torsdag 4. september 2014

Frå fjellbeite til Donald-land.

Denne posten er ein gjennomgang av ein god del av dei tjue siste bøkene eg har lese (ut), men først ein bildemontasje av omslaga deira:

Klikk på bildet og bli venn med meg på Goodreads!
Eg er glad i å telje:
  • Tre av desse er teikneseriar
  • Sju er sakprosa
  • Sju er romanar
  • Ein er parodi på sakprosa
  • Det er eit langdikt i haugen
  • Seks av bøkene har eg høyrt (dei fire kvadratiske pluss Pluto Files og Den danske borgerkrig 2018-24)
  • Sju er delar av fem seriar, trilogiar og tetralogiar
  • Tre er på bokmål, den eine ei lydbok
  • To på norsk
  • Fire på dansk, den eine lydbok
  • Fire på fransk, ingen lydbøker men tre teikneseriar og ein roman (alle delar av to seriar)
  • Sju er på engelsk, fire av dei lydbøkerog ingen av dei andre er romanar
  • To av dei engelske er rockebøker
  • Ei av lydbøkene hadde eg lese før, men på eit anna språk.
  • Ein er skriven av to filmregissørar
  • Heile elleve er lesne på mobilen
  • Tre er lånte på bibliotek
Dei tre teikneseriehefta i denne bætsjen er Sabotage et páturage, Bouge tranquille og Cheptel maudit, band 11, 12 og 13 av Le genie des alpages av F'Murrr (Richard Peyzaret). Denne serien las eg dei første åtte nummera av med kvart som dei kom på norsk frå tidleg åttital og utover. Det er nok sviktande salstal heller enn sviktande kvalitet som er årsaka til at dei siste seks banda ikkje er omsette, for desse tre er seine høgdepunkt i ein absurdistisk serie med mykje sær humor, både i tekst og teikningar. Det fjortande og siste bandet (Courent dans la montagne) sparar eg litt på, må eg innrømme. Eg kan jo berre lese det for første gong ein gong...
Sabots er klauver. Sånne ordspel er det mange av i serien.

Øystein Ortens historiske roman Rasmus Rebellen har eg hatt hug til å lese sidan eg opna den øskja med kulturfondbøker sommaren 2013. Den delen av norsk historie kjenner eg lite til, og eg hadde håpt å bli opplyst av denne soga om bondeføraren som leidde bygdefolket på Sunnmøre i rettslege og til dels militære konfrontasjonar med dei korrupte futane og andre embetsmenn. Soleis er eg lei for å seie at det gjekk utruleg trått å lese henne. Prosastilen var litt vel lyrisk for min smak, og eg ser ikkje kva det skulle vere godt for å legge soga i munnen på Rasmus Busts fosterson med Rasmus' barnebarn som romanens andreperson. Det hjelper ikkje at forfattaren let forteljaren (på 1600-talet) bruke metersystemet. Slikt hadde vore distraherande sjøl om boka er hadde vore likande, no er det nesten drepande.

Le bouchon de Cristal tok óg lang tid å lese, og her skuldar eg på kindlens spådom om kor mykje som er att av kvart kapittel. Å lese i rykk og napp tek lenger tid når ein synest kvart rykk må fylle eit kapittel. Iallfall er dette den femte i serien om gentlemannstjuven Arsène Lupin. Det er gøy å lese om Lupin. Når eg les desse og minnest filmane til Feuillade tenkjer eg at ingen er betre enn franskmennene på pulp.
Lånt frå vintageadbrowser.com. Spoilers i omslagsbiletet ser ein heldigvis ikkje ofte.

I haust kjem Jon Fosses trilogi om Asle og Alida i eitt band. I sommar har eg lese alle tre kvar for seg, alle lånt på biblioteket og lese med ebokbib-appen. (Eg har planar om ein post om røynsler med ulike leseappar og liknande.) Som dei to første er Kveldsvævd kort og svært intens. Der til dømes Naustet er hoggande i rytmen er denne trilogien suggererande på anna vis. Det er liten vits i å liste opp handlinga, så eg skal berre tilrå denne serien som fascinerande lesnad.

