fredag 21. mars 2014

Om skilnaden mellom "Blant annet" og "Blant andre". Bokmålskurs leksjon 5

Mellom anna er eit norsk preposisjonsuttrykk som er lett å gripe til for den som skal nemne særskilt ein ting som inngår i ei gruppe av andre ting. På bokmål heiter det parallelle uttrykket blant annet.

Mange bokmålsbrukarar skil ikkje ut medlemmer av ei gruppe på andre måtar enn ved å bruke blant annet, og dei gjer seg sjølsagt forstått på den måten. Men bokmålet er eit etter måten rikt språk, så avanserte brukarar og pedantar har eit større repertoar.

På twitter kan det gå fort i svingane for nokon og kvar, og det fører jo mellom anna til at det er lett å finne eksempel å til dette bokmålskurset. Er du ein pedant? Då finn du to moglege forbetringspunkt i tweeten på biletet.

Følgjer du lenka, får du sjå innleiinga av korrespondansen der eg spurte @bokdama om lov til å bruke tweeten som utgangspunkt for denne leksjonen.
Her står det at Beate Grimsrud kjem til neste Pølser og politikk. Ho har med seg ein del ting til oss, og ein av dei er eit besøk.

Det Anette truleg meiner, er at ei av dei som kjem er Beate Grimsrud. Når vi skal skilje ut ein person frå ei gruppe av personar (og stundom i andre høve óg) brukar vi mellom andre eller altså på bokmål blant andre. Om vi skriv om setninga til Vi får blant andre besøk av Beate Grimsrud får vi i tillegg sjå at jamvel her spelar ordstillinga ei rolle (sjå særleg leksjon 3), dette skurrar nemleg litt.

Det vi treng er ei omskriving til. Vi prøver med Vi får besøk av blant andre Beate Grimsrud, og då skulle det forundre meg mykje om vi ikkje har nådd fram til ei formulering som hadde gjort tweeten mindre tweetydig.

Takk

@bokdama har vist seg svært sporty ved å gje meg løyve til å bruke tweeten hennar som utgangspunkt for ein bokmålsleksjon. Mange slags takk!

søndag 9. februar 2014

Lagnaden eller berre ein timeavtale? Bokmålskurs leksjon 4

Sidan det gjekk så bra å skrive ein post om ord og uttrykk som forvirrar bokmålsbrukarar, fleskar eg til med eindå ein. Denne gongen blir det færre grammatiske fagtermar, sidan det er eit semantisk problem de ser ut til å ha.

Det dreiar seg om skilnaden mellom to verb somme tydelegvis har lett for å blande saman. Nokre bokmålsfolk meiner visst dei høyrest like ut, men dei tyder to såpass ulike ting at det er verdt å gå gjennom det her. Verba er dei refleksive innfinne seg og avfinne seg. 


Som i dømet med ikke nødvendigvis / nødvendigvis ikke er det ein bestemt feilbruk som er framherskande. Folk seier at den eller den har *innfunnet seg med det eine eller det andre. Målet med denne posten er å få dei til å slutte med det, og det skal vi få til gjennom enkle forklaringar.

Å innfinne seg er å møte opp. Typisk møter ein opp ein stad etter innkalling, og ein kan soleis innfinne seg på tannlegekontoret eller på sesjon eller sånn.

Å avfinne seg med noe er å godta det, og det ein typisk må avfinne seg med er lagnaden eller omstende ein ikkje rår over.

Verre er det ikkje. Vi tek like godt eit døme på korrekt bruk av båe to:

Selv om brevet fra Vernepliktsverket ga ham en annen beskjed enn den han hadde håpet på, hadde Lars bestemt seg. Han avfant seg med skjebnen og innfant seg nyvasket på Terningmoen til avtalt tid.

tirsdag 4. februar 2014

Ting som går mot slutten

Det er sikkert mangt eg blir ferdig med denne veka, men det er to som kjennest signifikante nok til at eg har hug til å markere dei med litt meir enn ein FB-status. Den eine tingen er gjennomhøyring av Don Quixote på lydbok, den andre er vikariatet mitt som bibliotekar (det er det som står i arbeidsavtalen) på læringssenteret på Sandefjord VGS.

Desse to tinga markerer korkje slutten på leselista eller bibliotekkarriera mi, eg er nemleg i gang med andre bøker og eit nytt vikariat på ein ny vidaregåande alt no. Likevel er dette eit greit høve til å sjå tilbake, så denne posten kjem til å handle litt om (nokre av) dei bøkene eg har lese (først og fremst) i den tida eg har hatt Don Quixote i øyret og litt om noko av det eg har sett/lært/opplevd medan eg har jobba på Sandefjord vidaregåande.

Bøker

Don Quixote er sjølsagt ei forvitneleg lesaroppleving i seg sjøl. Utgåva eg høyrer på har eg skaffa gjennom Audible, og det vart nett den boka fordi eg nyleg hadde mora meg kosteleg med Mark Twains bøker om Tom Sawyer og Huckleberry Finn. Ut frå det vesle eg visste om Don Quixote frå før tenkte eg at Tom Sawyer slik han framstår på slutten av Huckleberry Finn (forresten: dei to av Twain høyrte eg óg som lydbok. Tom Sawyer vart nokså dårleg framført av Dick Hill, medan Elijah Wood gjer ei makelaus opplesing av Huckleberry Finn) har mykje sams med Don Quixote. Båe har jo fått litt for gode idear av dei litterære vanane sine, lizm. Iallfall: Det er John Ormsbys engelske omsetjing eg høyrer på, framført av Roy McMillan. Han les godt, med tydelege røyster til kvar av karakterane, god bruk av dialekt og i all hovudsak overtydande uttale av spanske ord og namn.

Det er mykje stygt å seie om Audible, men mykje pent óg.
Alt då eg hadde høyrt eit par dagar fann eg at eg måtte ha komme lenger enn alle andre som har prøvd seg på denne klassikaren. Har du nokon gong høyrt nokon snakke om Don Quixote som noko anna ein ei bok om ein kar som kjempar mot vindmøller? Kjem du forbi åttande kapittel (av om lag 150) har du fått med deg vindmøllene. Bibliotekfagleg er det nok likevel kapittel seks (du skal til side 53) som er mest gjevande, der går nemleg soknepresten og barberen gjennom boksamlinga til Don Quixote og kasserer med hard hand. Elles rommar boka mykje meir enn iallfall eg trudde på førehand. Særleg dreg det seg til i andre del, når riddaren og væpnaren hans møter folk som har lese første del av boka om dei, og mot slutten jamvel folk som har lest ein piratversjon (eller kanskje rettare ei fanfic-utgåve) av andre band. Reprise av Tristram Shandy og Jeppe paa Bierget (for skuld dei kapitla der Sancho Panza er guvernør, som minner meg om Jeppe i baronens seng) kjem inn på leselista etter denne.

Dei siste par dagane har eg óg lest eit par rockebøker. På to av dei ti øvste plassane på Morgonbladets topp 100 fann vi Kjøtt med den derre tolvaren sin og The aller værste! med Materialtretthet. No har det seg slik at nett Materialtretthet har blitt spelt særs mykje under skyssing av avkom til skule og barnehage (han på åtte er glad i Dødelige drifter, ho på fem elskar Må ha deg), så det var med stor interesse eg las Yngve Knausgaards vesle bok (under 80 sider) om denne herlege plata. Diverre var ikkje boka noko særleg, knapt meir enn heilt grei. Fakta og historier har fått for liten plass og personleg forhold til skiva for stor. Det er ingen blogg, Knausgaard, det er ei bok. Fint å få stadfesta at Madness hadde vore inspirasjonskjelde, då.

Kjøttboka var betre enn Materialtretthetboka, men handla ikkje om plata med det mest ikoniske omslaget
Då var det heldigvis annleis med Bernt Erik Pedersens bok om Kjøtt. Den drevne musikkjournalisten har nok mykje pent å seie om plata, men veit at det er bandet og musikken som er det interessante her. Analysane av det lyriske innhaldet i låtene er litt over middels, medan det historiske stoffet er veldig bra, veldig fascinerande. Med tanke på Inger Margrethe Gaarders lærebøker i kristendomsfaget burde det ikkje vere sjokkerande at den mest talentfulle sonen hennar, Helge, kom frå ein såpass kristen heim at han hamna i ten sing-rørsla, men ikkje berre opplyser Pedersen om dette, han har utfyllande bakgrunnsstoff som tyder på at dette ikkje var ein unaturleg start for ein avantgarde-rockar. At Michael Krohn har henta lyrisk inspirasjon frå Øystein Sunde var definitivt meir av ei overrasking enn at han er glad i Ramones.

