tirsdag 4. februar 2014

Ting som går mot slutten

Det er sikkert mangt eg blir ferdig med denne veka, men det er to som kjennest signifikante nok til at eg har hug til å markere dei med litt meir enn ein FB-status. Den eine tingen er gjennomhøyring av Don Quixote på lydbok, den andre er vikariatet mitt som bibliotekar (det er det som står i arbeidsavtalen) på læringssenteret på Sandefjord VGS.

Desse to tinga markerer korkje slutten på leselista eller bibliotekkarriera mi, eg er nemleg i gang med andre bøker og eit nytt vikariat på ein ny vidaregåande alt no. Likevel er dette eit greit høve til å sjå tilbake, så denne posten kjem til å handle litt om (nokre av) dei bøkene eg har lese (først og fremst) i den tida eg har hatt Don Quixote i øyret og litt om noko av det eg har sett/lært/opplevd medan eg har jobba på Sandefjord vidaregåande.

Bøker

Don Quixote er sjølsagt ei forvitneleg lesaroppleving i seg sjøl. Utgåva eg høyrer på har eg skaffa gjennom Audible, og det vart nett den boka fordi eg nyleg hadde mora meg kosteleg med Mark Twains bøker om Tom Sawyer og Huckleberry Finn. Ut frå det vesle eg visste om Don Quixote frå før tenkte eg at Tom Sawyer slik han framstår på slutten av Huckleberry Finn (forresten: dei to av Twain høyrte eg óg som lydbok. Tom Sawyer vart nokså dårleg framført av Dick Hill, medan Elijah Wood gjer ei makelaus opplesing av Huckleberry Finn) har mykje sams med Don Quixote. Båe har jo fått litt for gode idear av dei litterære vanane sine, lizm. Iallfall: Det er John Ormsbys engelske omsetjing eg høyrer på, framført av Roy McMillan. Han les godt, med tydelege røyster til kvar av karakterane, god bruk av dialekt og i all hovudsak overtydande uttale av spanske ord og namn.

Det er mykje stygt å seie om Audible, men mykje pent óg.
Alt då eg hadde høyrt eit par dagar fann eg at eg måtte ha komme lenger enn alle andre som har prøvd seg på denne klassikaren. Har du nokon gong høyrt nokon snakke om Don Quixote som noko anna ein ei bok om ein kar som kjempar mot vindmøller? Kjem du forbi åttande kapittel (av om lag 150) har du fått med deg vindmøllene. Bibliotekfagleg er det nok likevel kapittel seks (du skal til side 53) som er mest gjevande, der går nemleg soknepresten og barberen gjennom boksamlinga til Don Quixote og kasserer med hard hand. Elles rommar boka mykje meir enn iallfall eg trudde på førehand. Særleg dreg det seg til i andre del, når riddaren og væpnaren hans møter folk som har lese første del av boka om dei, og mot slutten jamvel folk som har lest ein piratversjon (eller kanskje rettare ei fanfic-utgåve) av andre band. Reprise av Tristram Shandy og Jeppe paa Bierget (for skuld dei kapitla der Sancho Panza er guvernør, som minner meg om Jeppe i baronens seng) kjem inn på leselista etter denne.

Dei siste par dagane har eg óg lest eit par rockebøker. På to av dei ti øvste plassane på Morgonbladets topp 100 fann vi Kjøtt med den derre tolvaren sin og The aller værste! med Materialtretthet. No har det seg slik at nett Materialtretthet har blitt spelt særs mykje under skyssing av avkom til skule og barnehage (han på åtte er glad i Dødelige drifter, ho på fem elskar Må ha deg), så det var med stor interesse eg las Yngve Knausgaards vesle bok (under 80 sider) om denne herlege plata. Diverre var ikkje boka noko særleg, knapt meir enn heilt grei. Fakta og historier har fått for liten plass og personleg forhold til skiva for stor. Det er ingen blogg, Knausgaard, det er ei bok. Fint å få stadfesta at Madness hadde vore inspirasjonskjelde, då.

Kjøttboka var betre enn Materialtretthetboka, men handla ikkje om plata med det mest ikoniske omslaget
Då var det heldigvis annleis med Bernt Erik Pedersens bok om Kjøtt. Den drevne musikkjournalisten har nok mykje pent å seie om plata, men veit at det er bandet og musikken som er det interessante her. Analysane av det lyriske innhaldet i låtene er litt over middels, medan det historiske stoffet er veldig bra, veldig fascinerande. Med tanke på Inger Margrethe Gaarders lærebøker i kristendomsfaget burde det ikkje vere sjokkerande at den mest talentfulle sonen hennar, Helge, kom frå ein såpass kristen heim at han hamna i ten sing-rørsla, men ikkje berre opplyser Pedersen om dette, han har utfyllande bakgrunnsstoff som tyder på at dette ikkje var ein unaturleg start for ein avantgarde-rockar. At Michael Krohn har henta lyrisk inspirasjon frå Øystein Sunde var definitivt meir av ei overrasking enn at han er glad i Ramones.

Det aller beste med boka er likevel kor sterkt forfattaren går i rette med Trygve Mathisens irriterande historiske gjennomgang av den norske pønkescena, Tre grep og sannheten. Myteskapinga TM driv med der er så eklatant at ein hadde venta betre frå Jack Black-karakteren i School of Rock. Pønken var opprør og musikken fram til pønken var så keisam atte bare hjælp, pønken representerer berre brot og på ingen måte kontinuitet. Pedersen viser at dette biletet er altfor unyansert i det han viser til dømesvis Dag F. Gravems historiske forsking. Hurra!