Det levende kød er Lene Kaaberbøls andre bok om amatørkirurgen(!), -patologen og -detektiven Madeleine Karno. I både den og den første, Kadaverdoktoren, er handlinga lagt til den fiktive grensebyen Varbourg (Frankrike/Tyskland) mot slutten av 1800-talet. Stundom under lesinga fekk eg inntrykk av at Kaaberbøl hadde sett opp ei liste over element ho så kryssa ut med kvart som ho fekk dei med i boka. Madeleine er nemleg påfallande moderne i eit gammaldags miljø. Soleis er ho kvinne i mannsmiljø, ho har liberal seksualmoral (slik forstått at det er greit for henne at forloveden er biseksuell), ho taklar groteske syn og så bortetter. Vidare er skurken i boka påfallande fascistoid med seksualsadistiske drag. Heile boka er vekselvis dampande og grotesk. Nesten perfekt blandingsforhald mellom prippen og sleazy. Boka kjem på norsk i år, men kjære lesar: Bidra til å avslutte den tøysete praksisen med å oversette mellom dei skandinaviske språka ved å lese henne på dansk.

Ei av dei filmhistoriske anekdotebøkene eg har likt best var Who the Devil Made it? av Peter Bogdanovich. Han var påfallande ivrig med bandopptakaren sin, og gjorde dei intervjua med Orson Welles (lenke til andre postar på denne bloggen om nett Welles) som seinare blei redigerte av Jonathan Rosenbaum. Resultatet er This is Orson Welles, ei forvitneleg samling minne knytte til Welles' tid som teatermann, radioteatermann, filmskapar, tevepersonlegheit og det eine med det andre. Til og med fotnotene er morosame, og karrierekronologien imponerande (særleg med tanke på at han berre fekk fullført eit dusin filmar eller så). Etter at desse intervjua var unnagjorte (og Welles tydelegvis hadde blitt lei av Bogdanovich) overtok Henry Jaglom rolla som mikrofonstativ og bestevenn, opptaka frå desse samtalane kom i hendene til Peter Biskind som gav ut My Lunches with Orson i fjor. Det er óg ei herleg bok.

Det ligg stoff til meir enn eit par bloggpostar i katalogen til Zetland. Det danske journalistkollektivet gav ut den første singelen sin i mars 2012, og sidan den gongen har dei forsynt lesarane med historier som er lenger enn ein featurereportasje men kortare enn ei heil bok. Ein av dei første og beste singlane var Berlingske-journalist Line Holm Nielsens (@LineHolm1 på twitter) Kuppet, ei true crime-historie om danmarkshistorias største og kanskje mest spektakulære ran. Den las eg for lenge sidan, no har eg endeleg lese bokversjonen. Mykje var kjent, sjølsagt, men det var ikkje mindre fascinerande å få ei meir utfyllande utgreiing denne gongen. Sterkt tilrådd til alle som har sett NOKAS-filmen.

Lurer på om ikkje dette omslagsbiletet fortener ei anna bok

Kortene på bordet er i skrivande stund (fjerde september 2014) den siste Zetland-singelen. Journalisten er sjøl ein av Danmarks mestvinnande pokerspelarar, og det er kanskje difor han bommar litt på den ønskte balansen mellom personleg og informativ. Han ymtar om at det kan vere personlege tragediar i kjølvatnet av poker-boomen, men bryd seg ikkje nemnande med å etterforske kven det er som blir feite på andres ulukke.

