Viser innlegg med etiketten bokmålskurs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bokmålskurs. Vis alle innlegg

fredag 21. mars 2014

Om skilnaden mellom "Blant annet" og "Blant andre". Bokmålskurs leksjon 5

Mellom anna er eit norsk preposisjonsuttrykk som er lett å gripe til for den som skal nemne særskilt ein ting som inngår i ei gruppe av andre ting. På bokmål heiter det parallelle uttrykket blant annet.

Mange bokmålsbrukarar skil ikkje ut medlemmer av ei gruppe på andre måtar enn ved å bruke blant annet, og dei gjer seg sjølsagt forstått på den måten. Men bokmålet er eit etter måten rikt språk, så avanserte brukarar og pedantar har eit større repertoar.

På twitter kan det gå fort i svingane for nokon og kvar, og det fører jo mellom anna til at det er lett å finne eksempel å til dette bokmålskurset. Er du ein pedant? Då finn du to moglege forbetringspunkt i tweeten på biletet.

Følgjer du lenka, får du sjå innleiinga av korrespondansen der eg spurte @bokdama om lov til å bruke tweeten som utgangspunkt for denne leksjonen.
Her står det at Beate Grimsrud kjem til neste Pølser og politikk. Ho har med seg ein del ting til oss, og ein av dei er eit besøk.

Det Anette truleg meiner, er at ei av dei som kjem er Beate Grimsrud. Når vi skal skilje ut ein person frå ei gruppe av personar (og stundom i andre høve óg) brukar vi mellom andre eller altså på bokmål blant andre. Om vi skriv om setninga til Vi får blant andre besøk av Beate Grimsrud får vi i tillegg sjå at jamvel her spelar ordstillinga ei rolle (sjå særleg leksjon 3), dette skurrar nemleg litt.

Det vi treng er ei omskriving til. Vi prøver med Vi får besøk av blant andre Beate Grimsrud, og då skulle det forundre meg mykje om vi ikkje har nådd fram til ei formulering som hadde gjort tweeten mindre tweetydig.

Takk

@bokdama har vist seg svært sporty ved å gje meg løyve til å bruke tweeten hennar som utgangspunkt for ein bokmålsleksjon. Mange slags takk!

søndag 9. februar 2014

Lagnaden eller berre ein timeavtale? Bokmålskurs leksjon 4

Sidan det gjekk så bra å skrive ein post om ord og uttrykk som forvirrar bokmålsbrukarar, fleskar eg til med eindå ein. Denne gongen blir det færre grammatiske fagtermar, sidan det er eit semantisk problem de ser ut til å ha.

Det dreiar seg om skilnaden mellom to verb somme tydelegvis har lett for å blande saman. Nokre bokmålsfolk meiner visst dei høyrest like ut, men dei tyder to såpass ulike ting at det er verdt å gå gjennom det her. Verba er dei refleksive innfinne seg og avfinne seg. 


Som i dømet med ikke nødvendigvis / nødvendigvis ikke er det ein bestemt feilbruk som er framherskande. Folk seier at den eller den har *innfunnet seg med det eine eller det andre. Målet med denne posten er å få dei til å slutte med det, og det skal vi få til gjennom enkle forklaringar.

Å innfinne seg er å møte opp. Typisk møter ein opp ein stad etter innkalling, og ein kan soleis innfinne seg på tannlegekontoret eller på sesjon eller sånn.

Å avfinne seg med noe er å godta det, og det ein typisk må avfinne seg med er lagnaden eller omstende ein ikkje rår over.

Verre er det ikkje. Vi tek like godt eit døme på korrekt bruk av båe to:

Selv om brevet fra Vernepliktsverket ga ham en annen beskjed enn den han hadde håpet på, hadde Lars bestemt seg. Han avfant seg med skjebnen og innfant seg nyvasket på Terningmoen til avtalt tid.

mandag 27. januar 2014

Vi må snakke om setningsadverb. Bokmålskurs, leksjon 3.

Eg hadde tenkt at viss eg skulle lage eit bokmålskurs skulle det vere for vidarekomne, the finer points of bokmål liksom, men no må eg ta for meg noko eg hadde trudd var elementært. Nei, det er ikkje samskriving eller orddeling eller Store Forbokstavar I Kvart Ord Av Tittelen På Ting Du Kjøper I Itunes eller misbruk av og/å, det er setningsadverb.


