onsdag 20. juli 2016

30 dagar med tematiserte låter. Dag 1-5.

Av alle stader var det på Twitter eg fann denne:

Fann denne på twitteren til @InnaShidlovskay, men detta greiene passar vel så godt andre stader.
Over på Face har eg gått i gang med ein tråd med dei første 30 eg kjem på, men så kom eg på at dette kunne eg prøve å gjere med berre  The Fall-låter. Altså dette parallell-løpet med bloggpost(ar) og speleliste(r). Særleg når det gjeld The Fall må eg nok tolke oppgåvene litt for å få svart på dei, men det tek eg som det kjem.

Dag 1:

Ein song eg likar med ein farge i tittelen.

Ja, eg reknar svart som ein farge. Etter det eg veit kom Grimfist berre med to plater, men dei er til gjengjeld lidderleg gode. Særleg er eg glad i førsteplata Ghouls of Grandeur. Outlined in Black er song nummer to, og ei real danselåt.





Det var ikkje så mange Fall-låter med fargar i tittelen som ein kanskje skulle tru, og om ikkje det gjeld White Lightning, er iallfall Black Monk Time ein cover. Og så likte eg denne, frå The Real New Fall LP (Formerly Country on the Click) betre enn tittelsporet frå Kurious Oranj. Folk på internett seier at denne skiva høyrest ut som ein ny start for The Fall (etter 25 år, no har dei halde på i førti), iallfall er det den første med noverande keyboardist Eleni Poulou.

Dag 2:

Ein song eg likar med eit tal i tittelen.

100% er som kjent det heile. Om ikkje det var for noko anna, så er denne visa frå Dirty ein favoritt på grunn av tekstlinja (med tal i seg) "I've been around the world a million times, and all you men are slime".





Her var det fleire kandidatar, Two Librans, 50 Year Old Man, Two Steps Back pluss alle dei alternative takesa frå dei siste åra som har fått slengt på seg eit tal, td Theme from Sparta FC #2 eller Bury pts 1+3. Men så er eg så svak for Bend Sinister-LPen at den måtte bli representert jo før jo heller.

Dag 3

Ein song som får meg til å tenkje på sommar.

Eg visste iallfall tvert kva for ei plate eg skulle velje song frå, nemleg Good Humor med Saint Etienne, (boblar: Going Places med Herb Alpert). Eg veit ingenting som er så somrete som den skiva, og Splitscreen er eit like godt val som noko. Ei låt for å køyre ut i sommaren og fridomen.


Når det gjeld The Fall er det vel ikkje sånn at dei er eit sommarband akkurat (sjøl om dei ikkje er oppkalte etter årstida hausten, men Camus-romanen La Chute). Derimot har dei på eit tidspunkt delt medlemmer med dei same banda som Stone Roses, mellom anna har Simon "Funky Si" Wolstencroft spelt i både The Fall, The Seahorses og Patrol, bandet til Ian Brown og John Squire før Stone Roses. Og Stone Roses greier eg lett å forbinde med sommar. Kva er då meir naturleg enn å velje førelegget for SRs nyaste singel, All for One? Med The Fall heiter låta Squid Lord, og vart spelt inn hos John Peel i 1988.





Dag 4

Ein song som minner meg om ein eller ei eg helst vil gløyme

Det ligg i sakas natur at eg ikkje er så hypp på å bruke så veldig mykje energi på å tenkje på folk eg helst vil gløyme, så eg gjer det unna fort med ei låt eg mislikar frå ei plate eg ikkje likar av eit band eg var på konsert med i lag med mellom andre ein person eg helst ikkje ville hatt i livet mitt.


For å finne ei slik låt med The Fall må eg nett som på dag 3 gjere eit lite krumspring. Med så mange som sluttar og blir sparka, er det utan tvil ein del Fall-låter som handlar om eksmedlemmar, og det er sikkert ikkje alle som er direkte rosande. I tilfellet No X-mas for John Quays er det visst ein bestemt fyr som går rundt og er bitter fordi låta handlar om han og skuldar han for å vere mellom anna ein junky. Han vil kanskje helst gløyme Mark E. Smith?


Dag 5

Ein song ein lyt spele HØGT

Det gjeld jo svært mange songar, men eg må seie at eg stadig kjem tilbake til Destroy 2000 Years of Culture av Atari Teenage Riot. Den er det berre ikkje vits i å spele viss ein ikkje kan watte eit godt stykke opp.



Det finst minst to innspelingar av Theme from Sparta FC, og det er altså sjutommarmiksen som gjeld. Albumversjonen er ikkje så galen, men denne insisterer i større grad på høgt volum.


søndag 17. juli 2016

Bøker, bøker, bøker

Endeleg tjue bøker til!

Klikk på bildet og bli venn med meg på goodreads

  • Sju av desse er lydbøker, tre på engelsk. Ein er omsett, frå svensk(!)
  • To er teikneseriar, den eine er ein grafisk roman, den andre er memoar og omsett (frå fransk)
  • Av dei atten ikkje-grafiske er sju sakprosa, av dei tolv skjønnlitterære er ein novellesyklus(!), sju ungdomsromanar og to vaksenromanar.
  • Åtte er lydbøker, to av desse er sakprosa
  • Elleve har eg lånt på eit skule- eller folkebibliotek, seks av desse er lesne på mobil eller nettbrett.
  • Sakprosaen er med eitt unnatak lesen på originalspråket, eg er ikkje god nok i fransk til å ta til meg kampskrift frå like før revolusjonen.
  • Tolv kvinner har (vore med på å) skrive ni av bøkene, tolv av bøkene er heilt eller delvis skrivne av tretten menn.
  • To er skrivne på 1700-talet, ein på 1900-talet, dei øvrige er splittar nye (frå etter 2000)
Eg har jo halde på med desse bokoppdateringane ei stund, men det var ikkje før eg las bikkjelista for april 2016 at eg fann denne tweeten av @michelfosho. Var eg på utkikk etter devise for bloggen? Kanskje ikkje, men om så var er dette ein god mætsj.
Det tek til å bli mange år sidan eg vart utsett for Alltid fleire dagar medan eg gjekk på Katta, og sidan dess har eg i grunnen halde Ragnar Hovland nokså høgt. Ikkje så høgt at eg har lese absolutt alt, og heller ikkje så høgt at eg ikkje er i stand til å sjå at kvaliteten på bøkene hans er nokså variabel. Ungdomsbøkene har eg til dømes i liten grad teke sjansen på å lese. Men no fann eg Ein motorsykkel i natta som lydbok, lesen av forfattaren sjøl, så då vart det endeleg. (Er du ikkje glad du spurte?) No har eg lese ein del ungdomsbøker dei siste åra, og kan vel trygt seie at Ein motorsykkel i natta skil seg ut frå mykje av det andre. Ikkje for det, som andre ungdomsbøker handlar denne om eit ungt menneske som skal finne ut kven hen er og lausrive seg frå barndommen, men Hovland fortel på ein meir abstrakt måte enn det som er fasjonabelt no. Han legg seg mellom anna nært opp mot Rotløs ungdom, og gir i det heile inntrykk av å formidle eit ungdomsbilde som liknar meir på minnet om femtitalets filmar om ungdom enn noko særleg anna. Boka handlar om ein heller abstrakt ungdom, og romanhelten har heller abstrakte opplevingar. Moro at boka i somt legg vinn på å likne Huck Finn, då.

Gjennom åra har eg lese det meste av Christopher Nielsen. Eg har både flirt og gråte av det eg har lese, og eg har blitt imponert over innsikta og grepet om det norske språket. Soleis hadde eg gledd meg til å lese Bygdegutar. Vel låg eg litt etter skjema, men det kjentest litt ut som om realityfjernsynssettinga gjorde historia utdatert. Lell: Som før var det både moro og tankevekkande, og eg må seie at dei glorete fargane kledte historia godt. Var det undertonar av Blitz Tours der, tru?


Eg er gamal nok til å hugse at Christopher Nielsen og Lars Fiske
 og ein til fekk designe telekort

No som det har gått litt tid, er eg neimen ikkje kar om å hugse kva som fekk meg til å skaffe Americanah av Chimamanda Ngozi Adichie på lydbok. Det er lite truleg at det var det eg oppfatta som sjølsagtheitene i pamfletten Vi burde alle være feminister (det burde vi jo) eg hadde lese tidlegare, iallfall. Viss eg skal vere snill med meg sjøl kan eg kanskje gå ut frå at eg var genuint interessert i røynsler som skil seg radikalt frå mine eigne. I så fall fekk eg absolutt det eg var ute etter. Folk seier om Americanah at det er ei kjærleikshistorie, og det er jo ikkje sånn sett feil. Likevel må eg seie at sjøl om eg ønskte at Obinze og Ifemelu skulle få kvarandre, var ikkje flørting og seksuell oppvakning det mest interessante. Greia er at dei to blir skilt frå kvarandre når dei forlet Nigeria, ho til USA og han med kvart til Storbritannia, og dermed blir det til at båe to individuelt tek del i kollektive røynsler. Ho blir plutseleg klar over kva det vil seie å høyre til ein minoritet basert på hudfarge - å vere svart amerikanar i USA skil seg frå å vere svart afrikanar i USA  skil seg frå å vere svart (igbo) i Nigeria - medan han ikkje får visum, lever i skjul og blir til slutt sendt ut av landet i det han skal til å inngå pro forma ekteskap.
Kjipt cover, men det var det einaste eg fann i OK storleik

Som sagt ligg mykje av appellen til denne romanen i koss kollektive erfaringar får personlege uttrykk. Ein annan ting som gav mykje, var opplesinga til Adjoa Andoh. Ho meistrar fleire engelskar (sjøl om dei fleste USAnarane verkar å vere frå lenger sør enn ein skulle tru var meininga), og greier med både dette og smart stemmebruk å halde greie på eit ganske stort persongalleri. Ein ting eg ikkje heilt har bestemt meg for om er ei svakheit eller ein styrke er det at eg stundom venta at romanen skulle dreie hardt babord og bli eit mordmysterium Ifemelu kunne løyse eller noko heilt anna. Anten er det eit teikn på at boka vekkar fantasien, eller så er ho så banal at lesaren reagerer med å ønske seg vekk. Eller det kan vere med vilje.