Dei to rockebøkene eg har lese denne runden er eigenleg ei rockebok og ei countrybok. Satan is real er tittelen på både den best kjente plata til The Louvin Brothers og sjølbiografien til Charlie Louvin. Dei to gjorde suksess med fromme songar, mordarballadar og triste kjærleikssongar framførte i svært tette harmoniar. Dei kunne rekne både Johnny Cash og Elvis Presley mellom fansen, men om det aldri så mykje var brør var det slutt mellom dei som samarbeidspartnerar alt før Ira vart drepen i ei bilulukke. Interessant lesnad, folkeleg i tonen. Skildringane av oppvoksteren som sharecroppers i Alabama med ein hustyrann til far er noko av det jævlegaste eg har lese.

Den andre er Fool the World: An Oral History of a band called Pixies. Oral history vil seie at boka rett og slett er vitnemåla til bandet og folk rundt dei. Eg elskar Pixies, men inhalerte ikkje denne boka like fort som eg hadde trudd eg skulle. Kan ha det ha vore den knøttete skrifta? Vanskane med å skilje alle etternamna frå kvarandre? Det aller beste i boka var knytt til Steve Albini (sånn er det ofte, i grunnen). På side 93 står den stygge, nedlatande, arrogante omtalen hans av Surfer Rosa (som han hadde vore teknikar/produsent på), men på side 94 får vi jammen sjå at til og med Albini kan angre på det som har komme ut av den store kjeften sin. Og det er verkeleg ein legandarisk flåkjeft den mannen har, altså.

Verdt å lese.
Den utvilsamt raraste danske romanen i denne bunken er Kaspar Colling Nielsens Den danske borgerkrig 2018-24. Eg las henne som lydbok, og då eg var nesten halvvegs skulle eg fortelje kollegaen litt om handlinga. Eg trur ikkje ho vart frista til å lese boka, men vi flirte iallfall ganske mykje. Som roman er boka såpass laus i fisken at ein nesten kan kalle henne ei novellesamling med rammeforteljing. Men berre nesten. Forteljaren er iallfall ein 475 år gammal mann som ser tilbake på livet sitt, særleg den perioden for 450 år sidan då han kjempa i den danske borgarkrigen. No er han og ein liten klikk av ekstremt rike deltakarar i eit stamcelleprogram som gjer at dei i prinsippet lever æveleg, og sidan det er vanskeleg å knytte seg til folk som døyr heile tida, har mange av dei inkludert kjæledyra sine i programmet. Med andre ord er bordercollien Geoff ein annan viktig karakter i boka. Det er til han hovudpersonen prøver å fortelje kva det ville seie å vere menneske den gongen, og det er gjennom han og dei andre venene hans vi får innsikt å korleis det er å vere snakkande hund. Altså iblanda ein del mindre forteljingar som stundom grip inn i den større. Boka vekslar mellom grotesk dekadanse og parti som på det beste minner om Karen Blixens fantastaske fortællinger. Eg aner ikkje om det ligg føre planar om å kaste vekk tid og pengar på å omsetje denne forvitnelege romanen til bokmål, men det trengst jo ikkje. Alle som kan lese bokmål kan nemleg lese dansk. Stopp galskapen, og kjøp boka på originalspråket på riidr.dk eller saxo.dk.

Earth the book the audiobook er forfatta av manusforfattarar tilknytte The Daily Show og innlest av Jon Stewart (og Samantha Bee og Sigourney Weaver og nokre til). Eg har tidlegare høyrt America the audiobook så vel som America Again - re-becoming the greatness we never weren't (Steve Colbert og dei) og ja. Omtrent så artig som ein kan vente. Heilt greit pluss.

Gulliver's Travels hadde stått på lista mi i mange år, og jammen måtte eg ikkje starte på henne to gonger. Først prøvde eg meg på ei innlesing av David Thorn, men den måtte eg berre gje opp etter eit par kapittel. Han las svært langsamt og hadde fått det for seg at publikum var små born. Heldigvis går det an å bytte(!) lydbøker hos audible, så det endte med at eg fekk høyre opplesinga til David Hyde Pierce (kjent frå rolla som Niles Crane) i staden. No var ikkje den opplesinga heller utan svakheiter, men han gir iallfall Gulliver ein kledeleg arroganse og les boka for vaksne. Satiren er stadig ganske kvass, men det er opplysande å sjå at boka ikkje er SÅ jævla liberal heller. Eg finn iallfall ikkje rare spora av egalitarisme, det er lizm heilt rett å skilje kvasst mellom herskap og tenarar. Til dømes.

