søndag 23. mars 2014

Høgtlesing som performance eller kva kan vi håpe på når vi høyrer ei lydbok?

Kombinasjonen lang jobbreise og smarttelefon har gjort pendlinga til ein arena for litteraturkonsum for mang ein lønsmottakar. Godt utval på fleire språk har for min del i tillegg ført til at eg har blitt heller kresen med tanke på opplesinga. Det held ikkje at boka er god om opplesinga er dårleg, men ei god bok kan bli betre i munnen til ein god lesar.
Ein likande roman, dette. Humoristisk og sår og i det heile tatt.
For å seie det heilt i starten: Det verkar som det store problemet med dårlege opplesingar er gjerrige oppdragsgjevarar. Når lesaren openbart får utdelt mikrofon og manus samstundes skal det veldig mykje til at resultatet blir godt. Og for å halde fram i det ærlege sporet: Det var ei låk opplesing som provoserte meg til å skrive dette. Opplesinga av Gunhild R. Øyehaugs debutroman Vente, blinke eksemplifiserer nesten alt som kan gå gale, endå om opplesaren truleg er meir enn kapabel til å gjere ein framifrå jobb.

Så kva kan vi håpe på?

Det aller, aller viktigaste er at opplesaren kjenner teksten godt. Ein skulle kanskje tru at ein forfattar som les sin eigen tekst soleis alltid vil gje godt resultat, men forfattaren har "berre" gode føresetnader. Det er lett nok å liste opp forfattarar som er gode opplesarar av eigne bøker:

  • Erlend Loe brukar ikkje stemma til å skilje personane frå kvarandre (særleg merkbart er den flate framføringa av dialog tydeleg i Vareopptelling), men den monotone stilen hans er så særprega og gir så mykje av ein ekstra dimensjon til bøkene hans at det å høyre Per Frisch lese Fakta om Finland blir uvant (sjøl om det på ingen måte er noko gale med Frisch' opplesing).
  • Dag Solstad er og ein forfattar med ein heilt eigen måte å lese på. At han stundom snøvlar er ein ting, ein annan er at forfattaren Solstad skriv så lange setningar at opplesaren Solstad ikkje alltid rekk å drikke ein slurk vatn før punktum (16.07.41, Arild Asnes 1970). Likevel høyrer stemma og prosaen saman i den grad at ein profesjonell skodespelar/opplesar som Kai Remlov vel å nærmast kanalisere Solstad når det er han som les (T. Singer)
  • Maria Parr si opplesing av Tonje Glimmerdal er eit tredje døme på at forfattaren kan gjere ein god jobb. Ved andre gjennomhøyring kan vaksne kanskje finne på å reagere på ein tone som er litt vel innsmigrande (pluss at tantene Eir og Idunn verkar overflødige, men det har jo ikkje noko med lesinga å gjere)
  • Og medan vi er innom barnelitteraturen: Rune Belsvik er ein vel så god opplesar som forfattar. Særleg er Dustefjerten og den store sommarferieturen ein sann svir. Oktava og Andungen har fått ganske outrerte røyster, men det forvitnelege ligg i dei subtile skilnadene mellom til dømes Kavringreven og Dustefjerten sjøl. For ikkje å gløyme at boka er innmari god.
Diverre er ikkje alltid gøde føresetnader nok. Sturle Brustad les sin eigen Anarchy in Åmot på eit vis som framkallar desperasjon ganske fort, og Helene Uri verkar å vere på gråten under heile framføringa av De beste blant oss.

Kva kan gå gale om opplesaren ikkje kjenner teksten godt nok? Mangt. Heilt banale ting som at han legg trykket på feil stad i setninga er ikkje uvanleg, men heller ikkje det verste som kan skje. Jamvel ein Solstad kan gjere slike bommertar med eigne romanar, men ein opplesar har romsleg tabbekvote for bagatellar.

Forfattaren les sine eigne romanar i ein slags deadpan-stil.
Verre er det når opplesaren ikkje meistrar språket han skal lese på eller ikkje veit kva for språk eller namn han kjem til å møte. I Vente, Blinke er visse delar av teksten på engelsk, men opplesaren er rett og slett ikkje førebudd på dette. Ho les mellom anna konsekvent namnet PJ Harvey som PG Harvey og Don Quijote som Dånki-sjått. At ho i tillegg les etternamnet til den ungarske litteraturvitaren György Lukacs som "Lu-kasss" viser med all tydelegheit at forlaget ikkje har spandert så mykje som fem minutt til at opplesaren kan få hjelp til uttalen av vanskelege ord. Det finst nok franskkunnige i Noreg til at ein opplesar kan få den rettleiinga som trengst til å framføre eit par setningar på ein nokolunde overtydande måte, men Lydbokforlaget har rett og slett ikkje hatt tid til slikt. Ein ser for seg at den stakkars opplesaren har vore blakk og fått tilbod om ein dags arbeid og klar melding om at ho får betalt for åtte timar fordi forlaget har rekna ut at det tek åtte timar å lese inn dei 270 sidene.

Tolking

All opplesing er tolking, og mange som les lydbøker er klar over dette. Høyrer du til dømes Ivar Nergaard lese Gomorra (Roberto Saviano) legg du fort merke til at han har lagt til om lag 10% ekstra rettferdig harme. Anders Ribu les På vegne av venner (Kristopher Schau) med eit nær hysterisk gravalvor og framstår som det ekstra melodramatiske avkommet til Erik Hivju og Svein Tindberg. Å legge stemme til karakterane i ein roman krev kjennskap til karakteren, og det kjem berre med grundig og gjenteke lesing av stoffet. Roy McMillan, som les audible-utgåva av Don Quijote, er eit døme på kor ekstremt bra det kan bli. Anders Baasmo Christensen og Robert Stoltenberg, derimot, smører seg fullstendig bort i tolkingane av kvar si Ole Lund Kirkegaard-bok. Stoltenberg, som les Gummi-Tarzan og elles er god til å karakterisere folk med stemma, let Ivan Olsens far, Herr Olsen, få ei stemme som berre kan skrike. Når så romanen krev at han skal kviskre har ikkje Stoltenberg nokon stad å gå. Baasmo C gjer same feil med Otto er et neshorn.

Gustave Doré har óg gjort noko rett i samband med Don Quixote.

Men for berre å komme tilbake til alt Roy McMillan gjer rett: I Don Quijote førekjem det naturlegvis ein del spanske namn, og den som høyrer på har ingen grunn til å tru noko anna enn at McMillan snakkar godt spansk. Vidare kjenner han karakterane godt nok til å gje kvar av dei som er med lenge ikkje berre distinkte røyster som er til å kjenne att anten personen er sint eller glad, trøytt eller motig, han føyer til karakteriserande detaljar som visse ymt av dialekt og i tilfellet med kandidaten Samson Carrasco ein affektert stil med snobbete talefeil og det heile. Forlaget som har betalt for denne innlesinga, som må ha teke eit par veker berre å spele inn, er billegplateselskapet Naxos. Kunne norske lydbokforlag vurdert å vere halvparten så spandable?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.