Tidlegare har eg skrive eit stykke om Cafe Vespa, den førre ungdomsromanen til Martina Gaux. Ho er ute med ny bok i år, Jeg er ikke. Mykje av det eg likte ved Café Vespa er stadig med, kanskje særleg den skarpe dualiteten i hovudpersonen. Likevel er dette ei meir problemorientert bok, tematisk i slekt med Jenta fra Mars og kanskje litt Jenta i speilet.

Og når det no gjeld ungdomslitteratur: Det er ikkje berre Martina Gaux som har si eiga stemme, men det hender eg grip meg i å lure på kven det er som har invitert til ungdomsromankurs. Formel er kanskje eit for sterkt ord, men det verkar som det kanskje er litt meir enn mote som styrer dei ungdomsbøkene som kjem ut om dagen. Ein veldig hjelpsam forlagskonsulent kanskje? Viss det ikkje er fantasy er det ofte fiffige strukturar og paringar, kjennest det ut som.

Gudrun Skretting debuterer med Anton og andre uhell, der Anton lappar ein gummislange når han får høyre frå (den deprimerte) aleinepappaen sin at han er resultat av eit hol i ein annan gummiartikkel, altså smart parallelisme. Anton sitt prosjekt er å bli "meininga" og finne kone til faren sin. I ei smart parallellhandling skal venninna hans hindre foreldra i å skiljast. Det er smart tenkt og bra gjennomført.

Håper første ikkje blir siste frå Ingrid Ovedie Volden

På twitter heiter ho @vidunderfull, på bokomslaget Ingrid Ovedie Volden. Hennar debut som ungdomsbokforfattar er Alt som teller, der Petra slit med gryande forelsking, ei venninne med ein bror på flukt og visse tvangstankar. Talet pi får henne til å kaste opp fordi det er så ubestemt (ho føretrekkjer partal). Ein ting eg likar ved boka, er at eg ikkje er så hypp på å fortelje meir fordi det kjennest like slemt å spoile karakterane som hendingane, sjamener? Det er ikkje berre det at eg ikkje vi bruke så mykje energi på handlingsreferat, det er det at eg unnar lesaren å bli kjent med Petra og det som skjer med henne/det ho gjer på eiga hand, og det kan like lite falle meg inn å fortelje kva offentleg instans Petra kjem i kontakt med som å avsløre at det var forteljaren som var mordaren i Doktoren mister en pasient.

Ei ungdomsbok eg blei både positivt overraska og skuffa over var Min grusomme hemmelighet av (debutanten, sjølsagt) Anders Lindqvist. Hovudpersonen her er Sigbjørn, ein pøbel som plutseleg blir interessert i lyrikk. Ein morgon stig han fram på ein våg han ikkje har visst om, og sjøl om augo hans opnar seg tek det litt tid før hjarta hans opnar seg, men så ser vi raskt koss dører opnar seg. På ein måte blei eg skuffa og positivt overraska over denne boka på same tid. Ideen verka lovleg teit sånn til å begynne med, og Sigbjørn dreg det lovleg langt, men så er ikkje gjennomføringa så forbanna verst likevel. Men eg er usikker på om det er Sigbjørns jamaldringar eller lærarane hans som vil ha mest moro av henne.

Etter eit hendingsforlaup eg ikkje er kar om å attgje, hamna I Wear the Black Hat av Chuck Klosterman i lydbokhylla mi. Det var sikkert noko i retning av dagens tilbod hos Amazon eller sånn. Iallfall er Chuck Klosterman ein sånn (populær)kulturkommentator som er lett å lese i artikkelform på nettet. I bokform er han meir sånn heilt grei liksom, ikkje alle analysane er midt i blinken, men underhaldningsverdien er over middels. Hadde du trudd du skulle få høyre eit stykke om kvifor det gjekk gale med karriera til Andrew Dice Clay? Ikkje eg heller, men her er det eit. Den raude tråden i boka er skurkerolla, det bisarre ligg ikkje først og fremst i at sport er ein så sentral del av det utvida USAnske kulturomgrepet (Klosterman held seg med ein favorite sports owner), men i at Klosterman utan motstand let forteljingas logikk (som må vere det han brukar for å forstå verda som så tydeleg inndelt i heltar og skurkar) vere styrande for korleis han forstår heile verkelegheita. Som sagt finn eg dette bisart, og i den grad det var tankevekkande i tillegg vekte det tankar om koss det kan sjå ut inni huet på fyllekøyrar og skilaupar Petter Northug Jr og krinsen rundt han.

Julian Assange og Muhammad Ali og DB Cooper og Darth Vader og 2 Live Crew og...

Det siste året eller så har eg hatt stor glede av lange førelesingsrekker i serien The Great Courses (dei er verdt dei 23 dollarane i månaden eg betaler for to credits hos Audible og vel så det). Etter innleiande runder med den franske revolusjonen har det gått i antikken i områda rundt Middelhavet, og det er ikkje fritt for at eg stundom har sakna eit vidare geografisk perspektiv. History of the Ancient World - A Global Perspective gjer nett det som står på pakken. Professor Gregory Aldrete brukar rettnok ganske mykje tid på Hellas, Makedonia og Rom, men han tek oss med til Indusdalen, India, Kina, Mellom-Amerika og endå nokre plassar. Sjøl med 48 halvtimar å gjere det på blir mykje gjennomgått med harelabb, men på den måten kan ein få ei oppsummering og kanskje til og med eit anna perspektiv på det ein kjenner, samstundes med at ein får ein guide til område å lære meir om. Særleg må eg seie eg hadde sansen for Aldretes gode bibliotekariske insistering på at det er meiningslaust å snakke om historie utan å snakke om geografi samstundes. Stundom blir det romerske perspektivet merkbart, det var mellom anna bra at Hadrian moste Dakia fullstendig, sidan det gjorde grensa rettare og Rom fekk masse gull ut av det. Kva Dakarane hadde å seie til saka? Njææ, vi får iallfall sjå korleis dei blei massakrerte om vi studerer Trajansøyla. Likevel nøler eg ikkje med å tilrå dette globale perspektivet.

No er det mangt vi ikkje veit om Indusdal-sivilisasjonen, mellom anna kva dei kalte byane sine.
Denne kallar vi Mohenjo Daro.
By M.Imran  CC SA 1.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=2560364

Stundom blir eg litt mistenksam når eg ser kor godt eg i snitt liker dei bøkene og skriv om her. Er eg ikkje i stand til å bli skuffa, liksom? Det er nesten, men berre nesten, eg blir letta når ei bok skuffar meg sånn som Survivor gjorde. Det kan tenkjast at den andre Chuck Palahniuk-boka eg har lese alltid vil stille dei andre bøkene hans i skuggen, men å seie at Survivor ikkje var like god som Fight Club er å ikkje seie noko særleg om kor langhenta og scatterbrained førstnemnte er. Ein ser jo allegorien ganske tydeleg, og det store problemet til boka er kanskje nett at allegorien tek for stor plass til at ein roman kan finne seg til rettes mellom permane. Somme av ideane er gode, då.

Riad Sattouf er ein serieteiknar med fransk mor og syrisk far. Første band av den sjølbiografiske teikneserien hans er lett å finne på folkebiblioteket, berre spør etter Fremtidens araber. Sattouf fortel om dei første åra av ein oppvekst som går føre seg litt i Frankrike, men meir i Libya og Syria. Stilen er klar og fin, og barnets perspektiv blir stundom korrigert av diskrete, forklarande innsmett. Likevel er det, iallfall etter berre eitt band, litt uklart kor dette går. Denne delen av verda på denne tida (då eg sjøl var barn, Sattouf og eg er nokolunde jamgamle) er noko ein gjerne skulle lære meir om, men om dette er ein god stad å starte er det vanskeleg å vite kor ein skal gå vidare.

Som det går fram av andre postar her, har eg gjennom ein del år lese ganske mykje om den franske revolusjonen. Likevel er det første gong eg les så å seie ei primærkjelde. Pamfletten Hva er tredjestanden har eg soleis kjent ved namn i mange år, men det er først no han er omsett til norsk.