Det aller beste med boka er likevel kor sterkt forfattaren går i rette med Trygve Mathisens irriterande historiske gjennomgang av den norske pønkescena, Tre grep og sannheten. Myteskapinga TM driv med der er så eklatant at ein hadde venta betre frå Jack Black-karakteren i School of Rock. Pønken var opprør og musikken fram til pønken var så keisam atte bare hjælp, pønken representerer berre brot og på ingen måte kontinuitet. Pedersen viser at dette biletet er altfor unyansert i det han viser til dømesvis Dag F. Gravems historiske forsking. Hurra!

Denne boka har komme med mange omslag, dette ser det ut til å vere Rune Johan Anderson som har teikna.
Vidare har eg (endeleg) lest Egalias døtre av Gerd Brantenberg. I løpet av dei tre månadane eg var norsklærar rakk eg å bruke første kapittel av denne romanen i undervisninga, og eg trudde jo ærleg talt eg kjente boka ganske godt. Og det gjorde eg forsåvidt, men eg hadde inga aning om kor grundig og heilskapleg romanen/satiren/analysen var. Når boka startar med språket (kvinnesker, dam istf. man osb) er det for å venje lesaren til korleis språket i romanen funkar like mykje som for å understreke det fundamentale i at språket styrer korleis vi tenkjer om kjøn og i grunnen alt anna. Særleg genialt er det likevel korleis Brantenberg konsekvent viser at det vi er vane med å sjå på som naturlege følgjer av biologiske skilnader ikkje er stort meir naturleg enn eit samfunn der kjønsrollene er dei motsette av dei vi spelar ut dag ut og dag inn. Lesinga var rett og slett ein sann svir, og eg blei ein god del klokare. Eg har i alle år rekna meg som feminist, men no har eg ei djupare forståing av kvifor eg er det. Lest på Bokhylla.no, ein nettressurs eg blir meir og meir glad i for kvar dag som går.

Kaffislabberas, der altså,
Dessutan fann eg ei oppskrift på eplepai på side 167. Litt mangelfull med tanke på mengd og temperatur og slikt, men neimen om ikkje dette gir ide til ein matblogg. Nasjonallitterær bakeblogg eller sånn? Hmmm...

Litt fantasy har det óg vorte parallelt med Don Quixote. Siri Pettersens Odinsbarn hadde eg starta på for lenge sidan, men det tok ein togtur på eit par-tre timar å verkeleg komme i gang. Om det er mi eller boka si skuld skal vere usagt, men for min del verka det ikkje å lese eit kapittel eller to på senga kvar kveld. Først etter sånn 150-200 sider vart det nok fart i sakene til at boka rett og slett vart vrien å legge frå seg. (Det hjelpte sjølsagt å følgje forfattaren på Twitter og Goodreads, ein torer knapt anna enn å lese ferdig bøkene når den som har skrive dei er spent på tilbakemelding. Ny røynsle, det der.) No gler eg meg til neste bok, eg som alle andre.

Derimot lurer eg på å gje opp før eg er halvvegs i andre bok om Loric Legacies. I Am Number Four var lettlesen, men litt vel fluffy. Når folka berre kan trylle seg ut av problema spelar liksom ikkje logistikken rundt vanskane deira så stor rolle lenger, og då kan det i grunnen vere det same med heile greia.

Ein annan nedtur var Busemannen av Knut Nærum og fire andre forfattarar. Ja, eg flirte (og flirer stadig) av tanken på Undervannsbirken (med start på Rena og målgang i Sarpsborg), og å sende dykkartroppen frå Røros med buss for tog for helikopter verka jo unekteleg litt tungvint. No er nok målgruppa lesarar som faktisk har teke seg bryet med å lese Jo Nesbø (og det har ikkje eg), men eg har ikkje lese Dan Brown heller og flirte nok åtti prosent av tida medan eg las Madonnagåten av tre av dei same forfattarane.

Karriere

(Sidan det ikkje først og fremst er jobben eg har ein blogg å synse lettvint om blir dette ikkje så veldig langt. Eg ville berre markere dette med meir enn ei facebookoppdatering, som sagt var)

Ja, det er jo ikkje karriera mi som går mot slutten (insj allah). For å vere heilt ærleg kjenner eg det (endeleg) som om eg er i gang med ei slik ei no som den første ordentlege bibliotekjobben min ebbar ut og eg er halvvegs i bibliotekarutdanninga. Heldigvis er eg i gang med eit nytt vikariat allereide, slik at vemodet eg kjenner ved å vere på veg ut av læringssenteret på Sandefjord VGS er dempa av spent forventning og pågangsmot i den nye jobben.

I løpet av vikariatet har eg lært ein heil masse i tillegg til at eg har fått stadfesta ein del oppfatningar eg hadde på førehand. Dei daglege, praktiske gjeremåla får ein jo som (fjern)student ikkje det heilt faste grepet på, så eg har hatt stor nytte av månadane her. Det som står sterkast når eg no er på veg ut er likevel den store gleda eg har hatt av denne tida. Eg skal avgrense meg til å nemne tre ting særskilt:

Her ser vi a: utsikta frå skranken, b: ryggen til ein elev og c: ein av dei mangslungne arbeidsoppgåvene ein har i eit læringssenter.
For det første har den kollegiale felleskapen på læringssenteret vore om lag så heilmaks som ein kan håpe på. God tone, fin fordeling av arbeidsoppgåver og bra med tillit til den nye fyren har gitt meg ideal å strekke meg etter når det gjeld kollegial framferd.

For det andre har det vore ei stor glede å ha med elevar å gjere, særleg sidan eg har hatt høve til å hjelpe dei med oppgåver dei har blitt tildelt av andre framfor å måtte be dei gjere ting dei kanskje ikkje var så veldig ivrige etter å halde på med. Også så moro det er når unge folk plutseleg blir hekta på lesing eller går frå å berre skrive dikt til å lese dikt óg!

For det tredje og pretensiøsaste: å kassere bøker blir meiningsfullt både på det personlege planet og langt ut over det når ein kan vende seg til hyggelege folk i Nasjonalbiblioteket for å tilby utgåtte dokument eit nytt liv i depotbiblioteket og soleis bidra til nasjonens medvit og minne.

Nemleg. I den nye jobben er eg pt i gang med omfattande rutineoppgåver og må passe meg for ikkje å bryte ut i song og forstyrre dei andre. Det er jaggu gildt å vere på rett hylle, folkens!

mandag 27. januar 2014

Vi må snakke om setningsadverb. Bokmålskurs, leksjon 3.

Eg hadde tenkt at viss eg skulle lage eit bokmålskurs skulle det vere for vidarekomne, the finer points of bokmål liksom, men no må eg ta for meg noko eg hadde trudd var elementært. Nei, det er ikkje samskriving eller orddeling eller Store Forbokstavar I Kvart Ord Av Tittelen På Ting Du Kjøper I Itunes eller misbruk av og/å, det er setningsadverb.


Adverb

Dei adverba som endrar sanningsverdien til setninga som heilskap kallar vi setningsadverb. På bokmål er ord som ikke, kanskje, aldri, alltid og nødvendigvis typiske døme på setningsadverb.

Vi skal ta eit eksempel på kva vi meiner med å endre sanningsverdien:




Denne setninga er uttrykk for subjektets intensjon om å komme heim til middag, subjektet slår fast at ho vil sitje klar ved bordet når maten blir servert. Om vi tilset eit setningsadverb, kan setninga bli sjåande ut som dette:


De ser at med ein gong eg tilsette ordet "kanskje" endra setninga innhald? No er det slett ikkje sikkert at subjektet kjem heim i tide til å få varm mat. "Kanskje" er så tvitydig at vi ikkje tvert kan avgjere om subjektet ønsker å komme heim til eit heimelaga måltid eller om ho prøver å ikkje fornærme kokken.



No veit vi litt meir. Subjektet trur ikkje ho kjem heim tidsnok, slik at han der heime trygt kan rekne litt mindre bulgur når han måler opp ingrediensane. Likevel, det kan ikkje skade å lage litt ekstra, det kan jo varmast opp seinare i kveld.



Neivel, kan mottakaren konkludere, då får du vel mat der du er. Vi kjem jo til å sakne deg ved bordet, men når du no kategorisk avviser moglegheita for at du bryt fasten i lag med oss slepp vi jo å vente på deg. Mindre oppvask blir det óg.