Adverb

Dei adverba som endrar sanningsverdien til setninga som heilskap kallar vi setningsadverb. På bokmål er ord som ikke, kanskje, aldri, alltid og nødvendigvis typiske døme på setningsadverb.

Vi skal ta eit eksempel på kva vi meiner med å endre sanningsverdien:




Denne setninga er uttrykk for subjektets intensjon om å komme heim til middag, subjektet slår fast at ho vil sitje klar ved bordet når maten blir servert. Om vi tilset eit setningsadverb, kan setninga bli sjåande ut som dette:


De ser at med ein gong eg tilsette ordet "kanskje" endra setninga innhald? No er det slett ikkje sikkert at subjektet kjem heim i tide til å få varm mat. "Kanskje" er så tvitydig at vi ikkje tvert kan avgjere om subjektet ønsker å komme heim til eit heimelaga måltid eller om ho prøver å ikkje fornærme kokken.



No veit vi litt meir. Subjektet trur ikkje ho kjem heim tidsnok, slik at han der heime trygt kan rekne litt mindre bulgur når han måler opp ingrediensane. Likevel, det kan ikkje skade å lage litt ekstra, det kan jo varmast opp seinare i kveld.



Neivel, kan mottakaren konkludere, då får du vel mat der du er. Vi kjem jo til å sakne deg ved bordet, men når du no kategorisk avviser moglegheita for at du bryt fasten i lag med oss slepp vi jo å vente på deg. Mindre oppvask blir det óg.

Sett at vi i staden for "ikke" sette "alltid" eller "aldri". Setningas struktur ville vere den same, men berre desse enkle adverba seier mest utruleg mykje om handlinga som blir uttrykt i verbalet og om subjektets tankar med handlinga. For å nemne noko.


Komplikasjonar (eller ikkje, det er jo kjempelett)

Eg har ein mistanke om at det store problemet er at bokmålsbrukarar ofte og gjerne brukar ord dei synest høyrest fine ut, utan å ta omsyn til om dei forstår kva orda tyder eller ikkje. For nokre år sidan trefte eg ein kar som skrytte av at husverten var så grei at han lånte vekk bilen sin "i utrengsmål". Altså: Når eg ikkje treng det, får eg låne bil av den greie husverten.

Ein seiemåte bokmålsfolk føkkar opp absolutt heile tida er eit døme på kor utruleg vanskeleg det er for folk som ikkje skriv nynorsk å halde adverba frå kvarandre. Det har seg nemleg slik at ein stundom møter TO av adverba frå lista over etter kvarandre. I slike høve vil det første adverbet (altså det lengst til venstre) modifisere det andre adverbet. Til saman utgjer dei eit setningsadverbial, men rekkefølgja er ikkje likegyldig.

Uttrykket eg tenkjer på er sjølsagt nødvendigvis ikke, som de bokmålsbrukarar støtt og stadig set i staden for ikke nødvendigvis. Om du ikkje forstår tydinga av desse orda kvar for seg og saman bør du helst lese vidare.

Foto: Los Angeles County Museum of Art. Ja, det er ei teskei.

Ikke tyder som kjent det same som det norske ordet ikkje, og er det viktigaste nektingsadverbet. Viss subjektet ikke kjem heim til middag, vil óg konsekvensane av hennar opphald ved matbordet utebli.

Nødvendigvis er det motsette av kanskje. Seier eg at noko kanskje inntreff, har eg heilgardert: Det eine utfallet er om lag like sannsynleg som det andre. Seier eg derimot at noko nødvendigvis vil skje, understrekar eg det logiske sambandet mellom årsak og verknad. Hoppar du frå eit fly i stor høgd utan fallskjerm vil du nødvendigvis bli most når du treff bakken. Snur du det fulle vassglaset opp ned, vil vatnet nødvendigvis ramle ut.

Vi er med så langt? Ein av funksjonane til adverb er at visse av dei endrar sanningsverdien i heile ytringa. No kjem noko nytt.

Eit adverb kan nemleg óg modifisere EIT ANNA ADVERB ELLER EIT ADJEKTIV. Eit objekt kan vere grønt (adjektiv) eller helt grønt (adverb + adjektiv). Ei handling kan vere dum (adjektiv) eller veldig dum (adverb + adjektiv). Ei fråsegn kan vere sann (adjektiv) eller ikke sann (adverb + adjektiv). Merk at adjektivet står til sist. Viss vi prøver oss med at objektet kan vere *grønt helt, handlinga *dum veldig eller fråsegna *sann ikke, ser vi at rekkefølgja IKKJE er likegyldig. Rekkefølgja er essensiell.