Teksten på den eine og det eine fotnotesettet på den andre. Dette skulle ikkje vere naudsynt, vel?
Og dette vil eg ha meir av. Det kom vanvittige mengder pamflettar og andre trykksaker frå stenderforsamlinga vart kalt inn og under heile revolusjonen. Aviser, smedeskrift mot dei kongelege og mangt anna som både ga uttrykk for folkekjenslene og varma dei opp. Eit redigert utval av dette burde vel vere mogleg å få i stand?

Noko anna som burde vere mogleg å få i stand er ein fotnotefunksjonalitet i ebokbib. I utgangspunktet likar eg tanken om å skilje dei dåtidige og dei notidige fotnotene, men med to sett fotnoter og ein tekst som ikkje let meg navigere mellom dei på ein betre måte enn ved å bla krev nesten at eg har to, helst tre nettbrett/telefonar å lese på.

Jane Austen! Meinar å hugse at det var Mansfield Park som var den Austenboka Thomas Piketty greip til å for å illustrere tilhøvet mellom kapitalinntekt og lønsinntekt (og hadde han bøffa dette trikset direkte frå Karl Marx?), og det gav iallfall ein ekstra dimensjon til lesinga av henne. Så vidt eg har forstått er ikkje Mansfield Park kjent for å vere Austens festlegaste, og det kan nok stemme. Likevel: Det at hovudpersonane som skal få kvarandre så til dei gradar held på konvensjonane (ulikt romanheltar det er lettare å bli glad i) kan kanskje bringe mønstera i forgrunnen. Viss ein ser bort frå den romantiske kjærleiken handlar boka først og fremst om kva det er ved samfunnet som gjer at den eller den paringa vil vere høveleg eller ikkje høveleg, og om kva som skal til for at Fanny og Edmund kan få kvarandre. Austen stiller typer opp mot ein annan, og i denne romanen kjem den analytiske tankegangen hennar fram ganske tydeleg.

Jane Austen ser omlag like tankefull og grinete ut på dette portrettet,
teikna av  systera Cassandra Austen.

Novellesyklar høyrer ikkje til det eg les oftast, men her kjem ein omtale av ei. Olav Starheimsæter har skrive Lystslott, ein syklus der alle novellene er knytte til sexformidlingsnettstaden lystslott.no(?). Å seie at novellene er erotiske vil vere å lyge, det er snarare slik at personane utforsker grenser for koss ein kan vere seksuell saman eller åleine lizm. Det er mange triste lagnader her, for å seie det sånn, og om det er ein del sex er mindre kåtheit og glede. Sjølhjelpsforfattaren mot slutten av boka har ikkje vore innom leksjon fire i bokmålskurset mitt, ho har nemleg "innfunnet seg med" eit eller anna. Ålreit bok.



Til sist to bøker eg ikkje orka å høyre ferdig. Både i Noreg og Sverige driv krimforfattarar og skriv ungdomsbøker på si. Eg har vore så uheldig å høyre nummer 5 i Åsa Larsson og Ingela Korsells serie Pax, Gasten, og Tom Egelands andre ungdomssymbolkrim Skatten fra Miklagard. Dei har kvar sine svakheiter, for å seie det sånn. Etter denne boka å dømme er JK Rowling meir av eit forbilde for Larsson og Korsell enn Maria Gripe er. Diverre går dei rett i tryllefella, magiske krefter blir berre ein lettvinn måte å komme seg ut av halvvriene situasjonar på. Dessutan tenåringsdrama og demonisk hierarkipirking. Når det gjeld Egeland, er boka hans så JÆVLA OMSTENDELEG at ingen kjem seg av flekken. Og det er ikkje berre eg som får midtskill. Unga mine er midt i og på veg inn i målgruppa, men dei orka heller ikkje meir enn eit par CDar med denne langhalmen.

Neste gong: Maigret! Poul Ørum! Jason! Kanskje Store-Klaus!

onsdag 20. april 2016

Kannibalar i lange banar

Fekk sånn hug til å skrive om ein film att, og det må lesarane mine li for. Av grunnar eg ikkje treng komme inn på var eg innom ein horrorfilmfestival i Helsinki i helga (15 april). Det blei berre ein film, og den var ikkje særleg god. Likevel, her er litt lettvinn synsing om ein lettvinn dokumentarfilm.

Night Visions fann stad i Helsinki midt i april 2016.

Filmen er Calum Waddells Eaten Alive! The Rise and Fall of the Italian Cannibal Film (2015), ein halvannan times dokumentarfilm som knapt fortener ein plass som bonusmaterial på ein DVD.

Her er ei liste over det som var bra med filmen:
  • Intervju med: Ruggero Deodato
    • Umberto Lenzi 
    • Sergio Martino
    • Kim Newman
  • Både Lenzi og Deodato hevdar å ha vore først ute med kannibalfilm, Lenzi må avskrive The Man from Deep River som rein Man Called Horse-kopi for å få vere først. Fint at båe får sleppe til.
  • Raust med klipp frå filmane 
  • Det kan verke som filmen ikkje er lagd av ein blodfan av kannibalfilmar.
Og det var det! Derimot var det ein god del å kritisere filmen for, og her tek vi med alt. Både det smålege pirket og den konstruktive kritikken har ein plass på lettvinsynsing.com!

Det er nemleg nok av ting å pirke på. Trengte folk å bli intervjua heime i sofaen? Måtte dei gå i eitt med veggen? Var dei sofaputene meint som element i scenografien? Måtte ALT Me Me Lai fortalte om strabasiøse innspelingar med?

Det skal seiast at filmen gjennom intervjua sette kannibalfilmen inn i ein kontekst (vidareføring av Mondo-filmane, tidleg ute med bruk av simulert found footage), men kva så? Ingen tilløp til teoretisering var å finne i filmen, slik at sjåaren ikkje er klokare med omsyn til KVIFOR kannibalfilmane i så stor grad nytta simulert found footage eller om dette er det einaste frå den italienske kannibalsyklusen vi ser i dagens horrorfilmar. Eli Roth og hans Green Inferno (2013) er nemnt og vist klipp frå, men ein eventuell samanheng mellom dei tretti-førti år gamle kannibalfilmane og torture porn-bølgja frå dei siste åra er overlaten til andre å liste ut. Det mest avanserte tilløpet til å seie noko fornuftig kjem frå det intervjuobjektet som er mest oppteken av rein taksonomi: Denne kannibalfilmen med Emmanuelle må stå i kannibalhylla, medan denne med zombiar må eg ha to av, ein med zombiefilmane og ein med kannibalfilmane.


 
Vi må aldri gløyme at Riz Ortolanis musikk til Cannibal Holocaust er nydeleg

Det blir konstatert at filmane er rasistiske, sexistiske og dumme. Javel? Kvifor fortener dei denne merksemda? Kim Newman er kanskje den smartaste av dei som uttalar seg, og han orsakar berre interessa for kannibalfilmar med ein slags pervers fascinasjon og kan kanskje tolkast til å meine at filmane er misantropiske eller nihilistiske meir enn eigenleg sexistiske og rasistiske, men igjen - kva så?

Teoretisering og høve til utdjuping og forklaring er ikkje det einaste filmen let gå frå seg. Ein kannibalfan som uttalar seg om stempelet på Cannibal Ferox-plakaten som hevdar at filmen er forboden i 31 land. "Horrorfansen er så analretentiv at om det er sant finst det sikkert ei slik liste", seier han. Har Calum Waddell lagt for dagen nokon innsats for å kartlegge i kva land Cannibal Ferox er forboden? Neppe, og om så er ser vi ingenting til det. Ruggero Deodato seier at filmen hans gjekk særleg bra i Nederland, den gjekk samstundes med "ein eller annan 007-film", og "spelte inn nesten like mykje pengar eller vent, det kan ha vore meir pengar". Åh, sukkar sjåaren, OM DET BERRE VAR EIN MÅTE FOR FILMSKAPAREN Å SJEKKE KVA 007-FILM DET VAR OG KOR MYKJE DEI TO FILMANE SPELTE INN I NEDERLAND!

For å oppsummere: Det kan tenkjast at den italienske kannibalfilmsyklusen fortener og har behov for kritisk og teoretisk merksemd. Denne filmen dekker ingen slike behov og er mindre enn nokon har fortent. Blæk.

For å sleppe brydderi med kvalme bilete frå kannibalfilm: Her er eit foto av meg ved portrettet av Matti Pellonpää som heng i etasjen over salen vi såg Eaten Alive i. Så vidt eg har kunna bringe på det reine ser vi her Pellonpää i rolla som Marcel Marx i filmen La vie de bohème. Foto: Nils Ragnar Løvhaug

Men sidan det er mest bøker denne bloggen handlar om: Her er eit kapittel frå Dr. Munks testamente av Ragnar Hovland, der vi kan lese om Waglens Wideo, ein videobutikk i Sogn (Soggen) som spesialiserer seg på kannibalfilm.

torsdag 31. mars 2016

Lesetips i fleng: Bok 21-40 2016

Midt i jobbskifte og det eine med det andre er det viktig å ikkje slutte å lese. Det har eg heller ikkje gjort, og her kjem strøtankar, lettvinn synsing og ei og anna fråråding i tillegg til dei vanlege lesetipsa.