Sett at vi i staden for "ikke" sette "alltid" eller "aldri". Setningas struktur ville vere den same, men berre desse enkle adverba seier mest utruleg mykje om handlinga som blir uttrykt i verbalet og om subjektets tankar med handlinga. For å nemne noko.


Komplikasjonar (eller ikkje, det er jo kjempelett)

Eg har ein mistanke om at det store problemet er at bokmålsbrukarar ofte og gjerne brukar ord dei synest høyrest fine ut, utan å ta omsyn til om dei forstår kva orda tyder eller ikkje. For nokre år sidan trefte eg ein kar som skrytte av at husverten var så grei at han lånte vekk bilen sin "i utrengsmål". Altså: Når eg ikkje treng det, får eg låne bil av den greie husverten.

Ein seiemåte bokmålsfolk føkkar opp absolutt heile tida er eit døme på kor utruleg vanskeleg det er for folk som ikkje skriv nynorsk å halde adverba frå kvarandre. Det har seg nemleg slik at ein stundom møter TO av adverba frå lista over etter kvarandre. I slike høve vil det første adverbet (altså det lengst til venstre) modifisere det andre adverbet. Til saman utgjer dei eit setningsadverbial, men rekkefølgja er ikkje likegyldig.

Uttrykket eg tenkjer på er sjølsagt nødvendigvis ikke, som de bokmålsbrukarar støtt og stadig set i staden for ikke nødvendigvis. Om du ikkje forstår tydinga av desse orda kvar for seg og saman bør du helst lese vidare.

Foto: Los Angeles County Museum of Art. Ja, det er ei teskei.

Ikke tyder som kjent det same som det norske ordet ikkje, og er det viktigaste nektingsadverbet. Viss subjektet ikke kjem heim til middag, vil óg konsekvensane av hennar opphald ved matbordet utebli.

Nødvendigvis er det motsette av kanskje. Seier eg at noko kanskje inntreff, har eg heilgardert: Det eine utfallet er om lag like sannsynleg som det andre. Seier eg derimot at noko nødvendigvis vil skje, understrekar eg det logiske sambandet mellom årsak og verknad. Hoppar du frå eit fly i stor høgd utan fallskjerm vil du nødvendigvis bli most når du treff bakken. Snur du det fulle vassglaset opp ned, vil vatnet nødvendigvis ramle ut.

Vi er med så langt? Ein av funksjonane til adverb er at visse av dei endrar sanningsverdien i heile ytringa. No kjem noko nytt.

Eit adverb kan nemleg óg modifisere EIT ANNA ADVERB ELLER EIT ADJEKTIV. Eit objekt kan vere grønt (adjektiv) eller helt grønt (adverb + adjektiv). Ei handling kan vere dum (adjektiv) eller veldig dum (adverb + adjektiv). Ei fråsegn kan vere sann (adjektiv) eller ikke sann (adverb + adjektiv). Merk at adjektivet står til sist. Viss vi prøver oss med at objektet kan vere *grønt helt, handlinga *dum veldig eller fråsegna *sann ikke, ser vi at rekkefølgja IKKJE er likegyldig. Rekkefølgja er essensiell.



Vi ser her at i tilfelle der eit adverb står framfor eit adjektiv vil adverbet uttrykkje noko om adjektivet. Helt grønn tyder at objektet det er tale om ikkje har ein einaste flekk som er raud, ikkje at ein heltemodig type er grøn.

Stadig med? Det same, altså det om rekkefølgja, gjeld om det er eit adverb til som står til høgre for adverbet. Det er ikkje så mange uttrykk det er tale om heller, så det skulle vere lett å halde greie på dei.

Ikke alltid, til dømes, tyder noko anna enn aldri. Alltid ikke er ei samanstilling vi sjeldan ser, men det er ingen kompetent brukar av norsk som ville finne på å seie det eine når dei meinte det andre.


Poenget

Alt dette fører, tru det eller ikkje, fram til eit poeng. Ikke nødvendigvis tyder noko HEILT anna enn nødvendigvis ikke, og om du seier eller skriv det siste når du meiner det første ser du ut som ein kronidiot. Eksempeltid igjen:

Alle hugsar den scena i De hensynsløse (Reservoir Dogs) der Nice Guy Eddie (Chris Penn) klikkar fordi ein av dei har torturert ein av dei andre til å tilstå at han var snut? Poenget hans er at den som blir torturert kan tilstå kva det skulle vere, utan at det han seier treng å vere sant, altså at det ikkje er noko samband mellom kor store smerter nokon lir under og kor sant dei snakkar. Eksemplet vårt liknar på dette:


Du er samd i dette? Her står det at det går an å lyge sjøl om ein blir slått. Det er difor jamvel usiviliserte folk let vere å bruke tortur som avhøyrsmetode: Det er ingen grunn til å tru at det er meir effektivt enn noko anna. Ordet IKKE kvalifiserer ordet som kjem etter.


Dette er meir problematisk. Den som seier dette, uttrykkjer at det ikkje er mogleg å snakke sant om ein blir slått. Og det veit jo alle at det er. Det er difor folk stundom let seg friste til å prøve å torturere sanninga ut av folk, det kan godt tenkjast at det verkar. Ordet NØDVENDIGVIS kvalifiserer (i dette høvet: forsterkar) ordet som kjem etter, slik at det her står at ein som blir slått per definisjon er ein løgnar.

Det som gjer dette så vanskeleg for dykk bokmålsfolk er nok at det finst høve der nødvendigvis ikke er den rette frasen. Som sagt brukar vi ordet nødvendigvis for å understreke det logiske sambandet mellom td årsak og verknad. Motsett brukar vi nødvendigvis ikke for å understreke at noko som er umogleg er det av logiske årsaker. Napoleon Bonaparte døydde på St. Helena i 1821, og Hurtigruten kom i drift i 1893. Å seie at


er å underdrive, sidan det tyder at Napoleon godt kunne ha funne på å ta Hurtigruta på ein av Noregsreisene sine, kanskje han var interessert i å sjå Trøndelag frå sjøsida, liksom.


Sånn! Vi veit at Napoleon døydde meir enn 70 år før Hurtigruta kom i drift og at han uansett ikkje tilbrakte særleg mykje tid på dei breddegradar der nett denne fergeruta fraktar folk og gods. Det er like umogleg for Hurtigruta å ha hatt Napoleon som passasjer som det var for Napoleon å ta Hurtigruta, altså kan vi trygt seie at Napoleon nødvendigvis ikke tok Hurtigruta.

Spørsmål?

tirsdag 21. januar 2014

Everybody's slimmin'

Her er ein song om slanking:



Ganske bra, ikkje sant? I tillegg til at eg har høyrt denne tøysete songen om slankefeber har eg nyleg lese to bøker eg først hadde tenkt å seie var om slanking. Den eine er Kristian Fjellangers sjølbiografiske sakprosabok Feit - Mitt liv som tjukkas, den andre er Linnéa Myhres sjølbiografiske roman Evig søndag.

Å seie at båe desse bøkene handlar om slanking er i grunnen ikkje heilt rett. Det er berre Kristian Fjellanger som skildrar eit vekttap som er medisinsk forsvarleg, det hovudpersonen i boka til Linnéa Myhre går gjennom er meir i retning av avmagring eller enno meir drastisk, i tillegg til angst og depresjonar. Likevel handlar bøkene om det same, nemleg eit brennande sjølhat.

(Her skal eg gjere merksam på at eg sjøl har ei nær fortid som tjukkas. I skrivande stund held eg bittelitt litt over normalvekt etter å ha gått ned om lag 25 kilo på eit år med Grete Roede-kurs. Nei, det er sjølsagt ikkje fritt for at eg har kjent meg att i det dei to skriv.)


Kristian Fjellanger starta som tjukkas


Det er eit uttalt mål for Kristian Fjellanger å "få pult meir", og mot slutten av boka nemner han Gugels bildesøk som eit av dei store hindera for å nå dette målet. Folk han møter på datingnettsider konfronterer han med eit gamalt foto frå Bergens Tidende før dei kuttar kontakten, nemleg. Eg nemner dette fordi eg har vore så ufin å leite fram dette biletet for å få eit inntrykk av kva Fjellanger måtte bere rundt på før han starta med ekstremslankinga si, sidan han ikkje nemner kor mykje han vog før og etter.

