekkslagne Anders fortel om ein plan som går gale på dei fleste moglege måtar, og klimakset er eit lite meisterverk i litterær slapstick. Ungane slepp unna, men Georg rømmer til Sverige i panikk.

Rent guld i posen

Neste bok, Rent gull i posen, går føre seg berre nokre veker seinare. Det er sommarferie, og etter at Oskar har blitt offer for fordommar mot fattigfolk og søner av eksfangar i fruktbutikken der han arbeider, tek dei tre gutane ei grusam hemn. Som onkel Georg finn dei det best å forlate Vanløse, og syter for å bli inviterte til ei onkel og tante i Jylland. Der viser det seg at vertskapet i grunnen ikkje har betre oppfatningar om gutane enn det heimlege miljøet deira, og når resten av landsbyen viser same skepsis til byfolka er det ikkje lett å vere Anders, Bertram og Oskar på landet.
JP Fongens omslag nok ein gong lånt frå bokhylla.no.

Det tek ikkje lang tid før dei tre er hovudmistenkte i ranet av ein gullbarre. Med heile landsbyen på nakken rømmer dei til skogs, og treff heldigvis på ein annan utstøytt, Gamle-Anders. Gamlingen og dei tre unge allierer seg, reinvaskar gutane og stiller opp dei skinnheilage bondetampane sine eigne fordommar der dei burde få auge på dei. Boka blir ikkje mindre spennande ved at brørne skil lag under flukta, slik at lesaren heile tida er usikker på lagnaden til minst ein av dei. Det som er av sosialt medvit hos dei tre brørne blir kontrastert med røynslene til den kloke Gamle-Anders, og det er til og med håp for framtida.

Ridder af skraldespanden

Hausten verkar som han går føre seg etter måten udramatisk. Vi får referat av Bertrams første halvår på skulen (han er klassens duks og ein suverent skinnheilag drittsekk) før onkel Georg kjem på julebesøk. Mellom dei stolne julegåvene han har med seg er eit ganske fancy kamera, og med filmen i det som macguffin er det på nytt duka for både slapstick og klassekamp. I det viktigaste subplotet skaffar Bertram og Oskar pengar til julepresangar ved å tigge, eit knep som gjev Anders og Oskar gode høve til å diskutere korleis fattigfolk kan handle moralsk. Overklassens dekadanse slik vi møter han i bokas festscener frikjenner iallfall ikkje dei rike frå moralsk ansvar.
Ingen nyttårsfest utan rakettar!

Georg har nemleg prøvd seg som industrispion, og er ikkje snauare enn at han bruker sine eigne nevøar som mellommenn mellom seg og nokre meir ressurssterke skurkar. Som i første bok er det viktige scener i eit selskap for rikingar, denne gongen om mogleg enno meir dekadent, med både gangsters og samfunnstoppar på gjestelista. Når dritten råker vifta (eller lortet rammer viften, som det sikkert ikkje heiter på dansk heller) får vi ei heseblesande nattleg jakt gjennom eit nyttårsstemt København, komplett med tur i dyreparken. Særleg denne sekvensen nærmast bed om å bli lagd film av, men det var to av dei andre bøkene som vart filmatiserte (Kidnapning og Tre engle og fem løver, båe Sven Methling 1982. Iallfall sistnemnte er ein bleik skugge av boka). Gutane kjem seg heim til slutt. Dei er like blakke, men ein god del klokare.

Rakettane er med på det norske omslaget óg, men dette biletet gir ikkje nett inntrykk av nyttårsnatt i kongens by.