På adressa bak bildet er dei til kvar tid siste bøkene eg har lese (ut) og høve til å bli vennen min på Goodreads

Teljing:

  • Åtte er sakprosa
  • Tre (eller nesten fire) er teikneseriar, men to av dei andre er av serieteiknarar
  • Sju har eg høyrt som lydbok
  • Sju er skrivne av sju kvinner
  • Tretten menn har skrive dei øvrige tretten
  • To bøker er skrivne av same (mannlege) forfattar, ei av to menn
  • To av lydbøkene var eg nære på å gje opp
  • Fem er på bokmål, to på norsk, elleve på engelsk og ei kvar på svensk og fransk
  • Berre ei er skriven på 1800-talet, seks på 1900-talet og dei resterande 13 på 2000-talet. Men to handlar om mellomalderen og to om antikken.


No er det vel ikkje radaren min eg er mest kjent for kanskje, slik at det ikkje nett er ein kjempeprestasjon å fly under han, meiner eg, men Tor Ærlig har iallfall klart det til no. (Di meir eg tenkjer på det, di meir er det der med å fly under radaren ein dårleg metafor for å ikkje få merksemd på kulturfeltet. Flygarar prøver å fly under fiendens radar for å ikkje bli oppdaga, teikneserieskaparar vil vel helst gjerne at vi skal lese dei. Og som lesarar har vi vel ikkje ein radar for fange opp kulturprodukt vi kan skyte ned?) Femti ord for regn er iallfall ein teikneseriekrim som er like delar bisarr, melankolsk og morosam. Og litt sånn metaroman. Ekspolitmann og mislukka krimforfattar Finn Feilen prøver stadig å ta livet av seg, men får det ikkje til, av grunnar som snart blir avslørt. Manuset er intrikat, og Tor Ærlig imponerer med ei blanding av ukomplisert, nesten naiv strek og komposisjonar som stundom er direkte bisarre, men støtt interessante. Her kjem ein song der song-eget lir av mykje av det same som hovudpersonen i Femti ord for regn:


 


Ein har jo støtt hatt lyst til å seie dette: Eg likte Knut Nærum ikkje berre før det blei døvt, men før det blei kult. Mykje av det han gjorde som serieteiknar på nittitalet har eg ein viss sans for, og no fann eg nyleg ut at eit av dei tre første teaterstykket eg såg var det første han skreiv (Mord over en lav sko, trykt opp i samlinga Fire stykker). Å, Krig, Monster, Døde menn går på ski, Norsk litteraturhistorie fritt etter hukommelsen og mange andre har eg flira godt og lenge av. Med Ø og no sist Æ merkar eg at det har snike seg inn litt for mykje av ein smug bastard i somme av tekstane. Bevares, det er mykje bra her, dømesvis er ikkje det Thor Heyerdahl/Amelia Earhart-filmmanuset så forbanna verst (om ikkje heilt på nivå med minotaur-horroren i førre bok), men det samla inntrykket av dei tre bøkene er at det går nedover med treffprosenten for vitsane hans.

Denne serien er så bra at eg er glad eg har såpass lang jobbreise

I førre post skrøyt eg av historieførelesingane til Robert Garland. No har eg høyrt Rome and the Barbarians av og med Kenneth Harl. Hans måte å formidle historie på er i noko større grad enn Garland å ramse opp årstal og generalar og troppeforflytningar og økonomi (særleg mynt, det er visst numismatikken som er spesialfeltet hans), men du verden for ein engasjert førelesar! Det er merkbart gjennom alle 36 leksjonane at han startar roleg og avbalansert, før han blir meir og meir riven med og til slutt mest ropar lærdommen ut over massane. Med tittelen på førelesingsrekka i minnet kjem det neppe som noka overrasking at dette er historieformidling frå eit romarsk perspektiv. Eg har hatt stor moro av både fjernsyns- og bokutgåvene av Terry Jones' Barbarians, og kunne godt tenkje meg ei førelesingsrekke av dette kaliberet over det temaet. I rettferdas belasta namn skal det óg fram at om barbarane ikkje framstår som så veldig tydeleg teikna folkeslag, så gjer ikkje romarane det i særleg større grad, det syter fokuset på militær og politikk for. Og han er flink til å formulere slik at innsiktene blir slåande, dømesvis når han peikar på at skilnaden mellom krigarar (barbarar) og soldatar (romarar) er at soldatar grev. Hovudinntrykk: Gøy.

Dette er vel Fåvne, skulle ein tru?

Timothy Baker Shutt er professoren bak Celts and Germans: The Enduring legacy of the European northlands. Med ein så omfattande og pompøs tittel må eg faktisk konsentrere meg mest om å kritisere opplesinga. Det var nesten ikkje til å høyre på. Professor Shutt les langsamt og med mange lange kunstpausar. Dessutan smattar han. Alt dette forsterkar inntrykket av ein sjølhøgtidleg fyr som kanskje har peiling på antropologi/litteraturhistorie, men som er for full av seg sjøl til atte bare hjælp. HELDIGVIS har audible-appen (trinnlaus) hastigheitsregulering. Ved 150% av normal fart forsvann smattinga, kunstpausane blei færre og kortare, og mannen blei meir truverdig, sjøl om dei blei tydelegare at han forsøkte å snakke ungdommens språk. Serien er litt sånn referat av keltisk og germansk litteratur (Njålssoga og Beowulf verkar å vere favorittane) med litt antropologisk spekulering inni der. Heilt greit, og eg er ein stor tilhengar av å lese detta antikke greiene med litt kontekstualisering og forklaring og sånn.

Veldig bra tittel du har der, det ville vore synd om nokon skulle... søke etter han
I embets medfør har eg vore på formidlingskurs med Veronica Salinas, forfattaren av Og. No er det ikkje så veldig vanskeleg å sjå at Veronica Salinas ikkje er identisk med hovudpersonen i romanen, men det er jo ikkje fritt for at ein ser dei to i samanheng, liksom. Boka er ein lettlesroman for vaksne, og ei bok som truleg vil snakke tydeleg til folk som i likskap med hovudpersonen ikkje har snakka norsk så lenge. I mangt er det ei bok om å ikkje få uttrykt alt det ein har inni seg, og det er her eg tenkjer på koss forfattaren framstår: Ho verkar å ha mykje på hjartet (og heldigvis ingen problem med å få det ut), slik at iallfall eg tenkjer på kva for eit mareritt det hadde vore å brenne inne med alt saman.

Kebbelife blir ikkje mindre gøy. Eller, det blir ikkje mindre gøy å lese, iallfall ikkje viss ein sparar dei to eldste samlingane til sist. I desse tidlege episodane går den dryge humoren til Mette og Vanessa først og fremst ut over Mette og Vanessa og vennene deira. Det er ikkje det at ikkje Trond Giske og andre folk som får gjennomgå i dei nyare samlingane ikkje fortener det, det er berre det at vitsane blir så knytte til augneblinken. Uhyrlegheitene til kebbevennene er rett og slett meir tidlause i denne samlinga og den neste, Et år med tjukken.

Den neste boka det står at eg har lese ut, er ei eg har lese på ein litt annan måte, nemleg på jakt etter skrivefeil og liknande. Det er ein måte å lese på som ikkje gjer at eg har så mykje vettugt å seie om innhaldet etter at eg har sendt frå meg boka (korrekturlesing er ei einsam oppgåve, på mange måtar). Merkeleg nok har eg meir å seie om ei bok eg ikkje gadd å lese ut: Denne konkrete utgåva av Platons Staten. No orka eg ikkje så veldig mykje, så for alt eg veit kan Sokrates finne ut at det likevel ikkje er meir greit for dei som herskar å lyge enn det er for dei som blir herska over, kanskje det i løpet av samtalen blir utvikla eit litt meir avansert syn på læring enn at å fortelje folk om slemme handlingar får dei til å utføre slemme handlingar, eller kanskje ikkje. Det må eg ved høve finne ut frå ei anna utgåve. James Langton framfører lydboka, og det er altså jobben han gjer snarare inn innhaldet som får meg til å gje opp. Ein ting er at den sokratiske ironien kanskje rettferdiggjer ei framstilling av Sokrates som naiv, men det får vere grenser, og Ole Brumm er uttafor. Og det er jo sånn sett greit å gje deltakarar i ei lang replikkveksling ulike karakteriseringar. Men at dei skal ha kvar si London-sosiolekt? Og kva er greia med å la Glaukon høyrest ut som skurken i radioadaptasjonen av ein Dickensroman?



Heile opplegget var så låkt at eg, som først og fremst høyrer på lydbøker medan eg pendlar, oppdaga at eg gløymte å lade høyretelefonane eller høyrte på musikk i staden. Eg strøyma den nye Motorpsychoplata utan å ha kjøpt henne på vinyl, og eg tok med meg Hordalands Doedskvad i bilen. Sistnemnte er forresten skikkeleg bra, men eg lurer stundom på kvifor spor VI fekk vere med. Javel, låta skiftar karakter omlag like ofte som dei andre, men fråveret av skriking understrekar at denne omskiftelegheita er noko som kjem av at Taake har gått seg vill i seg sjøl. Det låta er, er meir at ho er ein handfull sidrompa demoar til låter som ikkje blir noko av enn at ho er ei real låt. Spor tre, derimot, høyrer eg gjerne på tre og fire gongar på rad. Det verste er at den meste lydboka eg gjekk i gang med, Lord Jim, er den reinaste munndiareen. Skal to dårlege opplevingar få meg til å bli uforelska i lydbokmediet?