Vi ser her at i tilfelle der eit adverb står framfor eit adjektiv vil adverbet uttrykkje noko om adjektivet. Helt grønn tyder at objektet det er tale om ikkje har ein einaste flekk som er raud, ikkje at ein heltemodig type er grøn.

Stadig med? Det same, altså det om rekkefølgja, gjeld om det er eit adverb til som står til høgre for adverbet. Det er ikkje så mange uttrykk det er tale om heller, så det skulle vere lett å halde greie på dei.

Ikke alltid, til dømes, tyder noko anna enn aldri. Alltid ikke er ei samanstilling vi sjeldan ser, men det er ingen kompetent brukar av norsk som ville finne på å seie det eine når dei meinte det andre.


Poenget

Alt dette fører, tru det eller ikkje, fram til eit poeng. Ikke nødvendigvis tyder noko HEILT anna enn nødvendigvis ikke, og om du seier eller skriv det siste når du meiner det første ser du ut som ein kronidiot. Eksempeltid igjen:

Alle hugsar den scena i De hensynsløse (Reservoir Dogs) der Nice Guy Eddie (Chris Penn) klikkar fordi ein av dei har torturert ein av dei andre til å tilstå at han var snut? Poenget hans er at den som blir torturert kan tilstå kva det skulle vere, utan at det han seier treng å vere sant, altså at det ikkje er noko samband mellom kor store smerter nokon lir under og kor sant dei snakkar. Eksemplet vårt liknar på dette:


Du er samd i dette? Her står det at det går an å lyge sjøl om ein blir slått. Det er difor jamvel usiviliserte folk let vere å bruke tortur som avhøyrsmetode: Det er ingen grunn til å tru at det er meir effektivt enn noko anna. Ordet IKKE kvalifiserer ordet som kjem etter.


Dette er meir problematisk. Den som seier dette, uttrykkjer at det ikkje er mogleg å snakke sant om ein blir slått. Og det veit jo alle at det er. Det er difor folk stundom let seg friste til å prøve å torturere sanninga ut av folk, det kan godt tenkjast at det verkar. Ordet NØDVENDIGVIS kvalifiserer (i dette høvet: forsterkar) ordet som kjem etter, slik at det her står at ein som blir slått per definisjon er ein løgnar.

Det som gjer dette så vanskeleg for dykk bokmålsfolk er nok at det finst høve der nødvendigvis ikke er den rette frasen. Som sagt brukar vi ordet nødvendigvis for å understreke det logiske sambandet mellom td årsak og verknad. Motsett brukar vi nødvendigvis ikke for å understreke at noko som er umogleg er det av logiske årsaker. Napoleon Bonaparte døydde på St. Helena i 1821, og Hurtigruten kom i drift i 1893. Å seie at


er å underdrive, sidan det tyder at Napoleon godt kunne ha funne på å ta Hurtigruta på ein av Noregsreisene sine, kanskje han var interessert i å sjå Trøndelag frå sjøsida, liksom.


Sånn! Vi veit at Napoleon døydde meir enn 70 år før Hurtigruta kom i drift og at han uansett ikkje tilbrakte særleg mykje tid på dei breddegradar der nett denne fergeruta fraktar folk og gods. Det er like umogleg for Hurtigruta å ha hatt Napoleon som passasjer som det var for Napoleon å ta Hurtigruta, altså kan vi trygt seie at Napoleon nødvendigvis ikke tok Hurtigruta.

Spørsmål?

torsdag 4. juli 2013

Gradbøying

I Aftenpostens nettutgåve den sjuande mars tek Ingunn Økland for seg den i kinobransjen utbreidde praksisen med å lage skryteplakatar etter ei filmpremiere. Utvalde sitat frå filmmeldarane blir tekne ut av samanhangen sin og klinte opp på ein plakat med eit bilete frå filmen. I regelen følgjer det gjerne med terningkast, men då må nokon ha trilla femmarar og seksarar. 

Skjermdump frå ap.no

Torunn Lians nyaste film har óg fått ein slik skryteplakat, rettnok utan terningkast. Desse er fråverande fordi få meldarar hadde noko særleg positivt å seie om filmen, altså vart det mest trearar og firarar. Sidan slik lunkenheit ikkje er eigna til å selje noko som helst, har filmdistributøren valt å legge til ropeteikn i staden, i tillegg til som vanleg å ta sitat ut av samanhangen. 