Denne boka har komme med mange omslag, dette ser det ut til å vere Rune Johan Anderson som har teikna.
Vidare har eg (endeleg) lest Egalias døtre av Gerd Brantenberg. I løpet av dei tre månadane eg var norsklærar rakk eg å bruke første kapittel av denne romanen i undervisninga, og eg trudde jo ærleg talt eg kjente boka ganske godt. Og det gjorde eg forsåvidt, men eg hadde inga aning om kor grundig og heilskapleg romanen/satiren/analysen var. Når boka startar med språket (kvinnesker, dam istf. man osb) er det for å venje lesaren til korleis språket i romanen funkar like mykje som for å understreke det fundamentale i at språket styrer korleis vi tenkjer om kjøn og i grunnen alt anna. Særleg genialt er det likevel korleis Brantenberg konsekvent viser at det vi er vane med å sjå på som naturlege følgjer av biologiske skilnader ikkje er stort meir naturleg enn eit samfunn der kjønsrollene er dei motsette av dei vi spelar ut dag ut og dag inn. Lesinga var rett og slett ein sann svir, og eg blei ein god del klokare. Eg har i alle år rekna meg som feminist, men no har eg ei djupare forståing av kvifor eg er det. Lest på Bokhylla.no, ein nettressurs eg blir meir og meir glad i for kvar dag som går.

Kaffislabberas, der altså,
Dessutan fann eg ei oppskrift på eplepai på side 167. Litt mangelfull med tanke på mengd og temperatur og slikt, men neimen om ikkje dette gir ide til ein matblogg. Nasjonallitterær bakeblogg eller sånn? Hmmm...

Litt fantasy har det óg vorte parallelt med Don Quixote. Siri Pettersens Odinsbarn hadde eg starta på for lenge sidan, men det tok ein togtur på eit par-tre timar å verkeleg komme i gang. Om det er mi eller boka si skuld skal vere usagt, men for min del verka det ikkje å lese eit kapittel eller to på senga kvar kveld. Først etter sånn 150-200 sider vart det nok fart i sakene til at boka rett og slett vart vrien å legge frå seg. (Det hjelpte sjølsagt å følgje forfattaren på Twitter og Goodreads, ein torer knapt anna enn å lese ferdig bøkene når den som har skrive dei er spent på tilbakemelding. Ny røynsle, det der.) No gler eg meg til neste bok, eg som alle andre.

Derimot lurer eg på å gje opp før eg er halvvegs i andre bok om Loric Legacies. I Am Number Four var lettlesen, men litt vel fluffy. Når folka berre kan trylle seg ut av problema spelar liksom ikkje logistikken rundt vanskane deira så stor rolle lenger, og då kan det i grunnen vere det same med heile greia.

Ein annan nedtur var Busemannen av Knut Nærum og fire andre forfattarar. Ja, eg flirte (og flirer stadig) av tanken på Undervannsbirken (med start på Rena og målgang i Sarpsborg), og å sende dykkartroppen frå Røros med buss for tog for helikopter verka jo unekteleg litt tungvint. No er nok målgruppa lesarar som faktisk har teke seg bryet med å lese Jo Nesbø (og det har ikkje eg), men eg har ikkje lese Dan Brown heller og flirte nok åtti prosent av tida medan eg las Madonnagåten av tre av dei same forfattarane.

Karriere

(Sidan det ikkje først og fremst er jobben eg har ein blogg å synse lettvint om blir dette ikkje så veldig langt. Eg ville berre markere dette med meir enn ei facebookoppdatering, som sagt var)

Ja, det er jo ikkje karriera mi som går mot slutten (insj allah). For å vere heilt ærleg kjenner eg det (endeleg) som om eg er i gang med ei slik ei no som den første ordentlege bibliotekjobben min ebbar ut og eg er halvvegs i bibliotekarutdanninga. Heldigvis er eg i gang med eit nytt vikariat allereide, slik at vemodet eg kjenner ved å vere på veg ut av læringssenteret på Sandefjord VGS er dempa av spent forventning og pågangsmot i den nye jobben.

I løpet av vikariatet har eg lært ein heil masse i tillegg til at eg har fått stadfesta ein del oppfatningar eg hadde på førehand. Dei daglege, praktiske gjeremåla får ein jo som (fjern)student ikkje det heilt faste grepet på, så eg har hatt stor nytte av månadane her. Det som står sterkast når eg no er på veg ut er likevel den store gleda eg har hatt av denne tida. Eg skal avgrense meg til å nemne tre ting særskilt:

Her ser vi a: utsikta frå skranken, b: ryggen til ein elev og c: ein av dei mangslungne arbeidsoppgåvene ein har i eit læringssenter.
For det første har den kollegiale felleskapen på læringssenteret vore om lag så heilmaks som ein kan håpe på. God tone, fin fordeling av arbeidsoppgåver og bra med tillit til den nye fyren har gitt meg ideal å strekke meg etter når det gjeld kollegial framferd.

For det andre har det vore ei stor glede å ha med elevar å gjere, særleg sidan eg har hatt høve til å hjelpe dei med oppgåver dei har blitt tildelt av andre framfor å måtte be dei gjere ting dei kanskje ikkje var så veldig ivrige etter å halde på med. Også så moro det er når unge folk plutseleg blir hekta på lesing eller går frå å berre skrive dikt til å lese dikt óg!

For det tredje og pretensiøsaste: å kassere bøker blir meiningsfullt både på det personlege planet og langt ut over det når ein kan vende seg til hyggelege folk i Nasjonalbiblioteket for å tilby utgåtte dokument eit nytt liv i depotbiblioteket og soleis bidra til nasjonens medvit og minne.

Nemleg. I den nye jobben er eg pt i gang med omfattande rutineoppgåver og må passe meg for ikkje å bryte ut i song og forstyrre dei andre. Det er jaggu gildt å vere på rett hylle, folkens!