Eg har korkje spurt bokhandel eller forlag, men det skal vere greit å bruke omslagsbilde i vanleg omtale av boka.

Du som har lese desse gjennomgangane før har sett at eg set pris på teikneseriane til Lene Ask. Det hjelper ikke å blunke er den nye ungdomsromanen hennar, og eg kjenner meg nesten litt utakknemleg når eg håper på fleire teikneseriar. Skifte av forteljemåte gjer av seg sjøl at både den som skriv og den som les blir merksam på nett koss historia blir fortalt. Ask har lagt seg på ein nøktern stil der metaforar og språkleg symbolikk kjem i bakgrunnen for ein meiningsmetta bruk av situasjonar og lokalitetar. Eg likar dessutan at det konsekvent er Lillys perspektiv vi får formidla, endå om ho kanskje er litt vel melodramatisk.

Her ser vi eit flagg som er heist reint og raudt etter at kristenkrossen er stroken av.
Eg må tilstå at eg har hatt vondt for å finne meg sjøl politisk. Ikkje nok med at eg får midtskill og flass av nyheitsmedia og det dei rapporterer og at dei fleste partia ikkje tek tidas store utfordringar på alvor, partiet eg er medlem i har såpass til voksesmerter at dei fleire stader i landet samarbeidar med frp, i ein større by i heimfylket mitt verka det til og med som den lokale partiorganisasjonen vart kuppa av ein høgrerepresentant. Eg hadde kanskje håpt at det dei blågrå partia meiner som skjellsord, grøne sosialistar, hadde vore meir råkande. Iallfall vart eg tilrådd Socialism ... Seriously med undertittelen A Brief Guide to Human Liberation (ikkje a propos noko, så vidt eg kan hugse) av ein kollega. Det var jo veldig forfriskande då. Boka er tynn og heldigvis ikkje fri for humor, og ikkje berre fordi ein må le av seinkapitalismen for ikkje å døy. Kunne ønske at Danny Katch hadde teke sjølve revolusjonen litt meir på alvor ut over å seie at dei privilegerte vil forsvare seg, men som trøystetraktat er dette heilmaks.

Og medan vi er inne på preiker til koret (så å seie): Det skal ikkje så mykje til før ein som blir dessperat av norsk offentlegheit fell for spydigheitene til Nanna Johanssson, som arbeider innan ei offentlegheit som truleg er minst like jævli som den norske, nemleg den svenske. Hur man botar en feminist er den fjerde boka hennar, og for det aller meste var det ein sann svir å lese. Fort gjekk det óg! Dei greiene der ho svarte på jobbannonsar med å presentere motkrav var meir sjarmerande enn subversiv, men det tek ho att på mange av dei andre delane av boka.

Dette er det portrettet av Nanna Johansson forlaget hennar, Galago, har fått knipsa til slik bruk som dette. Fotografen er Tomas Lif.

Og jammen vart eg ferdig med Lord Jim! Veit ikkje om eg hadde komme på av meg sjøl å lese denne, og eg trur ikkje han kameraten meinte det som eit lesetips då han lista opp bøkene han hadde gitt opp. Men eg tok det no som ei utfordring, og mykje av tida fann eg grunnar til å legge frå seg boka. Ho var så VANVITTIG skravlete! Det folk seier om Joseph Conrad er at han skriv så godt engelsk at det er vanskeleg å skjønne at det var andrespråket hans (han var polakk), inntrykket mitt er like mykje av kvantitet som av kvalitet. Eg likte nok strukturen betre enn prosaen (og sånne mannsmot-forteljingar har i grunnen aldri vore greia mi). Her er ein del tilbakehalden informasjon, men det er vel så mange tilfelle der vi veit kva som snart kjem til å skje kombinert med utvida augeblinkar (litt sånn som i Superbitchene driter seg ut), og det er her all den skravlinga kjem inn. Det er jo ikkje det at det ikkje passar, særleg Jim er jo definert av koss han handla i ein bestemt augneblink, så kverninga hans er jo ikkje urealistisk, liksom, det er berre det at det stundom er utruleg keisamt å høyre på.

Rundt juletider lånte eg alle fem banda i Francois Bourgeons teikneserieklassikar Les passageres du vent, og no har eg komme meg gjennom første band. Det er ikkje det at forteljinga ikkje er engasjerande eller at teikningane ikkje er detaljerte eller stadig vekk viser overraskande vinklar og utsnitt som har gjort at det har teke så lang tid. Bremsa har vore den nærmast uleselege handskrifta. Eg meiner, sjå her:

Er dette skrive med høgrehanda av ein venstrehendt fyr?
No er det ikkje skipsterminologi eg har lært mest av i fransktimane, men med dette smøreriet i snakkeboblene har eg ei distinkt kjensle av å bli dårlegare i fransk for kvar side. Blæk!
Dette biletet som skal førestelle John Gower har falt i det fri og er for mitt vedkommande henta frå wikimedia commons.

I vinter las eg Bruce Holsingers mellomalderkrim A Burnable Book, og var ganske imponert. No har eg nyleg høyrt oppfølgjaren, The Invention of Fire, og må seie at mykje av det som skjemte den første boka er borte. Altså er eg imponert. Som sist er det John Gower som fungerer i detektivrolla, og som sist har vennen Geoffrey Chaucer ei viktig birolle. Der den førre boka dreidde seg om noko så mellomaldersk som ein profeti med rolle i eit politisk spel, er denne meir, skal vi seie moderne i det at ho handlar om etterforskinga av ei rad drap utført med berbare skytevåpen. Heller ikkje i denne boka er Gowers perspektiv det einaste vi møter, men det er iallfall ingen andre som får utfalde seg i førsteperson. Den svære greia er likevel at det er sånne bøker som dette som gir researchromanar eit godt rykte. Holsinger veit MASSE om mellomalderens London, og han har fantasi nok til å teikne eit livaktig bilete med massevis av detaljar. Holsinger gjer kriminalintrigen enno meir relaterbar for eit moderne publikum ikkje berre ved å la kjøp og sal av informasjon vere sentralt, men óg ved å la sexskandalar truge mektige spelarar i store, korrupte organisasjonar som er like intakte når boka er slutt. Kanskje særleg i epilogen kan ein merke (på noko det er nærliggande å forstå som eit slags forsøk på å balansere framstillinga av berbare skytevåpen) at det er ein USAnar, ein som altså er van med å ha skytevåpen rundt seg heile tida, som har skrive dette.

No er det ikkje sånn at eg er lei av historie, men det kan verke som eit brot at den neste lydboka eg las ferdig er Rise of the Robots : Technology and the Threat of a Jobless Future av Martin Ford. På den andre sida kan ein finne ein kontinuitet mellom desse bøkene i det at båe handlar om teknologiske gjennombrott (med overlappande implikasjonar, mellom anna i arbeidssparing), jamvel om den eine ser tilbake og den andre myser mot den nære framtida. Well. Til å begynne med var det jo ein nifs gjennomgang av koss robotar og algoritmar trugar fleire yrke enn dei som til no har blitt borte på grunn av automatisering, men med kvart vart det meir og meir til ei keisam økonomispådomsbok. Så kva gjer ein då? Jau, ein somlar seg til endeleg å lese Det kommunistiske manifest (eller The Communist Manifesto (lenka fører til gratis nedlastbar utgåve på Project Gutenberg), fordi ei elektronisk utgåve eg kunne ta med meg var lettast tilgjengeleg på engelsk). Mykje var sjølsagt veldig 1848, men ein blir jo slått av at dømesvis Martin Fords keisame bok tydeleg illustrerer (utan å vise til Marx' og Engels forståing) at "borgerskapet [...] produserer først og fremst sin egen banemann". Det som iallfall skil dei to bøkene er perspektivet. Den eine er sett nedanfrå: "Proletarene har intet annet å tape (...) enn sine lenker", den andre ovanfrå: Tenk, i verste fall kan det bli sosial uro!

Bomma frå nettbutikken Modern1steditions.co.uk.
Ja, det er journalisten Psmith som er klar til å slå til ein gangster (Sam) med stokken.
Wodehouse og økonomisk litteratur har eg skrive om før, og jamvel denne gongen synte det seg å vere ein god kombinasjon. Psmith, Journalist (lenka fører til gratis nedlastbar utgåve i fleire format på Project Gutenberg) er noko så sjeldsynt som ei bok der Wodehouse iallfall tilsynelatande viser innsikt i sosiale forhold og sympati med fattigfolk. Forståinga hans av kva sosialisme er for noko er jo ikkje rare greiene, og det at Psmith kallar alle "comrade" gjer han ikkje til nokon truverdig kommunist. Omslagsillustrasjonen er i grunnen råkande, i Wodehouses verd er det gangsterane, ikkje skeivfordelinga, som har skulda for alt som er ilt i samfunnet. Dermed blir det logisk å øve vald mot individuelle gangsterar. Sam, gangsteren på bildet, er rettnok svart, men det er ikkje slik at Psmith går etter svarte gangsterar meir enn andre. Heilt urasistisk er ikkje boka, men det er (om ikkje anna) langt att til Lovecraft-nivået. Og når alt dette er sagt: Karakteren Psmith er ubetaleleg, og denne boka er ein latterfest.

