lørdag 29. mars 2014

Independent air: Nonsjalanse i tre utgåver

Innleiing

Som eg har vore inne på i tidlegare bloggpostar, er The Magnificent Ambersons tittelen på ein roman av Booth Tarkington (1918), eit radioteaterstykke av The Mercury Theater on the Air under leiing av Orson Welles (1939) og sist men ikkje minst Orson Welles' andre film som regissør (1942). I denne posten vil eg ta for meg ei særskilt form for intertekstualitet, nemleg sitatet av eit anna verk, som førekjem i alle tre utgåver av MA.

Songen

Den fremste leksikalske kjelda eg har til desse opplysningane er Wikipedia. Nettleksikonet kan fortelje at det var Fred Gilbert som skreiv denne music hall-favoritten i 1892, og at Charles Coborn er den som er mest kjent for å ha framført songen. Låta skal ha vore populær i godt over femti år (til langt inn på 1940-talet), og det er inga sak å få høyre ei Coborn-innspeling på til dømes Spotify eller YouTube.


Som tittelen går langt i retning av å slå fast, handlar teksten om ein mann som vann stort på casinoet i Monte Carlo. Versa dreiar seg om vitsen med å reise til Monte Carlo i første omgang (1), dagleglivet i Paris etter gevinsten (2) og det lyriske egets grunnar til å reise frå Middelhavskysten til Paris (3). Ingen av versa blir sungne i noka utgåve av MA, men vi kostar på oss å sitere refrenget her:

As I walk along the Bois de Boulogne [stundom attgjeve som Bois Boolong]
With an independent air
You can hear the girls declare
«He must be a millionaire!»
You can hear them sigh and wish to die
You can see them wink the other eye
At the man who broke the bank at Monte Carlo

For å raskt gje eit analytisk overblikk over refrenget kan vi peike ut dei viktigaste frasene. Slik eg ser det er independent air, girls og millionaire dei orda som sterkast uttrykkjer det songen handlar om. Ein air er i dette høvet å forstå som ei mine, slik at ein independent air er eit nonsjalant og sutlaust andletsuttrykk. Dette minespelet er sterkt nok til å fortelje unge kvinner eller i minsto gje dei inntrykk av at det lyriske eget er finansielt uavhengig (millionær), slik at han framstår som sterkt attråverdig.

Så langt om refrenget slik det står åleine. Poenget med denne analysen er å finne ut av kva songen gjer i romanen, radioteaterstykket og filmen som alle heiter The Magnificent Ambersons. Det enkle svaret er at han slepp nonsjalansen inn i fiksjonen ved å vere godt kjent for publikum, men svaret er (ikkje overraskande) meir komplisert enn som så, ikkje minst fordi songen blir manifestert på ulike måtar i dei tre forteljingane av soga.

Å sitere eit verk på den måten vi er vitne til i desse verka har mange ulike verknader, dersom eit verk framstår som svært fullt av slike sitat kan verknaden vere at lesaren føler seg smart som forstår alle, dum som ikkje forstår dei eller at ho oppfattar forfattaren som blærete. Skal vi halde oss til det tekstinterne kan vi peike på at nærveret av andre tekstar publikum presumptivt kjenner att bidreg til å utdjupe og karakterisere både personar og handlingar, og det er dette vi no skal sjå døme på.

Romanen

Det er i kapittel 23 vi får lese songen (refrenget) i romanen. Den som syng er Georgie Amberson Minafer, og songen er retta mot tante Fanny som del av den «jubilant warfare» han har innleidd mot henne.
Boka kan lastast ned eller lesast online hos Project Gutenberg: http://www.gutenberg.org/ebooks/8867

Kvifor syng han nett denne songen? For det første er han glad og letta, for det andre er han ertelysten. Dagen før hadde han komme heim frå universitetet. Han er ufin nok til å spørje tante Fanny om det er noko sladder i byen, og ho gjev han svar på tiltale ved å finne på at Lucy Morgan (som Georgie gjerne skulle vore forlova med) har funne seg ein annan. Den nærtakande og sjølhøgtidlege unge mannen får nærmast panikk, men eit besøk hos Lucy roar han fort.

Det er når han kjem seint heim han i godt humør vel å plage tanta si med dette refrenget. Som sagt er han glad og letta, kanskje han rett og slett kjenner seg som ein som har vunne stort i casino. Men dette seier meir om hans eigne motivasjonar, anten dei er medvitne eller ikkje. Kva seier songen om han, utover at han er i godt humør?

