onsdag 3. april 2013

Motorpsycho med annan vokalist: Tillegg

Sidan eg endeleg har somla meg til å skaffe ny stift tenkte eg det var på tide å gå gjennom vinylen etter Motorpsycholåter der Snah eller Geb (eller kven det måtte vere) syng. Ikkje at det gjer spelelista i WiMP noko lenger, men folk har jo digitaliserte CD- og LP-samlingar i våre dagar. Og når eg var i gang var det jo ingen grunn til å ikkje gjere det skikkeleg? Det følgjande i kombinasjon med listene frå førre post er ei forsøksvis komplett liste over Motorpsycho-låter Bent ikkje er forsongar på.

Det synte seg nemleg at det med kvart er ganske mange som kan kalle seg Motorpsycho-vokalist. Etter meir enn 20 år med singlar, EPar, hyllingsplater, splittsinglar og andre former for samarbeid og fanden og hans oldemor har det vorte mange eingongshendingar. Frå den påståtte og oppdikta grandonkelen til Gebhardt, via mora(?) til Snah til Jello Biafra. Mange folk.

Etter ny gjennomlytting av så godt som alle EPane er eg litt overraska over at Snah og Geb ikkje har fleire vokalprestasjonar enn dei har på desse småplatene. Rettnok er det ei Gebhardtlåt på dei aller fleste, men dei er stort sett instrumentale. Kanskje det blir ei anna liste?

Frå venstre: Lars Lien (som syng på fleire Tussler-låter), Hans Magnus 'Snah' Ryan, Håkon Gebhardt, Helge "Deathprod" Sten og Bent Sæther. Desse fem motorpsychovokalistane er her fotograferte etter gjennomspeling av Timothy's Monster under Øyafestivalen 2010. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Snah
  • Starmelt EP
    • Starmelt/Lovelight (i same versjon som på Angels and Daemons at Play)
  • Serpentine EP
    • Serpentine (i same versjon som på It's a Love Cult)
  • Child of the Future
    • Riding the Tiger (Denne er óg på CD-samlaren Runeology 4)
    • Mr. Victim
  • Timothy's Monster (2010-utgåva)
    • On my Pillow (på plate fire er det ein versjon som er halvanna minutt kortare enn den vi er vane med)
  • Blissard (2012-utgåva)
    • Greener (fire sekund kortare enn den versjonen vi kjenner, elles usikker på kva som skil dei)
Gebhardt
  • Walkin' With J EP
    • Captain Geebhardt
  • Stickin' it to you Again (labelsamlar, tilgjengeleg på både WiMP og Spotify)
    • I Fall Down
  • Serpentine EP
    • Little Ricky Massenburg

Gjester og mindre faste medlemmar har óg sunge:


Jello Biafra
  • All Sewn Up - A tribute to Patrik Fitzgerald
    • Punch
Matt Burt
  • Blissard
    • True Middle
Når eg først trudde det måtte vere fleire med Matt Burt enn denne, kjem det truleg av at han er med på Plan #1 på Demon Box, men utan å bere songen åleine.

Deathprod
  • Mountain EP
    • Fleshharrower
  • Wearing Yr Smell EP
    • President Block
Dag Ingebrigtsen
  • Flaming Youth - A Norwegian Tribute to Kiss
    • Shock Me
Larry 'Lux' Llydwlin
  • Another Ugly EP
    • Summertime is Here 
Liner notes hevdar med styrke at denne Larry Llydwlin er Gebhardts walisiske grandonkel. Om eg ikkje trudde noko på det før, hjelper det ikkje nett at alle dei resultata eg gadd sjekke på gugel viste til denne songen. Skal tilstå at eg lurer bittelitt på kven som gøymer seg bak den prosesserte vokalen her, men dei sterkaste mistankane går i retning av Lars Lien.

Men hallo! Når eg endeleg somlar meg til å lese Johan Harstads schwære bok om Blissard får eg vite at det er ingen andre enn Snah som syng.

Winnefried Ryan
  • Ellediller og krokofanter
    • Syk 
Den halvoffisielle heimesida stadfestar at Winnefried er mora til Snah. No er det ingenting der som tyder på at Larry Llydwlin er nokon annan enn han gir seg ut for å vere, så kor stor lit vi skal feste til dei er eg neimen ikkje sikker på.

Baard Slagsvold
  • Det beste til meg og mine venner
    • Sola skinner (live Rockefeller 20 okt 2000) (kjelde)
Frode Sander Øien
  • Mot riving (splittsingel med Tre små kinesere)
    • Star Dancer vs Car Cancer

Framleis ikkje med: 
  • Tussler. Slik eg ser det, er det meiningslaust å tale om ein hovudvokalist i The International Tussler Society. Men først og fremst fordi International Tussler Society =/= Motorpsycho, trass i omfattande overlapping i medlemsmassen.
  • Vidare har eg jo ikkje noka komplett samling, så det er nokre låter eg rett og slett ikkje har høyrt. Nokre av låtene som går att på labelsamlarar og liknande er så vidt eg kan sjå med som bonusspor på dei nye utgåvene av Timothys's Monster og Blissard, men om nokon skulle lese dette og vite betre, set eg stor pris på opplysningar.
  • Liveplater og bootlegs. Eg likar Motorgigs på Soundcloud.com, altså. Det eine settet der utgjer til saman Strings of Stroop-LPen som berre kom i 500 eks.

Om du likte denne lista, vil eg tilrå ei av dei beste rockebøkene eg veit, nemleg Guardian-journalisten Dave Simpsons oppsporing av så godt som samtlege tidlegare medlemmar av The Fall. Boka heiter The Fallen, og Mark E Smith er sur på henne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.