fredag 6. februar 2015

Batcats, mega-snakes and black spiders

Suksessen med cure-spelelista (suksess = var gøy å lage. Aner ikkje om nokon har sett posten) gav meg hug til å lage ei til. Noko med å tvinge meg sjøl til å skrive om musikken eg er glad i og sånn sett utvikle eit vokabular for å snakke om musikk (er det nokon veg utanom å lære seg å spele, tru?). Væffal er Mogwai eit anna favorittband og eit som har ein god del låter med dyr i tittelen.

1: Oh! How the Dogs Stack up (Come On Die Young)


Tapeloops med tale og messing på framandt språk går over i sprøtt piano og nokre få andre element. Denne opnar side 3 på LPen og er fort gjort å forstå som ein intro til Ex-Cowboy.

2: Killing All the Flies (Happy Songs for Happy People)



Instrumentalbandet Mogwai har i nokre få høve skrive songar med tekst og alt, men i mange høve har dei valt å gjere orda uforståelege for størsteparten av publikum. Kva syng kven her? Ikkje godt å seie, men det høyrest melankolsk ut.

3: Ratts of the Capital (Happy Songs for Happy People)



Kan vi seie at Mogwai har hjarte for dyra? Eit instrumentalband leivnar ikkje mange lyriske hint, men det er freistande å vise til musikkvideoen til opningslåta på denne skiva, Hunted by a Freak. Denne vesle, naivistiske animasjonsfilmen viser ein drittunge som kjøper små dyr i ein dyrebutikk og slepp dei ut frå eit høgt tak. Tølperen er ein amoralsk liten jævel som ikkje blir straffa av forteljaren, men filmen develer ved dyra som er på veg ned og let publikum projisere sin eigen redsle, dødsangst og weltschmerz. Forteksten som fortel om kor mange dyr som vart skadde og drepne under innspelinga ymtar vel meir om at bandet har ein sjuk sans for humor.



Ratts of the Capital er ei av dei lange og gode låtene der Mogwai verkeleg får gjort mykje med den dynamikken dei er så kjente for iallfall. Eit enkelt gitartema utviklar seg til eit klart definert riff, fleire instrument kjem til og spelinga aukar i itensitet, minkar, aukar og så til slutt er vi tilbake til nesten berre den vesle gitaren att.

4: Glasgow Mega-Snake (Live frå ICA)


Her må eg berre seie at eg føretrekkjer denne liveversjonen frå ICA framfor albumversjonen, spor to på Mr. Beast. I denne låta elskar eg både det beinharde riffet, samspelet mellom trommer og bass, korleis den massive lydveggen likevel tillet ein spinkel gitar i føregrunnen og alt det der. Søtt av bandet å tileigne låta til Albert Hofmann, oppfinnaren av LSD. Liveopptaket vart gjort på hundreårsdagen hans, 11 januar 2006.

5: I Chose Horses (Mr Beast)


Køntrisang er det vel ikkje, men lell. Den sterkt manipulerte vokalen ligg der i bakgrunnen av den pianodrivne saka som held seg relativt lågmælt heile tida. Som på Dial: Revenge frå Rock Action hyrer Mogwai her inn ein gjestevokalist som syng på sitt eige språk.

6 og 7: Black Spider (Zidane, a 21st Century Portrait)



Når Mogwai har blitt bedne om å lage musikk til levande bilete, har førespurnaden komme frå Frankrike. Første gong dei gjorde eit slikt prosjekt var med Philippe Pareno og Douglas Gordons filmprosjekt Zidane, un portrait du 21e siècle. I denne filmen følgjer kamera kroppen til Zizou gjennom heile den tida han er med i kampen, frå start til han blir utvist eit kvarters tid før slutt.

Plata både startar og sluttar med Black Spider, for sikkerheit skuld heiter den siste versjonen Black Spider 2. Det kan verke som det er den andre versjonen som er den minst bearbeidde låta, iallfall på idestadiet. Ein ting er lydbiletet, ein annan at det verkar som om det er færre, men meir gjennomarbeidde element med i den versjonen som ikkje har noko siffer i tittelen. Det er elles ikkje det same å oppleve desse to låtene spelte rett etter kvarandre (som her) som å høyre dei med nesten eit heilt dobbeltalbum mellom seg.

8: Batcat (The Hawk is Howling)


Det startar med ominøs romling og held fram med høg intensitet og det er vanskeleg for Spotify å yte denne noka form for rettferd. Batcat krev høgt volum. Her er parti der romlinga er tilbake, parti med call and response mellom bandet og sologitaren. Ikkje minst læst låta som ho er slutt før ho kjem tilbake med eit smell og eit nytt fokus. Eg kjem ikkje på så veldig mange Mogwailåter eg kan seie er betre enn denne.

9: How to be a Werewolf (Hardcore Will Never Die, But You Will evt A Wrenched Virile Lore)

Kryptozoologien er visst ugrei å få med, ettersom Hardcore Will Never Die, But You Will ikkje er på Spotify. Det er så vidt eg kan sjå ikkje remiksutgåva A Wrenched Virile Lore heller. Så korkje originalen eller Xander Harris-mixen får vere med på denne lista.

10: Hound of Winter (Earth Division EP)



Song! Med munnspel! Og strykarar! Når Stuart Braithwaite syng på engelsk utan iøyrefallande spesialeffektar på vokalen er det lett å tenkje at det han syng må vere viktig, men når eg høyrer på denne stille låta som er fullstendig dominert av piano og akustisk gitar får eg heller inntrykk av at songen er noko som er med fordi lyden av ei stemme var det låta trong for å bli nokolunde ferdigkomponert.

11: Jaguar (Les revenants OST)


Eg for min del høyrte på denne LPen eit års tid før eg endeleg fekk sett serien. Væffal er Mogwai veldig gode til å lage filmmusikk. Her har dei gått for illevarslande snarare enn direkte nifs, iallfall er det slik når du høyrer plata. Saman med dei levande bileta og den fascinerande forteljinga blir det creepy som berre faen. Jaguar er meir av ein cue, medan Eagle Tax er ei fullt utbygd Mogwailåt som fint kunne passa utanfor serieuniverset.

12: Eagle Tax (Les Revenants OST)



Og her er heile lista i ein smell:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.