Tre engle og fem løver 

Georg kan tydelegvis vende tilbake når Bertram er ferdig i første klasse, for no er det sommar att. Det har altså gått eit drygt års tid sidan handlinga i første bok, og plutseleg er familien innblanda i ei kidnappingssak att. Denne gongen er det rettnok Winni som vert kidnappa, men det hindrar ikkje Georg i å prøve å utnytte situasjonen til å tene pengar på det han håper er kidnapparanes inkompetanse eller andre svake felt. På seg sjøl kjenner han andre. Saka blir ytterlegare komplisert ved at tante Gyda (ho frå Jylland i bok to) kjem til byen for å roe reka litt. Ho må for all del ikkje vite at Winni er kidnappa, og det er klart det berre er så vidt det går bra.
Sa eg at klimakset går føre seg i Tivoli?
Tittelen på boka viser forresten til papirrullen i hendene til onkel Georg i biletet over og ein av gutane i biletet under. Eller -  det kan vere ulike rullar. Bertram har malt eit bilete av seg sjøl og fem løver, og det vil han henge opp på det museet der faren har fått jobb. Uheldigvis blir museet rana nett den dagen, og tjuvane kom seg til synes av garde med eit målarstykke som førestellar tre englar. Sjølsagt blir dei to rullane ombytte, og det er altså for å få kunsten i retur at tjuvane kidnappar Winni.

Tivoligarden grip aldri inn.
Klimakset er ein spennande jaktsekvens i tivoli, men etter mi meining er humorhøgdepunktet strandturen der dei fattige brørne demonstrerer snorkelen Sort pølse, eigenleg ein utbrukt støvsugarslange. Elles er det fint å sjå at Winni og mor blir meir handlekraftige på dette tidspunktet i serien. For norske lesarar var dette farvel til Bertram & Co, og på mange måtar er det kanskje like greit.

Abdulahs juveler

Det tok fire år før femte bok om Bertram og familien kom ut. I mellomtida hadde den svært produktive Reuter skrive ganske mange andre bøker, og året etter skulle to av Bertrambøkene komme på kino. Kanskje denne vart skriven under arbeidet med å omarbeide Kidnapning og Tre engle og fem løver til filmmanus?
Ellevilt.
Far har fått jobb som vindaugsvaskar i eit større varehus, og no ser det ut til at den utanlandsferien familien har drøymt om skal bli verkeleg. Sjefen har nemleg innvilga far eit forbrukslån. Krisa er ikkje eit faktum før Winni reknar ut at familien er blitt lurt til å gå med på å binde seg til ei ågerrente. Mor tenkjer som så at slike skurkaktige knep best kan bli møtt med tilsvarande, og dermed tilkallar dei onkel Georg. Så langt alt vel.

Boka misser diverre alt truverde når Georgs plan kjem fram for oss. Bertram har nemleg fått ein del ovnssverte i fjeset, og då held det liksom å ta på han eit laken for å lure heile København til å tru at han er ein ung sjeik? Som skal låne ut ein juvel til sjefen på varehuset, ein ivrig juvelsamlar? Har ingen danskar i 1980 sett eller høyrt arabarar? Og gløymer ikkje Anders og Reuter at ikkje berre varehussjefen, men óg oljesjeiken har bygd rikdomen sin på andres arbeid?

Sjølsagt er det fine forviklingar og sprø situasjonar, men desse innvendingane gjer det vanskelegare å like denne boka enn dei andre. Diverre representerer heller ikkje siste bok i serien noko høgdepunkt. Anna enn reint geografisk, då.

Den skæggede dame

Berre timar etter avslutninga av handlinga i førre bok reiser familien medrekna Georg til Austerrike. I fiksjonsuniverset har det gått kanskje to år sidan handlinga i Kidnapning, ute i verda har det teke åtte år frå bok fem til bok seks. Ikkje rart at Reuter ser ut til å ha gløymt kva det var med dei folka han skriv om.

Ingen kommentar.
Sist heltane våre forlet København fekk vi ei kjempegod historie som handla mykje om at andres forventningar og fordommar ikkje treng vere ei tvangstrøye for individet, jamvel om det er svært sterke krefter. Denne gongen blir det forviklingskomedie med ein gorilla som blir forelska i onkel Georg. Løynlege tunnelar i fjellet og eit måleri av ei skjeggete dame, dyster familiehistorie og mogleg narkotikasmugling blir på ingen måte like bra. Stundom er det fristande å tenkje at Reuter hadde fått ideen til ei slik bok, oppdaga at tanken ikkje var god nok på eiga hand og difor tilsett Bertram og dei andre i håp om å berge stumpane. Diverre.

Men jøss bevars. Fire av dei seks bøkene i serien er gode romanar, velkonstruerte, vittige og med ei kjensle av å formidle noko viktig. Dei er vel verdt å lese, anten ein er born eller vaksen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.