Det er rett, men samstundes heilt vanvittig feil å sitere John Lennon på at "You may say that I'm a dreamer, but I'm not." På same viset er det tendensiøst på grensa til det løgnaktige å klippe om VG-meldarens "... vakker poesi for øyet, men den berører ikke nok" til "VAKKER POESI FOR ØYET!". Ingunn Økland har heilt rett i at dette burde vere ei sak for forbrukarombodet.

Det ho derimot ikkje har rett i, er påstanden om at filmdistributøren har fylt plakaten med superlativar. Det er rettnok veldig mange som trur at "superlativ" tyder "rosande ord", og rettnok er redaktørane av Bokmålsordboka og Nynorskordboka mellom dei, men det er no likevel upresist. 

Den primære tydinga av ordet superlativ er nemleg den reint grammatikkfaglege: Superlativ er den sterkaste graden i gradbøyinga av adjektiv. Døme på superlativ: Verst, motbydeligst, minst, kvalmest. 

Dei andre to gradane heiter som kjent positiv og komparativ. Vi kan ta føre oss dei to adjektiva vi ser tydelegast i Aftenpostens fotomontasje:

For å vere på den sikre sida skundar eg meg å minne om at ein fagterminologi kan omfatte ord vi brukar til dagleg, utan at orda treng ha den same tydinga som i daglegspråket. Vanlegvis er positiv eit adjektiv som skildrar noko som er bra, optimistisk eller liknande. I grammatikken (iallfall i gradbøying) er det berre namnet på den mildaste graden av adjektivet, oppslagsforma. Ordet heslig plar ikkje inngå i positiv omtale av noko, men ordforma er positiv. 
 

Vi kan elles merke oss at iallfall utsnittet av plakaten ap.no bruker i fotomontasjen sin ikkje inneheld ein einaste superlativ, og heller ingen komparativar. Og når alt dette er sagt, vil eg slutte meg til kritikken Ingunn Økland rettar mot filmdistributørane og føye til: Av alle den norske filmbransjens døme på villeiande marknadsføring er nok dette mellom dei frekkaste.

mandag 14. januar 2013

Frykt og avsky på tynn is



Om å avgjere skilnaden mellom det som blir sagt og det som blir meint


Ein av dei første dagane etter nyttår vart twitterstraumen min, som hyser fleire andre pedantar i tillegg til meg, brått ein augneblink fylt av oppgitte, skriftlege sukk. Ei nettavis hadde i ein notis brukt overskrifta Fryktet person gikk gjennom isen, og det skal ha gått fram av stykket at det slett ikkje var det journalisten hadde meint.

Den som søker seg fram til nyheitssaka vil finne at overskrifta vart retta til Fryktet at person gikk gjennom isen, og om det er grammatiske problem med den fråsegna, er det likevel innanfor det som er vanleg i den mest telegramaktige stilen som er vanleg i avisoverskrifter.

Men kva er det som er det store problemet med avisoverskrifta slik ho såg ut i utgangspunktet? I denne første leksjonen i kurset Bokmål for vidarekomne skal vi analysere setninga for å finne ut kva ho eigentleg seier, men vi skal óg skule til artikkelen og den nye overskrifta for å finne ut korleis setninga burde sett ut frå starten.

Når ein skal analysere ei setning, er det kjekt å starte med å finne ut kva ord eller grupper av ord som utgjer setningsledd, samt å identifisere desse ledda. Setningar på norsk skal ha finitt verbal (altså eit verb i presens, preteritum eller imperativ) og subjekt (viss ikkje verbalet er i imperativ, sjølsagt). Her er det to ord som kan sjå ut som finitte verb, nemleg fryktet og gikk. Kva for eit av dei er det som representerer setningas handling?

Når vi veit at norsk er eit såkalla V2-språk, veit vi at det finitte verbet står som det andre leddet i setninga. Altså er alt som står til venstre for verbet eit ledd. Ofte er det subjekt, men det er heller ikkje uvanleg å finne eit adverbial her. Her står det ingenting til venstre for den første kandidaten, fryktet, altså kan vi gå ut frå at det er gikk som er setningas finitte verb. Fryktet er her ei partisippform som er brukt adjektivisk, og altså ikkje eit finitt verb.