For det første at han ikkje er så god i fransk (om dette seier noko meir om på kor stort alvor han tek universitetsstudia enn hans eigne stadige mishagsytringar skal her vere usagd), framføringa hans av stadnamnet Bois de Boulogne er attgjeven som «Boy de Balong».

Men det er meir å ta tak i. Teksta i refrenget høver godt på Georgie på fleire måtar. Som den yngste i ein rik familie har han så å seie vunne i Casino, han ligg nemleg an til å arve ei stor formue og har alle utsikter til å vere rik utan at han sjøl har gjort nokon innsats. Reknar vi med at Tarkington med denne songen innfører kasinoet som ein metafor for karakterens liv, talar det iallfall ikkje mot den hypotesen at Georgies hell på eit tidspunkt snur. Berre nokre avsnitt etter at refrenget dukkar opp kjem elles Georgie til å kontemplere formua og utsiktene til ytterlegare arv, i det han spekulerer i at onkel Sidney og tante Amelia (som skal ha ein tredel etter gamle Major Amberson) er like barnlause som onkel Fred (som skal ha ein annan tredel), slik at han ligg an til å få alt som er med tid og stunder

Og kanskje vi kan lese refrenget som eit frampeik? Ein del seinare i romanen reiser Georgie og mora til Europa, og blir buande lenge i Paris. Livet han lever der er nok ikkje så sutlaust at les demoiselles du Bois de Boulogne blunkar til han med det andre auget, men han får iallfall rike høve til å spasere der, kanskje medan han sjøl sukkar at han heller vil døy. Mora, som han reiser saman med, lir iallfall av knust hjarte under opphaldet.

Radioteateret

Der vi naturlegvis ikkje får høyre melodien i romanen, får vi i første omgang ikkje høyre teksten i radioteaterversjonen. Den effekten det verbale sitatet kan ha hatt på ein boklesar er i viss mon uavhengig av kjennskap til songen, og sjølsagt er situasjonen ein annan når melodien blir brukt som ein av andre melodiar i radioteaterframføringa.

Melodien er brukt på ein heilt annan måte her enn refrenget vart brukt i boka, han dukkar opp på ein annan stad i soga og er mindre tydeleg forankra i karakteren. Radioteaterutgåva er ein svært stram adaptasjon av romanen, så tante Fanny er ikkje med i det heile. Songen kan følgjeleg ikkje vere ledd i å erte henne. Likevel må Orson Welles ha meint at melodien kunne hjelpe til med å fortelje historia på effektivt vis.



Som sagt er vi på ein annan stad i historia: Universitetsstudenten Georgie kjem heim på sin første juleferie, og  for å markere dette vert det skipa til ball. På denne festen blir dei to sentrale romansane sette opp: Lucy og Georgie blir kjente med kvarandre, og Georgies mor Isabel treff att ungdomskjærasten Eugene Morgan, Lucys far. Dette ballet er ei sentral hending i alle versjonane av soga, det same gjeld stemnemøtet som vert avtalt i slutten av denne scena.

Det er ikkje alltid lett å vurdere om musikken i dette stykket er diegetisk eller ikkje-diegetisk. Ofte kjem orkesteret inn for å understreke eit komisk poeng eller sensurere eit bannord («Hell» eignar seg tydelegvis på prent, men ikkje i radio). Det same skjer her. Jamvel om ein kan vente seg at eit ball har levande musikk, er nok denne låta litt for livat til å verte spelt på dette tidspunktet av festen. Vidare er det inga tvil om at ballet er over når musikken stoppar. Tonene fyller inn ellipsen der natta  har vore, og der Georgie hentar Lucy.

Vi får derimot høyre Eugene plukke opp Lucy og nokre andre til ein biltur. Eugene er ein av oppfinnarane av automobilen, og medan han og dei andre fantaserar om at desse doningane innan kort tid vil komme opp i kanskje 16 kilometer i timen kjem det til ein trafikal konfrontasjon (biljakt blir feil) med Georgie, som styrer hest og slede. I løpet av denne sekvensen kjem musikken så vidt inn att. Rett etter at bilen er i gang og herrane har diskutert teknologien kjem ein ekstra rask og stutt versjon av refrenget inn. Mest som overgang og understreking av det humoristiske (det er verkeleg ei morosam vise) i scena, men skal tru om ikkje den muntre romantikken óg spelar inn. Georgies seinare mistanker om at Eugene kurtiserer Isabel alt før ho har blitt enkje blir iallfall stadfesta her, og det er ikkje fritt for at Eugene har blitt eit godt parti.