Eg forstår han i og for seg godt, overvekt er jamvel for meg forbunde med så mykje skam at det har kravd ein del arbeid berre å snakke om desse tala utanfor for den lukka krinsen av Roede Mann-deltakarar (eller den gjengen herlege jenter eg er del av no). Likevel rimer dette dårleg med resten av boka, som eg ikkje nøler med å omtale som ein skamfest. Forfattaren veltar seg i skam, og går i detalj om kor jævleg det er å gå i klesbutikken, kor pinleg det er å kjøpe heimegymapparat (som er mindre grufullt enn å gymme offentleg), kor kvalmande det er å snakke vekt med folk og så bortetter.

Dette er skuffande fordi eg rett og slett venta meg meir (eller iallfall noko anna) enn ei personleg slankehistorie av ei bok frå forlaget Manifest, ein avleggar av tenkjetanken Manifest analyse. No er det i og for seg ikkje noko gale i å velje ein personleg inngang til eit helseproblem som råkar så mange enkeltpersonar at det er eit helseproblem for heile samfunnet. Dei einaste tillaupa til samfunnsmessig relevans er eit kapittel der han snakkar med eit par politkarar om fedmeproblemet og det som heiter "Rikare og rikare - tjukkare og tjukkare".

Når vi (som samfunn) blir stadig feitare er det sjølsagt folk som tener på det, og når vi (som individ) skal slanke oss, er det sjølsagt óg høve til å tene grovt på det. Den gruppa Fjellanger vel å kritisere er ikkje daglegvarehandelen, matindustrien eller privatbilismen, det er tvert om folk som Fedon Lindberg, Kari Jacqueson og Grete og Jeannette Roede. No er eg heilt med på å kritisere Kari Jacqueson (eit menneske som let til å tru det er eit folkehelsetiltak å stå på eit gatehjørne og rope "TJUKKAS!" etter overvektige), men ein må kunne spørje seg om det er mest moralsk høgverdig å tene pengar på å skape eit problem eller på å hjelpe til med å løyse det.

Nåh. Det verkar iallfall som om det er den personlege skjenselen som er bakgrunnen for denne boka, sidan det er den som får mest plass. Eg veit ikkje korleis det har gått vidare med Kristian Fjellanger, men skal ein ta forfattarstemma hans på alvor er det grunn til å frykte at det har gått anoreksi i guten.


(Her er forresten ein song om Karen Carpenter, som slanka seg i hel)

Eller. Kanskje ikkje. Anoreksi er stadig først og fremst eit kvinnefenomen, og det er ei ung kvinne som har skrive den (truleg sterkt) sjølbiografiske romanen Evig søndag. Boka følgjer kvardagen til ei kvinne som har internalisert omverdas slankepress og ser ut til å vere på god veg til å gå under.


Linnea Myhre heldt på å ende som lik
Di meir eg tenkjer på boka i ettertid, di meir ser eg at anoreksien ser meir ut som ei bisak enn hovudsaka. Kroppen verkar som noko det logande sjølhatet kan henge seg på. Slankinga blir sjølforaktas måte å straffe sjølvet på, lizm. Sånn sett blir boka meir handlande om depresjon og sjølforakt, to ting som heng saman med både fedme og slanking.

Det er nesten overraskande kor like dei to bøkene er i mangt. Personlege (der den eine ikkje burde vere det) og med sterk skamkjensle knytt til å bli sett. Båe hovudpersonane opplever å bli sett på (glodd på), men av grunnar som får dei til å vilje forbli usynlege. Den store skilnaden er at for Fjellanger er vekttapet svært viktig for den fysiske helsa medan det er livstrugande for hovudpersonen i Myhres roman.

For båes del er det elles eit visst håp. Jenta i Evig søndag ser ut til å få god hjelp av terapien, og mykje av siste del av Fjellangers bok handlar om å bli van med den nye kroppen.

Og for å bli personleg att eg óg: Kva kan ein slankar få ut av desse to bøkene? Eller ein ikkje-slankar? For min eigen del kan eg ikkje seie at det var nokre av desse bøkene som fekk meg til å ta meg på tak, eg las dei godt inne i min eigen prosess. Og nett det der med eigen prosess er vel det båe bøkene handlar om. Dei formidlar kvar si erfaring med vekttap frå kvart sitt utgangspunkt. Eg kunne fortalt Kristian Fjellanger at det ikkje hadde vore turvande å svelte seg slik han gjorde, men om eg hadde sagt til Linnea Myhre at ho var plenty tynn nok hadde eg vel berre fått eit velfortent spydig svar. Kan vi no få den personlege boka om vekttap, skam, gruppepress, kosthaldsfanatisme og anoreksi?

mandag 13. januar 2014

Om eldhug og eldtunger

Førre post (den om Magnificent Ambersons) var ei innlevering i eit fag eg tek på HiOA. Dette er ei heimeoppgåve eg leverte våren 2013 i emnet Nynorsk før og no på Høgskolen i Telemark. Det vart vurdert til karakteren A, og er det godt nok for HiT, er det godt nok for bloggen min.

Innleiing

Ein av artiklane på pensum heiter Ikkje utanom Aasen, men over den (Fløgstad 1996) og har undertittelen Nynorsk som romanspråk. Stykket er opphavleg skrive som festtale, og forfattaren ville neppe vore Kjartan Fløgstad om han ikkje ironiserte over undertittelen. Det er berre nynorskingar, seier han, som ville finne på å tinge analysar av det eine eller det andre naturlege språket som romanspråk. Charles Dickens ville aldri blitt beden om å halde ein tale over engelsk som romanspråk, ville han vel?

(Her har eg hug til å skyte inn at ein kan tenkje seg situasjonar eller forfattarar som moglegvis ville hatt litt å seie om spørsmålet. Carl Frode Tiller skal ha sagt at romanane hans ikkje kom nokon veg før han tok til å skrive dei på nynorsk, og Odd W. Surén skriv romanar på bokmål og litteraturkritikk på nynorsk. Ser dei høvesvis styrkar og svakheiter ved nynorsken som romanspråk, og meiner Odd Surén at nynorsk har meir føre seg som litteraturkritikkspråk enn bokmål?)

Nynorsken er eit romanspråk straks det blir nytta i romanar, peikar Fløgstad på. Han tek opp dei forslitne klisjeane bokmålsfolk gjerne lirer av seg: nynorsk passar til lyrikk, nynorsk passar ikkje til aviser osb.
No er det ikkje noko vanskeleg å føre prov for at desse innvendingane har lite med røynda å gjere. Eller, det er forsåvidt sant at nynorsk passar godt til lyrikk, men ikkje på den måten at det passar berre til lyrikk. At nynorsk er eit dugande språk for avisartiklar, romanar og handlelister prover vi ved å bruke det i desse sjangrane.

Det følgjande er meint å vere ein analyse av eit konkret døme på nynorsk språkbruk i roman. Denne typen språkbruk er mogleg på andre språk óg, og er berre spesifikt nynorsk om dette konkrete dømet skulle syne seg uråd å omsetje.

Problemstilling

I det følgjande vil eg gjere ein næranalyse av eit tekstutdrag frå Kjartan Fløgstads roman Grense Jakobselv (2009). Nett dette utdraget framstod ved første lesing som så metta av meining, som eit avsnitt som på same tid var fleirtydig og klart, at eg vart nyfiken på korleis Fløgstad hadde brukt språklege verkemiddel til å skape meining. Sidan metaforane var dei mest iøyrefallande verkemidla (eg høyrte Anderz Eides opplesing av romanen), vil eg starte analysen med å sjå teksten i lys av metaforomgrepet til Lakoff og Johnson (Lakoff 2003) før eg ser Lakoff og Johnsons metaforomgrep i skjæret frå tekstutdraget. Til sist fyller eg ut biletet ved å sjå på samspelet mellom metafor, simile og ordspel slik det kjem fram i tekstutdraget.

Grense Jakobselv

I 2009 kom romanen Grense Jakobselv av Kjartan Fløgstad. Som historisk roman vekte han ein god del debatt om kva friheiter romanforfattarar har eller tek seg i møte med eit historisk stoff, og visse røyster tok til ords for at Fløgstad burde utstyrt romanen med kjelderegister og noteapparat (Ein grei gjennomgang av denne finn vi i Klassekampens nettutgåve for 16 juli 2009). No skriv eg ikkje denne oppgåva for å tilbakevise dette, men analysen min vil likevel kunne styrke dette poenget: Det er den kunstnarlege handsaminga som gjer stoffet til ein roman og ikkje ein historisk spekulasjon. Eit noteapparat ville viska ut skiljet mellom romanprosa og sakprosa og gitt romanprosaen ein ufortent aura av saklegheit.