For å få korrekt mengd glede ut av neste Psmith-bok laut eg endeleg starte på Blandings-serien. Something New (eller Something Fresh, lenka fører til nedlastbar ebok på Project Gutenberg) (Eller Prøv noe annet omsett av den nære på geniale Axel Seeberg, lenka fører til bokhylla.no) er første bok om alt som skjer på Castle Blandings, som er heimen til den ekstremt vimsete jarlen av Emsworth. Ikkje for det, nett denne boka har til hovudpersonar eit lite galleri av blakke unge amerikanarar som kjem til å få kvarandre etter ein del forviklingar, nett som i mange av dei andre bøkene til Wodehouse. Her er det Ashe Marson og Joan Valentine som står fremst, men det spørst om ikkje Plum gjorde klokt i å la dei gå ut av soga etter denne eine boka slik at jarlen, Freddie Threepwood og den engelske lågadelen med tenarskap få vere med vidare.

Ærleg talt var Jeeves-bøkene, dei første eg las av Wodehouse, så utruleg morosamme at eg nesten ikkje kunne tru dei andre bøkene kunne vere like gode. Så feil kan ein ta, men eg måtte nok bli vaksen før eg skjønte at det berre er ein Jeeves og ein Bertie, og at Psmith eller Ashe Marson er heilt andre personar med andre, skal vi seie, fortrinn, personlegdommar osb. Ashe Marson og Joan Valentine er utskiftbare fordi dei er heltane i ei kjærleiksintrige som er rørande nok, men likevel ei slik det går tretten av på dusinet. Freddie Threepwood og Jarlen av Emsworth og den effektive Baxter er så eksentriske at dei gjer dusinromansane interessante, samstundes som dei har kraft nok til å halde det narrative byggverket oppreist (skal ikkje dra desse metaforane så mykje lenger) i fleire romanar. Ein stabel Wodehousebøker er ein så god demonstrasjon som noko på kva ein årntli forfattar kan få ut av eit avgrensa sett mennesketypar med nokre få eigenskapar i to-tre miljø i ein kort historisk epoke.

Og medan vi er inne på skikkeleg gode engelske forfattarar: Litt lenger opp her står det om The Invention of Fire, der Geoffrey Chaucer er ein av dei viktigare bifigurane. Vel, ei av dei siste tjue bøkene eg har lese (ut) var John Gardners biografi The Life and Times of Chaucer frå seint på syttitalet. Det Gardner hadde gjort var å samle all forskinga på Chaucer fram til då i ein hævv og så prøvd å få ei livssoge ut av det. Spennande, og ikkje på langt nær så spekulativt som ein kunne frykte. Ein ting er jo at ein lurer på kva som har skjedd i Chaucer-forskinga sidan dess, ein annan er at alle Chaucer-sitat er lesne på mellomengelsk. Det er såpass inspirerande at eg er i gang med ei halvhjarta parallell-lesing av Canterbury Tales på moderne og mellomaldersk engelsk og trekvarthjarta lesing av Troilus and Criseyde på mellomengelsk. Sistnemte dukkar truleg opp i neste post! Eg treng nok knapt peike på det, men det er ganske artig å samanhalde ei fersk romanframstilling av Chaucer med ein litt eldre og meir historiefagleg ambisiøs ei, og om ikkje anna er nok romanen bygt på nyare forsking.

Denne illustrasjonen har eg fått frå Wikimedia Commons.  Portrettet av Chaucer står i eit manuskript av Thomas Hoccleve, som kan ha møtt Chaucer sjøl.
Og trur du ikkje den siste boka i denne posten har ei (tynn) tilknytning til Chaucer? Hovudpersonen i Stoner, William Stoner, er iallfall litteraturforskar med engelsk mellomalderlitteratur som interessefelt. Til å begynne med var eg ikkje særleg imponert, er eg redd. William Stoner verka på meg som ein enno dvaskare Daniel Braut, og John Williams framstod ikkje nett som nokon rival til Arne Garborg. Takk til folka på twitter som forsvarte boka då eg lurte på kva som vekte ekstase:



Om lag på den tida då Archer Sloane røska agronomistudenten William Stoner opp frå dvalen vakna boka for min del óg. Istf å sjå på hovudpersonen som ei billegutgåve av ein bondestudent tenkte eg i retning av Brudstykker af en landsbydegns dagbog (lenka fører til elektronisk tekst på Det Kongelige bibliotek) av Steen Steensen Blicher, ein annan kort roman eller lang novelle som fortel om eit heilt liv i korte episodar. Mot slutten blei det til at møta mellom Stoner og Finch minte mest om møta mellom Tord Øverås og presten i Bjørnsons novelle Faderen (lenka fører til bokhylla.no, ei nedlastbar utgåve av Bjørnsons forteljingar), ikkje først og fremst på grunn av koss det gjekk med Stoner, men fordi møta i seg sjøl var så fulle av meining.

Neste gong: Ragnar Hovland! Meir Chaucer! Chimamanda Ngozi Adichie! Fleire teikneseriar!

tirsdag 1. mars 2016

Årets tjue første bøker

Sånn bokmessig kjenner eg at 2016 har fått ein treig start. Det har teke seksti dagar å lese eit snes bøker, og fleire av dei eg har merka som currently reading på Goodreads er bøker eg har halde på med sidan hausten 2015. Kvifor har eg ikkje lese ut den store essayboka Supersonic Scientists, den etterlengta boka om favorittbandet mitt? Mest fordi eg ikkje har hatt ledige kveldar til å lese så lenge av gangen. Kanskje eg skal ta henne med på toget til Trondheim og lese henne før eg ser utstillinga med same namn? Kva med Conrad Nicolai Schwachs memoarbok Erindringer af mit liv indtil ankomsten til Throndhjem nedskrevne i aaret 1848? (lenka opnar ei anna utgåve på bokhylla.no) Den har eg lese i sidan i september. Her er kanskje forklaringa at det rett og slett ikkje er tale om ei slukebok på same måte som mange andre. Denne les eg nokre sider i då og då, og det er tett nok mellom gullkorna til at det er ei bok ein kan ha stor glede av lenge. Lenge nok til at det var verdt å skaffe mitt eige eks istf å fornye Tønsberg og Nøtterøy bibliotek sitt heile tida. Båe desse bøkene blir nok omtalte i framtidige postar.

Men det var altså dei siste tjue bøkene eg HAR lese ut: Tal og bilde:


Klikk på bildet og bli venn med meg på Goodreads!

  • Over ein tredel (7) er teikneseriar, den som ikkje er lesen på originalspråket er skriven på fransk av ein nordmann. Fire er lesne på bokmål, tre på fransk.
  • Fem er omsette, frå tysk, fransk, gresk, latin og truleg arabisk
  • Fem er lydbøker, tre av desse sakprosa (historie), ei er barneroman og ei kvasikrim
  • Femten er lesne på originalspråket, fire eller fem på bokmål, fire på engelsk, tre på fransk og ein kvar på dansk og norsk. Det bokmålske tvilstilfellet er den einaste lyrikken, som er på bokmål, dansk, bergensk
  • Seks er skrivne av fem kvinner, fjorten av seksten menn
  • Ni er lånt på folke- eller skulebibliotek, to av privatpersonar. Ein er lesen på bokhylla.no, resten har eg kjøpt.
  • Av dei femten som ikkje er lydbøker er elleve lesne på papir.


Superbitchene driter seg ut av Audhild Solberg er visst ein vinnar for yngre ungdom. Vi som er vaksne har det kanskje på andre måtar? Det Solberg skal ha, er at ho har greidd å fange den heseblesande måten unge folk snakkar på og intensiteten i måten dei er opptekne av ting på. Det vil seie at særleg Anne Bea er ein tydeleg teikna karakter. Diverre tyder det óg at handlinga i boka er ei rad utvida augneblinkar meir enn ei rad av hendingar som heng saman. Opplesinga til Hedda Sandvig har óg fanga ungdomsintensiteten på ein måte som gjer at det skravlete aspektet ved boka blir forsterka. Det samla inntrykket er at dette var ei irriterande oppleving for ein førti år gammal mann.