Og om den andre bruken av melodien var heilt klart ikkje-diegetisk, er siste gongen heilt klart diegetisk. Den omtalte trafikale konfrontasjonen endar med at Georgie, Lucy, hesten og sleden hamnar i grøfta. Eugene tilbyd dei skyss i doningen sin, og jammen bryt ikkje onkel Fred Amberson (så vidt eg kan forstå etter fleire gjennomhøyringar, det er svært dårleg lyd i dei opptaka som finst), spelt av Ray Collins, ut i refrenget. Han oppmodar dei unge om å synge med for å halde seg varme. I det han er ferdig med teksten, kjem orkesteret inn og avslutter.

Denne bruken av låta er på overflata merkeleg. Det hadde vore heilt på sin plass om Eugene song, i overført tyding har jo han sprengt banken i Monte Carlo ved å vere på nippet til å bli rik industrimagnat, og han har fanga merksemda til ungdomskjærasten Isabel, som gladeleg blunkar til mannen som tek henne med på tur i vinterveret. Fred har inga slik rolle. Han står utanfor, og der er kanskje her nøkkelen ligg. Om dei instrumentale framføringane av musikken har vore ikkje-diegetiske, er denne vokalen like mykje ein spøkefull kommentar. Både George og Eugene kan forståast som det lyrsike eget i songen, både i det stykket at den eine er rik og den andre kjem til å bli det og i det at dei har lukkast i å tiltrekke seg kvinneleg interesse. Dei to kan, som fiendar, derimot ikkje synge i kor. Når levemannen og ungkaren Fred syng, kan kommentaren derimot gjelde båe dei andre to.

Filmen

Til sist er faktisk den same songen med i Welles' eigen filmversjon av forteljinga. Jamvel om Fanny er med att i filmen har Welles halde på assosiasjonen med den vinterlege utflukta, men denne gongen er det ikkje Fred som syng, iallfall ikkje først og fremst.



Som (i boka og) radioteaterversjonen er dagen etter ballet ei tid for stemnemøte i fleire generasjonar. Lucy har blitt med George på sledetur (dombjeller og full pakke), medan Eugene har teke med seg Isabel, Fanny og Fred i den sjølbygde bilen sin. I film kan ein som kjent klippe mellom parallelle handlingsforlaup, og starten av scena viser kontrasten mellom George og Lucy i god fart gjennom vinterlandskapet på den eine sida og buksebaken til Eugene Morgan som prøver å sveive i gang motoren på hi. Når dei to handlingstrådane og køyredoningane møtest, er det eit høve for George til å gjere narr av bilisten ved å kauke «Get a horse!». For George og Lucy endar turen likevel i grøfta, og etter at Eugene, Isabel og dei andre har hjelpt George og Lucy opp, må George hjelpe til med å skubbe bilen framover. Medan dette arbeidet står på byrjar Fred, Fanny, Isabel og Lucy å synge refrenget til nett The Man who Broke the Bank at Monte Carlo. Det er ingen solistar i koret, men lydredigeringa slepp fram Lucy og til sist George, som syng som ei kråke.

Alle versjonar av forteljinga brukar energi på å introdusere George som ein fyr med stort behov for å bli jekka ned nokre hakk («get his comeuppance»), og filmen gir stadig bidrag. Han startar scena med stort hovmot, men slepp ikkje ut av henne før han har falt i grøfta og fått lungene fulle av eksos. Hovmot står for fall, og gjennom heile scena blir vi presenterte for kontrastar mellom høgt og lågt. Kryssklipping mellom pittoresk vinterlandskap og buksebak er nemnt, overgangen frå fart og driv til knall og fall likeså. Rollebyttet mellom George og Eugene er verdt å nemne særskilt, der George går frå førarsetet til ein plass i eksosen, går Eugene frå å sveive i gang ein gjenstridig motor til å frakte heile herskapen i sjølbygd bil, med den kvinna han helst vil ha der i passasjersetet.

Scena er einskapleg i den forstand at alle elementa i henne dreg i same retning. Det same kan seiast om bruken av The Man who Broke the Bank at Monte Carlo, men her er songen meir kompleks enn i dei døma vi har sett på før. Musikken er heilt klart diegetisk, men har med seg den kommenterande funksjonen den ikkje-diegetiske musikken har (ein kan legge merke til dombjellene når ein ser første del av scena). Der onkel Fred syng på vegner av både George og Eugene i radioteaterversjonen, er dei fleste med her. Unnataket er Eugene. Til og med George syng, og blir jekka ned av dei andre songarane når han stikk seg fram. På skalaen frå høg til låg må det vere lov å seie at ein music hall-song høyrer til på nedste halvdel, og ved å synge med kan George seiast å ha blitt jekka ned atskilleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.