Kort fortalt dreiar romanen seg om norsk og tysk (og i vidare forstand europeisk) historie frå om lag den nazistiske maktovertakinga i Tyskland til vår tid. Gjennom memoarane til den norske politmannen og juristen Alf Magnus Mayen og den tyske offiseren og juristen Otto Nebelung presenterer Fløgstad eit bilete av det tjuande hundreårets europeiske historie der dei same miljøa og personane sit med både den opne og den løynde makta, tvers gjennom verdskrig, Nürnbergprosessar, kald krig og fram til våre dagar.

I dette biletet inneber ikkje den tyske kapitulasjonen noko eigenleg eller iallfall ikkje varig historisk brot. Om den nazistiske ideologien gjennomsyra det tyske samfunnet frå topp til botnar, var det heile tida representantar for danningsborgarskapen som heldt (og slakka på) taumane, og det var desse same som vart rehabiliterte og gjekk tilbake til høge stillingar etter krigen. Det var ikkje berre Operation Paperclip, der Wehrner von Braun og ein del andre rakettforskarar frå V2-programmet fekk jobbar i NASA, som sytte for resirkulering av kompetanse og personell frå nazitida, heile det tyske statsapparatet så vel som NATO var styrt av den same danningsborgarskapen som hadde hatt kontrollen før krigen.

Handlinga går soleis føre seg over to tidsplan. På det eine følgjer vi først og fremst Otto Nebelung og Paul von Damaskus, offiserar og juristar. På det andre er Alf Magnus Mayen hovudperson, men jamvel her er Nebelung og Damaskus (i lag med andre aktørar frå krigstida) sentrale, heilt i tråd med kontinuitetstemaet i romanen som heilskap.

Samanhang. Analyseobjekt

Dette at alt heng saman er tydeleg jamvel i språket i romanen. Vi har endeleg nådd fram til oppgåvas analyseobjekt, nemleg metaforane og ordspela knytte til eit bokbål i Freiburg i mai 1933. På dette tidspunktet er Otto Nebelung stadig ikkje ein heilt overtydd nazist, men han er sterkt knytt til venen Paul Damaskus, som nett er ein flammande nasjonalsosialist.

No er det sjølsagt ikkje tilfeldig at eg brukar adjektivet flammande. Bokbålet blir referert til iallfall to gongar i løpet av romanen. Første gong er så å seie medan det går føre seg, eller rettare er det direkte fortalt om av Nebelung. Andre gong er det stadig Nebelung som fortel, men då er bokbålet objekt for eit tilbakeblikk nokre år seinare.

I båe høva er eld og tanke nært knytte til kvarandre. Eg kostar på meg eit par tekstutdrag:
Det første er frå sidene 42 og 43. Studentane frå Freiburg går i fakkeltog ut av byen og inn i skogen den vakre vårdagen 11 mai 1933. Utheving av brannord er mi.

Det var grotid, lyset varte lenge, men den tette røyken og oskeflaka frå marxistisk, jødisk og annan kosmopolitisk forfallslitteratur steig mot det klåre blå og var synleg i vid omkrins, før den fall og gjødsla jorda, renska av eldens forandrande og fornyande kraft. Slik blei lufta rensa for boksidene med utarta skrift. Så sa Paul i alle fall, eller rettare sagt: Slik ropte han det ut med stor eldhug. Som om han – som om også han, han av alle – prøvde å skrike sjela si ut av kroppen! Medan han sto slik, og brølte av hol hals, flakka elden mot den karakterfulle profilen hans, eller, for å seia det meir bibelsk, «lyste det braatt eit ljos frå himmelen um honom»? I andletet til Hedwig såg  eg verknaden av orda hans. Lys og skugge, skuggar og lys. Sommarnatta pusta liv i glørne. Medan arka og boksidene fata på ny og brann, tok fleire blant oss til å syngja. Mozart, Schubert, Brahms. Stammens hyl, med Hedwigs lyse sopran overjordisk svevande på toppen. Fleire fall inn, alle song med, alle song ut, i ei ubeskriveleg kjensle av glede over at det gamle gjekk under, og noko nytt blei fødd. Paul Damaskus talte, med andletet vendt mot elden heldt Paul Damaskus ein flammande tale. Die Sprache spricht, og die Sprache sprach. Veden spraka, elden loga, språket tala, og fortærde talaren, som eld fortærde brannofferet han som talte. Ein branntale var det. Paul talte i tunger, han talte i eldtunger. Eldtungene flamma opp frå dei brennande bøkene, og sto ut av munnen på Paul, loga frå munnen til min kloke og forstandige ven Paul Damaskus. Min veloppdragne og kultiverte ven Paul Damaskus. Kalde bøker var blitt varme bøker, var blitt brende bøker, var blitt oske. «Elden er eit symbol, og bør virka som ei oppmoding til heile borgarskapet om å gjera det same som oss, i ei frigjering av tysk ånd.» Slik talte Paul Damaskus, og la til: «Vi krev ein ny tysk litteratur. Heil vår fremste førar! Heil Tyskland!»
Det var første gongen eg såg han i uniform. Å, så vakker han var! Rein som ein flamme. Å, som eg beundra han! Og å, som eg frykta det eg beundra. Evna til å gi seg over, gi seg heilt til noko større enn deg sjølv. Evna til å brenna for noko. Åndskveiken. Denne evna fylte meg med redsle, nei, med angst. Samstundes var eg kua av det fattigslege ved å stå på sidelina og rekne opp innvendingane. Dei var mange. (...) Rett bak Paul kjende eg igjen den lysande gåverike medisinarstudenten Glahn, frå høgborgarlege forhold i Mainz, skinande rein og klår. Dei gløda. Eg sto igjen.


På side 68-69 er Paul og Otto til stades under ei førelesing av ideologen Alfred Baeumler, og Otto minnest at Paul under branntalen på side 42 hadde gjeve uttrykk for mange av dei same ideane med mange av dei same formuleringane:

Dei var i tida, dei var i lufta, dei fenga stadig fleire. Rundt oss i den store forelesingssalen runga «Heil!» som frå eit mektig Wagner-kor. Langt der framme, ved foten av amfiet, såg eg formeleg korleis Paul flamma opp på ny, korleis han blei riven med. Motforestellingane gjekk opp i røyk. Det gjeld også for min eigen del, det lyt eg vedgå. Dei klokaste blant oss hadde kasta dei forelda marxistiske tesene over bord.


I dei to tekstutdraga tel eg om lag to dusin tilfelle av ord og vendingar som har med brann å gjere. I og for seg er det ikkje så rart, med tanke på at det første tekstutdraget fortel om ein tale ved eit bål, og det neste om minnet om det same bålet. Det er óg interessant at dei fleste av desse orda er brukte i overført tyding. Vi har altså å gjere med ei stor mengd metaforar og nokre reine ordspel.

Omgrepsavklaring

Ei grei kjelde til generelle definisjonar av flittig brukte omgrep er leksikon. Iallfall førebels er generelle definisjonar alt eg treng, altså byggjer følgjande avsnitt på Store norske leksikon (snl.no).

Ein metafor er jamfør store norske «et ord eller et uttrykk som brukes i overført betydning» Vidare heiter det at «Det er vanlig å bruke metaforer for å uttrykke abstrakte forhold ved å sammenligne med noe konkret og velkjent». Byggjer vi vidare ut, kan vi tale om ein allegori. SNL seier rett og slett at allegorien er en «utvidet metafor». Litterære døme finn vi hos mellom andre George Orwell, som i Kamerat Napoleon let ein gard der dyra gjer revolusjon vere eit slags analyseverktøy for å seie noko om Sovjetunionen under Stalin. Og for ordens skuld: Eit ordspel er jamfør SNL «spøkefull bruk av enslydende eller likelydende ord».

Jamvel om ein allegori som utvida metafor nesten plent må innehalde fleire separate metaforar er det ikkje slik at kvar samling av slike er ein allegori. Det er til dømes nokså openbart at tekstutdraga over her ikkje utgjer nokon allegori. Kva er det så?

Til no har vi sett på metafor som eit reint litterært verkemiddel. Det er sjølsagt vanskeleg å sjå på verkemiddel i litteraturen som noko anna, men vi kan jo forsøke likevel. Lingvisten George Lakoff og filosofen Mark Johnson skreiv i 1987 (norsk  utgåve 2003) boka Hverdagslivets metaforer, der dei argumenterar for at ikkje berre det litterære språket, men jamvel daglegspråket er gjennomsyra av metaforar i så stor grad at vi i prinsippet tenkjer i metaforar om ein heil del fenomen, eller sagt på ein annan måte: Det er uråd å tenkje og tale utan å bruke metaforar.  Gjennom døme viser dei at metaforar heng saman meir eller mindre i heile tankesystem gjennom omgrepsmetaforar som TID ER PENGAR og DISKUSJON ER KRIG. Under kvar av desse overordna omgrepsmetaforane lister dei opp ei rad faste uttrykk som viser at det er vanleg å tenkje på og snakke om diskusjon på same måte som vi snakkar om krig og om pengar på same måte som vi snakkar om tid.