Noko anna var det med klassikaren Michael Kohlhaas av Heinrich von Kleist. (lenka opnar bokmålsk utgåve på bokhylla.no) Eg tilstår utan å nøle at eg kom til denne forvitnelege boka gjennom å høyre E. L. Doctorows opplesing av sin eigen roman Ragtime (den bokmålske utgåva er pt ikkje tilgjengeleg på bokhylla.no), som i mangt kan sjåast på som ein remake av nett Michael Kohlhaas. Særleg gjeld dette den delen av handlinga som er knytt til pianisten Coalhouse Walker. Både Walker og Kohlhaas blir offer for grov urett frå eit i utgangspunktet lågt nivå av øvrigheit og responderer på i utgangspunktet rimelege måtar, og båe opplever at dei som har gjort urett mot dei har vern frå høgare øvrigheiter, slik at båe tek i bruk stadig meir drastiske virkemiddel for å få retta opp uretten. Det er mange festlege parallellar, mellom anna let Doctorow Booker T Washington få rolla til Martin Luther, men det er sjølsagt óg ganske store skilnader mellom Tyskland i starten av renessansen og USA rundt første verdskrig, ikkje minst i det USAnarane liker å kalle raserelasjonar. Uansett kan eg på det varmaste tilrå å lese båe bøkene, og ikkje berre fordi dei har mykje å gje kvarandre, men fordi dei har mykje å gje lesaren,

Årets første teikneserie var Jasons La meg vise deg noe..., av mange omtalt som ein Hitchcock-aktig thrillar. Det er i og for seg ikkje så heilt gale, men eg må minnest omtalen av Hal Harleys film Amateur, som dei sa var ein acthionthrillar med eitt flatt dekk. Iallfall inneheld boka til Jason fleire av dei ingrediensane Hitchcock brukte i sine festlege thrillerar, men det må vere lov å seie at Jasons stil og bruk av sitt føretrekte medium er noko meir minimal. Hitchcock snakka om å regissere publikum, medan Jason ser ut til å vere vel så interessert i å finne eit slags minstenivå for sjangerforteljingar (sjå gjerne Jeg drepte Hitler og Varulvene i Montpellier) som i å manipulere lesarens kjensler. Likevel er det ikkje fritt for at forteljingane går til hjartet, eksempelvis tykte den enno betre halvdelen min det var leit at La meg vise deg noe... sluttar som ho gjer, altså hadde ho fått varme nok kjensler for karakterane til å unne dei ein lukkeleg slutt.

Dessutan er Jason aldri så lite profetisk!
Slagteren i Liseleje kan eg diverre ikkje tilrå til nokon. Mykje tyder på at boka er eit forsøk på svart humor, men diverre er handlinga og prosaen høvesvis langhenta og klønete heller enn raffinert (som eg trur forfattaren har prøvd på). Tvisten er for lett å gjette seg til, og det at psykopatar er psykopatiske er i grunnen ikkje nok til å gjere boka verdt å lese, jamvel om det kjem tydeleg fram at psykopatiske og bitre sosiale klatrarar ikkje er kjempebra foreldrar.

I vinter las eg Atle Berges tredje roman Superpularen, og hadde stor gaman av det. No i vinter hadde eg mest like stor glede av Stockholmsyndromet, Berges andre roman. (Skal tru om eg ikkje snart prøver meg på debutromanen Muntergang?) Stockholmsyndromet er iallfall ei lidderli artig lita bok. Berge er flink til å kombinere speisa og jordnære idear, slik at resultatet blir både føreseieleg og overraskande. Tilrådd, men kanskje ikkje for vgs-elevar.

Eg skreiv nokre ord om Kebbelife då eg hadde lese Ett år med tjukken. No har eg i tillegg flira meg gjennom Lys og mørke og Mann søkes, helst uten sjarm. Dei er ikkje fullt så morosame som førstnemte, men det er det mangt som ikkje er. Har inntrykk av at serien blir meir topical med åra, slik at det er betre å følgje med i Morrabla enn å vente på samlebøkene. Gler meg likevel til å lese den første samlinga og kanskje grave fram Fidus, der serien var på trykk aller først.

Her kan eg ikkje anna enn å sympatisere med Mettes standpunkt.

Det var jo óg på tide eg fekk lese Drabant av Øyvind Holen og Mikael Noguchi. Eg har mykje pent å seie om denne boka, forteljinga er spennande og teiknestilen kler innhaldet, tida og staden svært godt. Likevel sit eg att med ei kjensle av at særleg manuset er littegrann halvkokt. Det bygger opp til noko ganske valdsamt, og så kjem det ein epilog så plutseleg at eg lurte på om det mangla nokre sider i den upaginerte boka.

Astérix chez les bretons markerer det første Asterix-heftet eg har blitt irritert på. Det kan verke som eg skil mellom ulike typar anakronismar og tolererer somme, men blir irritert på andre. Det er greitt nok at den seine jarnalderen∕den seine romerske republikken og den tidlege romerske keisartida er blanda til ein einaste saus (Cæsars to forsøk på å hærta Britannia var ikkje fullt så vellukka som Goscinny og Uderzo skal ha det til, det var vel først under Claudius om lag 100 år seinare at større delar av øyriket vart innlemma i romarriket), og ein forstår jo at vitsen med å lage eit fransk teikneseriealbum om britar er å flire av eit sinnbilete av den engelske folkekarakteren, slik at flegma og rare talemåtar er å forvente. Likevel er tepausar som berre er kokt-vatn-med-mjølk-i-pausar først og fremst enerverande, til og med litt meir irriterande enn eit par ruter med beatlemania. Kva med Boudica? Ho vart iallfall fødd mindre enn 100 år etter det påståtte tidspunktet for handlinga. Og den jævla rugbyen. Samla sett kunne dette albumet like gjerne handla om Fred Jævla Flintstone, og det er jo rett og slett eit kunstnarleg nederlag. Føy!

Morceau de chance er bit of luck. Desse britane snakkar jaggu rart!

Og viss eg nokon gong skal reklamere for abonnementsordinga til Audible er det no: Det som er med å ha lese Asterix i 35 år er at ein blir sakte, men sikkert interessert i historie, om ikkje anna så for å forstå dei vitsane ein skjønner må vere der. Lydbokmenyen min så langt i år har for det meste vore førelesingsrekker om nett jarnalderen og antikken i Europa og rundt Middelhavet. Først ut var The Other Side of History: Daily Life in the Ancient World og Greece and Rome: An Integrated History of the Mediterranean World, båe av og med professor Robert Garland. Eg har lært masse og hatt stor glede av å høyre på ein professor som både som forskar og formidlar framstår som ein real mensch. Det er jo ikkje sånn at kongerekker og slag MÅ vere tørre greier, men det er ikkje til å komme frå at historia kjem nærare når det Garland presenterer er (det vi veit om) dagleglivet til vanlege folk frå tidleg steinalder til høgmellomalderen. Korleis var det å vere egyptisk arbeidar, gresk slave, assyrisk bonde, romarsk legionær, gresk flyktning, britisk bonde, kvinne eller gamling i alle desse og fleire sivilisasjonar? Eg skal tilstå at dei første par-tre leksjonane var litt for kjappe (få opplysningar) og kanskje verka litt vel lettvinte (men det har vel ikkje eg nokon rett til å klage på), men det går veldig fort over. Den integrerte gresk-romerske historia er óg prega av Garlands interesse for daglegliv og vanlege folk. Framstillinga er integrert ikkje berre i den forstand at Hellas og Roma er behandla saman, men óg på den måten at vi får høyre om både dei lange linjene med styresett, teknologi, tenkemåtar etc, men óg dei konkrete utslaga av desse. Den trua på historisk sakprosa eg mista av den Elizabeth I-biografien får eg tilbake av å høyre på Robert Garland.

Eg held meg til tema men hoppar i kronologien: Ein annan serie med førelesingar ein kan få på lydbok frå Audible heiter så mykje som Modern Scholar. Frå den serien har eg høyrt Icons of the Iron Age : The Celts in History and Archaeology. Professor Susan A Johnston er sjøl arkeolog og tett på stoffet, men er mindre van med mikrofonen. Ho er flinkare enn mange andre til å minne om at det er meir vi ikkje veit enn vi har kunnskap om, og ho passar nøye på å ikkje ta romerske kjelder for heilt god fisk. Det kan godt vere at keltarane sånn sett var krigarske, men det er slett ikkje sikkert dei var så krigarske mot alle som dei rimeleg nok var mot ein invaderande hær, fosjempel. God knall!

Ei av dei bøkene eg har brukt ein del tid på er Beyond Lies the Wub, det første bandet av ei fem band sterk samling av Philip K Dick sine noveller. Ikkje alt er like bra, men i somme av sogene (Nanny iallfall) ser vi glimt av Dicks forståing av kapitalismen og militæret slik vi kjenner det frå romanar som Ubik, Time out of Joint og kanskje The Three Stigmata of Palmer Eldritch. Paycheck var såpass smart at eg blei frista til å sjå omatt John Woos filmatisering frå 2002, ein film eg minnest som mindre jævleg enn alle skulle ha det til. Eg er elles godt i gang med Second Variety, andre band.

Lanterneutgåva er utstyrt med snapshots frå Telemark
Teaters 1976-framsyning av stykket.
Men ein kan jo ikkje berre lese historie og science fiction, ein lyt jo lese somme av verka som overlever frå dei historiske periodane ein les om óg. Og når ingen teater nær meg set opp Lysistrata (lenka opnar Bjørn Endresons stort sett bokmålske utgåve på bokhylla.no) lyt eg berre lese den utgåva som er tilgjengeleg. Attdiktar Bjørn Endreson seier i etterordet at jamvel om han har prøvd å gjere stykket meir lidderleg enn tidlegare attdiktarar er det stadig ein veg å gå. Ein komedie om ein pulestreik må jo gjerne ha vitsar som er for plumpe for revyscenen, og ein må jo berømme Endreson for mange gode forsøk. Eg kan verkeleg ikkje uttrykke sterkt nok kor glad eg er for at vi har dette og kan ha glede og lærdom av det etter meir enn 2400 år.