Det er ikkje SÅ lenge sidan eg endeleg las (høyrte) Red Harvest, og no var turen kommen til The Maltese Falcon, også den av Dashiell Hammett. Under mykje av lesinga tenkte eg at Red Harvest var betre (meir elegant), men mot slutten trur eg jaggu dei er like gode. Red Harvest er drøyare, då. Maltesarfalken er iallfall ei lidderleg god bok, ei sånn ei som gjer det artig å lese litt krim no og då. I samband med denne nylesinga (eg hadde lese henne på bokmål i tenåra) fekk jamvel filmen ei reprise. Diverre imponerte ikkje John Hustons elles så velsette film like mykje. Litt i overkant dialogdriven.

Biletet har eg bøffa frå flammeforlag.no

Om Skriv ferdig boka om livet ditt vil eg berre kort seie at eg håper dette langdiktet blir lest av iallfall nokre av elevane på skulen der eg jobbar. Folk samanliknar med Yahya Hassan, men det er vel meir fordi forma og innhaldet har ting felles enn fordi Linda Klakken har dei same røynslene som Hassan.

Den utvilsamt raraste norske romanen i dette oversynet er Compromateria av Thure Erik Lund. For eit års tid sidan las (høyrte) eg Grøftetildragelsesmysteriet og no er eg lei meg for at Elvestengfolket  og Uranophilia (dei to siste i Thomas Myrbråten-kvartetten) ikkje ligg føre som lydbøker. I starten verkar iallfall Compromateria som om hovudpersonen startar på motsatt stad av der Thomas Myrbråten tek til i Grøftetitdragelsesmysteriet, men det tek ei vending mot noko heilt anna etter ei kort stund. I Grøftetildragelsesmysteriet skal hovudpersonen skrive eit notat for kulturministeren, men ender med å gå til grunne i skogen. Compromateria startar med at hovudpersonen fortel om korleis han har stilt seg utanfor ved og for å produsere smal og utilgjengeleg litteratur. "Produsere" er heilt bokstavleg meint, han går i detalj om si eiga framstilling av både papir og trykksverte, om trykkinga av 200 eks og lagringa av nesten alle eksemplara. På eit punkt i boka finn han det opportunt å rømme endå litt meir, og kryp ned i ei svart sjakt i lagerlokalet. Her blir boka ei skildring av Compromateria, eit framtidssamfunn eller sånn, vanskeleg å beskrive jamvel etter å ha høyrt fleire timar med lydbok. Kort fortalt er innhaldet stadig vekk direkte svimlande, andre gongar får vi kvass satire. Ein vinnar.

Eg må sjå å få sett den nye Kosmos-serien. Dette seier eg jamvel etter å ha høyrt Neil deGrasse Tysons The Pluto Files, ein gjennomgang av Plutos historie som planet og nylege omklassifisering. Første del av boka er artig nok, men når siste del berre blir humoranalyse av halvdårlege parodiavisartiklar går ein fort nok lei.

Til sist har eg lese Donald-landet av Øyvind Holen (twitter). Det er vel ikkje rett å seie at Holen har levert ei oppdatering av Jon Gisles vidgjetne Donaldismen (lenka fører til Donaldismen på bokhylla.no), men det er klart at dei to bøkene er i slekt. Gisle konsentrerer seg stort sett om Andeby, medan Holen prøver å vise korleis (særleg) Carl Barks' Donald-historier har forma Noreg i etterkrigstida. Dette er sjølsagt moro, og som oftast fiffig, men det byd vel ikkje på så veldig mykje innsikt. Muntert-vitenskapeleg.

Neste tjue: Åh, det kan bli Kallocain, Landet under isen, Footnotes in Gaza...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.