torsdag 10. oktober 2013

To bøker om Morrissey

Som alle andre er eg frykteleg glad i The Smiths, og då er det i grunnen vanskeleg å stille seg likegyldig til Morrissey. Eller, det er vanskeleg å vere uinteressert, då. Korkje soloplatene eller soloutspela hans har støtt vore like gode/vellukka/verdt å høyre på, men han har no levert ting det er uråd å ta frå han.

Og no ventar eg som alle andre på at sjølbiografien hans skal komme i handelen. Det vil sikkert vere mykje vi ikkje får svar på i den boka, men like sikkert er det at et kjem til å bli fengslande lesnad. Eg ville blitt overraska om ikkje det óg held høgare kvalitet enn dei to biografiane eg har lese dei siste dagane fram mot lansering

Mark Simpson: Saint Morrissey - a portrait of this charming man by an alarming fan (2003)


Bokomslag i fargar ser betre ut enn den grå kindleutgåva

Om det er vanskeleg for meg å stille meg likegyldig til Morrissey, er det tydelegvis uråd for Mark Simpson å stille seg så mykje som ambivalent. Eller for den delen ha ei anna oppfatning ENN (og ikkje berre om) Morrissey. Tittel og undertittel burde i grunnen vore åtvaring nok: Den som kallar boka si Saint Morrissey er mest programforplikta til å skrive ein hagiografi. Når forfattaren i undertittelen omtalar seg sjøl som ein alarming fan vert det jo vekt eit lite håp om at han har ei viss ironisk distanse til anten Morrissey og/eller seg sjøl, men der skuffar boka.

Morrissey skal ha sagt i eit intervju at alle spørsmål ein måtte ha om han ligg ferdig svarte på i songlyrikken hans. Dette er nok for Simpson, som brukar dette som påskott for å levere meir og mindre (ofte mindre) innsiktsfulle og tankevekkande tolkingar av Morrisseys tekstar og samtid. Som regel tøyger han strikken frykteleg langt. Og om eg hadde ei krone for kvar gong han med formlar a la in fact opphøyer sitt eige fyllerøyr til eksegese og katekisme over Morrisseys evangelium hadde eg heilt sikkert hatt råd til ein pils. Kanskje to. Kva med dette:

In fact, if the Iron Lady had embarked on a recording career instead of a political one, and somehow acquired the two attributes of the Northern Woman she lacked – a heart and a sense of humour – Morrissey might have written her fan mail instead of hate lyrics.

På eit tidspunkt går lesaren frå å prøve å få innsikt til å leite etter kokko gullkorn. Eg har lest boka, du treng ikkje.


Jesper Sørensen: Alle dage er som søndag - en dansk biografi om Morrissey (2009)

Variable greier, men med verdifullt stoff

Sørensen har óg fått med seg at "it's all in the lyrics" (og han bruker Simpson-boka som kjelde), men er mykje meir ryddig av seg. Første del av boka er ein nokså rein biografisk tekst med mykje av det ein saknar av faktaopplysningar. Andre del er intervju med ein del danske fans om kva Morrissey har hatt å seie for dei (ein fan er Helle Thorning Schmidt, på det tidspunktet enno ikkje statsminister), og tredje del er ein diskografi som verkar å vere komplett fram til og med Years of Refusal.

Som sagt: Ryddig. Keisamare lesnad enn den andre, men på den gode måten som kjem av at ein slepp å slå seg for panna heile tida. Det er tolkingar her óg, men det personlege hamnar heldigvis i bakgrunnen. Del to har rettnok ein del andre fans eksegesar, men det er i del tre boka nok er best. Og låkast. Kvar einaste song blir gjennomgått i denne seksjonen. Det gode: Nerdete faktaopplysningar om kven som skreiv og spelte og ikkje minst om kor Moz har teke den eine eller den andre tekstlina frå. Heilmaks. Det låke: Fortolkingar av tekstane. Så upersonlege at dei stadig vekk blir banale.

Ja. I skrivande stund er det ei veke til sjølbiografien kjem. Viss ikkje den er betre enn desse to, skal eg ete Mozipedia.
Kva drøymer han om?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.