I same ånd må eg skryte av Gyldendals Kanon-serie, som let oss få greske og romerske klassikarar på moderne norsk for første gong. For eit par år sidan let eg meg imponere av Aslak Rostads bokmål i attdiktinga av Hesiod, no har eg med stor glede lese Peter Astrup Sundts attdikting til bokmål av Horats' Brevet om diktekunsten. Eg er stadig misnøgd med at ebokbib ikkje har fått fotnotefunksjonalitet, forresten.

Årets første diktsamling blei endeleg Bergens beskrivelse av Erlend O. Nødtvedt. Snakk om å skrive seg (sjøl) inn i ein lang teksttradisjon! Viss eg skulle skrive dikt sjøl ville eg prøvd å skrive sånn som Nødtvedt. At diktaren drar parallellar mellom Bergen og den andre byen med sju åsar, Roma, er ekstra moro medan ein som eg høyrer på romersk historie.

Det er forsåvidt óg ei lenke til black metal tidleg i Nødtvedts bok, slik at det óg passa bra å endeleg lese Dødsarkiv, som eg hadde lånt av +Øyvind Greve. Mellom mangt anna er denne fotoboka ei real avmystifiisering av den notoriske tidlege bm-scena på austlandet. Eg forstår at alle involverte hatar Håvard Rem og den der amerikanske boka, men eg lurer no på om eg ikkje likevel ville hatt ei bok av nokon med litt avstand til sakene.

Det er forferdeleg å seie det, men eg blir litt skremt av speletida på filmatiseringa av Le bleu est une couleur chaude av Julie Maroh. Meir enn tre timar! Etter å ha lese boka er det ikkje fritt for at eg lurer litt på kva dei 200 minutta er fylte med. Serien er iallfall ei forteljing om intens kjærleik og eit litt for kort liv, om å godta seg sjøl for å kunne bli elska og sjøl å kunne elske. Nemleg. Veldig trist.

To mysterium for den låge prisen av berre det eine
Viss du blir venner med meg på Goodreads kan du tipse meg om bøker. Det gjorde Forexup, ei jente frå Indonesia som deler interessa for Arsène Lupin med meg. Hadde ho ikkje gjort det, hadde eg neppe vorte merksam på forfattarskapen til Dr Mohd Sulaiman. Ikkje for at det er truleg at eg les den første boka om Robert og Fahad, altså, men no har eg iallfall lese ei sjølpublisert ebok om ein slags arabiske Hardy-gutar. Eg har ingen føresetnader for å vite om engelsken gjev att den arabiske prosaen nøyaktig, men eg har jo inntrykk av at omsetjinga er amatørmessig der forteljinga er enkel og liketil, ikkje spesielt interessant.

Etter avrøysting på Twitter blei Les Cigares du Pharaon årets tjuande bok. Eg las liksom ikkje Tintin då eg skulle, og no er eg ikkje så veldig imponert. Det skjer masse rart med Tintin, og ingen kan seie at han ikkje er snarrådig, men det ville vere synd å seie at han eigenleg løyser saka. Ikkje at Dupont og Dupond gjer det heller, men dei verkar iallfall å rapportere til nokon som er i stand til å legge saman to og to. Stereotypiane er vel ikkje 100% rasismefrie, men teikningane er jo stort sett flotte.

Neste gong: Femti ord for regn! Det hjelper ikke å blunke! Meir om romersk historie!

tirsdag 9. februar 2016

Fredric Drum på styrten

No er ikkje norsk krim det eg les aller mest av til vanleg, men så blei det plutseleg til at eg kom gjennom samtlege elleve av Gert Nygårdshaugs bøker om Fredric Drum og/eller Skarphedin Olsen på eit par veker, og det er jo verdt ein liten bloggpost. Eg bør kanskje åtvare om at det er såpass vanskeleg å skrive om desse bøkene utan å, kva skal vi seie, komme med eit par spoilers så å seie på serienivå, så les vidare på eige ansvar. Du kjem ikkje til å få vite kven som er mordaren ved å lese dette, men det kan tenkjast du blir litt klokare på kven som er etterforskaren, for å seie det sånn.

Gert Nygårdshaug på Oslo bokfestival.
Foto: Bjørn Erik Pedersen - Eget verk, CC BY 3.0, henta frå wikimedia commons
Det der med at eg ikkje les så mykje norsk krim: I sommar las eg alle fem krimbøkene til Jonas Lie d.y., altså dei den seinare krigsforbrytaren skreiv under psevdonymet Max Mauser. (Dødsdiamanten, Fetisj, Natten til Fandens geburtsdag, Rittet fra Olesko og En hai følger båten.) Om han ikkje er etterforskaren eller førstepersonforteljar i alle, er iallfall detektiven Finn Bjelke med i dei fire første, slik at dei høyrer til same univers. Og det er eit poeng her, den som sterkast har tilrådd Fredric Drum-bøkene så eg har høyrt det seier nemleg at ein kan tole litt av kvart for å få opphalde seg i eit narrativt univers ein trivst i.

Det skal seiast at etter den første boka (Honningkrukken) var det ikkje gitt at eg kom til å orke særleg mykje. Eg tykte prosaen var flat og fantasilaus og intrigen treig og langhenta. Alle desse bøkene veksla eg mellom å lese og lytte til på Storytel, og Helge Winther-Larsen si opplesing var lite eigna til å vekke nokon entusiasme. Ikkje minst verka Fredric Drum innimellom direkte dum. Innesperra i eit kyrkjetårn knuser han ei flaske for å prøve å bruke glasbrotta som brekkstang for å lyfte den tunge trelemmen over trappa istf å skjære hol i treverket, til dømes. Ja, sjølve løysinga var spinnvill nok, og det var nok det som gjorde at eg gav neste bok, Jegerdukken, ein sjanse. Det er eg altså godt nøgd med.

Eg forstod nemleg det eg skulle skjønt av den langhenta og sensasjonelle intrigen og Drums personlegheit med ein gong: Han lever på 1980-talet, men høyrer som romanhelt heime i motsett ende av det tjuande hundreåret. Det som la bitene på plass var den elles trivielle opplysninga om at han bur på pensjonat. Folk gjer jo ikkje det! Men dermed skjønte eg at Nygårdshaugs ærend var å skrive ein serie reale kioskveltarar, røvarromanar som tek den sensasjonslitteraturen frå for 100 år sida inn i hans eiga samtid. Fredric Drum er med andre ord ein eventyrar, i slekt med Jonas Fjeld, Arsène Lupin og Yang Tse-Lyse. Då er det jo at ein prøver å finne norske ord som dekkar dei engelske "outrageous" og "preposterous". "Heilsprø" kanskje?

Her snakkar vi nemleg preposterous. Omslagsbilde frå bokhandel.

Med kvart som serien skrid fram blir det klart at det er ein plan i galskapen, eg har stundom mistenkt at førsteboka var gjort såpass låk med vilje. Det bygger seg opp på ein slik måte at intrigene blir stadig meir føkka i huet, slik at lesaren kjem inn i ein merkeleg tilstand som er like delirisk som han er ironisk distansert. Femte bok, Cassandras finger, bygger opp til ei avsløring som på den eine sida gir ei slags forklaring til all galenskapen i dei første bøkene, men ein meir hardkokt helt gjer ikkje dei neste bøkene meir normale som detektivromanar. Liljer fra Jerusalem er like fantasifull som Honningkrukken, og det må vere lov å peike på at skurkane har same type band til hovudpersonane i dei respektive bøkene. Sjette bok, Kiste nummer fem,  har ei løysing som kan minne om somme av Stein Rivertons bøker i det at svaret på gåten flyr direkte i strupen på all fornuft.

Som heilskap er serien såpass fiffig og utkropen at lesaren stundom er usikker på om forfattaren er lat eller smart. Cornetta Friis i Den balsamerte ulven er gæren, det forstår vi fordi at ho har ein glupande seksuell appetitt. Er dette noko eit resultat av at Nygårdshaug ikkje har orka å skrive meir enn ein pappfigur, eller er det fordi denne typen romanar skal vere folkesette med pappfigurar, slik at han berre er tru mot sjangeren?

I og med at serien tok ei bisarr vending i bok nummer fem, er det på ein måte venta at det skal komme ei ny bisarr vending i bok nummer ti. Det blir bygd opp til det i dei siste par bøkene iallfall, i den grad at ein kan lure på om det er tale om ein reboot av serien. Det er det nok ikkje. Heller ikkje den ellevte boka, Pergamentet, er nokon ny start. Forfattaren seier i etterordet at handlinga finn stad mellom hendingane i Alle orkaners mor og Rødsonen (niande og tiande bok), slik at den opphavlege serien på ti bøker er ein avslutta (sjamener) heilskap. Om nokon skulle ha interesse av å høyre på meg, ville eg tilrå å lese bøkene i rekkefølgja 1-9, 11, 10.