fredag 6. februar 2015

More songs about lemurs and pigs

For mange år sidan las eg i morosida i Q (old person's rock magazine) ei liste over låter av The Cure med dyr i tittelen. Først no har eg somla meg til å rekonstruere henne som speleliste. Her er ho:

More songs about lemurs and pigs (WiMP)

Her er låtene med kommentarar:

1: Foxy Lady (Three Imaginary Boys)


Lista blei liksom ikkje så lang som ein skulle tru likevel, så den dyrenamnlåta som kjem først i kronologisk orden har berre dyrenamnet med som adjektiv. Foxy Lady av Jimi Hendrix var den første og i mange år den einaste coverlåta The Cure spelte inn på plate. Skal vi seie at denne versjonen er kantete? Ja, det trur eg vi skal. Ikkje så stakkato og samlebandsaktig som Devo sin makelause versjon av Satisfaction, men lell.

2: All Cats Are Grey (Faith)


Når The Cure har rykte på seg for å vere triste og svartsynte gothar har nok det mykje å gjere med dei tre LPane som kom i perioden 1980-1982, nemleg Seventeen Seconds, Faith og Pornography. Eg er svært glad i desse platene eg, altså, men for dyreelskaren er det ikkje stort meir å hente enn denne låta midt i trilogien. Låta kunne like gjerne heitt noko med natt eller mørke eller sånn, det er som kjent då alle kattar er gråe.

3: The Lovecats (singel)


Denne er jaggu meg ein tidleg favoritt. Det lyriske eget samanliknar seg og den elska med katter og tigrar på denne singelen. Personleg fønfækt: B-sida Speak My Language er truleg den Curelåta eg har på flest utgjevingar. Dessutan: Coveret til The Walk-tolvaren har eit digert nærbilete av ei fluge.

4: Shake Dog Shake (The Top)


Det er berre å telje: The Top er den av Cure-LPane som har flest songar om dyr. Faktisk kunne det fort vore ein til; rundt omkring på den svarte platemarknaden eksisterer det ein bootleg med demoar til denne plata, der ein tidleg versjon av Give Me It heiter Cats Like Cheese. Iallfall er opningslåta Shake Dog Shake ei stadfesting av det singlane frå perioden hadde gjort tydeleg, nemleg at den reine, kolsvarte desperasjonen frå dei tre føregåande LPane var eit tilbakelagd stadium.

5: The Birdmad Girl (The Top)


Fuglar er no ein ting, denne humørspreiaren har óg med minst ein potensiell isbjørn.

6: The Caterpillar (The Top)


Frå potensiell (men akk så umogleg) isbjørn går vi til ei larve og dermed lovnaden om ein sommarfugl. Veldig munter song, sjøl om sommarfuglens flukt på slutten er ei kjelde til melankoli.

7: Piggy in the Mirror (The Top)


Det finst folk som liker The Cure som meiner at Disintegration er den beste plata deira, eg er ikkje ein av dei. Får eg valet mellom The Top og Disintegration er eg den eksentriske som vel The Top kvar gong. Tullestemma i denne songen er berre ein av grunnane.

8: Bananafishbones (The Top)


Dei neste par låtene er henta frå dobbel-LPen der Robert Smith for alvor oppdaga strykarar og saksofon, The Top er altså den der han spelte omtrent alt sjøl og prøvde seg i mange retningar. Bananafish er visst elles ei samlenemning for to artar av beinfisk, her er den eine:
"Bonefish" by Original uploader was Hadal at en.wikipedia - Transferred from en.wikipedia; transfer was stated to be made by User:RSkyhawk.. Licensed under Public Domain via Wikimedia Commons - http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Bonefish.png#mediaviewer/File:Bonefish.png

9: Snakepit (Kiss Me Kiss Me Kiss Me)


Som eg ymta om i stad er det mykje saksofon og mange strykarar på denne LPen, men nett Snakepit er ei hallusinatorisk greie med framståande gitar og ei grunnstemning som er nærmast orientalistisk. "I'm writhing in the snakepit" tyder vel at det lyriske eget ser seg sjøl som slange, og vi minnest "I could be like a polar bear"-linja frå The Birdmad Girl. Er dette nok til å identifisere vering i verda som gjennomgåande motiv i Robert Smiths songlyrikk? Neppe.

9: Like Cockatoos (Kiss Me Kiss Me Kiss Me)


Cockatoos er kakaduer. I denne songen er det ikkje songeget eller det lyriske subjektet (she) som er som ei kakadue, det er tvert i mot natta som syng som ei kakadue. Dersom du er som meg får du frysningar av strykarane på slutten, og så skrur du volumet enno litt høgare, for neste song er den perkussive Icing Sugar. Men ikkje på denne spelelista.
«Umbrella Cockatoo (Cacatua alba) -on branch» av Heggy - first uploaded in October 2004 on de wikipedia.. Lisensiert under CC BY-SA 3.0 via Wikimedia Commons - http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Umbrella_Cockatoo_(Cacatua_alba)_-on_branch.jpg#mediaviewer/File:Umbrella_Cockatoo_(Cacatua_alba)_-on_branch.jpg

10: Where the Birds Always Sing (Bloodflowers)


Det har komme to LPar etter Bloodflowers, men Where the Birds Always Sing er den så langt siste dyrelåta. Ein skulle nesten tru låta var skriven for å avslutte ei slik liste, for ho oppsummerer mangt av det vi har kunna seie om dei tidlegare: Majestetisk tempo men likevel ganske perkussiv, korleis verda er og korleis det er å vere i henne, i det heile teke eit musikalsk uttrykk som ikkje endrar seg så mykje som det tek opp i seg nye ting medan det held på det gamle. Håper dei kjem med ny plate snart.

Og forresten: Lenke til WiMP-liste er øvst i posten, her er heile lista i Spotify:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.