Dersom vi kan gå ut frå at omsetjar Mie Hilde ikkje har funne på eigne døme i utstrekt grad, er det påfallande at desse klasene med metaforar fungerer like godt på engelsk og norsk. I staden for å liste opp dei underordna metaforane frå boka er eg frista til å komme med mitt eige døme: SKJØNNE ER HALDE FAST. Ord og uttrykk som fatte, begripe, omgrep (og det bokmålske begrep, naturlegvis) handlar alle om både det å halde objekt fast med handa og tankeverksemd/forståing. Motsett snakkar vi om manglande forståing ved å seie at vi ikkje fekk tak i det eine eller hitt, at noko gjekk forbi eller over hovudet på oss slik at vi ikkje fekk tak i det. Ein kan ta eller ikkje ta eit poeng. I slekt med desse er nok uttrykk som dreiar seg om knaggar å henge kunnskap på (presumptivt etter at ein har fått tak i det).

Grense Jakobselv og metaforane

Det er fristande å forsøke å sjå tekstutdraget frå Grense Jakobselv i samband med denne forståinga av metaforar. Rettnok er språket hos Fløgstad eit utprega litterært/poetisk/bilderikt språk, men nett difor er det mykje som tyder på eit sterkt medvit om kvardagsspråket, om medviten bruk av språket.

Dessutan er det tidleg i romanen eit døme på utlegning av metaforomgrepet. Otto Nebelung og Paul Damaskus er gymnaselevar under rektor Gebhard Himmler som tek over ein gresktime og manuduserer over ordet metafora
som var gresk og tydde overføring, først og fremst i praktisk, elementær forstand, slik ein framleis kunne møta det i dagens Hellas. Overgangen frå ei jernbanelinje til ei anna. For den som tok seg bryet med å læra.
(side 17)

Her ser vi altså at sjølve fagtermen metafor i utgangspunktet er eit døme på seg sjøl.

Korleis passar innsiktene til Lakoff og Johnson på vår passasje frå Grense Jakobselv? For å finne ut det, må vi sjå etter om vi finn noko anna felles enn eld i metaforane og ordspela i tekstutdraget.  Eg startar med å sortere dei orda eg har utheva i utdraget, i første omgang etter om dei skal forståast bokstavleg eller metaforisk:

  • Røyken og oskeflaka Først og fremst bokstavleg
  • Eldens forandrande og fornyande kraft Først og fremst metaforisk
  • Eldhug Synonymt med sterk iver. Uttrykket er metaforisk.
  • Flakka elden Bokstavleg, her blir Paul opplyst (iallfall bokstavleg) av skjæret frå elden
  • Sommarnatta pusta liv i glørne Her har vi eit døme på besjeling. Glørne kan vere metaforiske eller bokstavlege.
  • Med andletet vendt mot elden Om glørne frå i stad er metaforiske, er det lettare å lese elden Pauls andlet er vendt mot som ein metafor for tilhøyrarane.
  • Ein flammande tale Metaforisk.
  • Veden spraka, elden loga Del av et ordspel. Språket (Die Sprache) talar og sprakar. Dette biletet kjem eg tilbake til seinare i oppgåva.
  • Som eld fortærde brannofferet han som talte Denne similen er kompleks. Det er i regelen brannofferet som blir fortært av elden, men her er det brannofferet som fortærer talaren. Kva eller kven er brannofferet? Det kan vanskeleg vere anna enn veden, altså bøkene.
  • branntale Dette må vere ei nydanning. Ein branntale kan forståast som ein tale til ein brann, ein tale ved ein brann, ein tale av ein brann eller ein tale halden av ein talar som er gripen av eldhug.
  • Eldtunger Denne metaforen høyrer til daglegspråket, men får ekstra vekt her. Vanlegvis er ordet synonymt med flammar, og både flammar og eldtunger kan (stadig i daglegspråket) sleike. Det er derimot ikkje vanleg at eldtunger taler. Uttrykket Å tale i tunger skriv seg som kjent frå Apostelgjerningane, då disiplane (frårekna Saul, som først blei Paul etter å ha vore i Damaskus) fekk den heilage anden over seg, i form av eldtunger.
  • Eldtungene flamma opp frå dei brennande bøkene Iallfall på overflata bokstavleg
  • (eldtungene) sto ut av munnen på Paul, loga frå munnen metaforisk
  • Kalde bøker var blitt brende bøker Tvitydig
  • oske det naturlege sluttresultatet av ein brann. Det må elles vere lov å merke seg at sekvensen starta med oskeflak og går mot slutten av episoden.
  • Elden er eit symbol Det må ein jo vere samd i
  • Rein som ein flamme Simile
  • Å brenna for noko Metaforisk uttrykk frå daglegspråket. Å vere veldig ivrig på vegner av noko, ha eldhug for noko.
  • Åndskveiken Gi meg de brennende hjerter
  • Lysande Metaforisk. Eigenskap ved eld.
  • Dei gløda. Metaforisk. Glahn og Damaskus er overtydde nazistar som har slik ein åndskveik at det lyser av dei.

Tjue sider seinare ser Otto Nebelung tilbake på hendinga med bokbålet og hentar fram att brannmetaforane på nytt.

  • Paul flamma opp på ny Metaforisk. Paul vart like ivrig som den gongen.
  • Motforestellingane gjekk opp i røyk metaforisk, naturleg nok. Å gå opp i røyk er å verta til inkjes.
  • Dei forelda marxistiske tesene Dette er eit nytt ordspel. Marxistiske teser er fortærte av eld meir enn dei har vorte for gamle.

Denne oppteljinga viser at det slett ikkje berre er metaforar mellom dei språklege bileta, så vi kan iallfall seie at jamvel om Lakoff og Johnson kan vere til hjelp, kan dei neppe seie alt om korleis Kjartan Fløgstad let språklege bilete av eld og flammar fylle teksten med fleirtydigheit. Men kan vi snu om på spørsmålet? Kan vi ved hjelp av Fløgstads tekst identifisere ein eller fleire omgrepsmetaforar?

I så fall må vi finne noko som er sams mellom dei tinga som blir representerte ved eld eller flammar. Om vi tek utgangspunkt i eldhug  og prøver oss med HUG ER ELD er det kanskje greit å starte med ordboksdefinisjonen av hug. Nettutgåva av Nynorskordboka har følgjande tydingar: Sinn, tankar, lyst, trå, dragnad. Dette passar med eldhug, å brenna for noko, åndskveiken og dei gløda. Vi kan kanskje føye til Paul flamma opp på ny om vi reknar denne setninga som ein metafor der første lekken (Paul) er ein metonymi, altså eit uttrykk der ein ting blir uttrykt ved hjelp av noko som står i samband med det (Her: Paul for hugen hans. Andre stader: Segl for skipsflote i Brede seil over Nordsø går, Blindern for Universitetet i Oslo osb).

Det første eg ser her er at jamvel om det kan sjå ut til at HUG ER ELD kan vere ein slik omgrepsmetafor er denne innsikta ikkje nok til å få noka fullstendig forståing av måten Fløgstad skapar meining ved hjelp av språklege bilete. Det er likevel ein god start. Om vi nyttar dette som utgangspunkt og reknar tale for å vere uttrykk for hugen, finn vi fort at tekstutdraget inneheld fleire samanstellingar av tale/språk og eld.

Først og fremst held Paul ein flammande tale. Dette er eit fast uttrykk, med varianten eit flammande innlegg (i ein debatt). Meir abstrakt kan eit innlegg vere ein brannfakkel, men denne varianten finn vi ikkje i Grense Jakobselv. Eit av dei mest komplekse språklege bileta i teksten er det følgjande: Die Sprache spricht, og die Sprache sprach. Veden spraka, elden loga, språket tala, og fortærde talaren, som eld fortærde brannofferet han som talte. Ein analyse av desse to setningane kan ta til med ordspelet: dei tyske orda sprache og sprach (språk og snakka) er snarlike onomatopoietikonet sprake, altså den lyden flammane lagar i veden og substantivet språk. I andre norske tekstar ville ein tru at klangleg likskap med tyske ord gjorde ordspelet heller søkt, men sidan dette bålet finn stad i Tyskland mellom medlemmar av den tyske danningsborgarskapen og representerer ein freistnad på nett å drive røkt av det tyske språket og den tyske kulturen fell dette ordspelet naturleg her. Ordspelet er vidare ei slags utviding av HUG ER ELD-metaforen, i det at både språket og elden sprakar, slik at talen Paul held metaforisk sett får same fornyande og forandrande kraft i samfunnet som den konkrete elden har på dei konkrete eksemplara som blir brende. Og no har vi berre halde oss til den upålitelege forteljarens tolking av eldmetaforen. Vi som ikkje er nazistar vil truleg heller sjå på elden som ei øydeleggjande enn som ei fornyande kraft.

