fredag 25. april 2014

Hver morgen kryper jeg opp fra havet for å skaffe folk gode bøker

Kulturrådets innkjøpsordningar er stadig oppe til debatt. Det er det jo ikkje noko å seie på, men stundom blir folk ufine mot konkrete bøker og forfattarar. I vinter gjekk dette ut over den vesle romanen Hver morgen kryper jeg opp fra havet av Frøydis Sollid Simonsen. Sjå her, skreik aftenposten. Skattepengane dine går til å kjøpe inn denne som aldri blir utlånt, men óg til Karin Fossums siste krim, som har lange ventelister.

Javel ja. Karin Fossums siste krim skal eg ikkje uttale meg om (det er jo så lange ventelister at eg neppe får lånt henne på ei god stund), men Hver morgen kryper jeg opp av havet har eg faktisk lest, likt, tilrådd og lånt ut.

Lese henne gjorde eg fordi ho låg i ei av kassene med k-fondbøker og såg interessant ut. Då las eg henne litt for min eigen del, men mykje for å kunne tilrå (eller frårå, det kan jo óg tenkjast) henne for lånarar (elevar) som ville ha noko å hygge seg med eller skrive særemne om. Slik fann eg ei lettlest og sjarmerande bok som samstundes var smart, fasjonabel, gjennomtenkt og veldig i tida.

Kan ikkje skjønne anna enn at dette er normal omtale av boka og soleis
innafor den bruken Gyldendal tillet.

Eg likte vekslinga mellom mikro- og makronivået, og eg likte korleis dikt-eget (nærmast, boka har lyriske kvalitetar) veit at ho er både ubetydeleg i den store samanhangen og omdreiingspunktet i sin eigen samanhang.

Altså har eg prøvd å marknadsføre livskiten ut av boka. Så langt har eg fått minst ein bibliotekar, to-tre elevar og norsklæraren deira til å lese henne. Ein av elevane presenterte boka for klassen, så kven veit om ikkje det blir fleire som les henne med tid og stunder?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.