Det finst elles fleire måtar å identifisere subjekt og finitt verbal på. Dersom vi gjer om setninga til eit ja/nei-spørsmål plasserer vi det finitte verbalet først og subjektet på andreplass. Prøver vi ein gong til med fryktet, får vi *Fryktet person gikk gjennom isen?, og det er jo ikkje eit ordentleg ja/nei-spørsmål. Om vi derimot spør Gikk fryktet person gjennom isen? vert det straks betre. Hadde determinativen en vore med hadde vi vore sikrare på at adjektivet viste til en person, altså eit hankjønssubstantiv i ubunde eintal.

Vi har identifisert setningas finitte verb, gikk, og subjekt, nemleg fryktet person. Då står berre orda gjennom isen att. Vi kjenner att gjennom som ein preposisjon, og veit at det gjer gjennom isen til ein preposisjonsfrase, altså er vi rimeleg sikre på at orda til saman utgjer eit ledd. Om vi ikkje hugsar om preposisjonsfraser berre kan vere objekt, adverbial, predikativ, to av dei eller alle tre, er det greit å finne ut av kva vi har med å gjere ved å stille nokre spørsmål.

Dersom leddet er svar på spørsmålet Kven eller kva [finitt verbal] [subjekt]? har vi å gjere med eit direkte objekt (iallfall så lenge det finitte verbet ikkje er usjølstendig). Det stemmer ikkje her, så vi spør vidare: Kor eller når eller på kva måte [finitt verbal] [subjekt]? for å sjå om leddet kan vere adverbial. Her ser vi at gjennom isen er svar på Hvor gikk fryktet mann?, altså veit vi at gjennom isen er adverbial.

(Om dette hadde vore ei oppgåve på høgskule- eller universitetsnivå hadde vi óg analysert dei einskilte frasene slik: Kjerna i frasen fryktet mann er substantivet mann, altså er fryktet mann ein substantivfrase med adjektivet fryktet som adledd (eller tillegg eller beskrivar, og her skulle vi helst hatt med en som bestemmar). Det finitte verbet er no berre ein finitt verbfrase, medan gjennom isen er ein preposisjonsfrase med gjennom som kjerne og isen som adledd (eller styring, som vi sa då eg var gut), og isen er ei substantivfrase utan noko meir enn ei kjerne.)

Når vi no har analysert henne, ser vi at setninga er heilt utvitydig. Ein person som var frykta (vi veit ikkje kven som frykta vedkommande) gjekk heldigvis gjennom isen, og er soleis ikkje lenger i stand til å skremme nokon. Om vi derimot les artikkelen (eller den korrigerte overskrifta), finn vi raskt ut at det ikkje var dette journalisten meinte. Det som hadde gått føre seg i Buskerud den dagen var at eit augevitne hadde sett ting på isen som fekk han eller ho til å bli redd for at einkvan låg i det kalde vatnet. Fryktet at person gikk gjennom isen er ikkje ei setning, men eit setningsemne. Her manglar subjektet, men for at vi skal få gjennomført analysen skal eg berre ekstrapolere eit. Øyenvitner er like godt som noko anna.

Om vi startar med å gjere om setninga til eit ja/nei-spørsmål, får vi Fryktet øyenvitner at person gikk gjennom isen?. Alt no ser vi at fryktet er det finitte verbalet. Øyenvitner har vi sjøl sett inn som subjekt. Det som står att er at person gikk gjennom isen. Kan det tenkjast at denne ordgruppa utgjer eit setningsledd? Vi prøver å stille direkte objekt-spørsmålet: Hva fryktet øyenvitner? at person gikk gjennom isen er eit heilt fornuftig svar på dette, altså har vi identifisert det direkte objektet.

Den nye avisoverskrifta manglar subjekt, men har finitt verbal og direkte objekt. Det direkte objektet er elles ei leddsetning. Vi ser det blir innleidd av subjunksjonen at, og om vi skulle halde fram med analysen, ville vi raskt kjent att setninga frå det førre analyseeksemplet. Den einaste vesentlege skilnaden er vel at substantivfrasen i subjektet ikkje har noko adjektiv som adledd.

Om eg no har ført prov for at setningsanalyse er rasande festleg får vere opp til andre å avgjere. Det eg håper å ha gjort er å vise at den journalisten som vil sikre seg mot pedantars hån og spit bør meistre kunsten å analysere sine eigne setningar.