(Ein parallell til dette ser vi seinare i romanen, der Otto Nebelung gjer greie for tortur av krigsfangar forstått som avhøyrsteknikk: Slik SS-offiseren forklarar det, er det torturisten som søkjer sanninga medan fangen finn frelse i løgna)

Med denne bakgrunnen er det letttare å forstå ei nydanning som branntale, med all den tvitydigheita eg har vore inne på tidlegare. Slik får det metaforiske synonymet for loger, eldtunger, óg fornya kraft. Særleg når tungetale óg kjem inn i biletet blir allusjonen til Apostelgjerningane påfallande. Når disiplane får ånda over seg, tek dei til å tale i tunger, altså tale språk dei ikkje har kunna. Dette må forståast som at det er ånda som talar gjennom dei, og om vi overfører denne forståinga til bokbålet utanfor Freiburg kjem vi nærare ei meir fullstendig forståing av tekstutdraget.

Dersom Paul, talande i eldtunger, held ein branntale der språket sjøl lyd som logande eld i det det er språket, snarare enn talaren som talar og fortærer talaren har vi eit sterkt bilete av korleis ideane som kom til uttrykk ved eit bokbål kunne spreie seg og sette Europa i brann. Allusjonen til utsendinga av apostlane styrkar inntrykket, om vi ser tilhøyrarane til branntalen som analoge til disiplane blir det lettare å forstå kvifor vi av og til i tekstutdraget får inntrykk av at det fatar i tilhøyrarane så vel som i bøkene som brenn og talaren sjøl. Når sommarnatta pustar liv i glørne er det stemninga som bidreg til å gjere tilhøyrararane til overtydde nazistar.

Ideen om å forstå sjølve det nazistiske tankegodset som ein brann (for nazistane sjøl forstått som ei fornyande kraft, for andre som den destruktive lauselden) blir styrkt når vi tjue sider seinare ser Paul flamma opp på ny når han sjøl er vitne til ein tale. Det er óg når eit ideinnhald er ein brann det gir meining å seie at motførestellingar går opp i røyk. Det er omgangen med ordspel, metaforar og andre verkemiddel som overtyder meg om at ordet forelda er valt med omhug. Om vi forstår ordet på den vanlege måten uttrykkjer Otto Nebelung her at dei marxistiske tesene har vorte for gamle og ikkje lenger passar i den nye tida. Om vi i tillegg hugsar brannmetaforane forstår vi at det er meir enn alder som har gjort Marx uaktuell.

Uttømmande

I dei føregåande avsnitta har eg vist at om ein kjem eit stykke i den litterære analysen med Lakoff og Johnsons teoriar om metaforar i daglegspråket, er det likevel berre ein start. Når eg i tekstutdraget har peika på similar, metonymi og ordspel som bidragsytrarar til ein slags enorm samlemetafor (somk eg stadig nøler med å kalle ein allegori) har det slått meg at det som ofte ser ut til å vere Fløgstads mål i skrivinga så å seie er å tømme språket, å kryste så mykje meining som mogleg ut av dei orda han har til rådvelde. Nokre gongar tek det den forma vi har sett i denne oppgåva, andre gongar (som på side 66) tek det meir karakter av oppramsing av samhøvet mellom ulike omgrep (her lærdom og kjærleik)

Vi skålte fordi vi var på veg til Rikshovudstaden, til maktsentret, til det nye Anti-Jerusalem, der makta og æra, men også kjærleiken og lærdommen, for ikkje å seia kjærleiken til lærdommen, venta på oss. Om det då ikkje var kjærleiken som skulle gi oss nye og dyrkjøpte lærdommar, for ikkje å seie gi oss begge ei lekse.

Oppsummering

Eg har i løpet av denne oppgåva erfart at Lakoff og Johnsons teoriar om daglegspråkets metaforar har avgrensa, men likevel merkande nytte i analysen av metaforrikt romanspråk.

Litteratur

Fløgstad, Kjartan (2009) Grense Jakobselv. Roman Oslo: Gyldendal.
Lakoff, George og Mark Johnson (2003) Hverdagslivets metaforer  (Norsk utgåve av Metaphors we live by, 1980) Oslo: Pax.

fredag 20. desember 2013

The Magnificent Ambersons i tre media

The Magnificent Ambersons er truleg mest kjent som tittelen på ein film av Orson Welles, men filmen er ein adaptasjon av ein roman av Booth Tarkington. Minst kjent er truleg radioteateradaptasjonen Welles gjorde nokre år før han lagde filmen. Eg skal i det følgjande presentere dei tre manifestasjonane av denne soga i kronologisk orden.

Romanen

Det er grunn til å tru at Booth Tarkington (1869 - 1946) i den grad han er hugsa i dag er det som forfattar av førelegget til Orson Welles' andre film. Sjeldan høyrer ein noko særleg om den øvrige (nokså omfattande) produksjonen hans, medrekna dei to andre banda i den trilogien der Ambersons er andre band.

Booth Tarkington. Foto frå Wikimedia Commons.

Dette bandet kom ut i 1918 og vart raskt både ein prisvinnar og ein bestseljar. Boka kan beskrivast som ei blanding av familiesoge og sosialhistorie, der familien Amberson går frå å vere den vesle byens rikaste og mektigaste til å bli anonyme innbyggjarar i storbyen. Parallelt med Ambersonfamiliens fall veks bilindustrien og med den byen.

På det personlege planet handlar boka mest om Georgie Amberson Minafer, einaste son og siste ledd i familien, mor hans, Isabel Amberson, og hennar ungdomskjærast Eugene Morgan. Forholdet mellom dei tre er eit kjærleikstriangel, der båe mennene elskar Isabel til fortrengsle for kvarandre, og der Isabel elskar båe mennene på eit vis som gjer at ho mister seg sjøl.

Georgie er ein bortskjemt gut som slett ikkje har planar om å gjere anna enn å leve på ein formue han ikkje har gjort det spor for å skape og knapt er interessert i å lære seg å halde ved like. Han er intenst oppteken av ære og rykte, og ser på det som skandaløst at mor hans (som på dette tidspunktet er enke) skal bli oppfatta som kjærasten til Eugene Morgan. At han sjøl er forelska i Lucy Morgan, Eugenes dotter, står ikkje i vegen for prinsipprytteriet hans.

Isabel Amberson er gjennom delar av boka gift med Wilbur Minafer, ein stødig men litt keisam mann ho valte framfor Eugene etter at sistnemnte gjorde ein faux pas som gjekk hardt ut over ein kontrabass. Sidan ho umogleg kan elske Wilbur (seier folkesnakket), gjev ho all kjærleiken til den einaste son sin og skjemmer han på det viset bort. Når ho ligg an til i mogen alder å finne lukka med Eugene bøyer ho seg for sonens vilje og reiser bort med han, og øydelegg dermed lukka for seg sjøl, Eugene og for så vidt Lucy og Georgie.

Eugene Morgan er i mangt den mannen som er årsaka til byens endring og vekst. Etter nederlaget med Isabel forlet han byen, og når han kjem att etter eit snes år er det som enkjemann med ei dotter og som bilfabrikant og industrimagnat in spe. At han er "self-made" er noko av det Georgie hatar aller mest ved han, men for alle som ikkje er urimelege er Eugene ein likandes kar, ein reflektert og storsinna type som er i stand til å sjå det gode i jamvel Georgie.

Rundt desse har romanen sjølsagt eit større persongalleri. Andre medlemmar av Amberson-klanen er overhovudet Major Amberson, Isabels (barnlause) bror Jack og like barnlause bror Sidney, som rettnok berre er til stades som kravstort fråver. Wilbur Minafer har systera Fanny, ei stakkars evig peppermøy som sjøl er forelska i Eugene Morgan, men ute av stand til å påverke han.

Det er óg viktig å understreke at romanen har sterke kvalitetar som litteratur. Mange stader kan miljøskildringane verke i overkant ordrike, men ved nærare ettersyn vert det klart at dei er viktige element i ein særs tett og velintegrert tekst. Utvalet av episodar og dialogen i dei gir eit godt inntrykk av eit handlingsforlaup på iallfall tretti år, og både miljø- og personteikningar er livlige og truverdige. Skal ein kritisere romanen, må det vere for den heller flate slutten, der Georgie og Eugene blir forsonte ved hjelp av eit medium.



Radioteaterstykket

Orson Welles (1915 - 1985) adapterte The Magnificent Ambersons to gonger; først som radioteater i 1939 (29 oktober) og så som spelefilm i 1942. Om ein skal sjå reint kvantitativt på det, er det grunn til å tru at Tarkington var ein av yndlingsforfattarane hans (og vi har for så vidt hans eigne ord for det i intervjuboka This is Orson Welles (Welles 1992), der det óg står at Tarkington kjente Welles' far og at sistnemte i nokon grad var modell for Eugene Morgan). I løpet av perioden som radioteatersjef for Mercury Theatre on the Air og Campbell Playhouse framførte Welles tre stykke etter førelegg av Tarkington, like mange som av Dickens og fleir enn av Edna Ferber.

Den 21 år gamle Welles i 1937. Foto: Carl van Vechten. Frå Wikimedia Commons.


Den som høyrte sendinga til Campbell Playhouse 22 oktober 1939 (då var stykket Liliom av Ferenc Molnar) må óg ha fått inntrykk av at Welles var glad i Ambersons. I meir enn den tida det vanlegvis tok å annonsere neste vekes stykke les Welles nærmast vellystig frå første kapittel av romanen, og det er vanskeleg å tenkje seg korleis den rike prosaen skal bli overført til eit radioteaterstykke på om lag tre kvarter.

Men det må vere lov å seie at Welles gjorde ein heiderleg innsats. Som bearbeidar av andres stoff til eigne manus var han nådelaus, og viste i svært mange høve (ja, eg har høyrt alle som er tilgjengelege, sjå denne posten, og denne andre posten, tredje post om same tema og til sist fjerde post.) vilje og evne til å skjere historia inn til beinet, finne essensen og så la dei scenene som var naudsynte få den tida og plassen som var turvande. (Jamvel om det óg finst eksempel på at materialet var for mykje sjøl for vidunderbarnet Orson Welles. Dømesvis er Huckleberry Finn, Jane Eyre og A Tale of Two Cities berre bleike skuggar av førelegga sine.)

Med dette in mente er det lett å forstå at det er radioteaterutgåva som har det minste persongalleriet. Ikkje berre er Sidney borte, det same er Fanny Minafer. Mykje av oppvoksteren til Georgie er sløyfa, og han går rett frå å vere ein ufordrageleg tiåring til å bli ein ufordrageleg tjueåring.

Det som verkeleg er imponerande er kor tett opp til romanen denne adaptasjonen likevel ligg. Miljøskildringa som eigna seg så godt til opplesning og iallfall tilsynelatande så dårleg til dramatisk framføring har likevel vore grunnlag for eit anslag som let radioteater og roman likne kvarandre. Det vesle som var av indirekte tale i miljøskildringa har fått replikkform, og replikkane har i så stor grad som råd vorte lagde i munnen på personar vi møter att seinare.

I radioteateret er ein allvitande forteljar som står utanfor soga meir av eit akseptert grep enn i filmen, og jamvel i Magnificent Ambersons finn vi ein slik. Han seier tidleg at mange i byen lengtar etter den dagen den bortskjemte Georgie skal få sin bekomst (comeuppance), og peikar mot slutten på at det har han fått, til gagns.


Filmen

The Magnificent Ambersons var den andre filmen Orson Welles skreiv og regisserte, og har i kraft av å vere ein Wellesfilm ein spesiell plass i filmhistoria. Filmskaparen Welles hadde teater- og radioteaterskaparen Welles' rykte å leve opp til (frå scenen var mellom anna ei oppsetjing av Shakespeares Julius Cæsar i moderne kostymer og den såkalte Voodoo Macbeth kjente, og nokså nøyaktig eit år før Magnificent Ambersons vart sendt på radio hadde teatergruppa hans sendt den vidgjetne oppsetninga av HG Wells' The War of the Worlds, ei sending vi med ein viss rett kan hevde er den mest vidgjetne radiosendinga i historia.), og no i ettertid kan vi seie at han lukkast.

Filmplakat. Bilete: Wikimedia Commons


Debuten som filmregissør (og -produsent og -forfattar) fekk han med Citizen Kane i 1941, og om filmen ikkje var ein umiddelbar suksess har han i ettertid blitt ståande som ein av dei aller beste filmane som finst. Diverre var Kane óg den siste filmen Welles hadde kunstnarleg kontroll over, og soga om Magnificent Ambersons er i mangt og mykje ei soge om utidig innblanding frå eit studio som febrilsk forsøkte å få noko att på ei alt for stor investering.

Filmen vart klipt ned og om etter at Welles hadde reist til Sør-Amerika for å spele inn eit par andre filmar, og for å tette dei verste hola vart nye scener spelte inn. VF Perkins (2008) har rekna seg fram til at det iallfall manglar femti minutt av Welles' film i den versjonen vi har i dag.

Likevel gir det meining å handsame iallfall det vi har som (delar av) Welles' visjon av ei filmatisering av romanen. Iallfall anslaget er i stort slik Welles hadde tenkte det, og i denne presentasjonen har vi ikkje stor bruk for så mykje meir av filmen.

I høve til radioteaterversjonen er persongalleriet utvida. Sidney og frue er stadig ikkje å sjå, men Fanny Minafer har fått ein framståande plass i soga denne gongen. Den allvitande forteljaren er med, men han held seg meir i bakgrunnen enn han gjorde i radio.

Filmen startar med forteljarens stemme mot svart bakgrunn, og når biletet tonar inn ser vi eit nokså fjernt totalbilete av Amberson-huset. Det er langt nok frå kamera til at transportmåtar får plass i biletet, og avstanden er vidare med på å forsterke inntrykket av denne delen av filmen som oversyn og innleiing. Årstidene skifter, men huset står på same plass i biletet.

Ein viktig del av miljøskapinga i romanen er skildringa av ikkje berre byen og skikkane, men óg kles- og andre moter. Her blir denne oppgåva delt mellom forteljaren på lydsida og ein skodespelar (Joseph Cotten) vi snart skal forstå førestiller Eugene Morgan på bildesida. Med ein enkel montasjesekvens klarer Welles å gjenfortelje femti sider på tre minutt (fritt sitert etter Perkins 2008), og då har han i tillegg innført ein tidleg bil som farkost for Eugene Morgan.

Georgie Amberson Minafer blir introdusert ved omtale - folkesnakket som meiner han vil bli bortskjemt - og gir straks vi får sjå han folkesnakket heilt rett. Ei scene der han som tiåring yppar til slagsmål og bed ein prest om å reise til helvete er med i samtlege tre inkarnasjonar av soga, jamvel om det føreslegne reisemålet er sensurert i radio og på film, høvesvis ved plutseleg musikk og eit brått klipp.

Ved å introdusere Georgie først etter at det har vorte antyda at det er noko mellom Isabel og Eugene har Welles rydda opp i kronologien i ei historie som uansett er fortalt retrospektivt, samstundes med at han har flytta fram romansen mellom Isabel og Eugene.

Oppsummering

Orson Welles' to adaptasjonar av same roman utgjer eit godt utgangspunkt for å studere adaptasjonsstrategiar i ulike media, samstundes som både roman, radioteaterstykke og film byr på kvar sine lesar-, lydar- og sjåargleder.

Litteratur etc


Primærlitteratur
Tarkington, B.: (1918) The Magnificent Ambersons New York: Doubleday. Lasta ned som ebok frå Project Gutenberg (http://gutenberg.org)

Sekundærlitteratur
Perkins, V.F. (1999) The Magnificent Ambersons London: British Film Institute
Welles, O., Peter Bogdanovich og Jonathan Rosenbaum (1992) This is Orson Welles London: HarperCollins

Radioprogram
Welles, O. (regissør) (1939, 22 oktober) Campbell Playhouse: Liliom
Welles, O. (regissør) (1939, 29 oktober) Campbell Playhouse: The Magnificent Ambersons

Film
Welles, O. (regissør). (1941) Citizen Kane [35 mm-film] USA: RKO Pictures
Welles, O. (regissør). (1942) The Magnificent Ambersons. [DVD] Storbritannia: Universal Pictures